Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. I enkelte (skulle gjerne hatt ein dobbeltstrek under enkelte...) tilfeller har saueeigarar såpass mange dårlege erfaringar med lausbikkje i saueflokken at dei berre sitt å ventar på ei sjanse til litt revansje. I denne spesifikke saka kan det sjå ut som om saueeigar er på tynn is i forhold til nødvergeparagrafen, men å bevise det når det står ord mot ord er vanskeleg. Det einaste som er bevist er at bikkja ikkje var i band. Eg er litt for gamal til å stole på medias vinkling i denne (og andre) saka så da må ein stole på at retten har vurdert alle aspekt og dømt etter kva som kan bevisast. Svært mange saueeigarar (og generelt gardbrukarar) er også bikkjeeigarar. Om ein skal byrje å diskutere haldningar til dyr trur eg bikkjefolket skal gå svært stilt i dørane. Punkt ein er bikkjeavl. Vesentlege delar av bikkjemiljøet praktiserar ein avlskultur der ein bevist ettertrakter eigenskaper som er svært destruktive og plagsame for rasa. Enkelte raser er heilt øydelagt på grunn av eit bevist avlsarbeid. Punkt to er importpraksis. Mange bikkjefolk føler seg så heva over lova at dei kan importere dei bikkjene dei vil når dei vil utan omtanke for eventuelle parasitter, sjukdomar og liknande som måtte følgje med. Dette inkluderer frakt av eigne bikkjer over landegrenser og tilbake til Norge utan tilstrekkeleg vaksine. Ofte toppa med bitre aviskronikkar/artiklar når bikkja vert hekta i tollen og får ei dyr karantene. Punkt tre er alle dei som har bikkjer som aldri får nok mosjon. Eksempelvis folk med husky eller setter midt i Oslo der ein liten gåtur i parken kvar dag er einaste form for mosjon. Punkt fire er omtanke for andre dyr, inkludert sau. Denne krasjar sjølvsagt litt med punkt tre men det bør folk vurdere før dei skaffar seg bikkje. Lidelsen sau, fugl, småvilt og andre artar vert påført av ei ukontrollert bikkje er betydeleg. Eksempelvis vert det tidlegare lagt ut ein turrapport på dette forumet (forøvrig ein bra turrapport, men...) der bikkjeeigar fortel at bikkje tok 22 lemen iløpet av turen, fleire av dei gravd opp. Kvifor lar bikkjeeigarar slikt passere? Også lemen har vel ein verdi på lik linje med sau og bikkje? Mange kommenterte rapporten positivt, men eg såg ikkje ein einaste reaksjon på bikkjeoppdragelse og det er tydelegvis mange dedikerte bikkjefolk her... Lista kan sikkert gjerast lengre men poenget er at bikkjefolk som skuldar gardbrukarar for dårlege haldningar til dyr får feie litt for eiga dør. For der ser det ikkje bra ut...
  2. Mest vind på tur hadde eg nok på ein tur mot Liaberget (ved Kvitingskjølen) i mars. Det var jamt med vind og dårleg sikt heile dagen men da eg kom opp på ryggen siste biten vart det hysterisk. Måtte leggja meg på og bruke heile vekta mi mot vinden for å avansere. Da eg til slutt fekk kjempa meg opp på det eg trudde var toppen og innsåg det berre var ein fortopp ga eg opp. Tok av sekken for å finne fram kameraet med det resultat at jakka vart drege opp og over armane og låste meg fast. Krangla ei stund med vinden for å få på plass att jakka, fotograferte litt før eg skulle ta på att sekken. Det vart eit prosjekt i seg sjølv. Enden på visa vart at eg måtte leggje den på bakken og rulle den på meg... Heile tida held vinden eit avsindig lydnivå. Fjellets ro du liksom... Veit ikkje vindstyrka på dette men har tidlegare vært ute og kita ved 12 m/s med ein 12 m2 Frenzy (skal heller aldri gjentakast...) og det var ingenting samanlikna.
