-
Innlegg
1 067 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
Skal du fyrst syte over dyr mat i Norge bør du sjå på totalen. Svært få land i verda har ein så høgt levestandard som Norge. Om du rekner på det utifrå lønn vil du sjå at nordmenn har att fleire kroner i lommeboka etter nødvendige utgifter som mat, straum, hus og bil enn dei fleste andre landa vi liker å samanlikne oss med. Dyre matvarer er (som du kommenterer) dei store kjedanes ansvar og ikkje bøndene. Det er ikkje uten grunn at to av Norges rikaste menn er kjøpmenn og ikkje gardbrukere... Norge er ikkje konkurransedyktige på matvarer men det er likevel viktig at vi har ei viss grad av sjølvforsyning. Ved ei eventuell krise kan vi ikkje være sikre på at USA og andre vil være på plass å hjelpe oss. Industri, media og dei fleste andre bransjer er også subsidiert i forskjellige former. Vil du kutte ut dei og? Subsidiering er heller ingen unik norsk politikk. Dei fleste land subsidierer næringslivet på ein eller anna måte.
-
Tydlegvis ikkje enkelt å finne ut av denne: http://www.gd.no/nyheter/article4876308.ece
-
Eg gjekk no lengre strekninger enn 3,5 kilometer åleine som elleveåring og da var mobiltelefoner kasser på 25 kilo, ergo lite aktuelt... Om det var uansvarleg i denne saken kjem an på kor vant gutten var med friluftsliv og så lenge eg ikkje veit noko om det foretrekk eg å la være å meine noko.
-
Lure triks for å unngå svihull i presenning ved bålfyring?
Gal Krokfot svarte på DoktorGjørelite sitt emne i Alt annet utstyr
@Nikki: Husker ikkje mengdefordeling men eg har hatt skogfag tidlegare og da lærte vi at bjørk var mest vanleg. Men det er godt mogleg det er eit definisjonsspørsmål. At gran er den viktigaste tresorten er rett. Bjørk brukes stort sett til ved og litt møbler og kjem ikkje opp i samme produksjonsvolum som gran. Ein ikkje ubetydleg del av bjørkeveden er i tillegg skattefri.... Også furu har langt meire kubikkmasse av tømmer enn bjørk. -
Kodiak anbefales. Sjansane for å sjå bjørn er brukbare da Kodiak har ei av dei tettaste bjørnestammane i verda. Men om dykk vil være heilt sikre på å få sjå bjørn bør dykk dra på bjørnesafarie med guide. Eit av alternativa er da sjøfly inn til Katmai kor dykk kan lande og studere bjørn på nært hald. Vi var på cirka 25 til 30 meter men guiden fortalte at dei ikkje var uvanleg at dei rusla forbi på 5 til 10 meter.... Banken i Kodiak er også verdt eit besøk. Der er det utstilt ein utstoppa Kodiakbamse, ein av dei største som er skutt. Andre aktiviteter på Kodiak er blant anna sjøfiske (leige fiskebåt), eit lite ølbryggeri og ein del festningsverk frå andre verdskrig som kan besøkes. http://kodiak.org/
-
Der eg kjem frå er det rekna som dårleg folkeskikk å besvare eit spørsmål med spørsmål. Siden du tydlegvis har klart deg opp på eit høgare nivå av menneskeverd enn oss vanlege bermen som ikkje har andre gleder enn å drepe dyr, hadde det vært oppklarande for korleis vi kan nå opp til ditt nivå om du besvarte Bugge's spørsmål. Andre har gitt gode svar på spørsmålet ditt tidlegare i tråden men her skal du få ein delversjon frå meg: Skuddet/drapet er ein nødvendig (men kjedeleg) del av jakta for å få totalen. Kan dra allegorien til eit barn som spiser torskerogn til middag for å få desserten etterpå. Generalisering er som regel bomskudd. Om eg seier at alle homoseksuelle er perverse, kvinner dug berre ved kjøkkenbenken eller at negre er mindre verdt vil du (om du er nogenlunde oppegåande?) plassere meg i kategorien fordomsfull idiot. Dine kommentarer om jegere ender i samme bås.
