Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ser den. Og mitt spm gjekk ikkje på diskusjon ny vs. gammel, var meir meint som eit spm kring kor relevant det eigentleg var med ein slik regel i gruppa, gitt slik og sann. At ein må forhalde seg til den gruppa ein er på tur med er klart
  2. Skjønar tankegangen, og ville definitivt sagt noko om til dømes plastspade i ein slik samanheng, då ein meir enn gjerne vil ha nok spader i ein utgravingssituasjon. Men, ift sender/mottager; dersom ein er ei gruppe føresett eg at ein er fleire enn 2. Om der då til dømes er ein i følget med gammel søker, og resten nye, så vil der, føresett ferdsel i kompismønster, vonleg vere fleire med " ny" søkar? No vart det mange føresetnader her altså, og eg skjønar poenget dykkar, eg berre tenkjer at like viktig som utstyr er no då nettopp ferdselsmønster. I ei gruppe vil jo bruk av kompismønster kunne bidra til at dersom ein vert teken, så er der fleire ressursar disponibelt for søk og redning. No rotar eg meg også ut på viddene og avsporar, så skal avslutte . Ikkje er det "my area of expertise" heller, men er no alltid greit å teste tankane sine.
  3. Du kan fint ha bedding på kortere pulkar, det har inga praktisk betydning.
  4. Me er kanskje litt ulike i kva me synes er enkelt? Eg finn Tracker 2 enklare enn Mammuten (lengde sidan eg prøvde Mammut dog). Men uansett, det me alle er samde om; den ein kan å bruke er enklast å bruke
  5. Eit element eg synes var greit å ta med når eg kjøpte, var at eg skulle ha ein for "vanlig dødelige". Dvs at eg ikkje treng alle slags fancy funksjoner som til dømes ein profesjonell guide vil ha. Dess meir trykkerier dess større sjangse for at eg går meg vill i funksjonar i ein situasjon der eg ynskjer å vere effektiv. Spurte då kjenning som arbeidar med fjellføring og kursing, og han tilrådde BCA Tracker. Nettopp pga at den er så enkel, og slik brukarvennleg. I kombinasjon med trening på å bruke den og ikkje minst graveteknikk, så har ein kanskje, om ein er heldig, gitt kompisen litt betre odds.
  6. Å glide fell hjelp betrakteleg. Elles ville eg kjøpt nokre av dei kalde voksane, blå ekstra, blå, grønn og polar. Ikkje noko hokuspokus å legge på, og ikkje eit problem å veksle mellom kalde voksar og fellar utan å måtte rense skisolen.
  7. Eg tenkjer at du kjapt vil kjenne at kontrollen med smøring er vel så god som me kortfell. Kortfell har ein tendens til å lugge i unnarennet, litt alt etter kva skimodell og smørjelomme du har. Eg har snørekjørt med to og tre trekkhundar, og føretrekk klart smøring for bedre kontroll. Kantane funkar sjølv om dei ikkje er av stål
  8. Eg personleg tenkjer at eit brukt telt av god kvalitet er eit veldig godt alternativ når eit har eit stramt budsjett. Her mellome anna er eit bra telt av annerkjent merke til fin pris : https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=173290214 Edit: beklager, glømte at du fortrinnsvis ville ha tunelltelt.
  9. Der er alltid ei trøyst med andres elende! Men frå spøk til alvor, reknar med balja og kronene kjem til sin rett ved tyngre last/lengre tur.
  10. "never trust a man in new and shiny gear" 😳
  11. Kjøpt meg ei fampete og overprisa badebalje. Dette for å lett kunne frakte rundt på andre meiningslaust dyre dippedutter som eg trur eg treng for å ha det fint på tur. Altså ein Acapulka scandic tour 150. Førebels brukt på ein helgetur med telt. Førebels ikkje overbevist om at det var verdt pengane ift parisbrett som eg har slitt ut nokre av.
  12. Hilleberg sel ekstra stangkopper som gjer at du kan sette opp innertelt åleine i varme. Ytterteltet kan du sette opp åleine i utgangspunktet. Skulle eg hatt eit telt som sku funke til det meste hadde eg prøvd meg på eit hilleberg nallo 2 med ekstra stangkopper til innertelt. Då har du til både vestland og pct.
