Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Golden Retriver har tidlegare toppa bittstatistikken i Norge. Delvis fordi den er av dei mest utbredte rasane men også fordi GR er ei rase som lett kan ty til biting. Bandtvang er ikkje berre for å beskytte folk men i like stor grad (eller større grad) for å beskytte bufe, fugl og vilt. Og her er nok ikkje GR noko mindre aggressiv enn dei fleste andre hunderasar. GR er med andre ord eit svært dårleg eksempel på kvifor bandtvang er unødvendig.
  2. Har før nemnte gipronstavar og opplevd maaange tryn med dei utan at dei vert bøgd. Har i tillegg brukt dei i alpinbakken so dei har fått mykje juling. Men sjølvsagt kan ein jo være uheldig.
  3. Korleis er det å køyre nedover med ski på sekken?
  4. Allereie den grunnregelen din om nord/syd sider vil ofte være feil for eksempelvis Rondane da nordsidene der som regel er avblåste og snøfrie. Men som Dag G og afe seier, vurderinga der og da er såpass essensiell at ein generell regel vert lite nyttig.
  5. Fortsett dette berre litt til får Møre&Romsdal snart ein fylkestopp over 2000.
  6. Faller nesten av stolen no... At tømmerhogging er godt og fint arbeid er eg einig i, men at det er noko ein kan lære på nokre få timar??? Motorsag er særs farleg reiskap og det er mykje som skal takast omsyn til når ein feller eit tre, spesielt i vanskeleg terreng. "Nokre få timar" med opplæring vil berre gje ein overflatisk gjennomgang. Og om ein skal byrje å dra hest inn i terrenget i tillegg...???
  7. Kortfeller: Dekker smøresona. Langfeller: Dekker heile skilengda. 35, 45 og 60 millimeter er bredda på skifella. Nylon er syntetisk. Alternativt er selskinn, mohair og eventuelt andre naturstoff. Om du kan svare på kor/korleis du skal gå på ski er det enklare å gje råd om kva feller du treng.
  8. Teknologien nektar meg å klippe og lime inn, men om du går inn på www.lokaljobb.no klikkar videre på Sør-Fron og så linken aktivitetsleder / skilærer finn du ein jobb med litt friluftslivmoglegheitar som ikkje krev alt for mykje utdanning.
  9. Jobb inna DN, SNO eller fjellstyra. Turisme. Forskjellig kultiveringsarbeid, privat, kommunalt eller statleg. Mykje å velja i, men felles for mykje av det er at dei krev lang utdanning.
  10. Og ervervtillatelsen er forøvrig gyldig i tolv månad. Kan forlengast med seks månad ved søknad.
  11. Angåande Fuglehundmannens kommentar: Sjølv om vi småkjekklar om rekylkonsekvensane tidlegare i tråden vil du sjå vi alle er einige om at ein bør finne ei hagle som sitt godt. Fyrste og beste hagle på eit kampanjesal kan fort resultere i ei hagle som sitt dårleg med påfølgande låg treffprosent og minkande jaktlyst.
  12. Eit kjapt googelsøk på lindlandnatur vil bekrefte cornix's teori. Berre eit halvreligiøst par som har slått seg litt laus. Ymse tragedieteoriar og liknande må nok forkastast. Skulle gjerne lagt inn linken direkte men datamaskina nektar meg både å sitere, klippe og lime på fjellforum om dagen. Data er noko %#£@§ !!!
  13. Elles trur eg ho vil få stort sett same svara på kammeret.no. Det ligg forøvrig nokre trådar der om same tema. Om rekyl er eit problem er halvauto og/eller kaliber 20 ei løysing. Og sidan pris var viktig, kjøp brukt.
  14. Da skal eg forsøke å gjere entropy's eksempel litt meir forståeleg sidan han har rett. Om du køyrar ein bil på 1000 kilo i 100 kilometer i timen inn i ei 1000 kilos betongblokk vil blokka flytte seg litt. Om du gjentek forsøket men aukar vekta på betongblokka til 1200 kilo vil litt meir av energien frå bilen bli absorbert og betongblokka flytte seg litt mindre. For å ta fram teskeia, bilen er patronen og betongblokka er hagla.
