Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Hola Tenkjer å sette 75 mm binding på eine paret mitt med fjellski. Desse vil hovudsakleg bli brukt til typiske vastlandske vårskiturer med tung sekk, og ved snørekjøring etter hundespann overlengre distansar. Begge deler gjer fotblada ganske møre, i alle fall mitt høgre som eg har litt trøbbel med, og det er greit å få så mykje hjelp og støtte som ein kan. Eg er i tvil om eg skal gå for traversen eller ikkje. Eg køyrer normalt tele på topptur, og er kjend med fordelane til traversen mtp kraftoverføring. Det eg lurer på er kor vidt det vinkla tåjernet påverkar gå-comforten i nevneverdig grad, då desse vårskiturane rundt/over og i området til dei større bresystema ofte fører med seg nokre km i tillegg til høgdemeter. Eg er ganske stødig på fjellski også med BC, det handlar meir om å føre ygge skader i det utsatte beinet mitt. Eg mistenker at forskjela frå BC uansett er så stor, at eg vil profittere merkbart ved å gå frå dette til 3 pin og ein Andrew-støvel, men at forskjela frå 3 pin til 3 pin travers vil bli mindre for mitt bruksområde.
  2. Mitt Keron får lenger stenger, med nokre cm. I snilt terreng gjer det dog ingenting.
  3. Nei. Det kan eg ikkje sjå føre meg er spesielt gunstig på tur, men eg er no ingen fotterapeut. Trykkavlastningsplater er noko anna enn solar. Det er ei plate i eit material laga for trykkavlastning/spre trykk. Til dømes desse: https://www.torshovsport.no/klubbservice/assist-sport-gnagsarplate Kaffekopp vil gå dårleg. Meir irritasjon for hud, gå i oppløsning, trenge mange lag m.m. Då trur eg tilogmed vanleg skumplast liggeunderlag av typen svart tradex er betre.
  4. Slike kransar for å feste rundt gnagsår kan du også lage av trykkavlastningsplater. Då kan du tilpasse str etter gnagsåret og kvar på foten det sitt. Du kan au legge fleire lag, og slik få trykket vekk frå sjølve gnagsåret. Evt kan du lage en heil helkopp for riktig god trykkavlastning, og lage hol der evt gnagsår oppstår/har oppstått. Helkopp lagar du enkelt ved å klippe plate i T-form og brette rundt og under hælen og tape.
  5. Kjem vel litt an på type terreng en går i, men for det meste går det jo greit.
  6. Kan du skrive noko på Facebook-sida deira? Brukar vere effektivt.
  7. Oftast samd med deg om dette, men sist eg gjekk der var det jaggu lite le å få. Kastevindar frå Jøkulen på natta vart avløyst av jamn vind på kring 20 m/s. Ein del nysnø gjorde at føyka piska iherdig, og det var heftig også å ha han i ryggen/skrått inn bakfrå. Såg ikkje bæra nesten av kvar me gjekk eller forflytta oss. Dei unge bikkjene som verkeleg vart gåande i føykehøgde synes berre det var måteleg sjarmerende. Me hadde nok fått knokla opp telt åleine, men jaggu var det godt å vere to au, så gjekk det raskere.
  8. Ja ho ligg nok der og er passe lunken fordi ho ikkje når bort til han som har slik laaaaang og breeeeei bedding 😂
  9. Knapt brukt Helsport Spitsbergen Pro. Hadde eg ikkje framleis hatt att ein sesong eller to i mitt Keron hadde dette funne vegen hit til meg. Røverkjøp. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=143590624
  10. Nei eg snakker om det samme, berre skrivefeil. Skal sjå om eg finn ein link til deg, men ein tapar i vifteform under heile fotbladet.
  11. Har hatt plager med dette i periodar, fekk akutt forverring få veker før skitur over innlandsisen på Grønland. Gode spesialsolar (Vasyli) frå ortoped/fysio og ei veldig god metode for taping av fotsoler/fotblad berga meg. Eg har i ettertid tapa på same vis førbyggande for enkelte typar terreng/oppakning.
  12. Dei finnast også i kortare variant, hadde eit i 160 som gjekk i arv nedetter. Finn dei dog ikkje her til lands kan det sjå ut til. Eg kjøpte desse då dei ikkje var å finne her til lands, det eine på Svalbard og dei andre frå UK. Mogleg du kan finne dei korte på nett derfrå om du finn ut at du skal prøve.
  13. Brukar downmat. Går som regel gullegodt. Eg har dog stort sett skumplasten over downmaten, då det både gir betre varme og er meir comfy, så får litt ekstra beskyttelse der. Desse to under her skulle strengt teke ikkje trengt slike fasilitetar, men det er tydeleg at overlevelseskarakteren til desse to som er 75% Grønlandshund er godt inntakt, og energisparemoduset slår inn
  14. Eg er i alle fall jøtt nøgd med Crispi Svalbard.
  15. Enig eg har tilgjengeleg liten nordisk slede, men ikkje alt terreng eg bevega meg i som er veldig sledevennleg. Og så er det fint at pulk kan brukes berre med ein hund også. Elles er jo nordisk slede genialt!
