-
Innlegg
1 067 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
Svindyr men noko i denne duren: https://www.alfa.no/shop/skisko/expedition/polar-advance ? Eller litt enklare: https://www.oslosportslager.no/produkt/alpina-back-country-1675-75-mm-fjellskisko-38190.aspx (rettnok ikkje lær, men...)
-
Noko paranoid og i etterpåklokskapens ljos temmeleg sært, men min einaste tanke var irritasjon over at breøksa stod parkert mot sekken utanfor rekkevidde i andre enden av rommet. Til mitt forsvar må det kommenterast at døra kunne berre stengast med slåer frå utsida. Vi hadde berre stabla opp nokre matkasser mot døra på innsida så den som ville inn hadde lett kome inn. Skal også nemnast at å opne ein god, varm sovepose når det er grusamt kaldt ute krevjar litt meir viljestyrke enn eg hadde der og da. Dessutan hadde eg lagt ut ei dørmatte med teksta: Stå ikkje der å frys, gå heller heim! Så det så.
-
Da var det vist på tide med Krokfots julekalenderbidrag. Planen var å krote ned nokre gloser etter ein tur i helga men den planen gjekk skeis på grunn av julebordsesongen og ein påfølgjande tungt indisponibel tilstand. Etter å ha dykka litt i turarkivet kom eg oppatt med ein tur frå November 2010. Det året hadde snøen latt vente på seg og utolmoda hopa seg opp. På frilyt.no fant eg ein turartikkel med pudderkøyring på Fanaråki og dimed var det lett å rekruttere eit par til som turfølgje. Værmeldinga var stabil men bikkjekaldt og med fullmåne for helga kom forslaget om overnatting på toppen. Dagen før avreise fant eine turfølgje det forgått å skamfere seg noko med ein kniv så plutseleg var det berre eg og ei veninne att. Værmeldinga lova fortsatt femogtjuge blå, null vind og blå himmel så vi drog likevel. Teltet for anledninga var mitt femten år gamle Helsport sumartelt og snøplugger stogga vi å spikka på vegen... Parkerte på Turtagrø og i eit idiotisk forsøk på å framstå galant enda vist både telt, kjøkkenutstyr, mat, teltpluggar og brensel i og på min sekk (Kvinnfolk: Vær så snill å les dette som eit råd til seinare turar der kavaleren forsøker å ta all vekt for å tøffe seg, berg litt av sjølvrespekta vår ved å ta litt vekt og redd oss frå den audmjukinga vi blindt utsett oss for berre for å imponere dykk...). Snøen frå friflytrapporten mangla innover Helgedalen så det vart skibæring innover og oppover anleggsvegen. Men toppen var kvit så vi rekna med å finne føre etterkvart. Håpe sank derimot når vi byrja å ta høgde og fortsatt ikkje fant noko skiføre. Eit stykke etter at vi forlot anleggsvegen foreslo eg at vi skulle sette att skia til returen da det nok ikkje vart nokon bruk for dei likevel. Som sagt så gjort og eit parhundre høgdemeter seinare nådde vi skiføre. Vi diskuterte litt men klokka gjekk og vi hadde ikkje tid til å hente dei å fortsatt ta toppen. Dermed framover. No vart tempoet noko redusert da eg, i utgangspunktet adskillige vektklassar over turfølgje og i tillegg supplert med ein sekk som lettpakkarmafiaen her på forumet ville hatt mareritt om i mange år framover, til tider vassa i snø til livet mens turfølgje kosa seg oppå skaren. Det var allereie tunge tak og for å gjere ting perfekt kom det også vind, mykje vind. Vi trøysta oss med at yr.no fortsatt hadde litt rett da sikten var grei men ikkje lenge etterpå kom skylaget drivande og i skylaget kom også snø. Kraftig vind, snø, ingen sikt og snart ville også mørkje gjera ting verre. Vi diskuterte og vart einige om å fortsette. For meg var det stort sett ti meter, pustepause, ti meter, pustepause oppover så mørkje kom kjapt. Sumarteltet mitt var no ubrukeleg men nede på Turtagrø hadde vi prata ved ein kar som sa det stod ei ope bu på toppen så vi satsa på overnatting der. Terrenget flata ut til slutt og plutseleg fekk vi auga på eit bygg langt, langt borte i snøføyka. 