Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Eirik78 oppsummerar vel seriøsiteten i Amfibi i innlegg #16. Daniel LL's seinare innlegg berre bekreftar det. Det er rart at nettbutikkar ikkje snart har lært seg det faktum at aggressiv opptreden på forum berre akselerere den negative kritikken, spesielt når du har ein dårleg sak i utgangspunktet. Det har vel vært så mange saker som det no på forskjellige forum at ein treng ikkje ha FH som PR-byrå for å forstå det...
  2. OBS: Trådavsporing følgjer... At det er større problem i verda vil ikkje seie at vi skal gje blaffen i mindre problemstillingar. Dessutan påfører røyking og snusing folk forholdsvis store helseplager. Interessant resonnement av Bjørneboe. Vil det seie at ingen kan ha meiningar om noko før dei har forsøkt det?
  3. Når vi var i Alaska vart vi fortalt at svartbjørnen var farlegast. Grizzlyen er stor og stolar på si eiga styrke, svartbjørnen er liten og usikker og da er angrep beste forsvar... Men til trådstartar: som andre har presisert vil nok bjørnen i Norge stikke av før du får gleda av å sjå den.
  4. Kjem an på bikkja. Du må rekne med å bære/dra bikkja opp på ein to/tre punkt på Innerdalstårnet. Har du ein grand danois må du svette litt, har du ein chihuahua er det enklare. Ikkje alle bikkjer er like glad i høgder. Om den ikkje er vant til det foreslår eg at du byrjar litt enklare.
  5. Har vel eigentleg ingen heltar men skal dei sette opp ei liste over villmarkspersonlegheitar bør vel også Arne Randers Heen være med? Og kva med Olav Skattebu?
  6. Som regel vil det nok gå bra utan steggjern på kniven, men ingen regel utan unntak. Problemet på Kniven er vel det gule punktet i bibelen, ein liten bergpall som må klivast. Sauen er plankekøyring.
  7. Kjenner ikkje ditt kunnskapsnivå thrill og kjenner heller ikkje til korleis vær og føreforhold har vært i området. Men desse fire var nok folk med godt over gjennomsnitt kunnskap. Sjølvsagt so er det lett å sitte som nisse på lasset og være etterpåklok no, men skulle vi basert oss på kva media og sjølverklærte "skredekspertar" seier burde vi lagt opp og dedikert oss til fotball, øl og sofa alle som ein.
  8. Seigmannen på Veobreahesten vart vist for vanskeleg. Dag G har kasta loddet og neste spørsmål er kor har Gal Krokfot traumatisert fjellrypa for evig tid?
  9. Du skal opp blant ein av Norges 375 høgaste topper (pf10), fortrinnsvis på vestsida av Gudbrandsdalen.
  10. Sorry, Snøhetta ligg nok på same side av Gudbrandsdalen som Rondane. Hint: Det er bre du ser under.
  11. Feil side av Gudbrandsdalen Dag.
  12. Frå Venabygdsfjellet mot Rondane finn du fisk i Vulutjønnin Illmannstjønnin og Rondvatnet. Å/elvane Eldåa og Frya har også fisk.
  13. Forsøker å gjenopplive denne tråden sjølv om det er starta ein nyare med same tema. Også seigmenn kan kaste lange skugger, men kor?
  14. Kan være delvis enig i fyrste delen angåande Besseggen men ikkje resten. For eksempel Bukkeholstraversen meinar eg er ypperleg tinderangling utan noko behov for sikring. At klatreforbunda forsøker å definere tinderangling innanfor sitt felt får være deira sak. Eg held meg til Zapffe's definisjon.
  15. Ringer du turistbyråsjefen i Piteå vil vel ikkje vedkomande svare at eit av tilboda deira er noko herk? Konstaterer også at Ole Steinar Østlyngen vil skape noko unikt i Alta som ingen andre har ved å kopiere Piteå...
  16. Uenig. Går du Besseggen får du med Veslfjellet (pf 390 m) som topptur på kjøpet. Zapffe har allereie ein utmerket definisjon på tinderangling: Horisontal bevegelse i vertikalt terreng. Treng ikkje nødvendigvis noko sikring.
  17. Få nokon til å hente deg med bil når du er oppe, eventuelt køyr opp ein sykkel fyrst så du kan trille nedatt. Men når det var verst holdt eg meg på flatmark.
  18. Har ikkje vært der på ei vekes tid, men vil tru det fortsatt er greitt. Hardt og isa men greitt føre å gå på.
  19. Temaet har vært diskutert tidlegare. Du finn også ein del om det om du søker på friflyt.no Hadde sjølv problem med det for nokre år sidan. Sjølvdiagnostiserte det til "jumpers knee" men legen som vurderte MR bileta hella meir mot hypokonder og/eller låg smerteterskel... Problemet mitt oppstod kun i nedoverbakker. Flat mark og oppover gjekk problemfritt. Løysing: Gå mest mogleg flatt og oppover. For eksempel jogging var fy fy og noko eg fortsatt unngår. Fjoråret sette eg definitivt personleg rekord med høgdemeter iløpet av eit år og sjølv om eg kjente tendensar i kneet til tider vart det aldri noko problem. http://www.fjellforum.no/topic/21425-vonde-knær/?hl=vonde+kn%C3%A6r http://www.fjellforum.no/topic/15347-forebygging-mot-kneskaderoverbelastning/?hl=vonde+kn%C3%A6r http://www.fjellforum.no/topic/14044-vonde-knær/?hl=vonde+kn%C3%A6r http://www.fjellforum.no/topic/1195-dårlige-knær-forebygging/?hl=vonde+kn%C3%A6r#entry212621
  20. Epilog/Ps/tilføyelse: Sjølv om skiva ikkje går rundt lengre er snøen smelta no så pannekaka er fullt synleg og ifølge lokale kjensfolk kjem den att kvart år.
  21. Skal du spare penger har finn.no eit godt utvalg
  22. Sikkert veldig langt ut på sida i forhold til kva trådstartar søker, men i Linda Eide's diktsamling "Då gamlemor baka seg i hel" er det med nokre meget fornøyelege dikt som omhandlar nordmenns turtradisjon.
  23. Så sant du ikkje mistar jaktretten held det å ta teoriprøva ein gong. Oppskytinga på rifle (30 treningsskot pluss fem skot oppskyting for kvar rifle som skal nyttast) må tas kvart år.
  24. F**n: 2 Repetisjoner Helvete: 7 Repetisjoner Førbainnede: 3 Repetisjoner Satan: 3 Repetisjoner Jævelskap: 1 Repetisjon Jo. Edit: Tyrkleif...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.