  16. Eit enkelt grep som ofte hjelp både for gnag og varme er jo å bruke ein plastpose mellom sokkane. Får eit friksjonslag. Eg er ikkje plaga av gnagsår, men har med hell anbefalt det til folk eg er på tur med, samt brukt det sjøl ved kulde. Det same gjeld gnagsår/trykkavlastningsplater. Dei hjelp for gnag og trykksmerter. Eg har sjøl brukt det i enkelte typar terreng for å unngå trykksmertene eg fekk av Alfa. Brukte også slike plater på foten til @Elisabethsk ved forrige tur på Hardangervidda, på eit allereie oppstått gnagsår. Det hjalp veldig iflg henne. Når eg bytta til hhv Crispi Stetind og Crispi Svalbard vart eg imidlertid meir eller mindre kvitt problemet, kan kjenne litt moderat stivheit i høgre fot ved langvarig tøff stigning med pulk, men det skuldast forhold i foten min, ikkje skoa.
  17. Ok. Takk for svar. Meinte også det var 188 Jens hadde men skal sjå oppatt. Dog noko vanskeleg å danne seg eit praktisk bilete ved å sjå slik, meir interesser ti korleis dne oppleves, og det fekk eg no svar på av deg no Korleis held løysingane synes du? Eg lånte ein 144 for ei helg, og lett fortvilt over dei lite vottevenlege løysingane og dei pinglete glidelås ringte eg Fjellpulken for å høyre om dei kunne gjere nokre endringar på konfig, det kunne dei dog ikkje som custom, men mogleg det vert gjort nokre endringar på xplorerserie til nesten år. Spesielt denne bakluka irriterte meg, det glidelåset ser eg føre meg er utsett ved dei vekslande tilhøva som dominerer i grensefjella mellom aust og vest. Ein dag regn og neste dag minus. Trekket er og for kort, og burde vere lenger og/eller med glidelås i toppen.. Ringar for feste av taudrag bør settast lenger fram enn dei fremste for utvendig taudragsfeste. Totalt sett ønsker eg meg nok acapulka med fjellpulkens breidde og løysingar for hund 😳😂
  18. Ikkje uvanlig dette, og eg har inntrykk av at det er nokså vanleg for ein del folk med Alfasko. Eg sjølv fekk trykksmerter av Alfa Skarvet. Eg løste det det ved ein kombinasjon av plastpose mellom sokkane som gir eit friksjonslag og så laga eg og tapa på hælkopo av trykkavlasntingsplater om eg visste eg sku stige mykje høgdemeter eller trekke veldig tungt. Når eg bytta sko forsvann problemet meir eller mindre. Høgrehælen min treng framleis litt forebyggande kjærleik før tunge stigningar, men det handlar om andre ting i min fot, ikkje skoa.
  19. Hei Vurdere kjøpe ovenfornemnde pulk, men er skeptisk til om lengda gjer den "fampete". Normalt bruker eg parisbrett og synes det funkar fint, men ynskjer no ein pulk eg mellom anna kan montere brems på for bruk med bikkjer. Eg er skeptisk til om den oppleves som "stor". Måtehald i pakking og lågtbyggende pulk er nok meir normalen for meg enn ruvande, glidande "Berg". Så eg greier meg ofte ganske lenge på tur med liten pulk. Men så var det dette med å ha litt vektarm ved montering av brems og bruk med fleire hundar, samt at fleire bikkjer gir meir vekt i form av fôr. Praktiske erfaringar nokon? Eventuelt nokon som har prøvd å montere nomforspenning og evt brems på ein Acapulka Scandic Tour 150?
  20. Samd med dei som her meiner at dei minste fint kan sove på bamse. Men, dersom du skal kjøpe oppblåsbar kan det kanskje dette https://www.fjellsport.no/exped-downmat-lite-5-m.html vere eit alternativ? Greit kompromiss både mtp pris, vekt og R-verdi. Har hatt desse i mange år til mine, og sjølv brukt det på turer der volum i sekken skal ned.
  21. Polarhunden er heldigvis hakket meir vassavisande. Skulle blitt meg eit styr med 35 kg med terrierpels 😂
  22. Exactly. Pro toler meir og det er det ikkje i Falketind. Eg hadde dog eit tidleg sett Falketind i Packlite. Det tolte uendelige mengder med juling samanlikna med den buksa eg har i dag (til lett bruk og sommerbruk). Buksa eg har i dag toler ikkje eingong "vanleg" bruk (ikkje alpint eller høgslitasje aktivitet, ei heller i bikkjegården). Då vert det for dårleg etter mitt skjønn. Uansett flott at du har fått "nevla" og tatt i ting. Brukar ofte verte enklare då. Med tid og erfaring vert innkjøp av kle ig utstyr langt enklare God tur til familien!
  23. Eg plar koke heile posen i vatn, nett som en Fjordland. Ingen oppvask. Bakdelen er at eg ikkje kan/vil drikke vatnet etterpå, så brukar så lite som mogleg berre i botn av kjelen, og nyttar det til skyll av tallerken etterpå.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.