-
Lure triks for å unngå svihull i presenning ved bålfyring?
Gal Krokfot svarte på DoktorGjørelite sitt emne i Alt annet utstyr
Feil. Det er mest bjørkeskog i Norge. -
Sikkert samme mannen: http://www.gd.no/nyheter/article3107596.ece
-
Takk for tipset, den er bestilt. Bestilte denne i tillegg: http://www.haugenbok.no/katverk.cfm?kpr=6_1_3-1_4&cid=189426
-
Hvilke idioter er det som gjør slikt.
Gal Krokfot svarte på strebus85 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Døde eller skada dyr som står på vernelista skal rapporterast til rette myndigheter, det vil seie rovviltkonsulenten på den staden, DN eller MD (Melder du det til politiet vil nok dei melde det videre til rette instans). Dødt eller skada storvilt rapporterast til det lokale viltlaget. Skada småvilt avliver du om du klarer det. Er det fleire døde individ av småviltet på samme stad rapporterer du det. Ser du dødsårsaken og forstår det ligg noko kriminelt bak anmelder du det. Døde eller skada husdyr rapporterast til det lokale beitelaget, viltlaget eller nærmaste gardbruker. Er du usikker er det greit å bruke det lokale lensmannskontoret så dei kan melde det videre til rette vedkomande. -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Og hjortelusa er eit stort problem no... Enkelte meiner at flåttens framgang er på grunn av tett hjortestamme. Meire rev = tettare bestand. -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Med lenger avstand mellom individa i populasjonen vil skabb og pest få dårlegare fotfeste. Tette populasjoner vert med andre ord hardare ramma. Har litt vanskeleg for å forstå kvifor du hisser deg så opp mot jegerane? Om det er for dyras beste du bekymrer deg bør du være glad for at ikkje populasjonane får vekse fritt. Ein rev som får revskabb (midd) vil som regel dø etter ein tre til fire månders tid av utmagring og infeksjoner. Eg vil tru at det da er betre å få ei kule og være ferdig med det? -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
http://www.miljolare.no/data/ut/art/?or_id=37 http://www.norsknettskole.no/fag/ressurser/itstud/fuv/skjosin/kraake.htm Som fjellbukken konstaterer så er innlegget om kråke på wikipedia godt farga av skribentens ståstad, noko 200-meter samler's ytringer om jegere også er. -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Nei, vi kan jo berre la naturen gå sin gang og rydde opp sjølv med harepest, reveskabb, sultedød, hjortelus og så videre... -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Sjekk kjeldane litt betre, wikipedia er bra men du kan ikkje stole på alt som står der utan å kontrollere det. http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9319716 -
Skyteprøva krever 30 treningsskudd fordelt på to dager før ein kan ta oppskytninga som er fem skudd. Under oppskytinga skal det nyttast jaktammunisjon, blinken skal være 1x1 meter, stå på minst hundre meter og treffa skal samlast innanfor ein sirkel som er 30 centimeter i diameter. Mange jegere har kjøpt seg kombi da dei kun treng tre skudd på oppskytinga.
-
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Sorry, da blingsa eg på den. -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Synes det er eit veldig filosofisk og irrelevant spørsmål da naturen ikkje er statisk og forholda vil være forskjellige frå gong til gong. Nokon gonger vil det være rett å sette i gang tiltak, andre gonger ikkje. Vi er no ein gong plassert her på planeten Tellus og må forsøke å leve mest mogleg i pakt med naturen. Skal ein sette spørsmålet ditt litt på spissen kan ein gje blaffen i alt for sola vil likevel svi alt til støv til slutt. Angåande jegerstanden er det stor forskjell på Norges befolkning på 1860-tallet og no. Da jakta folk av nødvendighet og det varte nesten fram til 1980-tallet. No er det meire hobbyjegere. Om dei var så effektive til smårovviltjakt forstår eg ikkje kvifor rev, korp, måke, mink, mår og kråke får formere seg fritt? Kuler og krutt eksisterte forøvrigt lenge før 1860-tallet. Knekken for rovviltet kom med repetergevær og betre patroner. -
Ein god del dyrevernere er fanatikere utan virkeleghetssans men eg synes likevel trådstarter skyter over mål her. At vi har ei dyrevernslov er på sin plass. Darwins teori seier at den arten som er best tilpassningsdyktig vil overleve. Ikkje at den sterkaste arten skal undertrykke og misbruke alle andre arter. Sau, ku, hest, geit, høns, laks, gris et cetera et cetera bør og skal benyttes til menneskers fordel men vi skulder dei i det minste å gje dei minst mogleg lidelse. Er jeger men også dyreverner (og synes heller ikkje dette er ei motsetning) så eg synes dette innlegget generaliserer litt vel mykje...
