Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 566
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ei flott deling! Det er fint å få oppleve, at natur kan gi vekst på så mange plan. God jul
  2. .... og nett der er det at eg synes MSR, og då særskilt XGK kjem til sin rett. Enkel å diagnostisere, og enkel mekk.
  3. Eg har nytta 60 csx og etrex 30. Har etrex'n og har gjort avtale på kjøp av den andre, etter at eg brukte den på Grønland i fjor. Grunnen til det er at eg vil ha høve til å ta ut en elektronisk kurs, og så er den batterigjerrig i forhold til ein del av dei nyare.
  4. Fordi eg ikkje legg ut på lengre skiturar utan eit par i back-up. Dei første paret mitt er no utslitt, og par nr 2 blir reserve.
  5. Nei den er ikkje heilt tett, men framleis tettare enn fjellvotten, og tørka fortalte. Den vindvotten eg likar best på fasong i alle fall. Kjøper mitt tredje par. Men som sagt. Bergans sine til dømes er tettare.
  6. Den eg og @Kjell Iver linka til er ikkje fjellvotten men ein med membran, og lenger skaft enn fjellvotten. Den er nokså tett, dog ikkje så tett som Bergans sin eller norrøna sine Trollveggen. Bergans sine er dog for smale (og då kalde).
  7. Den brukar eg og. Har funne den både phjå Outnorth og hjå pelskant.no
  8. Eg har brukt M, og pass i den både når eg har vore str 36 - 38 og 40. Litt lang i beina til meg dog, eg er 166. Så vil tru at med din str så vil S vere ein fin storleik som du kan vekse og krympe med, etter kva livet byd på. Xs blir nok litt knapt om du går oppatt på 38. Eg kunne hatt Small, men kjøpte M for å ha litt å gå på.
  9. Dels, og dels ikkje. Det er synd om det er slik at personen bak er tvilsom/uggen, eg har fått med meg dette tidlegare. Likevel tenker eg at ein les bøker med seg sjølv som forteikn. Det vil seie at egen state of mind og haldningar avgjer kva ein tek med seg og ikkje, på godt og vondt. Av di synes eg at dette er ei god bok. Eg vil ikkje la det som ligg bakom boka definere korleis eg skal lese den.
  10. Og eg såg ikkje at dette var gammalt 😂 elles; treng ikkje ver bratt for at føre og ver skal gi utslag. Har gått nokre gonger frå Finse til Haukeli. Siste gongen tok det 3 dagar meir enn gongen før. Og det var ikkje fordi me var noko svakare gruppe. Men, det var ein ekstrem sak. Klart at moglegheiter for Exit kan spele inn på val av dagsetapper og tid
  11. Ei ærleg og flott skildring kanskje ser eg dykk her til seinvinteren/våren?
  12. Nydelege bileter! Lysta på Rago vart ikkje mindre.
  13. "Lille Tre" fortjente ein ny runde, fantastisk bok. Forest Carter. Mannen bak "Du finner meg i fjellene". Lille Tre kan nytes som voksen, og kan med fordel leses til barn frå 6-7 år og opp. Øst for den store bre tolte godt ein runde nr 3. Nett ferdig med den. No les eg nokre klassiske skjønnlitterære verk medan eg ventar på at eit eksemplar av "Walden" - Henry D. Thoreau skal lande i postkassa.
