-
Innlegg
3 565 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
På randonee ski med telt og sovepose i sekken?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
No kan eg berre stå for personlege erfaringar, som er at eg kjenner motoren fyre når eg får i meg eit godt måltid feitt og proteinar (dei to makroane kjem no ofte saman). Dette samsvarar også med det mange ernæringsterapeutar seier om proteinar. Kva som skjer i Randulf sin kropp veit eg lite om 🤷🏼♀️ Mja, bruk av dunjakke. Har ikkje specs men det har gått mykje i ei gammal ME jakke eller ei Rab, som eg kan tenkje meg er i kategorien 400-500 gr med høg dunspenst. Dårleg på modellar, men trur kanskje Rab'en er ei gammal neutrino pluss. -
På randonee ski med telt og sovepose i sekken?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg målar sjeldan temp, men har nytta den komboen på fleire turar, der det i alle fall har vore rapportert om temp kring - 15, noko som samsvarar greit med meldingar. Dominerande vêrtype medlt er det som styrer mi pakking. Då bur eg i eit lite telt, gjerne saman med ein annan person. Sjølvsagt alle triks i boka med tissing før legging, inntak av eit måltid med bra med feitt og proteinar (prot har høg termisk effekt) osv.- 69 svar
-
- 1
-
På randonee ski med telt og sovepose i sekken?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg pakkar elles også for toppturar med overnatting her heime, men då er det stort sett for ei natt på ein topp, og då er det no ei enkel sak. -
På randonee ski med telt og sovepose i sekken?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ikkje heilt det du spør etter, då eg er noko så merkeleg som ein skientusiast i toppturland (sunnmørsalpane bak huset), utan den heilt store entusiasme for rando. Likevel tenkjer eg at det du skal pakke for i hovudsak utgår frå samme prinsipp som mine vårskiturar på bre med mykje høgdemeter og mange netter overnatting (til dømes Jostein frå Grotli til Fjærland osv): kvart gram tel og ein må tenke bruksområder på alt ein tek med. Eg nyttar på slike turar warmpeace viking 600 eller tilsvarande, down lite 5 og ein halv skumplast i ein eller annan variant. Eg supplerar med drikkeflaske med varmevatn på natt, og søv i dunjakke, knevarmerar og varmeskjørt. Eg har ikkje med skift av ulltrøye eller stillongs, men forsterkar på dagtid med dei same knevarmerane og skjørtet ved behov. Jostein i Mai kan vere alt frå 3 grader og ei tørkekjensle som minner om Sahara, eller det kan vere 18 minus, høg luftfuktigheit og stiv kuling. Då gjeld det å ha fleksibelt "oppsett". Ein liner får eg ikkje nytta til noko fornuftig på dagtid, så den ville definitivt utgått hjå meg au.- 69 svar
-
- 1
-
Glid på pulkbrett vs. glassfiberpulk?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Det meste har dårleg gli på slikt føre. Messing har eg ikkje erfaring med. Har skjønt det er mykje slikt føre i Antarktis/ved sydpolturar.Trur jaggu eg hadde mista fullstendig tålmodet om eg fekk vedvarande slikt føre på langtur! -
Glid på pulkbrett vs. glassfiberpulk?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg har nytta barnepulk frå fjellpulken (kan ikkje tru det er kjempeforskjell på glid på dei ulike Få-modellane?), brukt opp nokre parisbrett og har no ein acapulka scandic tour 150, i tillegg til parisbrett. Eg er veldig glad i Parisbrett, i så stor grad at eg til tross for mange dagar framfor pulken ila ein vinter, nøye vurderte om eg i det heile teke kunne forsvare ein glassfiberepulk når brettet funka så bra. Men eg enda med å kjøpe ein acapulka, mest fordi enkelte turar kravde 2 brett, noko som funkar i enkelte terreng men slett ikkje funkar i andre. Konklusjonen er at eg no også er veldig glad i min acapulka, og den har nok betre glid, spesielt etter ei tids bruk av brett. Eg synes også å hugse at barnepulken frå FP hadde hakket betre glid (og kan ikkje tru dei ulike FP-modellane skil seg veldig, utan at eg veit). Eg kjem nok likevel alltid til å ha både brett og glassfiberpulk. Det er ulemper og føremunar med båe, og eg likar å kunne velje pulk og drag etter dominerande føre, terreng og rute. Eg ville dog ikkje kjøpt glassfiberepulk dersom det kun handla om glid. For så innmarige forskjell synes eg ikkje det er, på akkurat den. For min del var det andre ting som spelte inn ift å kjøpe ein glassfiberepulk. -
