Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Skal ikkje uttale meg om T4 men Scarpa T2 er iallefall svært gode og varme. Lærstøvlar er sjølvsagt betre å gå med over lange avstandar men her, som på dei fleste andre punkt må du finne kompromissa mellom oppover, bortover og nedover. Eg har brukt Gipron teleskopstavar i snart ti år og er svært godt fornøgd med dei. Til topptur ville det ikkje falt meg inn å vald ujusterbare stavar i staden. Dog, i dei seinare år har det kome nokre stavar med fleire grep på marknaden. Oppbyggingsplate er for å løfte bindinga litt.Om du skal gå i skispor hindrar det at bindinga bremsar i sporkanten men enda viktigare er det at det hindrar bindinga i å skrense snøen når du kantar skia for å svinge. Hælløftar er ei oppbygging under hælen når du går oppover for at foten skal halde mest mogleg vassrett gåstilling. Har Åsnes Ingstad med Voil 3 pin, lærstøvlar og hælløfter og erfaringsmessig brukar eg den sjeldan da eg ikkje går så bratt med fjellskia. Med tungt køyreutstyr derimot er dei stadig i bruk.
  2. Trollelgen og Fortellingen om slagbjønnen Rugg av Mikkjel Fønhus. Den tredje mann av Ragnar Kvam jr. Kon-Tiki av Thor Heyerdahl. Lakse-enka av Ingrid Bjørnov (ikkje lest) Ulveslaget av Jacob Breda Bull (ikkje lest) Lille Tre av Forrest Carter (sjå bort frå forfattarens "litt grumsate" fortid, heller ikkje norsk...) Ei og anna lydbok med villmarkstema finn du nok om du leitar litt.
  3. Det har nok vært snø på flya sidan snøfallet i slutten av oktober. Nydelege forhold no iallefall.
  4. Feil, feil og feil. http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4394592&rom=MP http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4394590&rom=MP http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4394591&rom=MP http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2708935&rom=MP Det er også ein del andre lydbøk innafor natur og friluftsliv tilgjengeleg men så vidt eg kan sjå har ingen av nettbokhandlane søkefelt for natur og friluftsliv som lydbok så ein må inn å søke på kvar enkelt bok og sjå kva som kjem opp. Biblioteka er i så måte greie for der står alle oppstilt så ein kan bla seg kjapt gjennom (i tillegg til å låne dei gratis).
  5. EG høyrar da på cd... Biblioteka har andre format enn cd også.
  6. Fleir av Ingstad sine, blant anna Pelsjegerliv, Øst for den store bre og Klondyke Bill er utgitt som lydbok. Også mange andre (utan at eg kjem på dei i farta) men sving innom eit bibliotek av litt størrelse so finn du litt å velja i.
  7. Litt info om albinisme: http://www.nrk.no/trondelag/albino-feber-etter-ny-elgoppdagelse-1.8005017 Sjølv om vi har åtte månad med vinter og fire med dårleg skiføre her på berget er nok likevel kvit kamuflasje litt upraktisk for elgen. Ergo bør vi utrydde bjørn og ulv for å auke kvitelgens sjanse til å overleve... Frå spøk til revolver, dårleg syn og auka sjanse for sjukdom heng i hop med genfeilen. Meiner også å ha lest tidlegare at albinoindivid har dårlegare reproduksjonsevner men fant ikkje att informasjon om dette i farta. Evolusjon utviklar seg gjennom mutasjon ja, men albinoindivid i naturen er noko som til og med naturen sjølv tuktar med hard hand. For eiga del har eg ikkje noko interesse for elgjakt men aksepterer at nokon må gjere det for å halde bestanden under kontroll. Og at elgjegerane da feller albinoindivid på lik linje med anna elg finn eg heilt greitt. Syns det i så fall er verre der dei skyt ut berre storoksar (var eit større problem før, no er det meir regulert).
  8. No aner ikkje eg kva eit datasett er, men dug dette: www.peakbook.org ?
  9. No har vel menneske jakta på dyr i Norge omtrent like lenge som det har vært vilt her (etter siste istid). Soleis er nok menneska og jakt ein like naturleg del av naturen som bjørn, gaupe, jerv og ulv i Norge.
