Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Ser det er fleire som har Lillsportsekker i behald. Eg fekk min til konfirmasjonen. Den har vært med på reinsjakt, mc turer, interrail, x-antall flyturer, vanleg jakt, toppturer, langturer og alt mogleg anna gjennom femten år. Rettnok synes det på den at den har vært brukt no, men er fortsatt fullt brukbar. Makan til kvalitet! Generelt forsøker eg å "bruke opp" utstyret mitt før eg kasserer det. Noko som fører til at eg har ein god del utstyr andre nok ikkje ville blitt sett levande med... Lillsportsekken er ikkje noko unntak.
  2. I den grad noko kan kallast humant så er det vel humant å ta i bruk dei hjelpemidla ein kan for å minimere risikoen for skadeskoting. Jaktar sjølv men har ikkje noko interesse for elgjakt. Forstår likevel at elgjakta er viktig for å halde stammen nede. Om det ikkje var elgjakt ville elgen formert seg fritt, noko som ville ført til auka antall viltulykker, eksplosiv auking i beiteskader på skog og avlinger og tilslutt massiv elgdød på grunn av svolt og sjukdom. Synes dykk bør forsøke å tenkje på kva konsekvensane av ingen jakt vil bli også. Kan byrje med å lese dykk opp på korleis reinsstammen på Dovrefjell vart forvalta utover femti og sekstitallet. Ja, kanskje. Er ikkje sikker på at det var meire skadeskoting i tidlegare tider. Kuler og krutt var dyrt og eit bomskot kunne føre til "sveltihjel". Meire slepphendte haldningar til avlivninga kom nok kanskje med betre tider? Jakta før i tida var også fordelt meire utover året, ikkje slik som no når foreksempel reinsdyrjakt er konsentrert til tre til fire veker med svært intensivt jaktpress. Kor inhumant dyregraver var er det ingen som veit men eg vil anta at også den type jakt var avhengig rask og effektiv avlivning for å sikre kjøttet. Ikkje dermed sagt at eg vil gjeninnføre den type jakt i dag men vi skal ikkje undervurdere tidlegare generasjoner. Dei hadde evner og kunnskaper på mange plan langt utover det vi har i dag. Og korleis skal elgjegeren avlive elgen for å vise din type respekt? Dei elgkvotane som er lagt ut for jakt er beregna utifrå kor mykje elg det er i terrenget og kor mange av dei som må tas ut for å halde stamma sunn. Med andre ord ligg det også ein "jobb" i kvotane som må utførast. Kvifor er det galt å utføre den på den enklaste måten?
  3. Frå Nørdre Soleibotntind forrige helg. Snøen byrja på omlag 1300 meter. 15 til 20 centimeter snø med svært begrensa skiføre. Toppen av renna kan skimtast på bilete nummer to.
  4. Dette er ikkje eit svar på spørsmålet (andre får ta seg av det utover dagen ) men ein skal ikkje gløyme kor mykje ekstra "tid" folk får frå betre helse som følge av friluftsliv. Trafikken kan nok ikkje vise til nokon tilsvarande statestikk...
  5. Forstår ikkje kvifor folk absolutt må ut å skyte nokre fugler før dei forstår att tilstanden er dårleg? Det er omlag fem år sidan eg var ute ei langhelg med kun ein rypeobservasjon (som eg ikkje skaut på). Etter det har hagla mi vært parkert i påvente av betre år. Har ikkje vært så mykje rundtom i fjella i sumar så mine sluttninger er frå eit begrensa geografisk område men rovfugl er eit vanleg syn og korp er eit dagleg syn. Mange seine kveldstimer langs E6'en tydar på ein meget stor revbestand og røyskatt som eg sjeldan har sett tidlegare hadde eg mange observasjoner av i 2010 og 2011 (ingen i 2012). Som 7homas poengterar vil rovdyrbestanden svinge i takt men med ein "ettersleng". Etter lemenår vil det gå hardare utover anna vilt da det etter kollapsen vil stå att ei kraftig predatorstamme som plutseleg må finne anna mat.
