-
Innlegg
3 565 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Hei Området der DNT-hyttene i Langsua/Huldreheimen ligg er no kjent for å vere lettgått og fint for familier. Då vil eg tru det kan gjelde for nybyrjar au? Elles er det no mykje fint frå Sjusjøen og nordover, med relativt lettgått terreng og snaufjell. Så lenge du har telt så er det no du sjøl som vel kor lange dagsetappane skal vere, so då kan no nordaustre del av Jotunheimen au vere aktuell? Lettgått og fint der.
-
Kva med Outwell Earth 4 eller Urberg 4 person G3? Campingtelt i ei vektklasse som også tillet camp et par km frå bil.
- 18 svar
-
- 1
-
Eg lurer på følgande, sidan høgda er høgare enn oppgitt og andre mål mindre/kortere; Er det markliner på Allak på same vis som på tunelltelta? Dersom det er det, kan for stramme markliner definitivt påverke måla på teltet. Eg justerte nett mine på Keron, som har hatt noke skrevande stil og lågare takhøgde ei stund, pga for slakke markliner. Strammar eg dei for mykje, blir det voldsom takhøgde, og elles kortare mål på lengde og breidde i "badekaret".
- 31 svar
-
- 1
-
Eg skal også sende poste restante neste vinter, gjer det slik at nokon her heime sender på gitt dato.
-
Det var ei finfin påske og Kolåstind stod du jæklig godt av 😁
- 2 svar
-
- 2
-
- påsketur
- kolåstinden
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
14 dager på Hardangervidden - fjols til fjells
Tessatroll svarte på Sondre.S sitt emne i Fjellvandring
Det stemmer. Eg nyttar sjeldan/aldri såpe på tur. Eg tenker at når ein veit at Zalo ikkje er spesielt bra, så vil ein kanskje unngå å bruke det på tur, då spes mtp at mange vaskar opp ved bekk osv. Altså er det andre levande organismar eg tenker meir på enn akkurat meg sjølv i det henseende. Heime nyttar eg så lite Zalo som mogleg.- 63 svar
-
- 4
-
- hardangervidden
- langtur
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Fikk bot på 8000 kroner på skitur pga. løse hunder i løypa
Tessatroll svarte på HannKatta sitt emne i Generelt om friluftsliv
Hadde han berre vorte like kraftig bøtelagt han som slapp bikkja si, MED sender, i løypa mellom Ustaoset og Tuva i vinterferien. Ein ting at mine stod oppstalla på wire utanfor Tuva, og slik var "sårbare" for laus og framand hund, men ein fireåring på langrenn har heller ikkje mykje å stille med. Bikkja blei holdt på koppel til omlag 100 m frå Tuva, så blei ho slept fri. Returnerte sjølsagt straka vegen attende til mine. Eg kleppa nedi sendaren og bikkja (som forøvrig var veldig grei), og marsjerte, passe irritert, opp til eigaren med den att. Han var sjølsagt lett sjokkert over bikkja si som aaaaldri gjorde slik. Vel. Det er bandtvang der heile året. Sender er og rekna som jaktutstyr. Eg sku verkeleg ønske at SNO som var der dagen etter, hadde vore der då. Eigarane gav tydeleg FAEN, noko som provoserer meg så langt inni gamperaua at eg ikkje har ord. Viltliv, kids, redde folk og andre bikkjer er stikkord. Toskestell.- 21 svar
-
- 4
-
14 dager på Hardangervidden - fjols til fjells
Tessatroll svarte på Sondre.S sitt emne i Fjellvandring
Skal ein først nytte såpe er etter mitt syn biologisk nedbrytbar såpe å foretrekke. Sist eg las noko om såpe/kjemi så var Zalo eit av dei hushaldningsprodukta i bruk til dagleg som lettast tas opp i blodbanen og verkar hormonforstyrrende (har diverre ikkje link).- 63 svar
-
- 1
-
- hardangervidden
- langtur
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Ingen problem å feste kuppel i pulk/sekk.
- 21 svar
-
- 6
-
Forslag til rundtur på ski i jotunheimen
Tessatroll svarte på KS10 sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Mja, mykje fint i Jotunheimen. 12 april opnar jo Sognefjellet au. Kva med Krossbu, over Smørstabbrean, i retning Leirvassbu, Gjendebu'ish, og Veslådalen og Rauddalen tilbake. Evt frå Gjendesheim og innover Gjende, med ein runde nordvest opp Stordalen og Langvatnet, ned Gravdalen og attende Rauddslen? Er det fint føre kan du no gå avstikkere, er det utfordrande er det no fint med stikkaløypene -
Enkel pulktur for nybegynnere
Tessatroll svarte på Mettelangnes sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Siste rapporter frå Hardangervidda lyd på berande føre, hundespanna kjører uspora. Då går det fint med joggemeier og pulk -
Eg har sett opp begge deler under krevjande tilhøver. Det funkar greit etter mitt begrep. Kuppeltelt med lukka stangkanaler som må tres som eit tunelltelt med lukka kanal i eine enden og stangkopp i andre derimot... Hakket verre.
-
Eg er samd med deg. Eg harprøvd ulike telt i vind. Så lenge kuppelteltet har dei løysingane med klipsing på, er det faktisk kanskje ein av dei tryggare variantane mtp vind.