20 meter seinare stod vi ved hytta. Etter ei inspeksjonsrunde fant vi eit bygg med slåer for døra. Slåane var isa fast men etter ein del ishakking kom vi oss inn i det som viste seg å være matlageret. Dette var ikkje dagen å være storforlangande på standarden så vi var storfornøgde til tross for skøytebane på golvet. Kokkelerte litt mat og gjekk raskt til sengs mens vinden vart verre og verre utanfor. Det vart lite søvn. Det piska og slo, knirka og knaka heile natta gjennom. Eg låg og vurderte forskjellige evakueringscenario når vinden reiste med herberget vår. Midt utpå natta ein gong kom det nokre svært distinkte og karakteristiske bankelydar som om nokon ville inn. Eg er i liten grad av den overtruiske typa men klarte ikkje la vær tenkje på episoda med ein stakkar som fraus ihjel på Fanaråki, godt mogleg i den bua vi låg i, nokre år tidlegare. Tankespinnet mellom øyrane mine gjekk frå dårleg til utriveleg dårleg. Men alle dårlege net har ein ende, så også denne. Fyrste spørsmålet eg fekk om morgon var om eg hadde høyrt bankelyden om natta. Eg kunne bekrefte det og da eg fortalte om han som fraus ihjel var turfølgje svært glad for at ho ikkje kjente til den detaljen tidlegare. Vi ordna oss frokost og beundra utsikta. Det var svært kaldt og kraftig vind ute men eit fantastisk ljos med skyer som dreiv forbi og ga oss trolske syn av fjella rundt. Ljoset på denne årstida er av det finaste ein kan oppleve på tur og dette var vel verdt alt slitet på oppturen. Etter ein del fotografering og pakking la vi i veg nedover att. Spora frå oppturen var forlengst borte men vi hadde grei sikt nedover og sjølv om eg datt gjennom heile vegen er ikkje det noko problem på nedturen. Nede att på Turtagrø viste termometeret i bilen 28 kaldegrader. Det hadde vært ein av dei verre fryseturane mine men samstundes ein av dei finaste om enn litt vel spanande til tider.
-
DNT butikken i Storgata i Oslo har nokre solbriller av den typa. Du finn dei også på sportslageret og andre spesialforretningar men med ein noko høgare prislapp enn hos DNT.
- 11 svar
-
- 1
-
Skal du ha den mest ekstreme bålwhiskyen er nok Octomore frå Bruichladdich destilleriet ditt desiderte fyrsteval. Lagavulin er rekna som den standardwhiskyen med mest røyk. Dette målast etter ein skala, PPM der Lagavulin ligg på om lag 50 PPM. Vanleg whisky har sjeldan meir enn 3 til 5 PPM. Siste Octomore utgjevelsen har 208.
-
No er det langt mellom kvar gong nokon skuldar meg for å være ein feinschmecker men syns Lagavulin og Laphroaig smakar relativt likt. Angåande båtpuss, har ei flaske Ledaig (Isle of Mull) ståande som reklamerar med: Sweet briny smokiness with a distinctly island character that hints at mild antiseptic, creosote, wax polish, mint chocolate and floral seaside aromas. Utruleg nok er ikkje denne noko spesielt god...
-
Har hatt relativt mange fisketurar med betydelege misforståingar. Svært fornøyelege misforståingar; ser fram til fleir av dei. Elles er Islaywhisky ofte å finne i sekken på turar. Lagavulin har små 20 centiliters turflaskar. Passar perfekt til ein liten klunk på toppen. På polet finn ein også Talisker i same format, den er heller ikkje å forakte.
-
Definer bruk før du vel ski. Skal du på Vestlandsturar med rett opp og rett ned eller Austlandsturar med lang innmarsj, litt opp, litt ned og så lang utmarsj? Køyre pudder eller skavlar? Brattkøyring, skogskøyring, lange feite svingar i høg fart eller tett sikk sakk mønster? Rando eller Telemark? Er det viktigast med bra køyring ned eller er det viktigare med lite vekt opp? Har du mykje stål i beina får du meir ut av dei lettaste skia på veg ned. Har du mindre stål treng du litt tyngre ski for nedkøyringa men det vil samstundes suge meir kreftar på oppoverturen. Skal skia brukast mest i bakke og litt på topptur eller er det reine toppturski? Kor mange kilo kroner vil du leggje i skipakka? Litt info her: http://www.fjellforum.no/search/?&q=toppturskinybegynner&type=forums_topic http://www.fjellforum.no/search/?type=forums_topic&q=toppturski
-
Du kan bruke fjellski på dei fleste toppturar. Forsøk dei fyrst før du vurderer om du vil gå opp i vekt på ski for å få ei betre nedkøyring.
