-
Innlegg
3 566 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Desse to kjekkingane, Aslan og Frøya kom til oss i sommar. Dei er no 11 mnd. Kullsøsken av 75% Grønlandshund og 25% AH. Godt gemytt og supre turhundar, trekkvillige og robuste. Dette er utebuande hund. Eg har berre hatt "hushund" før, og vore litt borti polarbikkjer med ei venninne, medan sambo har drive aktivt, og hatt nokre totalsbikkjer i kennel. Det er godt å ha slik kompetanse saman med seg, når ein tek på seg ein slik rase for første gang. No er det litt jobb med desse to ei stund, så kjem me nok til å utvide med 2-4 til, då rein Grlnd.
- 554 svar
-
- 14
-
Dette samsvarer mykje med mi oppleving. Men eg har også fått små hol i stoff ved kne etter omlag 50 bruksdøger. Det synes eg ikkje er godt nok. Plundret detaljar er eit irritasjonsmoment utan sidestykke under eksponerte tilhøver. Dilldallet nedst på føtene genererar isklumpar an masse ved vekslande vertilhøve.
- 2 svar
-
- 1
-
- test
- klättermusen
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Sure thing 🤣
-
Supert! Me skal vel på denne turen eingong på seinvinteren/April, så sett pris på det.
- 37 svar
-
- 1
-
Det kan eg når eg finn den att i flyttelasset
-
Ja det vil eg tru. Har du sett på Mountain Hardwear sine syntetiske vinterposar? Bra pris, bra kvalitet, bra varme, komprimerar bra til å vere syntetiske.
-
Mi erfaring er at ein sjeldan nyttar begge dørene på tur. Og då er det eigentleg berre ekstra glidelås som kan gå i stykker. Skulle eg hatt fleire glidelås i telt til vinter måtte det vore for å få utsikta ein kan få med Lofoten ekstrem, Nigor Spix osv. Sterk sidevind kan kanskje skje i ny og ne, men som regel unngår ein jo direkte sidevind ved oppsett, så det er jo om vinden dreiar så mykje som 90 grader eller kjem frå alle kantar. Om han dreiar litt, som jo er mer vanleg, og kjem på skrå bakfra, har du kanten du kan nytte som føykekant på Nammatj, og de funkar gull. Eg har det på mitt keron. Heilt sikkert føremunar med fjellreven sitt, men dei kjenner eg ikkje så godt til og greier ikkje sjå nokon openbare ut frå bileta. Eg vurderar eit Nammatj sjølv, evt eit Fjellheimen x-trem.
-
Hehehehe, lurte eg og på når eg kjøpte skall frå Arcteryx 😂 Men, det betyr faktisk noko. SV står for severe weather. AR for allround. LT for light. Litt som med Hilleberg som har modellane sin med og utan GT får du fleire av jakkemodellane til Arcteryx i SV AR og LT.