  3. Telte litt på knappane sjølv om eg skulle skrive det, men du oppsumerar greitt kvifor nokon burde gjere det: Han kan ikkje lese kart, er ikkje vant til fjellterreng eller gå litt tunge turar. Syns det er uansvarleg å anbefale utfordrande turar til nokon med så lite erfaring. No er Besseggen, Bukkelægeret og Galdhøpiggen av dei mest befolka rutene i landet (og i tillegg relativt enkle) så eventuelle uhell der treng ikkje ha så store konsekvensar men andre utfordrande turar kan fort få det. Anbefaler ts å byrje med litt enkle turar og skaffe seg erfaring. Rom var ikkje bygd på ein dag...
  4. Med fare for å være festbrems, men kva med å ta nokre enkle turar før du legg ut på noko du tydelegvis ikkje har ferdigheitar til?
  5. http://peakbook.org/index.php?module=index.lists.view&pbeItem=1&id=6
  6. Egentleg ikkje. Men eg ser at på alle felt i samfunnet der enkelte eller fleir rotne eple i kurven utmerkar seg kjem det innskrenkingar og begrensninger som går utover fleirtalet. Og beklagar å seie det, men det er ein del gjennomrotne eple i bikkjefolkkurven...
  7. Interessant. Eg kjenner mange som går mykje utan stavar og ei rank og rett haldning kjenneteiknar dei fleste. Vil tru at kroppen vår gjennom generasjoner har tilpassa seg gange utan stavar og syns også det er rart tidlegare generasjoner som har vært så frampå med å ta i bruk ny teknologi for å betre kvardagen ikkje har teke i bruk stavar? Vel, bortsett frå når dei vert eldre og dårlegare til beins da... http://www.folkebladet.no/article21731.ece Dette gjeld da flat mark, er einig i at stavar har noko meir for seg i nedoverbakkar: http://forskning.no/forebyggende-helse/2010/11/stavgang-avlaster-ikke-knaerne
  8. Trur ikkje andelen av ansvarlege bikkjeeigarar er i mindretal som Robinson meiner, men det er utan tvil ein god og svært merkbar prosentandel bikkjeeigarar som ikkje maktar å ta hensyn til andre folk. *Den meiner ikkje noko galt med det... *Den vil berre leike... *Den har aldri bitt nokon før... *Det er berre tenna som klør... Alle over og fleir til, ofte høyrte unnskyldningar frå bikkjefolk. Tvilar på at det er sau i området som er årsaken til STF's bikkjeforbod da det er irrelevant for saueeigar om bikkje er inne i eller utanfor hytta om natta. Mange saueeigarar/gardbrukarar er dessutan bikkjeeigarar. Årsaken er nok hensyn til allergikarar og folk som er redd bikkjer. Frykt for bikkjer er for så vidt irrasjonelt men bikkjeeigarar kan takke sine eigne som ikkje har kustus på bikkja si. Allergikarar derimot kan ikkje noko for situasjonen sin. Bikkjeeigarar kan sette att bikkja heime, allergikarar kan ikkje leggje att allergien sin. Kven er viktigast? Bikkja eller personen med allergi? Å til rette legge for bikkjer på alle hytter vil koste ein del. Det vil nok bli gjort men kan ta litt tid.
  9. Det er vanskeleg å spå, især om framtida... Spiterstulen stenger rundt midten av oktober. Etter det tvilar eg på at dei brøytar vegen inn ved snøfall. Nokre år går det sikkert greitt å gå til Galdhøpiggen frå Spiterstulen i november, andre år kan det være meir trelsomt. Snøføyke i august vil forsvinne att. Snø som kjem i november vil stort sett leggje seg.
  10. Har tidlegare sett forsking som antyder ein samanheng mellom dårleg balanse og mykje stavbruk. At du går raskare er eg også skeptisk til. For eksempel i ur er det mykje meir tidkrevjande å finne gode balansepunkt til stavar enn å berre gå normalt utan stavar. Ser heller ikkje nokon årsak til at stavar skal være raskare på flat mark. Stavar er hjelpemiddel for dei med dårlege knær, hofter og liknande. For andre er det ein uting.