  6. Det med linking er vist ikkje så greit... Søk på "namn i fjellet" på tittelen i forrige link.
  7. Kan ikkje love at Vinjakulå er med, men: http://www.antikvariat.net/get/search.cgi?post
  8. Folk er oppfordra til å halde 200 meters avstand. Når dei velger å stå klare med våpen ved passering på 20 meters avstand indikerer det at dei er fullt klar over at dei presser grensane. Er det da moskusen eller folka sin feil når dei tøyer strikken for langt? Oppfølginga etter å ha skutt på dyret var vel heller ikkje heilt reglementert...
  9. Var innom Hovemoen for over eit år sidan. Da var det nyst stengt og dei skulle berre ha auksjoner videre. Utvalget der var uansett begrensa og informasjon om utsalget var vanskeleg/umogleg å finne på verdsveven. No vert meire og meire av forsvarets utstyr solgt direkte til oppkjøpere som selger det dyrt videre. Eksempelvis forsvarsutstyrbutikkane på Berkåk og Tynset. https://www.forsvarsbrukt.no/
  10. Bukkeholstinder er ein grei travers utan behov for sikring.
  11. Kongen er i anmarsj med dei forviklingane det kan gje: http://www.gd.no/nyh...icle6205874.ece
  12. Eller fordi vi ønskjer å ha ei rypestamme vi fortsatt kan hauste av om 20 år. Du må tilbake til byrjinga av 2000-tallet før du finn 500.000 felte ryper i Norge. Etter det ligg fellingskurva meir eller mindre i fritt fall med dårlegaste noteringa for tre år sidan med 165.000 felte fugl. Dei to siste åra har det gått opp litt og fjoråret endte på 230.000 fugl. Så beklager, høgskuleamanuensisen din brukar litt utdaterte tall i reknestykke sitt. Tillater meg også å stille meg litt skeptisk til statiske utrekningar om utvikling i faunaen. http://www.ssb.no/emner/10/04/10/srjakt/ Forstår ikkje korleis dei kan vinkle dette positivt med oppgang når ein veit korleis fellingstalla var for ti år sidan. Sitat: I 2011/2012 var det ein oppgang på heile 85 prosent. Med andre ord vart omlag 32.000 ryper felt i Finnmark sist jaktår mot 17.000 i 2010/2011. Det var eit BRA år i mange Finnmarkskommuner. Sitat slutt. Interessant å sjå korleis dei definerar bra når det i opninga av avsnittet er kommentert at seks år tidlegare vart det felt tre gonger så mykje fugl som i eit bra år. Løgn, forbanna løgn og statistikk....
  13. Har vært på få turer i sumar og sett enda færre ryper. Sjølv om det ikkje er jakt som er hovedårsaken til at rypebestanden ligg nede kjem jakta på toppen av dei andre faktorane. Å jakte no er som å sparke ein som ligg nede. Fatter ikkje kvifor totalfredning ikkje er eit meire debattert tema? Jakt og predatorbegrensning er dei to faktorane vi i størst grad kan regulere. Fredning og skotpremie på korp, røyskatt, måker, kråker og liknande. Rev er det vel allereie skotpremie på dei fleste stader?
  14. Det er veldig mykje "kjekt å ha" ein bør ha med på tur. Problemet er at om ein dytter alt "kjekt å ha" opp i sekken står ein plutseleg att med ein sekk på 50 kilo pluss. Støtter knadne og Eirik78. Om du er turleiar på Grønland, Svalbard eller liknande stader kan du vurdere ljosstikkane dine.