  10. Må korrigere litt ved å sitere frå det fantastiske bokverket eg visar til i post #18: Det var noe alle sa at det var noe i veien med Wickström-folket. For eksempel hadde Wickström'ene for vane å bruke dopinnene fleire ganger. Papir fantes jo ikkje, så de brukte kløvde pinner å tørke seg med på do. Det var det vanlige. Men mens vanlige normale folk kastet pinnene ned første gang den ble brukt, pleide Wickström'ene å legge dopinnene tilbake og bruke samme pinne om igjen. Gikk noen dit, kunne det hende at det bare var brukte dopinner å finne i kassen. Sitat slutt. (For korrektheitas skuld: A. Berg og R. Ottosen har lånt teksta frå Per Olov Enquist's bok Musikantenes uttog)
  11. Vel, elgbestanda må forvaltast og det vil seie jakt. Er det da betre at vi tek ut sunne, friske og forplantningdyktige individ i staden for evolusjonsmessige blindspor som albinoane?
  12. Også etasjemose (og delvis sigd og furumose) har antiseptisk effekt. Vil tru den fungerar like godt som myrmose. Reinlav og kvitkrull kan også brukast sjølv om dei ikkje har noko bakteriedrepande effekt. Dog, du vil nok foretrekke den halvfuktige og ikkje den turre versjonen... Men hypotetisk sett, kvifor kan ikkje mose og vatn erstatte dopapir og såpe? For den som vil ha meir dritinformasjon kan eg anbefale kioskveltaren "Med hjerte i døra" av Arngeir Berg og Rune Ottosen. Ei bok som vil gje deg svara på dei fleste spørsmål du aldri har tenkt på om utedoens historie og dermed også relativt mykje dritprat. Også dopinner (skjetsprek) er omtalt.
  13. Den siste tida har Nøtteliten lagt sin elsk på gevira som heng på veggane til pynt. Er det nokon som har noko erfaring med kva eg kan behandle gevira med så ekorn ikkje finn dei så smakfulle? Tips til behandling av delvis oppgnagde gevir mottas også... (Gips?)
  14. Litt tilbod også men fyrst og fremst ein moglegheit til å skaffe seg ein av dei verkeleg store klassikarane i norsk fjell litteratur: http://www.nomaden.no/main/index.php?keyword=slingsby&Itemid=1&option=com_phpshop&page=shop.browse&fritekstsok=1&fallende_eller_stigende=DESC Nyutgitt i vår men ser ut til at den allereie er utseld dei fleste andre stader.
  15. Sjekk innlegg til Inger Gundersen. Forøvrig interessant å sjå innlegget til Politidirektoratet bekreftar mykje som vi skeptikarar har hevda.
  16. Det er nokre klatre/klive parti (enkelt om du er litt fjellvant men vanskeleg nok til at enkelte vil velje å snu) som kan bli relativt krevjande ved vått/glatt føre på Innerdalstårnet. Angåande råd vedrørande vær, sjekk værvarsel men ikkje stol på det... Nydeleg topp, god tur.
  17. Eg har tidlegare opna bileta i PowerPoint og lagt inn tekst der. Eksempel:
  18. Det kjem an på kvifor det skjedde. Om han har tryna hardt eller køyrt på stein treng ikkje garantien være gyldig. Lettvektshysteriet går også på bekostning av kvalitet/holdbarheit. Når det er sagt, eg fekk sjølv nye Åsnes Ingstad på garantien når dei knakk etter to sesongar.
  19. Å sette opp musefelle er uttak av skadedyr og kjem inn under andre lovar enn jaktlova. Sidan katt og kattehald er drege inn i diskusjonen syns eg det er nokre moment angåande det temaet som bør være med i vurderinga. At huskatten kan være hard mot småfuglbestanden er det ingen tvil om. Men av dei fugleartane katten normalt vil ta er få eller ingen trua. Katten tek som regel av dei fugleartane som er best tilpassa å leve med folk og dermed av dei artane som er mest vanlege. Her er ei liste over trua fuglearter frå 2006 (nyare lister skal være ute) http://www.birdlife.no/naturforvaltning/nyheter/?id=94 og det er få av dei trua artane du vil sjå katten vanlegvis kjem heimatt med. Faktisk så er nedbygging av kulturlandskapet (som sauen er ein viktig bidragsytar til å oppretthalde) eit mykje større problem for mange fugleartar. Forsking på feltet visar også at katten (som andre rovdyr) ofte tek sjuke, svake og gamle individ. Katten er også effektiv mot rotter og mus som er skadedyr og smitteberarar. Tidlegare generasjoner har vist å verdsette dette (eksempelvis egyptaranes gudedyrking av katten) men diverre har moderne menneske distansert seg såpass langt frå naturen at dei ikkje evnar å sjå den verdien lengre. For den som er interessert i å skaffe seg litt meir kunnskap om temaet har Eirik Newth skrevet ein blogg om dette der ein også finn ein del lenkjer vidare til meir stoff om temaet. Den jegerprøveinstruktøren til 7homas burde aldri fått undervise.
