Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 566
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Kjem nok an på barnet ja. Mine har hatt dyne inni pose også, skinn inn i pose m.m. så det funkar fint. Føresett sjølsagt at der er plass.
  2. Å bruke to posar er ofte veldig effektivt pga ekstra luftlag. Mine har sove ute ned mot - 20 utan "skikkelig vinterpose". Ved hjelp av to posar, godt underlag, varmeflaske og på det kaldeste ein fora jervenduk over begge to. Har ikkje opplevd at dei frys på natta. Eg trur du kan greie deg fint med mamutten pluss noko inni eller utanpå alt etter str. Dersom vinterpose til svigerinne i tillegg er ein voksenpose ville eg heller gått for di opprinnelege løysing, då voksenpose blir stor, med mykje luft å varme opp.
  3. Det finnast nok å bekymre seg for, ein kan alltids finne årsaker/fornuftige grunnar til å søkje tryggleik. Likevel trur eg at prosessen, læringa og opplevinga av å sleppe taket i det som er trygt, gir det heile ein heilt annan verdi, enn den ein oppnår ved å safe seg inn. Når ein safar seg inn "heile vegen" er der nokre mekanismar som ikkje slår inn, og ein mistar mane gode prosessar i livet (mi personlege meining). Men, me er ulike. Alt kjem an på korleis ein fiksar å forholde seg til uvisse og x-faktorar. Det siste dominerar verda likevel, kanskje er nett det årsaka til vårt behov for å skape trygge bobler? Eg vel å forhalde meg til at livet er skjørt, sårbart og fullt av uvisse samme kva ein prøver å skape av materiell tryggleik. Difor like greit å leve trufast mot seg sjølv. Gjer ein det trur eg ein er rusta til å trives og ha det ganske bra uavhengig av bobla. Å vandre gjennom livet utan skrubbsår på knea er tilnerma umogleg uansett. Spørsmålet er vel meir kva ein skal få skrubbsåra av.
  4. Så du vil bruke den under forflytning om eg forstår deg rett?
  5. Tenker du med punktet ditt om slitasje, at du skal nytte parkasen under forflytning? Å gå med en parkas når du ber tung sekk eller dreg pulk ville vore for varmt for sjølv dei mest frosne personane eg kjenner. Har du gått mykje med tung pulk/sekk? Har du erfart kva du genererer av varme? Det er ganske annerledes enn ved gange uten oppakning
  6. Om dette er eit område med mange kulturminner tippar eg der ligg eit særskilt vern. Då vil du truleg finne forskrifter for området. Elles gjeld vanleg lovgivning for kulturminner. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50 Ikkje at eg har noko med det, men kvifor er det særskilt attraktivt å brenne bål i dette området? Eg ville kanskje vurdert andre områder i staden.
  7. Eg har Jerven Mini-Hunter. Genial. Definitivt den som er mest brukt av mine jervendukar.
  8. Det er synd å høyre at helsa di ikkje kjem seg til att som håpa. Men, du greier på flott vis å sjå for deg andre måtar å ferdast på, det trur eg gjer at me heldigvis ikkje har sett det siste til turbileter av deg Lukke til @Tom42
  9. Norrøna Falketind Windstopper Hybrid Pants? Eg sleit mi sønder og sammen, då den var "med på alt".
  10. Kva med eit par smale mohair langfeller som du kappar ved hælen? Eg brukte slik system på mine fischer e99 tidlegare, det funka gull. Klart ein mistar glisona framme, men til gjengjeld har ein heller ikkje "bremseeffekten" som ein får av framdelen på kortfellen Langfell som ein gradvis kappa meir og meir var tidlegare brukt ein del på turar som til dømes over Grønland, før kortfellesystem dukka opp.
  11. Då vil eg tru, med mindre du kjem over eit kupp, at du må til med utanlandshandel. Det kan eg lite om, men det er mange her inne som har god greie på den marknaden.
  12. Mountain equipment K7? Forrige modell var i alle fall det likaste eg kom til mi Rab Neutrino pluss, som no er ein utgått modell. Ein fin mellomting vil eg tru.
