Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Uskuldig inntil det motsatte er bevist? Så lenge du ikkje ein gong kan framsette ein sansynleg teori om korleis det svindles bør du halde teoriane dine for deg sjølv. Les min og Finnmarks_odel's argumentasjon for kvifor dette ikkje er ein mogleg framgangsmåte.
  2. Sjølvsagt vil det være utveksling av ulv over landegrensane. Eg har ikkje sagt at vi skal "gjerde" inne den norske ulven og ikkje la den formere seg med naboane. Problemet no er at Norge ser ut til å overlate alt ansvaret til Sverige. Noko vi har fått kritikk for både av Sverige og EU. DN har forøvrigt i forbindelse med igangsetting av lisensjakt uttalt at fellingsløyvane ikkje har nokon konsekvens for bestandens overlevelse men har ikkje klart å leggje fram nokon fagleg dokumentasjon på dette...??? Trafikken av russiske ulver er kanskje aukande, men dei har store problem med å passere reinsområdane i Finland/Nord Sverige og dei få som klarer å ta seg gjennom har ein tendens til å forsvinne sporlaust til tross for at dei har radiosendere. Kjenner ikkje til den dommen i Oslo Tingrett men stortinget har vedtatt at det skal være tre ynglinger årleg og tingretten skal vel rette seg etter stortingets vedtak, om vi er ein rettsstat? Når du bruker ordet ulvemafiaen og definerer den som forskere og andre ekstremister så tolker eg det som at dei er ekstremister fordi dei ikkje støtter ditt syn? Fanatikere er det på båe sider i denne saka og dei er ein stor del av problemet. Synsing, lemfeldig omgang med fakta og stempling av meiningsmotstandere polariserer frontane og gjer vondt verre. Lesjasaken har nå fått omtale i internbladet til politiet og Kvamssaken er godt kjent i lokalmiljøet. At det foregår ein god del ulovleg jakt er vel heller ingen statshemmeleghet? Kva reinsjakta angår skal eg ikkje stemple alle i Vulufjell som idioter men av alle stader eg har jakta er Vulufjell den staden eg har reagert mest på. Og du treng berre å lytte litt til jaktradioen under reinsjakta for å forstå det, eventuelt besøke gjetarhytta... Ulvejakta i 2001 var vel definert som skadedyruttak og dermed underlagt andre regler enn jakt generelt så den er ikkje heilt samanliknbar med dagens lisensjakt.
  3. Årsaken til at vi hisser oss opp er at vi meiner det ikkje er stor nok stamme til at det er forsvarleg å jakte på den. Innavelsproblematikken er godt dokumentert i ulvestammen og uttaket av russiske innvandrere gjer det verre. Korleis Sverige forvalter sin ulvestamme har ikkje noko med dette å gjere. Norge bør sjølv klare å oppretthalde ein levedyktig ulvestamme. At jakta utøves forsvarleg, humant og etisk rett er vel heller ikkje heilt korrekt. Da det vart tatt ut ein ulv på Lesja for nokre år siden turde ikkje jegerane gå bort til den etter å ha skutt den. Så kva gjer så dei stolte ulvejegrane? Jo, dei køyrer over den med bil eit par gonger for sikkerhetsskuld. Og kor mange runder med bly måtte til på den eine av dei to ulvane som vart teken ut på Kvamsfjellet i sumar? Ulovleg rovdyrjakt er eit kapittel for seg sjølv. Jegerstanden har mykje å rydde opp i når det gjeld moral og etikk. Reinsjakta i Vulufjell som du sikkert kjenner til er eit godt eksempel der. Rypejakta i år er eit anna eksempel. Dessverre så har vi satt oss i ein posisjon der vi på enkelte områder må gå inn og "styre" naturen. Men det er ein stor forskjell på det og å utrydde alle arter som ikkje passer inn i vårt samfunn. Vi skal forvalte naturen og hauste av overskuddet. Ikkje tilpasse naturen til vårt bilete, det vil straffe seg på lang sikt. Det er vel få eller ingen næringer som har gjennomgått (og bestått) så store endringer som primærnæringa dei siste hundre åra. Men det er kanskje berre skylappane som hindrer sikten min? Du får hjelpe til med å fjerne dei ved å forklare meg den sauekadaversaken...