-
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Edit: Dobbeltposting, sorry... -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg synes det er ein vesentleg forskjell på å begå ein dumhet på grunn av uvitenhet og/eller nødvendighet og å begå ein unødvendig dumhet vel vitande om det. Eg håper også vi har lært eit og anna om konsekvensane av rovdrift på naturen sidan 1600-tallet og utover så vi ikkje treng gjere alle dei feila ein gong til? Utifrå din tidlegare argumentasjon må det jo være heilt greit at reven kjem til Runde siden den kjem dit naturleg? Mårhunden er ein dyktig svømmer så den treng nok ikkje nokon tunnel ut til Runde.... -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Kamtsjatkakrabba vart sett ut i Murmanskfjorden på 60-tallet og har siden spredd seg naturleg nedover norskekysten. Minken etablerte seg sjølv etter å ha rømt frå oppdrettsfarmer på 30-tallet. Villsvin er på tur inn i norsk fauna etter å ha rømt frå svenske farmer. Alle desse artane har spredd seg sjølve utover frå utsettelses/rømningsstaden. Er det da greit at dei får etablere seg? Eg trur ikkje mårhunden vil føre til nokon stor økologisk katastrofe i Norge men at arter kan bli borte er sansynleg. Naturen er (som fleire har poengtert) i konstant forandring men unødvendige endringer som vi mennesker har forårsaka bør vi forsøke å begrense. Likevel, som eg skreiv i forrige innlegg er nok mårhunden kommet for å bli. Det er dessuten berre snaue åtti år siden mårhunden utvandra frå Øst Sibir. På den tida har den etablert seg i Baltikum, Finland, Sverige, Frankrike, Danmark, Italia, Sveits og Serbia. Mogleg å stoppe? Neppe. Velkommen? Njet! -
Kan vi bestemme hvem som kan få leve hvor?
Gal Krokfot svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Moskus og mårhund kan ikkje samanliknast. Moskus gjer liten eller ingen skade på naturen bortsett frå å sette ein støkk i ein og anna turist. Mårhund har ein potensiel stor skadekapasitet på økosystemet. Moskusstammen kan tas ut iløpet av ein månads tid med effektiv jakt, i Finland har dei prøvd å utrydda mårhunden i over 20 år... Kan vi ta sjansen på å la den etablere seg eller skal vi forsøke å halde den borte? For meg er valget enkelt. Konsekvensane vi risikerer med mårhund er for store. Dessverre kjem vi sikkert til å tape denne kampen også på samme måte som vi taper mot amerikansk hummer, mink, kongekrabbe og oppdrettslaks. Går forøvrigt ein diskusjon om dette på kammeret.no Der ser det ut til at den einaste årsaken til at nokon vil ha mårhund i Norge er for å få ein art til å jakte på... At moskusen på Dovrefjell vert fora er ukjent for meg. I den grad dette har skjedd kan det kanskje ha vært i forbindelse med utsettinga da det var ungdyr som vart utsett. Videre foring opp gjennom åra vil eg gjerne sjå litt dokumentasjon på. Og at moskusen ikkje kan overleve utan foring på Dovrefjell finn eg svært merkeleg da den tross alt overlever på Grønland og i Alaska/Canada. At den trekker til lavere/andre strøk for å finne vinterbeite er naturleg, det samme gjer reinsdyra. Moskus har forøvrigt levd i Norge før (rett nok lenge siden) så den er ikkje nokon "ny" art. Årsaken til at moskusen ikkje overlevde andre verdskrig var ulovleg jakt. -
Sa Suverin Suveren....
-
Forsvarets bf. Billig og bra.