  13. Kan Warmpeace Viking 1200 vere eit alternativ? Eller blir den litt for kald? Reknar med ho har godt underlag Det er jo endå viktigere om ein nyttar dunpose og ikkje syntet.
  14. Dette er jo i utgangspunktet ganske varme syntetposar. For å få god effekt av ein syntetpose i eit to-posesystem treng han ikkje vere kjempevarm. Eg brukar ein pose med comfort 16 grader utanpå ein dun med comfort - 3. Det held til meg ned til mellom 15 - 18 minusgrader alt etter kva form eg er i (muskelmasse) og tilstanden på dunposen (ny eller gammel). Eg har dog høg kuldetoleranse til å vere kvinne. Likevel tenker eg at ho kan greie seg med ein som ligg på en comfort temp på 5-6 grader. I to-pose system blir nemlig 1 + 1 meir enn 2.
  15. Det er nett innreisa som kan bli trøbbel med om ein ikkje har aktuelle skjema. Har i alle fall eg opplevd. Om det er feil handsaming frå personell er godt mogleg.
  16. Tur innafor område 10 er ikkje meldeplikt på. Eg har hatt med eiga rifle sjøl 1 gong men synes det blei mykje prakk, mykje usikre folk på flyplassane osv, så siste to turane, Grønland og ein endå ein tur til Svalbard har eg kjøpt og gitt bort, eller leigd hjå IG.
  17. Du får leigd det meste av tryggleiksutstyr, inkl rifle hjå I. G. Paulsen. Februar /mars er tidleg vinter, så trur de kan rekne med det meste av forhold inkl voldsom kulde og snøfall. Pulk e nok spesialbagasje. Sluttstykke i vanleg bagasje våpen for seg. Fyll ut aktuelle skjema for våpen, hugsa ikkje navn. Signalpistol e et must. Ved isbjørnkonfrontasjon er det eit poeng å gjer jobben med å skremme, helst utan rifleskot om naudsynt. Er kje berre de som skal beskyttast, men også bjørnen, frå uheldige situasjonar som kan føre til at ein må skyte. Eit poeng å leige ei bikkje eller to, som ekstra bjørmevakt? Har eg hatt når eg har vore der. Ja. Du kan rekne med å møte isbjørn overalt. Eller ikkje sjå. Eg har vore der to gonger og har sett bjørn begge gonger, nært. Fleire gonger siste turen. Andre har budd på Svalbard i mange år og ikkje sett. Poenget er at ein aldri veit, og ein tek forhåndsregler. Elles ; god tur Om de ikkje har vore der før er det berre å glede seg. Eit poeng å orientere seg om scootertrafikk m.m. Er ein del av det i området nær byen og delar av område 10. Vurdere uttransport med scooter sjøl for å sleppe tidsbruk på transportetapper vekk frå scooterled og sterkt beferda område?
  18. Vurdert Åsnes Nansen? Jamt over ei god allroundski, og den bær overraskande godt i snøen mtå sine mål, med unntak av dei djupe pudderdagane. Grei bort, grei opp, veldig artig ned. Har fleire venniner som fekk dreisen på telemarken att når dei gjekk "ned" på denne med voile 3-pin. Ei ski både du og ho kan ha, berre ulike lengder.
