Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Det eg forsøkte å få fram er at folk har ein tendens til å overvurdere seg sjølv. Store Soleibotntinden ER ein enkel tur men for dei med null peiling vart sjølv den problematisk. Difor hadde det vært greit (men truleg lite realistisk) å kanalisert den type turister over på kjente turar (Preikestolen, Besseggen, Galdhøpiggen, Snøhetta og liknande) ved hjelp av graderingssystemet. Meir folk i ruta = mindre risiko om problem skulle oppstå og lettare å organisere hjelpe/leiteaksjoner.
  2. Møtte ein gjeng turister på Store Soleibotntinden for nokre år sidan. Gjengen var svært oppskjørta da ein liten skrent i byrjinga av turen ga dei så store problem at nokre måtte snu og resten kom seg videre med livet som innsats. Dei var svært irriterte på "Bibelen" da Soleibotntinden var vurdert som enkel... Manglande sympati for problemstillinga frå mi side førte til at eg ikkje vart inkludert i samtala videre. Poenget er, ei enkel gradering kan fort føre til at folk utan sjølvinnsikt og peiling tek seg vatn over hovudet. Skal ein bruke eit graderingssystem bør det reduserast til dei største turistfelleturane.
  3. Mitt svar på trådstartars spørsmål: Nei. Hadde det ikkje vært betre med kart/brosjyre/nettside med turgradering istadenfor skilt ute i terrenget?
  4. Kjøpte Åsnes Ingstad (Combat) årsskiftet 2011/2012. Desse hadde vanleg såle. Våren 2013 knakk dei og ved reklamasjon fekk eg att Ingstad/Combatski med nedsenkning til fellelåsen. Fant tidleg ut at stuttfeller var lite egna til mitt bruk så eg har heller ikkje prøvd dei nye skia med stuttfeller men utfresinga er omlag ein millimeter framme og minkande bakover.
  5. Tenk gjennom kva som er viktig for deg med toppturen og kjøp ski og utstyr deretter. Kor du kjem til å gå toppturar teller også med. Liten grunn til å kjøpe splittbrett for feite puddernedkøyringar om du skal gå toppturar i Østfold... Finn nokre enkle toppar og start med dei for å få erfaring. Ikkje overdriv, kos på tur er viktig om du ikkje er treningsnarkoman som er avhengig av maks puls for nytelse. Sjekk om DNT eller andre har fjellsportgrupper i ditt område som du kan henge med. Sjølvsagt er det masse andre småting (og store) men kom deg ut og erfar.
  6. Fleire som har oppdaga den no: http://www.tv2.no/2014/01/22/storm/is/vinter/ostlandet/5246865#.Ut_9sUnkP4h
  7. Angåande Vassfjøro som du ønskjer er det berre å dytte den oppover på prioriteringslista. Veldig fin topp.
  8. Breane kan ha frakta steinane dit under istidane. Jæren var vel dekka for både 20, 60 og 90.000 år sidan. Samansmelting er vanleg, noko både Dag G er inne på og Elisabeth-81 dokumenterar med sitt foto. Ein geolog kan kanskje svare på kor steinane stammer frå ut ifrå kva type stein som er samansmelta. http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=landet%20blir%20til&p=1&r=1&cid=255453
  9. Har ikkje sett den før om åra. Flaumen i Laugen 2011 og 2013 har forandra botnforholda mykje. Det kan ha noko med det å gjere om den ikkje har vært der før.
  10. Har ikkje køyrt baksidevegen på ei god stund so eg viste ikkje at den fortsatt låg der men den var på plass allereie i byrjinga av november.
  11. Det er framtida og verre vil det bli. Folk reiser mykje og mange har ei lite gjennomtenkt haldning til innførsel av planter og dyr. Med på kjøpet kjem da dvergbendelorm, rabies og liknande. På den positive sida må det nemnast at Dagbladet no kan utfase flottoverskriftane sine og erstatte dei med Echinococcus multilocularis.