  4. Staten er den største grunneigaren og det er fritt fram for å køyre på eiga innmark. Enkelte grunneigare foretrekk også å grave ned alt av avfall på eiga grunn. Er det da heilt greit siden det er på eiga grunn?
  5. Kan ikkje sjå at eg har påstått at det ikkje finst nokon kjeltringer i tamdyrnæringa og det er heller ikkje temaet her. Poenget mitt er at Busken framsett ein usansynleg teori og eg vil gjerne sjå litt begrunnelse av den, noko eg fortsatt ikkje har fått? Forøvrigt har eg kun uttalt meg om sauenæringa da eg ikkje har nokon kjennskap til reinsdyrnæringa og det var sauenæringa som vart tillagt kadavermaltrakteringspraksisen. Springsteen: Om kadaveret vert liggjande berre nokre få dager vil det ikkje være mogleg å stadfeste dødsårsak og bonden vil ikkje få nokon erstatning.
  6. Da venter eg spent på ei forklaring frå Håvard eller Busken om korleis denne sauekadavermaltrakteringa foregår? Og siden det berre er "indikasjoner" på at det foregår treng eg ikkje konkrete eksempel på episoder men kun beskrivelse av framgangsmåten.
  7. Eventuelt det staten subsidierer, men da vil vel ein drøss av byfolk skrike opp om at landbruket får altfor mykje penger...
  8. Denne påstanden bør du dokumentere. For at erstatning kan utbetales må den lokale rovviltkontakta dokumentere at husdyret er tatt av rovdyr. Det vil si at kadaveret må finnes og sjekkes. Siden naturen har ein meget effektiv renovasjonsetat er ikkje dette enkelt. Det er difor logisk å anta at det reelle rovvilttapet er vesentleg høgare enn kva bøndene får erstatning for. Å maltraktere eit kadaver for å få utbetalt rovvilterstatning er nok tilnærma omogleg da alle rovdyr har typiske kjenneteikn i form av bittstader, spisemønster, slaktebehandling, sporteikn og bittstørrelse. Eg finn det svært urealistisk at folk klarer å kopiere desse mønstra, men motbevis meg gjerne. Inntil eg ser bevis på det motsatte anser eg påstanden din som fri fantasi.
  9. http://www4.nina.no/RovviltPub/pdf/FTMR_Antipredatoratferd%20hos%20ulike%20saueraser.pdf
  10. Kjem jo an på definisjonen av villmark, men Bjorli, Lemonsjøen, Juvassbreen, Strynefjellet, Røldal, Rauland med fleire.
  11. Det er forsøkt men sauehold er ikkje den mest lukrative næringa så om sauebøndene må betalt eit par gjetere for å halde auga med saueflokkane konker dei raskt.
  12. Var i Lordalen forrige sundag (29/11). Svært lite snø, køyrte bil heilt inn til Nysætri utan problem. Dagen etter kom det ti/femten centimeter med snø men det har nok blåst bort no. Eg gjekk opp mot Fellingsvatnet da det såg ut til å være einaste vegen det var nok snø til å gå litt...
  13. Skal du spare penger kjøper du enkle Montanafeller til rundt 500 kroner, men eg vil heller anbefale å spytte litt meire penger i potten å investere i feite vegg til vegg feller a'la G3.
  14. Alt går vel berre ein er vrang nok. Ein kamerat av meg var oppe på Rasletind i vår med vanlege langrennsski. Det endte med knekt ski på veg ned. Skal ein til topps med langrennsski er det beste føret å gå på hard skare som ikkje brister, eventuelt eit lite lag med styresnø på toppen. Det vil også være det værste føret å køyre nedatt på. Var forøvrigt oppom Besshø i Marsmånad for nokre år sidan med feite telemarkski. Føret da var så ekstremt avblåst og skavlate at det var vanskeleg tilogmed med dei. Skulle likt å sjå korleis det ville gått om nokon hadde berre langrennsski der. Dette har også eit sikkerhetsaspekt.
