Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Vil snu denne på hovudet. Kvifor sitte framfor TV'en med ein øl når ein kan gå i fjellet? Svært få som døyr som angrer på at dei ikkje har sett meire TV.... Og Breheimen, Reinheimen og Jostedalsbreen. Om dei kanskje ligg geografisk tett samla er det likevel eit stort og variert område.
  2. Vanleg fiske i elver og fjellvatn med sluk, spinner og mark.
  3. Kan nokon anbefale ei god nybegynnerbok om innlandsfiske? Ikkje fluefiske.
  4. Moskusen er i utgangspunktet ikkje oppsøkande, men den går der det passer den og kjem du på den måten inn i intimsona er den "plutseleg" oppsøkande. Var i moskusland i helga og måtte ta ein "joggetur" for å komme unna. Dei forfulgte oss cirka 300 meter før dei ga seg. Undervurder ikkje dei forvokste raggsokkane, sjølv om dei ser tunge og dorske ut er dei utruleg raske.
  5. Vi fant ein fin flekk rett ved siden av råket før Innerste Svånåkollen som vi brukte i 2007. Einaste problemet med den plassen var at den vart innvadert av moskus... Meiner å huske at det var eit par brukbare plasser til innover dalen mot Larstind og Langvasstind.
  6. Det er salt i svette også. Om Gore-Tex ikkje tåler salt burde difor mine Gore-Tex klær gått i oppløsning fleire gonger i året. Bergans bruker forøvrigt Dermizax, ikkje Gore-Tex. Så lenge utstyret mitt fungerer er det irelevant kva merke det er og kor mange andre som bruker det. Kutter du ut å bruke utstyr kun fordi alle andre har det er du ikkje stort betre enn dei som kjøper eit spesielt merke fordi alle andre har det. Edit: tyrkleif
  7. Norges Fjelltopper over 2000 meter har oversikt over alle toppane i Hurrungane og kva som kreves for å komme til topps.
  8. Havregrøt av Viking heilmjølkpulver. Kan varierast med kakaopulver, rosiner, kanel ol. Pannekakerøre kan medbringast på ei flaske og steikast i felt.
  9. Baron von Münchhausen har møtt sin overmann!
  10. Dei to tilfella du nevner med kråka og skjora viser vel berre at det er behov for "hjartelause paragrafryttere".
  11. Det er klatring over Hettepiggen. Søk litt på Snøhetta / Snøhettatraversen på forumet her så finn du raskt meire informasjon.
  12. Marmolejo: Det var problemfritt å gå Slogen til fots laurdag. Måtte gå på snø siste to/trehundre høgdemetrane men so lenge det er såpass varmt i været som det var i helga og snøen ikkje fryser har det ikkje noko å seie, det berre forenklar nedturen. Om du vil ta den som skitopp så kan det køyrast samanhengande nesten frå toppen og nesten ned mot Pachellhytta nokre få dager til. Enig i påstanden om at Slogen er eit skifjell, må....SKAL nok opp der ein tur seinare med ski på beina.
  13. Takk for innspela. Hadde freista mest å tatt den som skitopp men turfølget mitt har av ein eller anna sær årsak fått det for seg at det er betre å ta den til fots. Så da vert det truleg eit forsøk på det til helga. Dykk skal få førerapport over helga.
  14. Er det nokon som veit korleis forholda er på Slogen no? Er det greit å gå til fots opp og trengs det noko sikkerhetsutstyr?
  15. Du kan høyre med Lasse om han vil fly deg til Heimen: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=567166
  16. Det går om du har ei elv av litt størrelse, eventuelt frå båt på eit stort vatn. Men enkelt er det sikkert ikkje... Har sjølv brukt ti fluer utan problem.
  17. Slenger meg på den Koie. Fiska mykje med oter i og rundt Gudbrandsdalen men aldri høyrt om denne regelen. Veit om folk som bruker opptil 15 fluer.
  18. Mange bibliotek har Barske Glæder og om dei ikkje har den så bestiller dei den inn på forespørsel.
  19. Kråker trekker mot hubro og forsøker å mobbe den bort. Skjora rømmer derimot frå hubroen, den er vel for stor til at dei tørr mobbe den?
  20. Har Dynafitt sjølv men kan ikkje seie eg kjenner meg att i dette problemet. Fest skoen i tåbindinga og vri den sidelengs så vil du sjå at den løyser ut med ein gong. Om du slår over til gåfunksjonen derimot vil det nok ikkje løyse ut. Mine ankepunkter mot Dynafitt er: 1. Vanskeleg å snu i bratte traverseringer da du ikkje får løfta opp skia i bakkant. 2. Må ta av skia for å slå over til gåfunksjon etter køyring. 3. Kan være litt trælsomt å treffe tåbindinga rett med skoen i vanskeleg terreng. 4. Kan av og til samle seg is/snø i hullene på skoen som tappene på tåbindinga skal treffe. Likevel er eg godt fornøgd med mitt utstyr og kan gjerne anbefale det til andre.
  21. Det var mange som gjekk den vanlege ruta opp no i helga. Det er fortsatt greie snøforhold oppe på flya.
  22. Gal Krokfot

    Lora

    Antek det er fotturer du ønsker siden du har posta på fjellvandring? Gråhøa er nok fortsatt ein skitur (og ein lang ein også....) Aktuelle fotturer i dette området no er topper langs dalkanten som Sæterhøin, Odolshøi, Dosethøi, Kampen(?), Rånåkollen osv.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.