  12. Godt spørsmål. Ser ut som eg må innom ein skomakar for å få svaret.
  13. Har eit par Alfa Grønland GTX som er litt tronge på eit par punkt. Nokon som veit om det er mogleg å blokke ut skoa sjølv eller er dette noko som bør overlatast til Skomakar Andersen?
  14. Er ein del som går bort frå å avle på søyer som føder trillinger og firlinger no da det fort vert småe lam og aukar sjansen for kopplam. Faller og brekker nakken er ein del satt på spissen. Ryggvelt kan skje men det er ikkje ein utbredt dødsårsak. Sjukdom, fall (jagd) utfor stup og skader er nok av dei meir vanlege dødsårsakane (og rovdyr sjølvsagt). Sau likar generelt ikkje vatn. Har du prøvd å tørke ull forstår du kvifor... Bikkjer kan sprenge sau berre ved å jage dei. Spesielt gaupe og jerv kan ta livet av sau utan at det synes som store sår. Ofte må sauen flås for å finne og måle bittstørrelsen fog på den måten dokumentere dødsårsak.
  15. Også forlag og forfattere må tilpasse seg at dei har ei kundegruppe med varierande økonomi. Nokon har god råd og kan kjøpe det dei vil mens andre må være litt meir gniene. Syns gjenbruk er viktig når det gjeld miljø og natur. Difor, om ikkje heilt innanfor friluftslivkategorien, absolutt relevant diskusjon om enn noko på kanten. Så lenge det ikkje endar opp i VG/DB situasjon der alle debatter endar opp i innvandringsspørsmål og Ap versus Frp kan også digresjonane være vel så interessante som temaet i seg sjølv.
  16. http://www.europris.no/kunder/europris/euro.nsf/pages/produkt?open&gruppeid=G0202&artnr=142811&qm=sym,3,4,0,0,0 Veit enkelte brukar desse utandørs. Kan være verdt eit forsøk.
  17. Eg kjem nok neppe heldig ut her da eg ofte kjøper bøk men alltid ventar til dei kjem på tilbod, eventuelt handlar på antikvariat... Mogleg eg er naiv, men eg vil anta ein forfatter har glede av at folk les verka sine? I såfall bør det være betre at boka vert solgt videre til nokon som vil lese den enn at den støver ned i ei bokhylle. Men la oss drodle litt vidare på den tanken din. Når du skal ha nye ski, sel du dei gamle da eller vil du at skifabrikken skal få meir arbeid so du kaster dei? Kva med bil? Også bilprodusentane må ha arbeid, køyrer du den gamle i pressa kvar gong du kjøper ny bil? For du kjøper sjølvsagt NY bil? Hus? Bygg og anleggsbransja treng arbeid. Sett du fyr på det gamle huset kvar gong du kjøpar nytt? Eller er det eit gjenbruk/miljøprinsipp i dette, som også bør gjelde bøker?
  18. Er eit par ting eg er litt nyskjerrig på angåande dette innlegget. Fyrst, kven vil betale den ekstrakostnaden som kjem om sauen må gjetast døgnet rundt? Korleis ser du forskjell på ein bonde og ein vanleg turist på fjellet? Og i tilfelle du kjenner ein sauebonde, er du oppe på fjellet heile tida so du veit han ikkje har vært der? Undrast på kva erfaring du har med rovviltskader? Interessant om du kan sjå kva som har drepe kadaveret utan å obdusere det? Fagfolka må ofte flå dyret for å finne ut med sikkerheit kva som har drepe dei. Angåande avisartiklane du meiner byggar opp under påstandane dine: I VG artikkelen er det lansert ein teori som, om den stemmer må kallast tragiske/uheldige omstendigheitar. GD artikkelen har mange moglegheitar. For eksempel sauen sette seg fast under flukt og rovdyret tok knekken på den omgåande. Forstår ikkje kvifor dei meiner den har hengt hausten før, men klypa vil bekrefte/avkrefte den teorien. At det ikkje står meir om saken tydar på at journalisten ikkje fekk bekrefta det sporet... WWF sida er meir informativ men "manglar" litt vesentleg informasjon. Dei reelle rovdyrtala er nok noko høgare da det er vanskeleg å finne at kadaver for dokumentasjon og dei som reiser rundt og dokumenterar ikkje er mange nok til å møte opp på alle utkallingane. Sau teke av rev er ikkje med i rovviltstatistikken da det ikkje gje noko erstatning. Noko svinn må ein rekne med i naturen. Giftige planter som rome er det vanskeleg å gjere noko med. Der er enkelte stader med mykje rome dei ikkje brukar til beiting men nokon garanti mot giftige planter er utopisk. Likeso beinbrot, ryggvelt, biler og liknande.