-
Støtter dei som meiner feller luggar nedover. Mi erfaring er at feller i nedoverbakke er svært ustabilt og fort kan ende i tryn,
-
Båe jobbane kan jo kombinerast. :)
-
Jubileumstopp. Storheia-566 moh. Trondheim
Gal Krokfot svarte på Dag G - Evje sitt emne i Turrapporter
Gratulerer med både dagen og toppen. Om du drøyar kommunetoppjakta noko slepp du ein del lettare unna da kommunesamanslåinga tek knekken på ein del av dei.- 6 svar
-
- 1
-
Har same lykt. Min blinkar når batteriet byrjar å tære på kreftane. Noko den gjer ofte da lykta ikkje kan oppbevarast i ei lomme, ein sekk eller nokon andre liknande stader utan å slå seg sjølv på og ladast ut. §£#$&% drittlykt!!!
- 12 svar
-
- 1
-
Vil poengtere at DNT ikkje har "opphavsretten" på mange av desse rutene. I Rondane og mange andre stader er merkinga lagt etter gamle ferdaveger for folk og dyr. Det er ikkje utan grunn ein ofte må ta ein liten sving rundt reinsgraver når ein fylgjar DNT råk i Rondane.
-
Litt vanskeleg å seie sikkert men kan sjå ut som fjellvåk. I så fall svært markant "knokkelform" under vingane. Har opplevd fjellvåk svært nærgåande, ned til eit par meters avstand. Vedlagt foto av fjellvåk frå Rondane 2014.
- 4 svar
-
- 1
-
Kundeservice, enkelheitshensyn, reklame effekt, forretningsavtalar, et cetera, et cetera. Andre private hytter gje også rabatt til DNT medlemmar.
-
Spiterstulen er privateigd og DNT har ingen påverknad på drivarane.
-
Er det nokon som har padla Grimsa / Atna og har detaljert informasjon om kor det lønnar seg å gå i land for bæreetappar og sette ut att kano? Tips om fine leirplasser og sjåverdigheitar nedover langs elveløpet er også velkomne.
-
Falketind og/eller Hjelledalstind for en uerfaren toppbestiger?
Gal Krokfot svarte på kjetilkl sitt emne i Fjellvandring
Svaret på fyrste spørsmål, ja. Forutsett at du er litt fjellvant og tolar litt luft. Sørsida av breen er vurdert som relativt trygg. Men det er bre, du får ingen garantiar. Elles går det an å gå på morenemassane ved sidan av breen men dei er svært lause. Vestryggen til topps er også eit luftig alternativ. Kan føye til at fonna ved 1291 vatnet var smelta nesten heilt bort da vi gjekk utatt den vegen i september 2011. Brukar du søkefunksjonen finn du vel nokre turrapportar frå både Falketind og Hjelledalstind her på forumet, om ikkje: http://peakbook.org/peakbook-element/354/Falketind.html http://peakbook.org/peakbook-element/582/Hjelledalstinden.html -
Eg skal på tur.
- 13 svar
-
- 8
-
Falketind og/eller Hjelledalstind for en uerfaren toppbestiger?
Gal Krokfot svarte på kjetilkl sitt emne i Fjellvandring
Hjelledalstind: Det er ikkje sikkert vi fant enklaste ruta opp men da vårt lag var oppe der i 2013 valde dei fleste å sikre opp. Nokon snudde også. Dette var rett nedunder toppen. Eg oppfatta det punktet som langt meir utsett enn Falketind. Falketind: Pionerruta går opp frå Snøggeken mens det er normalruta som går opp frå Andrevatnet. Normalruta er lengre men enklare. Dog to problempunkt der også. Det fyrste er ei fon du må over ved fyrstevatn (1291). Er den isa bør du ha steggjern og isøks elles kan du få ein lang aketur med påfølgande bad. Det andre er opp frå Andrevatnet over nokre sva. Forholdsvis enkelt om du finn rett rute men kan følast luftig/utsett. Kanskje mindre moro med regn på svaet... Husk, det viktigaste du tek med på tur er sunn fornuft! -
Vart det nokon tur rundt Otta?
-
Det vart ikkje nemnt om sikteskiva skulle være påkledd eller ikkje... Her Formokampen, Sel i Gudbrandsdalen.
- 27 svar
-
- 3