Lengde på (fjell)ski når man er passe lang og litt tung
Tessatroll svarte på awesomevicc sitt emne i Vinterutstyr
Som sagt, det er mange forhold som slår inn på kor lettstyrt ei ski er. Ei ski er ikkje nødvendigvis lettstyrt om ho er smal, det er andre ting som tel også. Spenn, innsving, utforming tuppar/framski m.m. Men ei smal ski er mellom anna lettare å få på kant. Skal du ha kortfellar og stålfritt er det litt mindre å velje mellom, om du vel stålkantar og/eller ikkje treng kortfellesystem er det straks meir å velje mellom. Eg personleg er ikkje begeistra for smørjefritt, mine fischer crown er dei skia eg brukar minst. Då er det etter mitt syn betre med ei kortfelleski.Då kan du velje å smøre når det er enkle/"nybyrjarvennlige" forhold, og bruke kortfellar når det er vanskeleg å smørje. Eg har fischer e89, e99, Finnmark, Nansen og Amundsen. Har hatt e109, samt prøvd Cecilie Skog og Breidablikk. Av desse ville eg framleis anbefalt Finnmark, eller e99 (som også har kortfellesystem) om du går for stålkant. Elles er det ei verd av gode ski der ute, og det er vel nettopp problemet. Det er vanskeleg å orientere seg om ein er litt fersk. Då tenker eg at dessa to alternativa er trygge val. Utan at det utelukkar andre ski som gode- 22 svar
-
- 1
-
Har no brukt min xgk i nokre år, ned til 35 blå. Puttar pumpa i ein plastpose og tek han på innerlomma siste halvtimen før eg slår leir når det er skikkeleg kaldt. Har funka greit.
- 37 svar
-
- 1
-
Vintertur på Dovrefjell
Tessatroll svarte på Aleksander Jacobsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Høres heilt flott ut detta. Kan tidvis vere lite snø i Dovrefjell tidleg vinter, og lokale variasjonar frå avblåst til snørikt, men februar plar det no ta til å ordna seg. Likevel greit å ta en dobbeltsjekk på snøforhold før du dreg. -
Vert Crispi Skarven for låge? Det er i alle fall dei "allround"-skinnstøvlane eg har vore mest nøgd med. Funkar til både lette og tyngre turar. Eg hærar ikkje jaktstøvlar/lange skaft, har berre vurdert det ved eit par høver, då veldig rufsete terreng med oppakning som er veldig tung. Men det er no veldig individuelt kva ein synes er godt å gå med.
-
Lengde på (fjell)ski når man er passe lang og litt tung
Tessatroll svarte på awesomevicc sitt emne i Vinterutstyr
Dersom du skal ha den både i skauen, på fjellet og i løype ville eg valt Finnmark med litt god lengde. Nokre vil argumentere med at ei ski med litt lengde er verre å handtere om ein ikkje er røynd på ski. Mi erfaring er at det er så mykje meir som spelar inn på dette enn skilengde, og at trøbbel med å få kanta ski på hardt føre (breie ski og/eller mykje innsving) og ski som "skivjar" rundt i alle retningar på fast fjellføre er vel så utfordrande som ski med litt lengde. Ei ski med litt lengde gir litt meir stabilitet i fart, og vil også kunne bere betre (det er fleire ting som spelar inn på bereevne i djupsnø, men litt lengde for å vege opp for mindre breidde skadar ikkje). Så er det klart, dersom du hovudsakleg skal ferdast i tett skog, ikkje i fjellet og i løypa berre kvart skotår, så eignar kanskje eit av dei andre para seg betre, og i ei kortare lengde. Eg har prøvd Breidablikk på ein gong, og må berre seie at dei aldri hadde funne vegen inn i min skistall med mindre eg hadde spesifikt behov for ei ski med slike spesifikasjonar. Eg mistenkjer det same gjeld Kongsvold. Altså, eg tenkjer at det ikkje nødvendigvis er dei beste "allroundskia" om ein skal ha eit par som skal funke til fleire ting. -
I dag gikk det muligens opp ett lys for meg angående kroppen min...
Tessatroll svarte på Stv sitt emne i Bekledning
Eg også sleit med vest. Men skal innrømme at det var mest fordi eg rett og slett synes det ser heilt noldus ut, spesielt tjukke dunvestar gir meg assosiasjonar til spisse sko og upraktiske bilar 😶🙉😂- 25 svar
-
- 1
-
I dag gikk det muligens opp ett lys for meg angående kroppen min...