  19. Forøvrig: http://oppland.samsok.no/cgi-bin/samsok-oppland?pid=16377 http://samsok.no/
  20. No er vel innkjøpsordninga til biblioteka ein rosin for forfattarane som mange ønskjer. Vil da tru dei ønskjer at bøker kjøpt av bibliotek skal bli lest også?
  21. I Gudbrandsdalen er det ikkje fyllekøyring so lenge du ikkje kryssar E6'en...,
  22. Ventar på sumaren??? Nei no skal skia til pers og vinteren nytast! Men eg er med på god jul regla.
  23. Ser du fleire stader visar til useriøsiteten til motstandarane og i tillegg har brukt det som argument til å være for ordninga. Seriøs er ikkje akkurat det fyrste ordet eg tenkjar på når eg ser mykje av argumentasjonen til scootertilhengerane heller.... Men la oss seie at scooterforsøksordninga vert gjennomført. Ein ny scooter kostar frå i underkant av 100.000 og oppover (http://www.motorspeed.no/Kjoretoy/Ny-Snoscooter?overcatid=61 forøvrig svært interessante bruksomtaler på enkelte av modellane...) La oss vidare seie at mellom 5000 og 10.000 kjøpar ny snøscooter. Korleis skal ein gå fram overfor denne gruppa om det visar seg at "forsøksordninga" ikkje funker? Vil dei godta at salgsverdien går gjennom golvet da det ikkje er noko marknad for så mange snøscootere lengre? Vil dei fortsette å køyre ulovleg? Eller er i praksis "forsøksordninga" irreversibel da det er for store verdiar på bordet? Eg sett mine pengar på den siste... Rundt årtusenskiftet var det mykje ulovleg scooterkøyring her i distriktet. Politiet sette inn store ressursar med scooter og helikopter for å få bukt med problemet. Feite bøter avskrekka scootermiljøet og reduserte problemet. MEN politiet fekk massiv kritikk for ressursbruken. Sjå for deg overskriftane i media: Politiet rykkar ikkje ut til innbrot men prioriterar helikopter mot litt smårampete ungdom på scoooter... Noko seiar meg at snøscooterkontroll ikkje vil bli mest prioritert. Forøvrig har Brage som fleire gonger har fått passet sitt påskrevet av deg fått medhald av Stortingets eigen utredningsseksjon angåande lovlegheita av forsøksordninga. http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10134028
  24. Alt kjem an på situasjonen. Det er mange situasjonar der dum eller uheldig oppførsel frå folk får dyr til å angripe. Synes ikkje avlivning nødvendigvis er rett reaksjon da.
  25. Det er mange årsaker til at Snøhetta burde være nasjonalfjellet. Enige og tro til Dovre faller, tidlegare meint som Norges høgaste topp, tidleg bestigning av Jens Esmark (1798?), storslått topp, et cetera, et cetera. Men ta ein tur opp til Stetind, makan til staseleg topp! Sorry, Snøhetta rekk den ikkje til knærne. Og spikaren i kista til alle andre eventuelle nasjonaltoppkandidatar er Slingsbys bitre avskjedskommentar til Stetind: Ugliest mountain I ever saw... Angåande spørsmålet til trådstartar om favoritt topp: Ein ber ikkje ei mor rangere sine barn...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.