  14. April 2016, og ein relativt stor gjeng vaksne og born er samla på parkeringsplassen ved Grotli Høgfjellshotell på Strynefjell. Det er klart for skitur med barnas turlag til Danskehytta. For underteikna si hushaldning er det også siste tur med barnas turlag, både som turleiar og deltakerar. Kids veks til og livet endrar seg. Grotli, omlag 900 moh. For å spare små føter og foreldre med tung oppakning for litt høgdemeter, nyttar me skitrekket og tek om lag 230 høgdemeter utan det heilt store kaloriforbuket. Samling på toppen av trekket, ein liten prat om å ferdast som gruppe, før me labbar innover fjellet. Foto: Tone drabløs Med nødprovianten lett tilgjengeleg Dei fleste har hatt nokre timar kjøring før ankomst Strynefjell, og det byrjar bli nokre timar sidan mat. Første pause vert av di avvikla ganske tidleg på den omlag 12 km lange turen frå Grotli til Danskehytta. Turen inn går via Tjerringtjønne og langs Fremste Vikvatnet. Mot sydvest Varmt og godt, på grensa til for varmt meinar enkelte. Lag etter lag vert effektivt skrella av, og solkremen får bein å gå på. Klaginga får imidlertid forbli usagt, med born på tur er det tross alt betre med hyppige drikkepauser enn ein tilværelse dominert av skibriller, vind midt i fleisen og raske måltid i ein vindsekk. Foto: Tone Drabløs Endeleg framme ved Danskehytta, beliggande 1450 moh. Den siste lille kneika fekk sette punktum for dagen, og både små og store har fått utfordra seg litt i sidebratt terreng, med og utan pulk, dog ikkje meir enn at gleda er bevart. Vel framme. Sosialt og mat. Rause mengder godteri og sukkerhøge kids, nett som det brukar vere når me er på tur. Når sukkeret avsluttar sin verknad, er det imidlertid ein nokså trøytt og fornøgd gjeng som sloknar, og dei omstendige hysjerundene ein nokre gonger må til med trengs ikkje i kveld. Neste dag skal me utigjen til Grotli. Vergudane har vore lydhøre, og vindstilt og lettskya gjer at me kan gå høgt utatt, over Helleggi. Denne ruta fører ein opp på drygt 1660 moh, og gir vakkert utsyn mot Tafjordfjella og Sunnmørsfjella i nord og vest, og Breheimen med Jostedalsbreen og Skridulaupen dominerande i syd. Utsikt mot Nord Gjengen i drivet. Tone legg Danskehytta under seg. Eg legg fornuftige spor opp ryggen mot eggi, men spreke kids synes dei er i overkant slake og durar rett opp. Har ein blitt gammal? Den einaste som fyl dei er Tone som kjem etter med pulk. Hint. Nordover Foto: Tone Drabløs Syd - sydvest Bortover Helleggi er det flatt/småkupert eit stykke, før ein kjem til det punkt der egga knekk markant nedover att. Der ventar ei lang og slak nedkjøring, perfekt for fjellski. Godt føre gjer det til ei sann glede, også for dei som ikkje er så komfortable på fjellski i utgangspunktet. Klar ferdig kjør! Siste km mot Grotli går som ein leik etter den livgivande utforkjøringa. Dei preppa løypene i skiannlegget, med hopp og moro, står som ei verdig avslutning for ei flott helg. Takk for turen!
  15. .....men fekk ikkje til å legge det inn i kalenderen som bidrag.
  16. Tok å sveiva meg rundt i lunsjen og drodla eit utkast, skal berre innhente nokre bileter så kan eg legge ut.
  17. Går fint med standardsele for min del, gått med 75 kg over tid og med 100 kg på treningsturar. Men, det skil seg no frå pers til pers kvar ein likar drage. Menn har sitt tyngdepunkt langt lenger oppe enn dei fleste kvinner og vil ofte ha meir å dra med i overkroppen. Kvinner har ofte eit lågare tyngdepunkt og dreg litt annaleis, eg dreg mykje med hovudvekt hofte og mage, sjøl om heile kroppen sjølsagt er aktivert for bpd 3menn og damer når ein kjem opp på ei viss tyngde. Edit: dette er berre mine ukvalifiserte observasjoner altså Skil seg sjølsagt
  18. Kan vere heilt innafor og heilt utanfor. Kjem an på ver og føre. Av den grunn tør eg sjeldan planlegge med så lange etapper så mange dagar på rad. Sjansen for at noko skjer seg, anten med ein person i følget eller med ver/føre eller anna, er stor. Då er det greit å ha marginar, anten i form av kortare gjennomsnittsetapper eller å legge inn ein dag utan forflytning. Ein har då skapt meir rom for error.
  19. Eg sjøl har foretrekt standardsele, fordi eg synes ekspedisjonsselane blir "for mykje" på meg som er forholdvis lita. Fjellpulken sin vert rett og slett overdimensjonert til meg på alle vis, og eg har også for lite/ingen stramming å gå på på hoftebelte. Så ved kjøp av sele er dette nok eit moment å ta med til den kvinnelige deltaker.
  20. Rett hyggeleg, og når ho attpåtil har bytt ut skina sine no, så er ho på rett veg 💃😁
  21. https://www.extremtextil.de/en/fabrics/insulation/down.html https://www.extremtextil.de/en/fabrics/insulation/synthetic-insulation.html
  22. https://www.stoffogstil.no/sytilbehor/innlegg-vatt-vlies
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.