  11. Feil. Dei fleste dyr har til ein viss grad flukt eller angrepsinstinkt. Også gamle norske saueraser. Til og med hare kan angripe i ein pressa situasjon. Eit angrep frå eit bytte kan nokon gonger skremme angripar frå å fullføre. At rovdyr går berserk i saueflokken er det mange eksempel på, men at det er fordi sauen beveger seg som den er skada var nytt for meg. Det er ein svært interessant teori, har du noko meir dokumentasjon på den så eg kan lese meg litt opp på det? Rovdyr dreg dit maten er.
  12. Det var ei veldig vid tolkning. Les artikkelen. Manglande samsvar mellom forklaringane gjer det vanskeleg å bevise noko og da er det einaste beviseleg lovstridige at bikkja ikkje var i band. Eg syns prinsippet om uskuldig til det motsette er bevist er eit forholdsvis greitt rettsprinsipp...
  13. Er ei bikkje 15 meter unna har 95 av 100 bikkjeeigare ikkje kontroll på den. Skritt opp 15 meter så du forstår kor langt det egentleg er. Einaste måten dei fleste bikkjeeigare har kontroll på bikkja på er når den er i band. Men eg kan strekke meg til at dei har kontroll når den sitt ved fot. Om det var rett å skote bikkja eller ikkje har ikkje eg uttalt meg om og det veit eg heller ikkje noko om. Det kjem an på kor sauen var i forhold til bikkja og korleis bikkja oppførte seg der den var. Men eg er tilbøyeleg til å støtte dei som hevdar at verken bonde eller bikkjeeigar framstår heilt pålitlege i denne saka.
  14. Berre for å fylle på med enda eit unødig innlegg... Skal vi byrje å unnskylde for småfrekk tone i innlegg har eg ei laaang og vond runde å gå. Så, av eiga hensyn, trur eg vi droppar den...
  15. Sorry, forstod det som om du ville ha tråden sletta.
  16. @Elisabeth-81 :Du kan ikkje samanlikne moskus og sau. Sau har ikkje føt til å gå i djup snog. Moskusen trekk opp på snøfrie rabber og kan grave seg ned på gras og planter som sauen ikkje har evne til å hente nok næring frå. Reinsdyr er enda meir ekstreme på dette feltet. Rovdyrdebatten er ein stor og vanskeleg debatt. Eg er einig at vi skal ha rovdyr men her og der må ein inngå kompromiss. Elles så er det ikkje berre gardbrukarane som er problem for rovdyrbestanden. I jegermiljøet er det også stor motstand mot rovdyr. I den store rovdyrligasaken som vart opprulla (har ikkje sett noko om oppfølginga av den i media) på Hedemarken nyleg var det stort sett jegere som vart hekta. Mange av dei dytter landbruket/sauehald framfor seg. Sjølvsagt flyt også miljøa litt inn i kvarandre. Angåande vegar og gjerding har ASI svart på det. Angåande bikkje og bandtvang er lova klar på det og det bør ikkje være tvil om at det er bikkjeeigars ansvar å halde kontroll på bikkja si. Og nei, 99 prosent av hundeeigarane har ikkje kontroll på bikkja om den ikkje går i band. At så mange påstår det likevel førar berre til at ein må ha ein hard og rigid praktisering av lovverket. Same type generalisering som dykk utsett saueeigarane for, men ein god del meir berettiga spør du meg.
  17. Poeng til Ugla. Eg kjennar ikkje nokon nøyaktig økonomi i dette. Spælsauen er noko meir tilpassa norsk geografi og forhold enn dalasauen men andre rasar er enda meir tilpassa. Det er ein del som har spælsau så økonomien i spælsau versus dalasau er nok godt kjent for gardbrukarane. Angåande andre meir tilpassa raser ser eg at dei som har dei ofte er svært spesialiserte med leveringer til dyre restaurantar eller sjølvforedling. Med andre ord dei vert eit nisjeprodukt. Nokon unntak med dei som har nokre få dyr av idealisme eller for moroskuld. Stikk imot kva mange folk trur er det få bransjar som har vært gjennom så store omstillingar og vært så omstillingsvillige som landbruket (dette er sjølvsagt ei rein nødvendigheit for å overleve). Min teori (presiserer min teori) er at om det hadde vært betre økonomi i andre rasar ville norsk landbruk for lengst ha lagt om drifta da sjølvsagt bonden også er mest interessert i å tene penger på det dei driv med. Desse rasane ville nok spart bonden på nokre andre felt også i og med dei er meir tilpassa, meir sjølvstendige og herda. Bonden kunne hatt mindre tilsyn, mindre dyrlegeutgifter og liknande. Men alt endar på eit spørsmål om økonomi. Diverre kompenserer nok meir kjøtt og ull per dyr for meir utgifter på andre felt.
