-
Innlegg
3 566 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Nei eg vil ikkje gi nokon dårleg samvit, til det har eg for mange svin på skogen, og dessutan tenkjer eg at det ligg mykje god folkehelse i ei velutrusta men ikkje ikkje overdriven utstyrsbod. Er vel mest mine eigne "luretankar" eg vil til livs 😂 Tog hadde vore drømmen! Kos deg med utstyrsboden din du, del raust, og gled deg over ein blankpolert liten ny dings i 2018 trur ikkje at botnlinja vert avgjort av folk med eit nokolunde balansert syn på saken.
-
Micropur forte. Smakar meir enn den vanlege, så ein pille som tek noko av den smaken i tillegg er lurt. Hugsar ikkje namn.
-
Eg er dels samd men også noko usamd. Er det slik at dersom ein har ein relativitet å forholde seg til blir "synda" mindre? Kan ein vurdere mindre utstyr, UTAN å auke opp forbruket på andre områder? Eg har nok ting sjøl, men prøvar vere kritisk, og kvitte meg med ting eg evt ikkje treng eller som har blitt overflødig pga bruksområde. Eg kjøper heller ikkje nytt i utrengsmål og kan definitivt telle på ei hand kor mange handlar eg har gjort gjennom 2016 og til no i 2017. Prøvar tenke alternativt, og å stå over kjøp er meir normalt enn omvendt her i huset. Får meg dog eit skudd for baugen før avreise til Grønland, eg treng nytt liggeunderlag då det gamle takka for seg etter 7-8 år, og nye goggles med gult glas. I år får pengene altså pengane bein å gå på i form av opplevingar. Ikkje veldig miljøvennlige dei heller diverre, med fleire strekningar i fly. Så eg er på ingen måte asket. Neste år skal økonomiske marginar brukast til veldedige formål. Eg vonar eg får til å koste reise og permisjon frå jobb for å bistå på dei greske øyane. Eg vonar å få det til med tog. Ein fin måte å få mindre til overs som berre "må brukast"? Dog får eg meg eit nytt skot for baugen, då ferien med familien neste år også inneber flyging. Kunne prøvd å trøste meg med at ".....eg forbukar mindre anna...." "eg kjøper sjeldan/aldri nytt", eller "eg har ikkje flydd på nokre år no så det går fint med to år på rad“. Då er ein imidlertid inn i den relative tankegangen att, som eg eigentleg vil til livs. Eg erkjenner difor heller at ja, eg skal flyge to år på rad. Og det er egoistisk og unødvendig, og eg skal etter beste evne prøve å vege opp på andre vis, men det beste hadde vore måtehald på alle plan. Eller dobbelt så langt opphald i den frivillige tjeneste. Altså tenkjer eg at det er eit viktig steg at ein i alle fall erkjenner at ein har eit unødvendig forbruk. Kvar vil eg med dette endeslause innlegget? Vel.... I alle fall ikkje dømme. Heller lufte nokre tankar som svirrar rundt, kring det å "legitimere" eige forbruk når ein eigentleg veit ein berre burde skjerpa seg.
- 143 svar
-
- 4
-
Men kvar kjem de køyrande frå?
-
Nigor telt - noen som har prøvd eller sett disse
Tessatroll svarte på Bjørja sitt emne i Telt og lavvo
Eg veit at Nigor Wicki Up (trur det heiter det) er brukt av nokre her på forumet, utan at eg greier hugse kven. Spix veit eg er utvikla i samarbeid med fleire leverandørar og aktørar, og slik eg forstod Sjur Mørdre når eg snakka med han har også han/dei vore inne i utviklinga av denne teltmodellen. Det er med andre ord folk som har ei teltnatt eller to bak seg som har koplingar til desse telta. Det seier dog berre noko om kvaliteten tenkjer eg, og lite om brukarpreferansar og erfaringar, så eg fyl denne tråden! Eg er også nysgjerrig på dette merkjet. -
Hvor tungt telt tolererer dere å bære alene på tur?
Tessatroll svarte på leerj sitt emne i Telt og lavvo
Kjem an på kva tur det er. Det tyngste eg aksepterer åleine er 2,3 kg, og det er på vintertur. På sommaren lettare.- 60 svar
-
- 1
-
Samd med deg. Fleksible kombinasjonar har eg sansen for. Eg kjem til å kjøpe eit lett og lite tomannstelt no, med lite fortelt. Det vil gi bra med plass til meg åleine, vere greit nok til to, og skal me på lengre tur/og eller mykje ver supplerar me med ein tarp.
- 76 svar
-
- 2
-
For meg funkar det dårleg, eg synes det var så omstendeleg at eg slutt å bruke den, går raskere å spurte ut å tisse og springe i natt
-
Hehe, eg ligg å lagar mat og ligg når eg et, samme om eg har Keron eller Nallo. Og ja, eg vil definitivt tru at det hjelper på med Yoga! Er berre å sette i gang!
- 76 svar
-
- 1
-
- 76 svar
-
- 7
-
Det er det. Synes løysinga er genial for mitt vedkommande, i forhold til korleis eg "organiserar" meg i teltet. Men no skal det seiast at eg i utgangspunktet ikkje er veldig glad i voldsomme fortelt, og at om det ikkje hadde vore for at mitt Keron 4GT også skal fungere som familietelt for 6 (med ein til to vaksne i fortelt) så hadde eg ikkje kjøpt GT. Eg likar å være tett på, ha kort veg "ut gluggen" og i teltet organiserar eg det meste frå posen.