Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 566
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Det skal mykje til før dei vert urbukelege. Eg har nytta finèrplater til fleire underlag, og fleire av dei har nokre mnd feltdøger, og er framleis brukbare. Det siste brente eg på ein tur der siste dagane skulle bestå av å bere alt på ryggen. Særs praktisk.
  2. Om det er slik du er ute etter TS så beklager eg feil info! Eg tenkte automatisk brems til pulk for hund/nordisk
  3. Beste buksa eg har hatt var ei Rab bukse med eVent.
  4. Berre mine 5 cent, og kanskje feil, men skal eg kjøpe noko til "ny aktivitet" plar eg kjøpe det eg veit eg kjem til å bruke mest i starten og kanskje totalt sett. Dette fordi eg ikkje veit korleis behovet ser ut om eit år, og for mange kompromiss kan fort gi ei negativ oppleving. Tanken er også at innen eg kjem til eit punkt der eg er meir avansert, så har eg hatt såpass med brukstimar at eg anten A ) har slite ut første kjøp og kan oppgradere når eg byttar ut, evt kan selje det eller B ) har fått eit slikt volum på aktiviteten at eg kanskje kan forsvare å ha to av noko Det er også truleg at du ved eit visst antal brukstimar, sjølv har betre grunnlag for å ta ei avgjerd. Då er det dumt å ha handle veldig dyrt utstyr "feil". Om du skulle handle etter mitt prinsipp, med bakgrunn i dine føresetnader og ynskjer ville det då sett slik ut; Eit par gode, styrbare fjellski med innsving og litt breidde, ei ski som kan gi deg skiglede. Vurder om du må ha 75 mm binding eller BC. Desse vil høve terrenget du har rundt deg aller best, i valget mellom dei og randoski, og gode fjellski i moderat terreng er eit godt innsteg til god skiteknikk også, som du dreg med deg vidare. I tillegg vil dei kunne brukast i alle andre fjellområder (inkludert bratte), med ei tilpassing i køyrestil. Du susar ikkje ned som ein person på rando, men du har eit verktøy. Skulle du verkeleg bli bitt av basillen på å ferdast "utanfor sporet" på ski, så kan du vurdere om du vil bytte dei ut etterkvart, eller legge til eit par randoski i samlinga. Å kjøpe fjellski først er også det rimeligaste alternativet, i dei fleste tilfeller. Altså er spørsmålet for meg; kvar kjem volumet i aktiviteten min til å ligge?
  5. Eg ville fulgt med på utviklinga i områda rundt dei større breområda og høgfjellsplatåa. Altså Hardangervidda/Jøkulen, Smørstabbreen/Jotunheimen evt delar av Breheimen. I år er det mykje snø i fjellet og også i aust, så kanhende kan de også vurdere å fylje med på stoda i Rondane og på Dovrefjell. Nordpå har du mange fine alternativ, alt etter kva kant du kjem frå. Børgefjell, Saltfjellet, Narvikfjella osv.
  6. Dette med stryking har kanskje mest med DWR å gjere, og ikkje så mykje kva membran som er i jakka? Eg har i alle fall nokre jakker med ulik membran men med DWR, og dei treng behandling med tørketrommel eller strykejarn. @famjsv er elles inne på noko, eg har fått demonstrert dei ulike funksjonane til ulike membranar ein gong, det var Dermizax, gtx og eVent. Dermizaxens styrke skal vere at den ikkje treng overtrykk for å puste, og at den ikkje tettar seg av partiklar. Dermizaxjakka mi er av di den som vert med på padleturar, for sjølv om ein padlar i tørrdrakt vert skalljakkene utsett for sjøsprøyt og salte omgjevnader når ein campar ytterset på "den nøgne ø".
  7. Enkelt og krev ikkje voldsomt verktøy. En drill med borr og en 12 eller 14 nøkkel meinar sambo.
  8. Eg personleg likar Hestra Pullover mitt betre enn fjellvotten, den er lenger, og gtx. Den er framleis ikkje så tett som Bergans sin dermizax, mem sistnevnte synes eg er håplaust smal
  9. Eg har vorte fortalt frå helsefagleg hald at det skuldast kroppens behov for å krympe blodvolumet når den trekkjer blod inn frå ekstremitetane for å sikre torso/indreorgan.