Tessatroll svarte på Stv sitt emne i Bekledning
Dersom du ligg i grenseland trekkjer kroppen blodet inn til indre organ. Du kan godt vere litt "nedkjølt" uten å fryse, på same vis som ein kan fryse utan å vere nedkjølt. Å halde kjernen varm er ein fin måte å halde fingre og tær varme. Av den grunn synes eg vest er eit genialt plagg. Gjer mykje for temperaturen når den er lukka. Lite om ein opnar den. Genialt reguleringsplagg.- 25 svar
-
- 1
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Då kan me einast om å vere usamde. Kontekstuelt les eg det ikkje som usikker. Men konteksttolking er auget som ser og definitivt med rom for feiltolking. Det er sannsynleg at eg feiltolkar. Bastant? Ja kanskje. Eg er nokså bastant på at det er vanskeleg å seie noko sikkert om effektar. Difor synes det meg vanskeleg å utelukke effekten av enkelte tiltak. Og utilsikta konsekvensar? Ja, over heile fjøla. Berre ved at vi verkar. Det vert vanskeleg å verke med utgangspunkt i at vi ikkje veit noko i det heile, når vi veit noko. På same tid kan me ikkje operere utfrå at me veit alt, for det gjer me slett ikkje. Så kan ein vere usamde om kvar ein vil legge seg langs linja imellom. Utover det trur eg ikkje me har det store utbytte av vidare skifte. Det synes meg at me er samde om kompleksiteten. -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
....og det er nettopp mitt poeng. Kompleksiteten i samanhengane er stor, på same tid som me har kunnskap om ein del grunnleggande mekanismar. Det synes eg borgar for at ein ikkje kan vere bastant nokon veg, og slik heller ikkje avskrive ein faktor fordi den er usikker. Det er mange usikre faktorar her, som eg tenkjer likevel ikkje skal av spelebrettet. Vinteren er tøff for rypa. Ein veit også at "måten" menneske og andre predatorar tek bytte på er ulik, både i utval og effektivitet. Det er mange sider ved dette, og det skil seg mellom artane sjølvsagt, og rammevilkår. Rammevilkåra for mellom anna rypa er i endring av mange grunnar. Om ein kan avhjelpe situasjonen med begrensingar på jakt og med å ta ut predatorar, så er vel det ikkje dumt, sjølv om det ikkje er heile hverken svaret eller biletet. I det området eg jaktar vert det i alle fall rapportert om vesentleg oppgang i hare, og noko oppgang i skogsfugl. Det samanfell med effektane av ein ganske stor innsats på mellom anna raudrev og mårfeller. Tilfeldig? Kanskje. Finn me andre plausibel forklaringar? Truleg, men ikkje gode nok til forklare heile oppgangen (trur eg). Har me då råd til å avskrive det som bra tiltak? Etter mitt begrep: nei. Så er det klart, at om ein er grunnleggande usamd i det som av mange vert kategorisert som eit antroposentrisk syn på det hele, så skal jo alt berre få vere i fred, og konsekvensane av vår tidlegare inngripen og nedbygging av areal osv skal berre få komme og gå, det skal "balansere seg sjølv". Så er det mange nyansar innanfor grunnleggande naturfilosofi, og ikkje berre ytterpunkta. Heldigvis. -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Sjølvsagt er det sammensett, men det vil ikkje seie at enkeltfaktorane er ugyldige. Predatortrykk er ein faktor. Synes @Jaahan forklarar dette på ein greit måte. Det er bakgrunnen for at eg faktisk måtte få presisert at du er usikker på om predatortrykk har noko å seie. For meg vert det heilt snodig, når det "i stort" kokar ned til næringskjeder, habitat og konkurranse, og korleis ulike endringar (inkl menneskeleg aktivitet) påverkar desse. -
Ikkje erfaring med modellen men andre fischer fjellski. Det eg kan seie om dei er at dei har vore kjent for hakket betre kvalitet på solen, noko eg synes verkar å stemme. Om dette held seg oppe på dagens modellar veit eg dog ikkje. Elles kan eg seie at mi oppleving av Fischer 109 var at det var som å gå med ei dau sild under føtene. Det er dog mange år sidan, så kanskje er dei annleis i dag. Eg trur heller ikkje eg hadde giddi Ingstad på kvista spor over mange mil, men eg har ikkje erfaring med Ingstad så skal vere forsiktig med å vere for bastant på den. Så er ein også ulike. Må eg velje mellom ei rank ski som gir respons på trøkket du legg i og som kantar godt, og ei "slapp" ski som er leiken/enkel å manøvrere men verre å få kanta og som gir lite respons, vil eg nok alltid gå for det første.