  18. Vi har allereie sau som er betre tilpassa naturen. Men den gje mindre ull og mindre kjøtt. For at gardbrukarane skal kutte ut dalasau og gå meir over til spælsau og andre enda meir herda sauartar må vi som forbrukere være villige til å betale meir for produktet. Enkel kapitalisme, også bonden treng penger for å leve. Rein idealisme gje ikkje mat på bordet.
  19. Eg har ikkje sagt at gardbrukarane er ut heile tida og ser etter sauen. Men om gardbrukaren skal ha sjans til å få registrert rovviltdrepte husdyr må han det. Og sjølv da, med Norges geografi er det ikkje mogleg å finne på langt nær alt. Gardbrukaren har også andre arbeidsoppgåver han må skjøtte gjennom sumaren i tillegg til eit privatliv. Ein sau svelt ikkje ihel på 24 timar men ein kan godt passere ein sau på 30 meter utan å sjå den i Norge. I enkelte tilfelle er sjølvsagt dårleg ettersyn årsaken. Rotne eple finn ein i alle kurver... Dei har tilsyn men 24/7 er utopisk. Utnytting av utmarksbeite er miljøvenleg i tillegg til at det hindrar gjengroing og opprettheld ein del flora og fauna som er avhengig av beiting. Men vi kan jo sjølvsagt leggje ned alt landbruk, importere alt, la Norge gro att og gjere oss 100 prosent avhengige av hjelp utanfrå ved verdskriser...
  20. Som Lompa skriv, vegen eg visar til er den gamle "rette" vegen inn Griningsdalen, men ny veg har erstatta den. På enkelte kart er gamlevegen teikna inn berre som stumpar her og der. Vegen er bra køyrbar i alle fall inn til Danntjern. Det var køyrbar veg mellom Skåbu og Murudalen før i tida. Vegen vart preparert og gjort køyrbar att for eit år eller to sidan så no kan du køyre der med vanleg bil att.
  21. Hjartesukk... Skulle ønskje enkelte hadde litt minimumskunnskap før dei uttalte seg om ting. Om gardbrukerane venta til hausten med å telle kadavera ville naturens eiga renovasjonsetat renska opp og dødsårsaken verta omogleg å avgjere. Ergo ingen rovvilterstatning. Kadavera må finnast raskt. Litt avhengig av vær og stad, men gjerne innan 24 timer etter drap. Så må kadaveret obduserast av autorisert personell. Det vil seie ein representant for staten må ha tid til å reise ut umiddelbart, kanskje til ein stad godt utanfor allfarveg. Både med lang køyring og mykje gåing. Og allereie no er nok mange rovviltdrepte dyr vanskeleg å sikkert slå fast som rovviltdrept. Ergo fell dei utanfor statistikken men gardbrukaren vil i ein del tilfeller få erstatning for den likevel som "truleg rovviltdrept". Hjartesukk#2: Angåande siste dagars medieoppslag om erstatning for rovviltdrept husdyr, skulle ønskje folk snart lærte og ikkje så ukritisk slukte alle sakar og vinklingar som media presenterer... Sjeldan eg tek meg bryet med å "like" innlegg. ASI over her fekk ein.
  22. Sorry Mac, men det er faktisk veg. Men den har forfalt i den grad at du treng litt ekstra høgde under for å ta deg fram. Det er forholdsvis mange vegar i området her som er fullt lovleg å køyre på, men du treng ein høg firehjulstrekker for å ta deg fram på og sjølv med rett børse krev det rett mann bak rattet...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.