  13. Eg synes frisport sine lettvektsmodellar er spennande alternativ. Fine prisar og overraskande hardføre. Kva med yaranga light 3? (2 blir for lite for 2 personar mtp at det smalnar av mot fotenden).
  14. Hei Tenker du vil få mange gode tips her, og mitt råd vil då vere, at det er betre å kjøpe brukt og bra enn nytt og dårleg. For 4000 - 6000 kr kan du få VELDIG bra (lite) brukt telt, som vil fylgje deg i mange år.
  15. Tek førehandsreglar då eg har folk i min nære krets som ikkje vil tole så godt ein slik runde. Reiser på tur, bur i telt, unngår store folkemengder. Sagt med glimt i auget og litt flåsete hadde det vore heilt greit med stengt jobb eit par dagar. Men, faren er vel heller stor for at dersom ein først tek til med slikt så varer det meir enn eit par dagar. Så håpet om fri frå jobb er ikkje eit veldig særiøst svar.
  16. Godt poeng som eg ikkje har tenkt over/erfart!
  17. Ikkje attende før etter påske, men om du sender på meg ein PM rett før påske så kan eg sjå om eg får svart deg. Plan A er to veker i Børgefjell og sørover til palmehelga for å ha påska i fjella lenger sør, men ein veit no at med vinterfjell kan ein fort ende langt ut i alfabetet på planar, så både rekkefølge og varigheit i ulike områder kan bli endra.
  18. Det vil eg tru han har, om han ikkje er veldig forkava med pakking Om eg ikkje hugsar feil nermar det seg med stormskritt avreise til Svalbard med 8 bikkjer og slede for dei.
  19. Følgjer denne då eg lurer på Polarisen sjølv, Eg skal ikkje skyrte på meg omfattande erfaring, men har kjørt nordisk før med både slede og pulk. Fordelar og ulempar med båe oppsett. No har eg ikkje bikkjer på heiltid lenger, men vonar eg har det om eit par år når livet byd på ei opning for det. Då tenkjer eg at det kan vere aktuelt med båe deler for min del. Med fleire enn to bikjer vil eg nok foretrekke ein nordisk slede for meir stabilitet og kontroll, spesielt i rufsete terreng, På samme tid vil ein pulk som flyt vere betre eigna i områder utan spor og med mykje snø. Altså på lange turar over flerie veker, der du kanskje går mykje uspora i snø som ikkje er sett eller vindherja, vil ein pulk eller ein toboggan truleg oppføre seg betre enn slede med meiar/evt halvtoboggan. MEN, dette er stort sett synsing basert på eit mindre volum timar nordisk stil, men med ein del fleire timar framfor pulk på snøre eller for eiga maskin. Det er nok mange som er betre eigna til å svare på dette. Kanskje spørje i hundkjørerfora også?
  20. Takk for svar. Har berre ei grovskissa rute utan dei store detaljene. Har nokre veker til rådvelde, så blir å rote rundt inni der etter ver og føreforhold. Var mest spent på isen/vatna igrunn, som det tidlegare på sesongen var rapportert generelt mykje overvatn på. Følgjer dei aktuelle fjellstyra/andre aktører innanfor feltet på Facebook, så sender nok på dei ei melding nokre dagar før.
  21. Digg. Reiser opp neste veke. Koss var vatna/isen?
  22. Arcteryx har tall-modellar.
  23. Eg har hatt et par Silvretta mixfellar nokre år, desse synes eg har god gli i kombinasjon med slitestyrke. Dei har mange hundre km bak seg, og har framleis nokre km i seg, sjølv om dei no har fått eit visst brukspreg.
  24. Eg plar seie at skallkle skal vere nett det; skallkle. Skallkle som blir for tilsittende og tett på, gir dårlegare beskyttelse ved ver, då det ligg tett på huda og ikkje gir luftlag rundt. Meir som eit ekstra skinn. Eg ville gått opp ein storleik. Edit: det kan også virke som at membranane fungerar best om plagga er passelige, hverken for store eller for tilsittende.
  25. Og det må du få lov til å synes @tubbs. Eg står for den støyten Eg synes det dei gjorde ikkje er greit i det heile. Det har eg presisert ved fleire høver. Det vil ikkje seie at eg synes at handlingane deira skal opne for alskens snodige innlegg og usaklegheiter.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.