Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Ja ja, da får martin.m intensivere innsatsen litt framover. Betyr det ikkje lukke å få tretten til topps da...?
  2. Sant det, men mogleg du merkar det når oljelampa byrjar å blinke...
  3. Faktisk heile 13 kvalifiserte: http://www.fjellforum.no/index.php?app=members&module=list&max_results=20&sort_key=posts&sort_order=desc&filter=ALL
  4. Køyrte der i sumar, grei veg. 50 lapp +/- i bompenger. Om du har ein høgføtt firehjulstrekker går det vistnok an å dra seg gjennom frå Gamle Griningsdalsvegen til Griningsdalsvegen. Sidan det ikkje er bompenger på Gamle Griningsdalsvegen kan du skulde på at du ikkje har sett nokon bom... Bommen på Griningsdalsvegen står rett etter campingplassen, 300 meter etter at du har svingt av Rv51.
  5. La Sportiva Trango sko. Gode sko men slitast fort. Men med prisen her er det snart verdt det, 2100 er nesten 1000 lappen billigare enn du finn dei andre stader. http://hardhaussport.no/products/la-sportiva-trangos-evo-gtx
  6. Jepp, Falketind og Stølsnostind i bakgrunn.
  7. Siste foto er ei dyregrav, bogestell er små halvmåneforma murer som jegerane kunne skjule seg bak.
  8. Les trådstartars spørsmål. Draumen er toppturar men han treng også ski som kan brukast ein liten handfull gonger gjennom vinteren i bakken med barna. For dei som ikkje har råd til forskjellige skipar til forskjellig bruk, ja, rando kan også heilt greitt brukast i bakken. Sjølv om det har noko dårlegare køyreeigenskaper enn alpinutstyr.
  9. Trur du bør satse på forebyggjande i form av opptrening i staden for nye sko. Eksempelvis balansebrett kan brukast til å byggje opp knemusklane. Søk litt på kneproblem her på forumet så finn du mykje informasjon.
  10. Brukte randoutstyr på ei vekes skiferie i Bad Gastein, Østerike for nokre år sidan. Sjølvsagt litt mjukare enn alpinutstyr men det gjekk heilt greitt.
  11. Det hender toppskavelen på Glittertind er såpass hard at broddar kan være tilrådeleg.
  12. Ingen garanti sjølv om ein held seg på lågare punkt i terrenget: http://www.bt.no/nyheter/innenriks/21-ar-gammel-mann-dod-av-lynnedslag-1810777.html#.U8I7fUlhJ7g
  13. Forstår at folk gjerne vil sjå dette men det hadde truleg vært greitt å ikkje lagt ut nøyaktig informasjon om dette på verdsveven? Skinnangrepa er eit signal om at dei ønskjer å være i fred, ikkje ha storinnrykk av turistar ved reiret.
  14. Feil. Ein ekte urskog vil ha ei solid blanding av yngre trær og villniss under kronene på storskogen. I tillegg kjem daude, velta trær i forskjellige storleiker, noko som gjer ekte urskog svært uframkomeleg for folk. For mange planter, insekt og fuglearter er den derimot eit eldorado. Har du gått i gamalskog der alle trea har jamn høgde har du gått i skog som er påverka av folk. Enten ved skogskjøtsel eller husdyrbeiting. Uansett er det truleg ein gardbrukar du kan takke for at det er fint å gå der. Som andre har poengtert, dette er ikkje mogleg. Enten har han brukt ein svært merkeleg framgangsmåte for å få gjennomført noko han ikkje har rett til, elles så har han slått ei skrøne i deg.
  15. Skal vi kverulere på småplukk kan eg godt være med på den leiken. Om det går ein veg eller sti over dyrka mark er det ein veg (eller sti) med dyrka mark på kvar side, eventuelt om vegen (eller stien) går i utkanten av dyrka mark (eksempelvis ved ei elv) er det ein veg (eller sti) med dyrka mark på eine sida. På vegen (eller stien) gjeld da allemannsretten om vegen (eller stien) leiar til utmark. Dyrka mark er dyrka mark (kjem innunder innmark) og her har allmennheita kun lov til å ferdast vinterstid mens marka er tela. http://no.wikipedia.org/wiki/Allemannsretten http://no.wikipedia.org/wiki/Dyrket_mark
  16. Einig i påstanden sjølv om heller ikkje eg vil ha høgspentlinar rundt omkring. Kan føye til at monstermastene bortsett frå for fuglelive i stor grad er visuell forureining. Undersjøiske og nedgrove kablar som var kravet til miljøvernbevegelsen ville nok vært eit mykje større naturinngrep.
