-
Innlegg
1 067 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Gal Krokfot vant dagen sist 19. desember 2023
Gal Krokfot hadde mest likt innhold!
Om Gal Krokfot
Profile Information
-
Gender
Not Telling
Nylige profilbesøk
5 540 profilvisninger
Gal Krokfot sine prestasjoner
-
Per Thomsen, ein av dei meire frilynte oversettarane av "Tre i Norge ved to av dem" (som sjølvsagt også er obligatorisk lesing) har også litt fleire bøker på CV'en og da er "Tomannsbu" vel verdt lesetida.
- 6 svar
-
- litteratur
- bøker
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Gal Krokfot svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Uenig her. Dersom vi som forbrukarar straffer aktører med åtferd vi ikkje likar økonomisk ved å ikkje handle produktet deira, vil dei legge om. Dei er tross alt inntening som er viktig for dei. Det var mykje diskutert i forbindelse med boikotten av Mondelez på grunn av Russlandproduksjonen. Mange meinte vi ikkje burde boikotte Mondelez siden det var så mange andre som også hadde Russlandproduksjon og vi ikkje kunne boikotte alle. Og dei har rett i at det er vanskeleg/umogleg å boikotte alle selskap ein ikkje likar, men ved å statuere eksempel når dei går for langt, kan vi påvirke dei til å ta noko hensyn. Selskapa bør frykte forbrukermakta, vist ikkje, vil vi tape på alle fronter. At ein også må ta kampen politisk er ei anna side av samme sak. No kjem det litt meire konservativt ekko her, men Sulafjellet er vel allereie leikegrind for lokale idrettslag? Både Rollonhytta og Vonhytta er drifta av lokale idrettslag og det går grusveg opp til båe, noko som sikrar god tilgjengelegheit for alle som kan bevege seg sjølv. Minner om at vi har ein allmennrett i naturen, ikkje ein menneskerett. I framtida vil det vel også være mangel på uberørt natur i bynære områder (i den grad ein kan kalle Sula uberørt?), så kvifor øydeleggje eit framtidig gode til fordel for nokre økonomisk priviligerte som allereie har til nok salt på maten? Den politiske prosessen bak dette er også noko enkelte reagerer på. Personer som var stemt inn i kommunestyret basert på motstand mot gondolen vart rekna inhabile og fekk ikkje stemme, da dei var grunneigarar som ville bli berørt av gondolen. Andre som hadde sterke tilknyttning til Flakkgruppa vart derimot ikkje rekna inhabile. Habilitetsregelen kan praktiserast på mange interessante måter.- 26 svar
-
- 4
-
Siden du antyder eg ikkje har lest stoffet eg linker til vil eg gjerne høyre kva eg har misforstått med innhaldet? Her er forøvrig litt supplerande informasjon: Per Jordhøy
- 99 svar
-
- 1
-
Dei har ikkje brukt den spissa formuleringa di, men dersom du skroller litt ned i linken min og les litt på den delen med "Hvor mange reinsdyr" vil du finne dette avsnittet: Sett over et tidsrom på 30- 40 år er det tydelig at bestandsforvaltningen har lyktes med mange av sine mål, gjennom rettet avskytning har en bla annet lyktes med å bygge opp og beholde en betydelig andel voksen bukk i bestandene, og villreinbestandene har vært holdt ved akseptable tettheter som har gjort at en også har lyktes med å øke kvaliteten (biomassen) i vinterbeitene og dyras kroppslige kondisjon på for eksempel Hardangervidda. Sitat slutt. Har utheva det viktigaste. Lokale jegere frå Dovre og Lesjaområdet eg kjenner kan fortelle om slaktevekt ned på 30-tallet på reinsbukker etter den feilslåtte perioda på 50 og 60-tallet. Sult, elendig dyrevelferd/kondisjon og ei dyretragedie utan like vil være den reelle konsekvensen av eit jaktforbod. Alternativt må ein ansette profesjonelle, lønna jegere til å ta jobben, men det framstår etter mitt syn svært lite gjennomtenkt å endre ein inntektspost til ein utgiftspost.
- 99 svar
-
- 3
-
Bøker om friluftsliv i nordnorge
Gal Krokfot svarte på Lavvosolberg sitt emne i Bøker - media - foredrag
Aubrey Le Blond - Mountaineering in the land of the midnight sun- 10 svar
-
- 1
-
Ungarsk Vizsla er kanskje litt for stor til å gå som "liten" hund? Dansksvensk gårdshund er eit godt forslag som er nevnt tidlegare i tråden, men mellompuddel har ingen anbefalt, før no. Med fuglehundaner har puddelen kondisen på plass og det er også ein bra familiehund som i tillegg er rekna for å være allergivenleg.
-
Som tidlegare sterk motstander av atomkraft som no har vakla over i "veit ikkje" gruppa, vil eg seie at det som uroar meg mest er ein haug med blåruss som skal sitte å rekne på kor det kan sparast mest på utbygginga, inkludert sikkerheitstiltaka...
