Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Har farta nokre gonger over både Josten og Hardangervidda. Frå Åsnes har eg Nansen, Amundsen og Finnmark (siste er vel Gamme utan stålkant). Av dei tre er Amundsen eller Finnmark er det eg ville valt over vidda kvar gong. Josten er litt annleis, der kan ein oppleve at det er digg med litt meir bæreevne og løft i front enn Amundsen i alle fall, og eg ville kanskje vurdert Finnmark/Gamme eller Nansen over Amundsen, sjølv om dei siste og tek deg over Josten fint. Spm er jo kva du vil prioritere, og om Jostedalsbreen er ei eingongssak eller om du kjem til å ferdast ein del på bre og i snørike, bratte vestlandslier. Eg synes elles den nye Sverdrup-skia ser freistande ut, men kanskje vil den ha dårlegare eigenskapar på vidda att. Det sagt så funkar det meste dei fleste stader, så eg ville velgt ski etter det terrenget og dei snøforholda eg ferdast mest i.
  2. Eg tenkjer det går an å styre unna trådar som dette om ein synes det er vanskeleg å forhalde seg til at andre finn fellefangst både meiningsfylt og formålstenleg. Det er lovleg aktivitet det er tale om her.
  3. Vinterfjellet er jo vakkert og fantastisk men kan no også vere nådelaust.. Om eg skulle gått ut frå Finse som fersk i vinterfjell ville eg tenkt meg godt om i høve kvar eg la ruta, og sett vêrmeldinga godt an. Spesielt tilhøva rundt Jøkulen kan bli tøffe, med fallvindar og uføreseielege tilhøve. Eg ville kanskje lagt opp til ei rute som gjer at eg var "nært folk" og eventuelle exitar første dagane, og fått gjort nokre erfaringar og kjent litt på fjellet. Så, ved ok meldingar og dersom kjensla er god kan ein vurdere å dreie litt lenger vekk frå "folkemengdene i aust". Eg ville som fersk framleis holdt meg til ei type "hytte til hytte" - rute, slik at eg hadde ei viss form for tryggleik i det. Kanskje ogso legge turen til etter at ein har fått stikka løypene? No høyres eg veldig formanande ut, og det er ikkje meininga, men tilhøva der oppe kan vere tøffe. Og det faktum at du både er fersk og åleine tenkjer eg gjer det viktiga å operere med endå større marginar enn elles. Konkret forslag kan vere Finse - Krækkja - Heinseter - Tuva - Haugastøl. Då med føresetnad om ok vêr første dag og at du går i alle fall så langt som Finsbergvatnet. Du kan sjølvsagt gå lenger vest, men då er eventuelle exitar vanskelegare tilgjengeleg kollektivt og det er gjerne meir vêr. Altså, hovudpoenget er; sjå an vêr og legg ruta deretter. Elles er det slik at det kan vere stor forskjell på tilhøva på Finse og på Ustaoset. Så ideelt sett hadde ein vurdert Ustaoset som utgangspunkt med meir folk, meir stikka løyper, tettare mellom hyttene. Eventuelt Haugastøl og ein runde sørover. Der kan du bygge ut runden eller forkorte med større lettheit, etterkvart som du ser korleis forholda blir òg korleis du synes at utstyr og kropp virkar Eit langt og uvanleg formanande innlegg til å vere meg detta, kanskje er du durkdreven på vurderingar men berre manglar erfaring på ski, då får du bere over med meg!
  4. Du kan vurdere Kjeldebu i staden for Krækkja? Elles er etappen frå RV 7 og til Sandhaug nokså lettgått terrengmessig, føresett at det ikkje har vore store snøfall.
  5. Så digg, du har mange gleder framfor deg! Eit spm: Vil det at du er fersk på ski også seie at du er fersk i vinterfjellet? Det kan nemleg vere greit å spesifisere, då det i alle for mitt vedkommande skil seg kva turtips eg vil gi til nokon som har mykje erfaring kontra nokon med lite erfaring.