- 15 svar
-
- 2
-
Det hugsar eg faktisk ikkje, men meinar det vart det ja
-
pannebandUnder åpen himmel ved Tussavatnet
Tessatroll svarte på Anders Eriksen sitt emne i Turrapporter
Nyyyydelege bileter frå ein del av Sunnmørsalpane eg ikkje har vitja, men definitivt burde oppsøkje Kva gjeld overnatting i duken har det vore ein slager her i heimen i nokre år, og det må dårleg ver til før me trekkjer inn. Det gir ein endå sterkare naturnærleik?- 6 svar
-
- 1
-
I dag har eg ikkje kjøpt meg eit Hilleberg Anjan 2 eller Nallo 2 på Black Friday, fordi eg ikkje har råd akkurat no . Skal dog ha eit av desse telta, så vonar at nokon andre gjekk på ein uplanlagt smell, og handla noko dei eigentleg ikkje hadde bruk for. Så kan eg kjøpe det når dei får summa seg
- 613 svar
-
- 1
-
Kjem jo litt an på kroppsfasong og bruk. Av mange titalls bukser frå Bergans eg har prøvd (bur nært outlet og er så gnien som berre ein Sunnmøring kan vere) har eg prøvd EI einaste som hadde ei passform eg kan leve med. Den kjøpte eg imidlertid, og er nøgd. Borna mine har kunne hatt Bergans, og eg synes at mykje av det held bra kvalitet. Ift samanlikning til Norrøna kan eg berre snakke for meg sjølv, men meinar at dei siste åra har auke i forskjell. Alt eg har kjøpt av Norrøna siste åra, med unntak av ei Svalbard Ousland edition, ramlar frå kvarandre berre eg ser hardt på dei, og ser ut som eit lappeteppe av gaffa innen kort tid. Har slutta å handle Norrøna. Held dog liv i gaffatapefabrikken, saman med to venniner og samboer, som ofte har det samme, fordi me har samme bruksområder og behov. #gaffagjengen Det eg har av Arcteryx varer og varer i mange år, til tross for juling. Dette med unntak av ei linbukse som vart fort holete nede ved beina. Kan hende var den ikkje berekna på klatringa/buldringa som eg brukte den til, det var ei "fritidsbukse". No er det lenge sidan eg sist skulle handle noko av betydning, trur ikkje eg har handla kle til meg sjølv på eit par år, men den gong var Norrøna godt i ferd med å ta att ARcteryx på pris. Dog ikkje på kvalitet ift mine preferansar.
- 15 svar
-
- 2
-
Eg meinar å hugse at den førprisen er reell. På tilbud nermar han seg det samme som eg har gitt for min og min sambuars 600.
- 30 svar
-
- 1
-
Har handla direkte og det var heilt uproblematisk. Retur funkar gull.
-
Eksentrisk arbeid for antagonistane til typiske problemmusklar i hendene! Råsmart! Slike kunne eg og trengt. Kva heiter dei? Altså, kva søkjer eg på på eBay?
-
Eg har testa 1200 over litt tid. Første del av testperioden ligg i linken over. Del to vil komme inn i testen om litt, eg har mellom anna hatt han med meg til Grønland på skitur. i haust Det er mykje pose for pengane, som eg allereie har påpeika i testen. På Grønland var både eg og turvennine samde om at den funka gull. Eg er varmare i den enn i Jan Mayen, men mistenkjer at det handlar om fasongen, og at dun har lettare for å legge seg inn til kroppe på ein måte som syntet ikkje gjer.
- 30 svar
-
- 2
-
Må berre presisere at eg ikkje gjer narr av opprettinga av trådenaltså, meir innhaldet og frustrasjonens intensitet som gjer at får meg god lått 😆 ikkje vondt meint!
- 46 svar
-
- 3
-
Hoho, eg veit i alle fall kva tråd eg skal leite opp neste gong eg skal polere eit eller anna! Direkte, konkrete matnyttig tips. Thank you!
-
Ala expedition sku det vere. Antarctic logistics expedition vert vel noko anna gitt
-
Eg har den berre utanpå ein std fjellpulkensele , funkar greit det og. Ser føre meg at det vert litt prakk om ein har ein sele med meir ryggstykke dog, ale expedition.
-
Hehehehe, kan ikkja anna enn skratte litt av denne tråden, beklager! I fullt alvor, eg har ikkje opplevd store flokar med Hillebergtelt. At eg må ha strikken i sving på mine Helsport, Robens m.fl skjønar eg, for bardunane der er håplause på tvinn. MEN, eg har ikkje brukt kuppeltelta til Hilleberg så mykje, utover eit enkelt Niak og ved nokre få høver Allak, og det kan hende det oppfører seg ansleis på desse enn på tunelltelta som på generell basis jo er litt meri "straumlinjeforma" i oppsett og mindre potensielt krøllekrøkk?
- 46 svar
-
- 5
-
Det er den løysinga eg har brukt, og eg synes vel det funkar ganske greit eigentleg. Då har ein jo også fordelen med å kunne veksle mellom å ha den på ryggen og å stroppe den på pulken.
- 30 svar
-
- 2