Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. DNT tidane er basert på effektiv gange med lett sekk av folk som er vant til å gå tur. Har fleire gonger vært innafor "oppmålte" tider inkludert pauser så det er neppe nokon overmennesker som sett dei tidane.
  2. Kortversjon: Fordi at om folk berre kunne byggje der det var 100% trygt ville det ikkje vært plass til mange hus i Norges land. Litt lengre versjon: Fordi folk må følge reguleringsplanane i forhold til kor dei kan byggje & bu. Reguleringsplaner som er utarbeida og vedtatt av ei salig blanding økonomiske intressentar, fagutvalg, byråkrater og politikere.
  3. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=9209&highlight=norges+vanskeligste+topp Norges vanskelegste topp har vært diskutert tidlegare. Siden du har topp ti liste bør fleire av toppane frå den diskusjonen være gode kandidater.
  4. Det fyrste er frå nordenden av Rondvatnet og det andre er lengre sør på vestsida av Rondvatnet. Fotografen har truleg gått ruta om Rondhalsen.
  5. Øvelse gjer mester. Start enkelt med Melshornet, Helgehornet, Veirhaldet og liknande. Men fyrst og fremst er det fottursesongen som no står for døra. Du har eit eldorado å velge blant i Sunnmørsalpane.
  6. Turtips for ditt lokalområde: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=5650957&rom=MP og Skiturar i Sunnmørsalpane - Fjella vest for Hjørundfjorden av Jon Hagen & Helge J. Standal.
  7. Omogleg å svare på da folk har forskjellige preferanser. Foreksempel kjenner eg folk som har gått både Besseggen og Bukkelegeret der den eine påstår Besseggen var verst mens den andre meiner Bukkelegeret var verst. Mi oppfattning er at sjølve eggen på Knutshøa er enklare enn Besseggen men det er eit par klivepunkt som er litt meire utsatt enn noko du finn på Besseggen. Men for folk som er litt fjellvante bør ikkje nokon av turane bjo på noko problem. Knutshøa er ein fin tur som eg gjerne anbefaler.
  8. "Sledefunksjonen" med oter kallest gylte av mange i Gudbrandsdalen.
  9. Har ei Remington 870 Express som eg bruker på fuglejakt. Er meget godt fornøgd med den og er ikkje enig i at pumpebevegelsen øydelegg siktebevegelsen noko meire enn rekylen ved bruk av ei vanleg dobbeltløpa hagle gjer. Rekylen er forøvrig også lettare på ei pumphagle enn ei vanleg hagle.
  10. Var inne i Leirungsdalen torsdag. Måtte inn forbi 1294 høgda nedanfor Raudhamran før eg fekk kryssa Leirungsåa. Men dette har nok forandra seg mykje dei siste dagane. Var innpå flya i dag og snøen er relativt råtten no, men skal ein dømme etter vassføringa i Gjendeoset har ikkje vårflaumen byrja enda.
  11. Om dei passer eller ikkje med telemarksutstyr er berre eit spørsmål om kor tungt utstyr du er villig til å dra opp for å få mest mogleg nytelse på turen nedoveratt. Har gått Rasletind, Høgdebrotet, Besshø, Nautgardstind, Stornubben og fleire andre topper i området med "tungt" utstyr og kjem til å velge det neste gong også.
  12. http://www.gd.no/nyheter/article5554729.ece For dei som har tenkt å ta turen likevel så er sjølvbetjeningsdelen på fleire av hyttane fortsatt ope.
  13. Det gjekk greit å berre leggje på nytt lim hos meg også dei fyrste gongane. Men etterkvart så vart limlaget for tjukt. Er sikkert ikkje nødvendig å fjerne gamalt lim kvar gong, men når det ikkje funker å leggje på nytt lim lengre er det nok på tide.
  14. Har nyst skifta lim på mine montanafeller. Har tidlegare lagt på lim over det gamle men no var det so tjukt og klumpete at snøen kom inn mellom skia og fella med det resultatet at fellane falt av etter få meter. Forsøkte både skirens og rødsprit (av dei to fungerte skirens best) men det var mykje klin. Neste gong skal eg forsøke strykjern og papir (detaljert beskrevet her: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=35&t=13192&hilit=skifeller Beklager brudd på linkingnetiketten... )
  15. Bit tenna sammen og håp på det beste. Yr.no er langtifrå feilfrie, men uansett har også dårleg vær sin sjarm. Om ikkje anna for å sette godværsturane i perspektiv. God tur! Skulle være bli for ille er Spiterstulen staden laurdagskvelden, eg spanderer ein øl.
  16. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=12903&highlight=
  17. Nokon som kjenner til korleis isforholda er på Gjevillvatnet no?
  18. Har ikkje gått nøyaktig den ruta i år men har vært litt rundt ellers i området. Lite snø men det bør gå greit å gå den ruta. Ruta er dessuten stikka så du kan rekne med at dei som stikka løypa har valgt ei best mogleg rute. Noko skibæring kan påreknast.
  19. Faktum er at bålplasser berre er ein uting estetisk sett. For naturen i seg sjølv er det positivt med litt svibruk av og til, men bålpassen skal sjølvsagt ikkje ligge att full av søppel slek som på trådstarters bilete. Difor fyrer eg bål på nye stader med god samvittighet når eg er i områder med lite ferdsel. I mykje brukte turområder derimot forsøker eg å bruke allereie etablerte bålplasser. Finn eg ikkje etablerte bålplasser velger eg ein stad det vil være naturleg med bålplass så andre truleg vil bruke oppatt min plass. Eventuelt kan det leggjast stein eller gjennomfuktige kubber i botn av bålet og eg unngår å fyre rett på berg.
  20. Det kan variere ein del ettersom kva mobiloperatør ein bruker også.
  21. Om yr.no har rett for ein gongs skuld skal ikkje eg sitte inne sundag... Er det fjellski eller køyreski dykk bruker?
  22. Manglande utstyr var vel hovudårsaken til den siste situasjonen, men det kan kanskje være ein del av det strebus85 kaller snøskuterferdselens natur. Uansett bør ein unngå generalisering som "alle nordmenn veit at man graver seg ned". Det er mange nordmenn rundtomkring med manglande fjellkunnskaper og eg tviler på at eg er den einaste nordmannen her på forumet som har enda opp i uheldige situasjoner etter å ha overvurdert eigne evner og undervurdert naturen?
  23. Eg er kanskje interessert i tur sundag. Starter dykk frå Mysusæter eller Høvringen?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.