  19. Ullnetting. Livet før og etter elles mange gode råd over her. Eit prinsipp er å tenke varmekonservering, framfor å skulle opparbeide den gang på gang. Altså kle på deg ved pause FØR du frys osv. Om du skulle bli kald er det likevel råd å hente. Springmarsj rundt teltet før du legg deg (å legge kald kropp i kald sovepose er nesten som å legge ei kald Pølse i en kald thermos og forvente den blir varm). Varmeflaske hjelper deg å varme opp posen. Tynne sokkar eller generelt tynn bekledning i posen gjer at du, føresett at du er varm og god når du legg deg, fortare varmar opp posen, evt ved hjelp av varmeflaske. Når pose er varm, gjer tynn ull/sokk/bekledning at du ikkje isolerer ute varmen. Så framfor å tenke masse tøy i posen å kle av etterkvart som sveitt, kan det mange ganger vere lurt å tenke omvendt. Litt mindre tøy, få hjelp av ei flaske om du ikkje heilt greier varme opp posen med kroppsvarmen din, og evt spe på med fleire tynne lag der det trengs (typisk pulspunkt). Knevarmerar, pulsvanter, balaclava, noko ekstra under rompa (varmeskjørt/varmejakka til dømes), ekstra fotpose på bein (glid att varmejakka og stapp føttene inn i den) osvosv
  20. Eg ville hatt smørjeski med fellesystem. Rett og slett fordi der kan du tross alt velje mellom spikerfeste eller feste med god gli. Er det gode forhold er det ingen problem å klistre under noko blåswix og få feste. Er det dårlige/vanskelige smøreforhold og veldig kupert terreng brukar du kortfell, evt vekslar mellom. Med kortfellen på lomma brukar eg berre nokre straksar på å ha dei på. Er me to på tur sett me dei på av hjå kvarandre utan å ta av skiaa. Smørjefrie ski synes eg stort sett berre har valget mellom spikarfeste (fell) eller feste (smørjefrisona) og halvgod gli. Eg brukar aldri mine smørjefrie ski. Eg foretrekk å kunne ha god gli om tilhøva tilseier det.
  21. Måtte bytte strikkane i mitt Salewatelt når det var nytt.
  22. Enig i at det vil handle litt om vekt, men sjøl 2 av mine lettaste venninner har fått bakoversveis når dei kjem av cecilieskia og får på seg ski med litt meir spenn. Quote frå den eine "...desse går av seg sjøl". Cecilie er supermoro i kupert terreng der ein kan kose seg med leiken og lettkjørt ski. Men eg held nok litt bastant på at eg aldri ville valgt den for bortover 🙈
  23. Eg ville styrt unna Cecilie skia for km sluk. Nansen har stivare spenn så den kan funke godt som ei allroundski. Eg har både Nansen og Amundsen. Gode ski. Cecilie er for slapp for meg bortover. Kva gjeld alfa er det ein del folk som har fått trøbbel med gnag og ømme akillesar med den, men det er individuelt. Det eg synes er største svakhet med Alfa sine støvlar er dog at dei er for lite vridningsstive, noko som gjer at eg i krevjande terreng og evt lange sidetraversar synes eg like godt kunne sydd fast skia i strømpa mi. Lengde på ski er og litt smak og behag og ferdigheiter. Eg likar ikkje for korte ski, så mine Nansen er 185 og Amundsen 187. Eg er 166 cm.
  24. Har var det mange spm, og her inne vil du truleg få mange gode svar, som du kan bruke som utgangspunkt for å lese og orientere deg. Binding til viddebruk, ville gått for BC. Kva gjeld sko; er det som alltid viktigst at dei passar din fot, i tillegg til bruksområde. Skinn er varmt og godt, og eg synes ein har mykje att for å legge kronene i ein kvalitetsstøvel. Eg ville også tenkte på å få ein litt vridningsstiv støvel, det hjelper foten godt på lange strekk på variert fjellføre. Døme på ein støvel som er mykje brukt, og bra, er Crispi Stetind. Denne finn du også ofte i bruktmarknaden, knapt brukt. Ski: eg ville gått for ein modell med Kortfell, og litt smørjelomme. Åsnes Liv/Amundsen/Nansen, Fischer easyskin/e99 eller liknande etter kva som passar planane dine, skiferdigheiter og vekt vs høgde. Skistavar ; langt skumskaft som gjer at du kan flytte grepet etter temperatur og terreng. Bevegelig trinse. Gjerne teleskop, men det siste er ikkje eit must. Døme er åsnes Cecilie stavar. I eit anna prissjikte med teleskop; komperdell carbon bamboo cult. Evt gipron eller swix mountain, og så lagar du skumskaft sjøl.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.