  20. Ok, det var vist eg som rulla i gang negativiteten men eg trur ts har teke poenget no og om ikkje kjem han nok heller aldri til å gjere det. Foreslår at tråden vris om til konstruktive innspel på alternative turar og kva ein bør tenkje på før, under og etter tur. Synspunkt og innspel frå ts hadde sjølvsagt gjort det enklare og meir interessant.
  21. Ein del bikkjer berre "leikar" med sauen. Konsekvens, dei sprengar/drep den men bit ikkje. Nødvergen gjeld vel ikkje da?
  22. Definisjonen på villmark er vel område som ligg minst fem kilometer frå større tekniske installasjonar, inkludert vegar. Dette er det nok lite att av i Norge. Men fem kilometer kan skjule mange perler sjølv om også mykje av det vi i dag oppfattar som urørt er kulturlandskap i forskjellige former.
  23. På Rondslottet kan ofte steggjern være ein nødvendigheit,
  24. Ok, eg er sikkert sjølv båssett blant bikkjehaterfolket no sjølv om eg ikkje er heilt einig i det. MEN eg ser ein del haldningar og oppførsel blant bikkjeeigarar som irriterer meg og som eg meiner bør ryddast opp i. Interessant i så måte å sjå både ASI og Robinson som truleg er sett i same bås som meg seinare skriv dei har bikkje... At mannen som skaut bikkja i denne saken truleg har gått for langt har både eg og fleire av mine meiningsfeller her vedgått i større eller mindre grad. Men når saken endar i retten er det kva som kan bevisast som tel, ikkje kva ein trur eller meiner. Kva syns du, Fenriken, retten burde ha konkludert med og kvifor? Bikkja kan godt ha jaga sau utan at det er synlege skader på den. Men sjølvsagt, med død eller skadd sau hadde bondesonens forklaring stått betydeleg sterkare. Kor tøff eller ikkje eg er får andre avgjere men argumenta mine heng iallefall litt på greip. Kyr som trakkar på jura er vel å dra det litt langt men om du er ueinig med dyrevelferda der får du ta det opp med staten for det er dei som har praktisert ein temmeleg vinglate (og for bonden kostbar) politikk som gardbrukarane har gjort sitt beste for å tilpasse seg. Angåande sauehald (gjeld delvis også geit, hest og ku) er det enkelte her i distriktet (Gudbrandsdalen) som har gitt dei moglegheita til å gå ute vinterstid med påfølgande anmeldelse frå mattilsyn og meinigmann. Men dei fleste klipper sauen om hausten for å levere ulla og da trur eg eigentleg sauen er likeglad med å sleppe å gå ute vinterstid... Broilerproduksjonen er ikkje bra, er einig der. Men også på det feltet har landbruket tilpassa seg politikaranes vedtak (les: storkapitalen og forbrukar). Og angåande den siste kommentaren din, verdsveven fungerer ikkje sånn at ein kan punktere ein debatt etter nokre dårlege argument med at dette gidd eg ikkje diskutere lengre... Denne debatten er ikkje ei tynn rød linje ein må halde seg på men ein del av ei mykje større heilheit med forgreiningar vidt utover. Skal ein få oversikt å forstå litt av den bør ein sette seg inn i heilheita og tenkje gjennom alle sider som er relevante. Ikkje låse seg fast på eit spor. Ikkje at eg forstår kva dette har med saken å gjere men vist bikkja angrep sau (til tross for at den stod i band) er svaret ja. Men OttoStover, eg vil gjerne høyre deg svare på same spørsmål eg stilte Fenriken. Vi har ein saueeigar og ein bikkjeeigar (ingen av dei framstår 100 % påliteleg og det gjer i høgaste grad heller ikkje media som framstiller saka) med to forskjellige forklaringar. Faktum: Det er bandtvang. Faktum: Bikkja var laus på eit område med sau. Faktum: Saueeigar skaut bikkje. Ikkje faktum men poeng, opinionen var/er klart på bikkjeeigars side og sjølv om det heitar seg at Fru Justisia skal være blind er nok ikkje det heilt tilfelle. Mi meining er at om dei hadde noko dei kunne teke saueeigar på så hadde dei gjort det (og fortsatt etter mi meining, det hadde truleg vært fortjent). Kva konklusjon syns du retten burde enda på? Skal det dømmast på kva ein trur angåande saueeigar eller på kva som kan bevisast? Ein dom her mot saueeigar skapar jo også til ein viss grad presedens så neste gong kan ikkje saueeigar skote før bikkja fysisk har skadd ein sau.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.