  15. No er situasjonen omvendt. Den engelske utgåva kom i nytt opplag i vår (men ser kanskje ut til å være utseld allereie) og Schwarzottutgåva er ikkje å oppdrive nokon stad. Tydelegvis fleir som er interessert i Slingsby.
  16. Jepp, men den er noget vanskelegare å oppdrive. Har lånt den på biblioteket tidlegare, formidabelt arbeid av Schwarzott men så tok det vist nesten livet av han også. Om nokon skulle ha ei utgåve dei gjerne vil bli kvitt er det berre å ta kontakt.
  17. Nyst avslutta Eidslotts bok om Besseggen. Noko skuffa da den bragte lite nytt til torgs for meg, men no er vel kanskje ikkje eg heilt i målgruppa heller. Vil tru den passar betre for nokon som er mindre kjent i området, ikkje kjenner det historiske stoffet og berre skal gå Besseggen ein gong for å ha gjort det. Ein del fine bilete dog. Men, meir interessant: Kvar kveld tek eg eit kapittel av "Norway The Northern Playground" av William Cecil Slingsby. Den bør være pensum for dei fleste som har litt over gjennomsnitt interesse av fjell. Diverre syng det på siste verset no, men når eg er ferdig med den ligg "Mountaineering in the land of the midnight sun" av Aubrey Le Blond klar. Det går i historie om dagen...
  18. Norge på langs boka til Monsen er til sals på www.larsforlaget.no
  19. Vel, det er same rekyl krafta som slår på både ei lett og tung hagle, men på ei tung hagle er det meir vekt som må flyttast bakover. At du kallar det kjapp rekyl og andre seier den slår hardare er vel to sider av same sak? Men sjølvsagt, er ikkje hagla på plass i skuldergropa slår den uansett vekt.
  20. @Tovekrøll Ei tyngre hagle vil "ta opp" meir av rekylen. Spørsmålet er kva du skal bruke hagla til? Om det stort sett er berre til rypejakt som du skriv, gå for ei lett hagle, men rekn med blå skulder ved dags ende. Ved meir leirdueskoting gå for ei litt tyngre hagle som dimed vil bli litt tyngre å drasse rundt på jakt. Sideligger er finare å sjå på men to avtrekkarar kan være litt pludder. Sikkert vanesak det også. Men fyrst og fremst, som Lompa poengterer, finn ein våpenhandlar med litt peil og prøv forskjellige til du finn ei som sitt godt. Sjølv har eg to (vel eigentleg tre), ei Beretta som brukast på bane og ei Remington 870 til jakt. Båe sitt godt og er behagelege å skote med. Men berettaen er tung å dra med på lange jaktdagar og 870'en vert fort varm om ein har ein intensiv dag på bana. I tillegg er det mange som ikkje likar å sjå 870'en på bane da det er ei pumphagle og det kan være litt vanskeleg å sjå om våpen er tømt på pumpe og automathagler. Generelt sitt pumpehagler og automathagler godt til mange men veit ikkje korleis det artar seg for ei på 1,63. Den type hagler er ofte lange.
  21. Flora & Fauna er alltid interessant. Geitilblom, eller mogop som den gemene hop kallar den (eventuelt Pulsatilla vernalis for dei intellektuelle) er alltid like triveleg å treffe i fjellet så fort den fyrste snøen forsvinn. Ballblom (Trollius europaeus) og Issoleie (Ranunculus glacialis) er også fine representantar for floraen. Issoleie er i tillegg den høgast dokumenterte blomsta i Norge med 2370 meters høgde oppunder Glittertinden. Lufta av Linnea (Linnaèa boreàlis) er også ein blomsteroppleving verdt eit forsøk. Om røsslyng eller bergfrue skal være einsleg nasjonalblom i Norge er eit subjektivt spørsmål. Også Røsslyng har lang og tung tradisjon i Norge og er ein god representant sjølv om NBF er einig med REJOHN.
  22. Brukar lydbøker i bilen. Trur uansett ikkje påtalemakta hadde vært overbegeistra om eg satt å kikka på illustrasjonane mens eg køyrte... Papirutgåva står i bokhylla så eg kan studere illustrasjonane når som helst elles.
  23. Reint pinleg å gløyme denne men Barske glæder av Zapffe er også ute på lydbok.
  24. Kjennar ikkje til forholda i reinsdyrnæringa men sauebønder frå tilskot per dyr. Kan det ha noko med saka å gjere?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.