- 106 svar
-
- 2
-
Skredfare uten for løypen i skisenter
Gal Krokfot svarte på Vossarhomas sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Trur TS spør om områder utanfor løyane som vert køyrt opp av frikøyrarar. Gabs88 har vel svart på spørsmålet. Forøvrig er det ikkje nødvendigvis trygt i løypa heller. Løypa kan gå gjennom ei rasutløpssone. -
Bøker om friluftsliv i nordnorge
Gal Krokfot svarte på Lavvosolberg sitt emne i Bøker - media - foredrag
Kanskje litt på kant av temaet, men Ben Johnson - Lyngsalpene. Vel verdt ein visitt.- 10 svar
-
- 1
-
Mine juridiske erfaringar begrensar seg til nokre fartsbøter, men det ligg vel nokre intensjoner bak lovane og dermed bør packraft, pram, seglbåt og andre vatngåande farkostar være dekka? Utan å kommentere kor grensane skal gå, eg vurderar "gå" som grunnforma. Med andre ord, ein kan innføre eit totalforbod eller forby tilleggsaktivitetar. Er det så å forstå at syklistar, packraftere, kitere og andre ønskjar eit totalforbod dersom dei ikkje får praktisere sin aktivitet?
-
Tråden her fisla bort sjølv om det har vært mykje om temaet i media i seinare tid, etter ei prosjektgruppes til dels radikale forslag for berging av villrein. DNT har forutsigbart sett seg på bakbeina no sist i kronikk ved Hanasand og Klarp Solvang. Fyrste avsnittet er lett å være einig i, men deretter glir det etter mitt syn litt ut. Sitat: Derfor har beskyttelse av villreinen stått høyt på vår dagsorden i mange år. Vi har stengt hytter, flyttet stier, redusert åpningstider og lagt ned mye arbeid i å informere våre gjester og andre om hvordan de kan ta hensyn til villreinen. Det stemmer at DNT har gjennomført nevnte tiltak, men mykje av det har dei hatt kamp til døra for å unngå. DNT er dratt baklengs inn i framtida i villreintemaet og eg vert noko provosert når DNT no framstiller det som om heile den norske friluftskulturen står på spel dersom DNT må nedskalere. DNT heng ut andre kommersielle aktører, men stikk under sin høge hest (sic) at også dei er ein formidabel kommersiell aktør. Kanskje hadde villreinstamma vært betre stilt og nokre av dei no framlagte forslaga vært unødvendige dersom DNT hadde vært meire frampå i skoa tidlegare? Eg kjenner til at DNT også har ei gruppe som er nedsett for å tale villreinsaken innad i DNT, men savner deira stemme i denne kronikken. Phu... Lite hjartesukk frå meg, no kan dei som er ueinige opplyse meg om kvifor DNT fortjenar å få fortsette si eksklusive forretningsdrift i fjellheimen vår på villreinas bekostning. Og ja, hyttebygging i randsona, kraftutbygging, samferdsel og fleire andre tema er også store problem for villrein, men her og no var det den manglande audmjukheita frå DNT som provoserte meg.
- 99 svar
-
- 5
-
Det er avsporing da ein urett ikkje legitimerar andre urettar. Ikkje dermed sagt at også fyrste urett ikkje bør diskuterast, men no var det vel sykling som var tema? Nedskyting av villreinbestanden i den nordlege delen av Nordfjella var eit desperat forsøk på å stogge ein håplaus situasjon. Etterpåklokskap i denne saken får andre stå for. Eg meinte den gong, som no, det var tvilsomt om skrantesjuka kunne stoggast, men verdt å forsøke. Kva jerven har i denne diskusjonen å gjere forstår ikkje eg, her er litt bakgrunnsinformasjon om skrantesjuke og utviklinga. Einaste jerven kan bidra med her er å spise kadaver. Jaktforbod har tidlegare vært forsøkt på Dovrefjell med svært uheldige resultat for reinstamma. Forvaltningsmyndigheitane fekk ei dyrkjøpt erfaring og fagfolka gjer nok ikkje same tabba ein gong til. Kan også ha med at ein syklist er meir mobil og dermed dekkar eit mykje større område enn ein forgjengar, i tillegg til at det senkar sliteterskelen for å få tilgang til områder. Ergo meire stress for reinsdyra.
- 99 svar
-
- 6
-
Første teleskopstav, til godt under 1000 lappen
Gal Krokfot svarte på Volum sitt emne i Vinterutstyr
Solid sak med lærtrinser: Gipron -
Sorry, starter med ikkje å svare på spørsmålet... Hytte til hytte vandring med mellom fire og åtte timers vandring kvar dag (alt ettersom form og rute), kan være tungt for ein unge i meis. Kva med båt inn til Gjendebu og ta mindre dagsturer med Gjendebu som utgangspunkt?
- 3 svar
-
- 1