-
Sist eg såg to ridgerest var dei tapa saman og del av eit fartsprosjekt over Grønland via Nansenruta funka visst.
-
Når du skal sette opp Staika kan du plugge alle fester på teltet før du trer stenger og reiser det. Måten Hilleberg har løyst dette med lukka kanal nederst og klips i toppen gjer at ikkje ein først spenner opp eit stort vindfang som ein skal stå å plugge. Det gjer det ok å sette opp i vind, i forhold til ein del andre kuppeltelt. Fordel med kuppel ellers er at det toler større snøbelastning enn tunelltelt. Det er og mindre sårbart for endring i vindretning. Tunnelteltets overlegne representasjon i polområda skuldast vel nett behovet for raskt oppsett. Modell utan særleg stort fortelt ofte brukt i nord ser eg, pga mindre fotavtrykk i isen. Altså treng ikkje like stor tomt. I Syd/antarktis har ein jo ofte veldig dominerende vindretninger og føreseielege forhold akkurat kva gjeld det. I camp i høge fjell vil jo nett det med mellom anna snøbelastning vere ein føremun, samt at ein har andre vindtilhøver, og generelt skiftande forhold.
- 21 svar
-
- 3
-
Fleire forhold. For store flater relativt til talet på barduner. Må montere på fleire. For lite avstand ytter inner, evt store flater som enkelt blir trykt inn og tak som samlar vatn. Mtp kva det ikkje toler av vind/regn så tenkjer eg det som eit telt for 3 sesongar i terreng som ikkje er veldig eksponert. Då burde det hatt betre ventilasjon. Teltet er fint til vegnær camping, hybelliv bak rosebusken på Campus og evt ved vergaranti på tur.
- 252 svar
-
- 1
-
Eit eldre Helsport Romsdalshorn, i bruk når vekt ikkje er viktig. Typisk ekstra soverom til kids. Navn: Åmeskinnet. Eit Hilleberg Keron 4 GT. Mykje brukt. Navn: Casa Grande. Salewa Litrek 3 pro. Kjøpt for halv pris, til bruk som hybel når eg er på skulesamling. Omlag også det einaste teltet faktisk dug til. Navn: Hybelen. Ila våren blir det eit nytt Nallo 2, eit telt eg har hatt før og trives med. Navn på det forrige : Lykkebu. Då har eg 4 telt, hvilket er 2 telt for mykje etter mitt begrep. Dei to overflødige/ubrukelege er dog ikkje omsettelege i særleg grad, så då får dei slenge rundt som hybel og ekstra soverom til kids i hagen,til dei avgår med døden. Då endar dei nok omsydd til pakkposar. Ein Bergans tarp i M, påsydd ekstra bardunfester, for meir fleksibilitet i oppsett.
- 252 svar
-
- 2
-
svalbard Erfaringer fra Svalbard på langs?
Tessatroll svarte på Friliftsliv123 sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Det vert sett ein sum av sysselmannen, utfrå turens rute, antal personar, varigheit osv. Sumen kan settast mellom 50 000 til 200 000. For ein "pålangs"-tur bikkar du fort 100 000. Sumen du skal betale til forsikringsselskapet er 10 % av denne. Det er for heile gruppa, ikkje per pers som til dømes for Grønlandskryssing. -
Toppturer Sunnmøre med utgangspunkt Ålesund
Tessatroll svarte på Daniel A. Solheim sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Greit med snø i fjella kring Hjørundfjorden no. Under er bilete av Kolåstind sett frå Follestaddalen, i dag. (eg bur her, så ser rett i fjella kvar dag). Eg kan gå på ski på marka, dog er det nokså rett ned på bakken. Tenker det er betre allereie oppe på Standaleidet. Trur ikkje de får lange gåmarsjar nokon stad. Eg var på langrenn på 300-400 moh i går.- 4 svar
-
- 1
-
Takk for utfyllende svar! Såg desse hjå VPG, tenkte eg sku bestille. Crispi i 75 mm høver meg av ein eller annan grunn dårleg, til tross for at fjellsko og BC frå Crispi høver bra. Så det blir nok nokre gamle traverar, fram til eg får prøvd Andrews. Bindingen skal settast på eit par Nansen. Noko meir ski enn det har eg ikkje behov for hr brukt dei mykje til samme formål, men kjenner at det skal bli greit med litt meir hjelp og støtte til musklane i fotblad.
-
Kva eg tenkjer om det som potesielt kan skje i mitt område? Jau, at eg skal skunde meg å nyte utsikta...... ....for her kan det visst komme eit hav av møller.... Ikkje ein plan my ass. Eg som vanlegvis arbeider hardt for å vere systemtru og open. Eg er heilt desillusjonert kva gjeld desse tinga. Så får me håpe at denne krabaten under, som skal hekke berre få mil unna, kan greie seg.
- 110 svar
-
- 9
-
Toppturer Sunnmøre med utgangspunkt Ålesund
Tessatroll svarte på Daniel A. Solheim sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Med snøforhold, tenkjer du då på snømengder? -
Ta med et par brodder av typen Chainsen pro så er du hjelpt
- 24 svar
-
- 2