  15. Var på Nystugguhøa for eit par vekers tid sidan og da var det iallefall ein mindre flokk i Stroplsjødalen. Før om åra har moskusen brukt områda Stroplsjødalen, rundt Snøheimvegen, nedover Svånådalen til godt nedi Grøndalen. Mindre flokker har også hatt tilhold i Mjogsjødalen og rundt Lesjøen. Vil anta at både Kjelsungdalen og Grisungdalen er moskusområde. Men er formålet ditt å sjå moskus: Stroplesjødalen, Snøheimvegen og Svånådalen.
  16. Vil anta at både Børgefjell og Saltfjellet kan være potensielle moskushabitat. Dyrene i Sverige er utvandra frå Dovrestammen.
  17. Dette er kun spekulasjon, men eg vil anta den kokinga av trevirke er for å redusere spenninger i trevirke og/eller hindre oppsprekking. Om det har noko effekt for økseskaft bør eg egentleg ikkje uttale meg om da eg ikkje har høyrt om det og difor heller ikkje har nokon peiling. Men på generelt grunnlag vil eg anta det er bortkasta å gjere det om du ikkje kan finne tradisjoner for det nokon stad. Folk i tidlegare tider forsøkte det meste å forkasta det som ikkje funka. Om koking av økseskaft hadde ei positiv effekt ville tradisjonen blitt videreført.
  18. Har hatt negative opplevelser med moskus sjølv men meiner det er ein pris ein må betale for å ferdast i naturen. Når eg ferdast ute i naturen reknar eg meg som ein del av naturen, ikkje eit overopphøga vesen som skal beskyttast og skjermast mot alle reelle og ureelle farer. Naturen er ikkje ei leikegrind. Sjølv Dovrefjell er på grensa til om moskusen kan overleve der. Moskusen er ikkje nokon varmekjær art så eit moskushabitat krevar blant anna at snitt-temperaturen ikkje er noko høgare enn kva Dovrefjell har. Det skulle vel begrense utbredelsen ein del?
  19. Moskusen er innført i nyare tid (tredve og femtitallet) men basert på at det er gjort funn som bekrefter at den har vært her i forhistorisk tid. Moskusen er såpass spesialisert at den ikkje vil etablere seg "over alt" Folk har godt av å lære seg å tilpasse seg dyra i større grad så om det vert nokre konflikter på grunn av det ser ikkje eg noko problem. Ved Kongsvold er det satt opp advarselskilt som seier at moskusen er eit fredeleg dyr som vil angripe om du kjem for nærme. Ergo er det DIN feil om moskusen angriper. Folk må lære seg å ta litt ansvar for sin fremtreden i naturen.
  20. Ser dette rådet om vatn dukker opp gong på gong. Å sette økseskaftet i vatn er omtrent som å pisse i buksa når det er kaldt. Skaftet vil trutne til men sidan det har begrensa plass å trutne på vil fibrane verta sprengt i vedaholet. Når skaftet tørker på nytt vil det verta enda lausare enn det var fyrste gongen. Løsner skaftet, sett inn ein ny og større trekile. Om du skjeftar øksa ved kysten og dreg inn til tørre innlandet (eksempel Dovre eller Skjåk) vil skaftet krympe. Kile må da byttast. Om kilen og vedaholet er fylt med spiker, skruer, epoxy, lim eller liknande kan det være litt problematisk. Ergo, ein enkel trekile og godt arbeid med skaft og kile.
  21. http://www.gd.no/nyheter/article6156256.ece
  22. Sikkert minka litt på snøen siden denne turrapporten: http://tindetingeling.blogspot.no/2012/06/jonsok-i-lundadalen.html
  23. Du vil aldri få ein 100 prosent garanti men vatnet er nok relativt trygt om du bruker sunn fornuft. Lemenåret i Jotunheimen kollapsa tidleg på sumaren i fjor.
  24. Dei er neppe dei einaste som har tenkt seg opp på Piggen i helga så om dei ikkje er altfor morgonfugler vil dei nok finne ei ferdigtrakka løype.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.