Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 566
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Då skal eg jammen skunde meg å få unna ei treningsøkt så eg får med meg denne!
  2. Grovare gryn, med godt med melkepulver og ein dert salt, Gojibær og eit lett strø av sukker og tyrkisk eplethe-pulver.
  3. Eg tenkjer at den kan verte i kortast laget? Eg er 167 og har regular. Føler eg må ha litt rom, så eg slepp at føtene pressar mot fotenden på posen. Elles er den nokså romsleg på fasongen, så med mindre du er xl som min sambuar, trur eg du greier deg med std, men det er jo litt ulikt kor mykje plassbehov ein har.
  4. Hehe. Sist me hadde 7 mnd med vinter var eg så lukkeleg eg visst ikkje kvar eg skulle gjere av meg. Like stas med ski i juni som i februar Men det skal seiast at eg ikkje har den heilt store fiskemanien. Dog brukar eg synes det er stas når klatrefelta tørkar opp, vårsola varmar berget, utsikta i veggen går i blå fjord, grøne lier og kvite toppar, og fregnene kjem sprettande. Så for all del. Vår er jaggu fint det og
  5. Kanskje me sku skifta bupel ei stund Eg for min del kan ikkje forstå at ein lengtar etter at vinteren skal sleppe tak i byrjinga av april. SJølv sitt eg i full vårbløming og tviheld på stilongsen, og forbannar den korte vinteren
  6. Kjem an på kor lenge eg skal vere borte sjølvsagt. Skall stort sett, i varierande tjukkelse/vektlklasse. Gidd sjeldan dra med meg fleire alternativ. Er det så greit vær at skalljakka ryk av, kan eg ofte greie med utan vindtett, så lenge eg kler hals, øyrer og pulspunkt. Så det skal mykje til før eg dreg med meg ei vindjakke. Til hausten skal eg på tur i 4 veker. Vindjakke er eit av dei plagga det står spørjeteikn ved fordi eg er usikker på om eg gidd prioritere den.
  7. Det finnes oljebukse med glidelås i sida. Ålesund oljeklefabrikk har ei slik bukse.
  8. Greit med ein slik mellomting. Eg brukte min 600 i forrige helg, og det var perfekt
  9. Eg trur det er noko optimistisk med så sein skitur, med unntav avi breområda. Dog veit eg at til dømes Tafjordfjella har meir snø enn jotunheimen sør/aust og Rondane, så kanskje er det verdt å fylje med på utviklinga der.
  10. Denne har eg ikkje sett før no Håpte på det skulle vere meg medmagerutene unde rnettingen øvst der, men pokker om det var
  11. Myrtel synes eg er eit fantastisk navn og er det ikkje ei Myrtel i Blåfjell? Elles er det som Kjell Iver seier; ofte kan oppfattelsen endre seg når barnet kjem. Slik var det med sistemann her.
  12. Den skia er så lettstyrt og grei uansett, at eg ville ikkje bekymra meg for at 175 blei for langt i alle fall. Det kan også være greit med litt meir bæreflate i snøen enn ein får med ski som er 8 cm lenger enn seg, men det er no mine tankar. Sjølv er eg dame på 167 med Nansen (herremodell av samme ski) i 185...
  13. Ok. Veit at folk har fått nye ski på det som kan høres ut som samme grunnlag som du, så kanskje greit å melde frå til Åsnes?
  14. Piriformis er jo noko skikkeleg herk å slite med, og har nok forårsaka mang ein knevondt....Pigeon pose hjelp også på den
  15. Flotte bileter! Lett grønn i andletet av denne rapporten og min sambuars forteljingar frå samme område. Trur det må verte ein tur i 2018!
  16. Eg skreiv feil i posten; Lowe Alpinesekken heiter Cerro Torre ND 60:80
  17. Så bra, håpar verkeleg for din del at svaret var så "enkelt" Massasjerull og ball er genialt. At beingrinda vår vert dradd både hit og dit av stramme musklar er ikkje så utenkjeleg. At dette då må ut over andre musklar att, som må jobbe på ein annan og mindre gunstig måte enn dei eigentleg var designa for, er eigentleg ganske logisk. Kva gjeld ryggsøyla vår gjer me i vår moderene tid kvar dag ting som ikkje er bra for den, og som bidreg til og "alternere" på strukturane. Kan då vere greit å gjere små ting i kvardagen for å motverke dette. Som til dømes å sitte på huk når ein ryddar leikene til poden, eller parar sokkar etter klesvask. Eg plar seie at dersom alle hadde sitti på huk litt kvar dag hadde me truleg hatt vesentleg mindre ryggtrøbbel i dette landet
  18. Prøvar å moderere handlinga mi, så den som er hyppigst vitja av meg er finn.no. Ved nykjøp prøvar eg å handle lokalt om eg kan, og om ikkje prisdifferansen vert alfor stor. På nett går det i dei butikkane som er nevnt, samt Brukaas sport, amfibi og Tromsø ski og sykkel. Men som sagt, mitt drømmeprosjekt er typ "over isen med finn.no" eller "xxxxxxpassasjen med garasjen til bestefar", så prøvar eigentleg unngå butikkhandlinga i størst mogleg grad.
  19. For meg vert dei for breie, men smaken er jo som baken! Men den sprekkgreia samsvarar vel med at dei hadde problem med den produksjonen trur eg. Har du klaga til Åsnes?
  20. Fleire som har slitt med delaminering og sprekker på tidlegare modellar, kva år er Breidablikkskia dine frå? Eg må seie eg har det like fint på mine Nansen i laussnø som eg hadde med gamle fischer 109. Er også nøgd med mine Amundsen ski, til sitt bruk. Veit at eg vil foretrekke dei framfor dei gamle 109 anytime. Som sagt har Åsnes også teke grep med omsyn til produksjonen sin, først når det gjaldt stålkantane på Nansen, så med omsyn til heile produksjonen, dei hadde slik eg har forstått det sprekk/delaminering første år med nytt design, altså i fjor eller forfjor, kan det stemme? Men dei nye 109 kan eg lite om. Kunne tenkje meg å prøve dei nye e99 easyskin (om dei framleis heiter det). Dei breie fjellskimodellane synes eg ofte vert vel daue å gå på.
  21. Inntil 150 cm brukte eg Bergans kids comfort til nedpå nokre blå. Ved kaldere spedde eg på med jervenduk eller ein sommarpose utanpå. Nyttar samme prinsipp no; alle kidsa har tresesongsposar som me supplerer med ein annan pose utanpå, evt varmeflaske
  22. Då ville eg sett på Osprey Xena eller Lowe Alpine
  23. Har du prøvde dei nye 109? Nysgjerrig på dei! Opplvde dog dei gamle som å gå på to daue sild. Elles spent på kvifor Åsnes er noko dritt. Dei har no tross alt teke grep med omsyn til produksjonen sin siste åra, og det skal så vidt meg bekjent vere slutt på både delaminering og stålkantar som spriker?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.