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Forstår eg deg rett: du er usikker på om uttak av predatorar har verknad på bestandar? -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Spesifikt kva er det du er usikker på om det er rett? -
Ikkje erfaring med modellen men andre fischer fjellski. Det eg kan seie om dei er at dei har vore kjent for hakket betre kvalitet på solen, noko eg synes verkar å stemme. Om dette held seg oppe på dagens modellar veit eg dog ikkje.
-
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Eg er hverken samd eller usamd med deg, så det er sagt. Eg berre presiserar at den er nær truga, ikkje truga, og at det med denne arten som med andre er vanskeleg å trekke bastante slutningar, då det er så mange faktorar i samvirke. Meir forskningmidlar vil vi ha, hurra! -
Småvilt på liste over truede arter, utskilt diskusjon fra annen tråd
Tessatroll svarte på Fenrisfrøya sitt emne i Jakt
Sist eg sjekka var hare lista som NT, altså nær truga (ikkje truga), på grunn av ein nedgang siste 10-15 år. Så er det med denne som med mange andre artar vanskeleg å vite nøyaktig kva som årsakar det, truleg fleire faktorar, mellom anna ser ein på nedgang i jaktutbytte. Og det er'kje godt å vite om ein har nedgang i jaktutbytte fordi det er mindre hare eller om det er fordi det er mindre harejeger. Men i raudlista omtalar ein det ein meinar er grunnlag for å anta at jaktutbytte har gått ned grunna nedgang i bestand. -
Har både Amundsen, Nansen og Finnmark (Gamme uten stålkant). Syns Finnmark/Gamme er eit fint kompromiss til det du skisserer, den fell litt raskare gjennom enn Nansen i djup snø men gir meir att for tråkket bortover. Meir leiken og styrbar enn Amundsen om ein skulle råke utfor litt moroterreng med fin snø. Det sagt er alle tre gode ski, og det er lite truleg ein blir skikkeleg misfornøgd med nokon av dei, men ville kanskje ikkje valgt Amundsen til topptur med ambisjon om å sette telesvingar. Om eg skulle hatt berre eit par ski fjellski trur eg det ville vore Gamme, med BC dersom ikkje plan om topptur, med 75 mm dersom plan om topptur.
- 24 svar
-
- 1
-
Nekte folk å lage turmål i bok eller på nett?
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Spennande problemstilling. Sjølv veit eg av grunneigarar som fortviler over dette, med bakgrunn i vanskeligare tilhøve for hjorteforvaltning. Dette i eit område der det tidvis har vore utfordrande å få skutt ut dyr i henhold til bestandsplan. Når ferdselen aukar, i til dømes eit område som tidlegare har vore ein god stad for å få opp avskytingstal, risikerar ein å presse dyra, og så blir dei ståande slik at det vert praktisk vanskeligare å få teke dei ut. Med tanke på at auken i hjortestammen i ein del områder vert problematisk, kan eg forstå grunneigarane som skulle ønske "trimboka" dit peppern gror. På same tid er allemannsretten viktig og må hegnast om. Eg meinar dog likevel at vi kjem lengt om ulike interessegrupper tek omsyn til kvarandre. Det vil seie at eg tenkjer det er lov å la vere å springe rundt på alle ryggar i fjellet i dei mest sentrale områder for villreinjakt når ein veit jakta pågår (føresett at ein veit det). Det er også lov å plassere turboka ein annan stad dersom ein mottek kunnskap som fortel at ein skaper vanskar for andre, til dømes gjer det vanskeleg å få opp avskyting på hjort. Å ferdast med fornuft og omsyn tenkjer eg kan bidra til at allemannsretten får stå, også i ei framtid der presset på slikt areal truleg vert endå større enn i dag.- 27 svar
-
- 2
-
Trenger tydeligvis hjelp til å finne en bra skallbukse...
Tessatroll svarte på Stv sitt emne i Bekledning
Arcteryx Beta, Theta eller Alpha. Har hatt. Tilaq? Har ikkje sjølv, men venner har. Skryt. Rab sine kraftigere salopetter. Har hatt, dritbra, mogleg ute av prod. Med eVentmembran. Bergans sine 3L med den minst fancy membranen (ikkje element eller stretchgreier).