  15. Om det er vanlege langrennsski og ikkje fjellski dykk har så er det berre å investere i nye ski med ein gong. Enkle og aktuelle topper kan være Nautgardstind, Stornubben, Høgdebrotet, Veslesmeden eller Snøhetta.
  16. Litt perspektiv: http://www.dn.no/forsiden/kommentarer/article1795157.ece
  17. Har fyra bål i seksmannslavvo uten røykproblem. Men du må følge luftekanalråda som er nevnt tidlegare her, gjerne fleire kanaler. Bålet sug til seg luft ved bakken. Legg du tilrette for det vil røyken da gå rett opp og ut.
  18. Siden dykk dreg fram funksjonshemma/bevegelseshemma så bør det nevnes at dei har mange moglegheter til å oppleve naturen rundtomkring. Det går bilveg til topper som Blåhø (Jetta), Dalsnibba, Tronfjell og sikkert fleire med. Mange andre stader går det skiheiser til toppen. Mange fjellveger/fjelloverganger kan gje ein bra naturopplevelse. Her er eksempel på tilretteleggelse for fisking: http://www.fjellstyra.no/jaktfiskeogfriluftsliv/articles/artid166.html Frå Spranget settes det opp buss eit par gonger i året inn til Rondvassbu for pensjonister og andre som ikkje kan gå sjølve. Eksempla er mange. Men det er ikkje ein menneskerett for alle å koma til toppen av Storen. Om dei ikkje klarer turen for eiga maskin får dei nøye seg med ein mindre krevande tur. Og med fare for å framstå som ein drittsekk er eg tilbøyeleg til å meine det same om dei som ikkje klarer å gå til hytta si. Skuter bør kunne brukes til nyttekøyring men da med svært stramme rammer og kraftige reaksjoner på overtredelser. Problemet med skuter og hytteutbygging er at det fungerer som brohoder for større masser som kjem lengre inn i fjella. Det er ikkje berre i Panda's hovud at hyttebygging og skitrekk er ein trussel mot villmarka. Skal utelukke golfbaner frå den ondskapens akse, sjølv om eg også misliker sterkt omgjeringa av jordbruksareal til golfbaner.
  19. Merk deg at eg understreka kan. Men at dette har ei påvirkning på vegetasjonen er det ikkje noko spørsmål om. Spørsmålet er i kor stor grad, om nokon, det har skadlege innvirkninger på vegetasjonen?
  20. Om du held til i Oslogryta arrangerer Fluid gratis introkurs om kiting på Ekebergsletta kvar laurdag. Sjekk fluid.no Ellers så er det mykje informasjon på www.kite.no
  21. Snøen vil bli hardpakka under skuterløypa og bruke lengre tid på å tine om våren. I områder med kort vekstsesong kan dette være eit problem. Men sjølvsagt vil eit vanleg råk med ei viss mengde bruk gje meire terrengskade.
  22. Veit ikkje om det hjelper mot langdistansekne, men har fått anbefalt balansebrett for å styrke musklane i kneet generelt.
  23. Den dagen du ikkje bruker noko produkt frå oljeindustrien kan du komme med den type kommentarer. Kva med skuterkøyrere som dreg med seg ølkasser inn i fjellet. Sitt i påskesola og pimper heile dagen før dei forlater tomgodset og dreg heimatt utpå kvelden, gode og fulle? Det har eg sett.
  24. Eit DNT medlemsskap vil gje deg Fjell og Vidde, eventuelt dekker Fri Flyt mange aktiviteter.
  25. Gal Krokfot

    Bjørnespor

    Men dårleg med bjørn å sjå om vinteren...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.