  17. Det stemmer. Burde presisert dyrkamark. Angåande kravet om soner utan landbruk så er det landbruket som har skapt det meste av kulturlandskap vi har i dag. Utan landbruk får vi gjengroing og klager på det. Eg vil anta det er betre å la ein bonde tene pengar på utmarksforvaltning enn å måtte betale ein person for rydding så det vert framkommeleg? Dessutan så er innmarka privat eigedom. Ein del av fjellområda er også privat og der det ikkje er privat har gardbrukarane lovfesta rettigheitar i form av beiterett og andre allmenningsrettar. Utmarksbeite er ein viktig økonomisk faktor for gardbrukarane i tillegg til at det har eit stort miljøperspektiv. Beklagar, men eg må innrømme eg har svært liten sans og forståing for eit krav om landbruksfrie sonar.
  18. Beiting av sau er også med på å oppretthalde mange artspopulasjoner og nedtrakking (faktisk også spising...) av fugleegg er nok eit marginalt problem. Når sauen vert slept i fjellet er som regel fyrste kullet allereie klekt.
  19. Det er ein allemannsrett å ferdast i naturen, ikkje ein menneskerett. Vegar penetrerar allereie store delar av fjellheimen. Dei som av forskjellige årsakar ikkje har moglegheita til å gå sjølv har nok av alternativ. Til og med topper som Dalsnibba, Jetta og Tron kan vitjast med bil. Utsikt og spektakulære opplevingar er per dags dato allereie fullt moglege for alle med bil. Hensikta med nasjonalparkar er å beskytte dyr, planter, fuglar, geologi og liknande mot folk. Ikkje å lage ein turistpark.
  20. Om du var litt meir konkret på kor dette var kan kanskje lokalkjente svare betre. Men generelt må gardbrukarane få gjerde inn innmarka si for å halde folk og dyr borte. Allemannsretten er ikkje gyldig på innmark i beite/fordyrkingssesong. Ser du er busett på Austlandet. også dei store elvane her (eksempelvis Gudbrandsdalslaugen) er inngjerda over fleire kilometersstrekk der det er innmark. Men det er likevel fullt mogleg å gå langs elvekanten.
  21. Dette er ein del av ein større diskusjon men det visar seg jo at nasjonalparkstatusen ofte genererer større trafikk, noko som førar til større slitasje/belastning som dermed strid mot hensikta med nasjonalpark. Som ein digresjon kan det nemnast at "vi" er ein del av problemet (eksempel i forhold til rein i Rondane/Dovrefjell), spesielt om "vi" skal oppsøke dei mest aude og folketome områda og deretter reklamerar for det på ymse måtar. Mange har jo berre ein måte å rekne verdi på og det er i kroner og ører. Så svaret på spørsmålet er for så vidt ja.
  22. Når ein fyrst er inne på tips, det er også greitt å gjere frå seg nummer ein og nummer to før ein køyer. Bortkasta å bruke energi på å halde dritten varm (bokstaveleg talt...) natta gjennom. Dette er viktigare ved meir ekstreme forhold.
  23. Kanskje det beste poenget i denne tråden. Med moderne tiders industrialisering, effektivisering og kapitalisering er det ikkje lengre tid til å vurdere og behandle råvara rett. Før var det ei eiga kunst å plukke rett emne til rett bruk og gje det rett behandling før tilverking. No går alt treverket rett i produksjon utan detaljesortering og moderne maskinbehandling har ofte ført til at emnebehandling før tilverking vert ignorert. Resultatet er trådstartars problem. Om ein ikkje har kåte (som ein bør ha ved kopptilverking) bør ein i alle fall ha eit seintveksande emne. Kor i treet emne er henta vil også ha innverknad. Om det er lang avstand mellom årringane på koppen til trådstartar har emnet hatt ei rask vekst og oppsprekking er eit uunngåeleg resultat.
  24. Det er sjølvsagt umogleg å gje noko fasitsvar på dette spørsmålet da du og bikkja for oss er to ukjente faktorar. Men om du har vitja for eksempel Kyrkja ved Leirvassbu kan du rekne Innerdalstårnet som eit par hakk verre enn den. Ein rottweiler vil også være tung nok til å kunne forårsake svært uhandterlege situasjonar på klivepartia. Spesielt eine punktet på Innerdalstårnet kan bli problematisk med ei så stor bikkje. Likevel, gje det eit forsøk men la det bli på bikkja sine premisser. Innerdalen og Giklingsdalen er eit nydleg område sjølv om du ikkje kjem til topps. PS: Om bikkja toler å stå bunde ei lita stund er det ikkje veldig langt frå klivepartiet og opp...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.