  10. Vanskeleg å svare på vegne av andres born, for born er jo så ulike. Men så lenge dei er nokolunde lydhøre og ikkje redde, hadde eg teke dei med. Eg hadde teke med mine når dei var på den alderen, men dei har vokst opp med toppturar i Sunnmørsalpane. Eg veit jo ikkje kva dine born er vande med
  11. Er sjølvsagt det eg meinar altså moglegheita til å stikke ein kurs elektronisk. Sorry, upresist
  12. Eg tenkjer at så lenge de er ok utrusta og har med og kan å bruke kart og kompass, så er dette eit perfekt område om du er litt fersk i vinterfjellet. Det er tett mellom både det eine og andre landemerket og enkelt og orientere. Dersom det er stikka der til då, så plar det i dette området vere tett mellom stikkene, og fleire ruter med skilting, så det er ein fin stad å trene seg i kartbruk
  13. Det trur eg også, om ikkje fordømmande har me i alle fall mykje meiningar om andre sitt friluftsliv
  14. Det er berre å gå i boden å ta ei opptelling i kroner og øre, så tenkjer eg dei fleste får behov for å ringe forsikringsselskapet og høyne innnbuforsikringa. Litt satt på spissen, men ikkje heilt fjernt heller.
  15. Når me tek til å snakke om "opprivande tråder" om telt føler eg at me har myst litt relativitet 😂
  16. Eg nyttar stort sett eTrex, fordi eg ikkje brukar kart i GPSen. Det største aberet for meg er mangel på elektronisk kurs på eTrexane med lågast tal, noko som kna vere dumt om ein planlegg turar der elektronisk kurs er ei greie. Det åleine er grunnen til at eg skal ha meg ein i 64 serien.
  17. Det har vore forska på dette, i forhold til lagring av feitt ikkje som resultat av at brødkosten gjorde sitt inntog, men med fokus på korleis dei evolusjonsmessig har vorte annsleis på det feltet enn andre. Skal sjå om eg finn linkar. At muskelvolum relativt til overflateareal har betydning for korleis ein greier seg i kulde er i alle fall noko eg synes å ha erfart. Gjennom livet har ein jo periodar der ein får trent meir og periodar der en får trent mindre. Iflg måling i apparat varierar eg med fleire kg muskelmasse alt etter kva periode eg er inne i, og eg har sett ein nokså tydeleg tendens til at eg frys lettare, spesielt i soveposen , når eg har mindre musklar. Det er vel tildels dette som ligg til grunn for at kvinner generelt frys meir enn menn, og at kvinner treng varmare sovepose. Me har mindre muskelmasse relativt til overfllate å tape varme frå.
  18. Er det eg og tenkjer, har ikkje vore borti ei membranbukse som toler at ein sitt i vete over tid.
  19. Huff då....eg tenkjer at det kanskje må vere meir enn nok med den flyginga dei skal gjere mtp aktivitet knytt til kraft, om ikkje dei skal drive med alt mogleg anna også. For den som har vore i området Eidfjord og Simadal, veit ein jo at terrenget og geografien er slik at om der flyg eit helikpter "sleppe ein ikkje unna" på nokon måte. Simadalen er relativt smal med bratte fjellsider på 1000 m, i botnen går han opp til Rembesdalsskåkji og Jøkulen. Ser føre meg at mykje lufttrafikk her vil øydelegge for mykje av idyllen som erpå vestsida av jøkulen. Kva han grunneigaren føler går han i næringa engasjerar meg kanskje ikkje mest, men at folk som har kjøpt hytter får helidur tredd nedover øyra, likeins me andre på bre/fot/skitur i dett fantastiske landskapet. Eg ynskte meg at selskapet i staden for å tenkje at dei kunne legge til turistflyging til basisaktivitet, tenkte "me skal prøve å begrense oss og planlegge så godt me greier for å ikkje generere fleire flygingar enn nadusynt".
  20. Inuitar pg varme har det vore forska på. Evolusjonen har utvikla dei slik at dei lagrar feitt på ein annan måte.
  21. Det kan nok vere meir sannsynleg at du er litt kald og av di vert tissetrengt, ref krymp av blodvolum.
  22. Urin kan jo vere både høna og egget. Ein brukar jo ikkje energi berre i ein temperaturauke, men også for å opprettholde temp relativt til omgjevnader. Så å ikkje ha full blære å skulle holde på og holde temperert kan nok seiast å vere ei form for energiøkonomisering kanskje? Altså å tissetrengt vil kunne bidra til mindre frysing. På den andre sida vil ein fort bli tissetrengt om ein frys. Er ein kald vil kroppen trekke blodet inn frå ekstremitetane, og då må blodvolumet nødvendigvis ned. Det går hovudsakleg føre seg gjennom utskilling til urin. Når ein då også veit at ein kan fryse uten å vere nedkjølt, og ein kan vere nedkjølt uten å fryse, så kan ein tenkje seg at hyppig tissing i kulde, utan openbar grunn (stort veskeinntak), kan vere ein indikator på at ein eigentleg er litt kald eller i ferd med å bli dyktig sliten på ein måte som gjer at kroppen ikkje opprettheld temp like godt.
  23. Eg er heilt samd. Var på tur med ei venninne som såg på meg med vantru "jau, no skøyta ho pinade me pulk" 😂 Det var perfekt terreng so å bevare fart ved skøyting.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.