  6. For lange ski kan vere eit herk, men for korte er nesten verre. Eg er 166 cm høg, med middels goe skidugleikar i nedovervariant, men med ein del timar på fjellski. Eg har Nansen i 185 cm, Finnmark i 190 cm (i praksis Gamme uten stålkant) og Amundsen i 187 cm. Alle desse er topp. Dei eg synes er minst topp er eine paret mitt med Fischer e99 i 180 cm lengde. Dei er irriterande korte, og vert no nytta til "steinski" eller evt i snødekt steinur, då som ei form for lang truge om eg skal sjekke mårfeller (noko eg berre har bedrive eit par sesongar så strengt teke har eg dårleg bruksområde for dessa skia).
  7. Nettopp. Mogleg det ikkje går tydeleg fram av mitt svar, men eg meinar at kommunens rammevilkår som planmynde saman med alle andre mynde, realistisk sett ikkje legg opp til å greie ta nødvendige omsyn slik stoda er i dag. Altså er eg samd med deg i at ting må vere annaleis. Men eg trur ikkje der er berre eit gyldig svar. Eg trur det er fleire ting som må skje. Det held ikkje å berre innskrenke den kommunale sjølvråderetten på feltet.
  8. DNT genererar mykje trafikk i områder. Nokre stader er det bra, dei fungerar som kanalar utanom sårbare områder... Andre stader fungerar dei som kanalar TIL sårbare områder, då er det godt dei tek grep. Eg er ingen stor DNT-fan men synes likevel det er viktig å applaudere dei gode grepa. Vil ikkje seie eg er blind for andre, mindre bra forhold altså. Men bra tiltak kvalifiserar til ein tommel opp 👍🏻 Eg har heller ikkje sans for denne storstilte utbygginga av hytter, som samanlagt med øvrig "snikande" bit-for-bit nedbygging gjer store skadar. Så kan enkelte delar av nedbygginga kanskje ha meir eller mindre edle formål etter kven ein spør, men i sum skadar det. Så endå litt meir OT: Personleg tenkjer eg at med dei utfordringane me står overfor dei neste tiåra, er me avhengige av gode dialogar og utstrakt kultur for å heie på gode tiltak. Dei gjennomførbare løysingane vert stort sett til mellom menneskjer med ulik ståstad. Gjennom forståing er det også at ein byggjer aksept for at ein innimellom går ut som "tapande" part (til dømes utbyggjarar og grunneigarar). Kva gjeld kommunane er mange av dei i ein "umogleg situasjon", og eg skulle ynskje at kommunane fekk betra sine rammevilkår som kommunalt planmynde, til å ta dei omsyna som trengs. Alle artar bur i ein kommune. Likeins alle menneskjer, inkludert dei som vel ynskjer å ta vare på naturen. Det ligg altså meir til rette enn ein trur, om ein frå sentralt hald ville vere litt meir villig til å sjå på realitetane i kommunenorge i dag, og korleis ting heng saman der ute.
  9. Hei Tom Eg er litt usikker på om eg skal tolke denne ironisk eller særiøs? Om tilfellet er det siste så legg det ikkje nett opp til god stemning. Moderator
  10. Så bra! Og takk for attendemelding, det er nyttig når eg sjølv skal handle.
  11. Samd i dette. Eg har vore ein del i området men ikkje vore på smørstabbreen sidan 2019. Det skjer mykje med breane våre om dagen. Er uansett tilbakehalden med ferdselsråd på bre om eg ikkje nettopp har vore der. Høyr med lokale eller DNT/Krossbu/Sognefjellshytta om oppdatert informasjon på koss breen var i fjor og koss forholda er i år. Tidlegare har ferdsel på ski etter stikkaløypa tidleg vår vore ok, men det treng ikkje vere regelen og det treng ikkje vere tilfellet lenger.
  12. Pelskant er uvurderleg! Eg har i mange år hatt ein av polarrev. Denne er super, men no litt medferen og det var på tide med ny. Fekk då jervekant i bursdagsgåve. Den skal vere best i fuktige/vekslande tilhøve mtp ising. Det skal vere sagt at det ikkje er mange ganger eg har opplevd at revekanten har isa skikkeleg, kanskje 2-3 gonger. Eg har elles teke den av og pakka den ned ved skikkeleg mildver/regn/veldig høgluftfuktighet til dømes på bre. Ofte kan kant vere nok, men er det skikkeleg ufyseleg midt mot må eg ha noko i tillegg (typisk kald vind midt mot på veg opp brefall).
  13. Ein allround 3-sesongspose tenkjer eg i hovudregelen bør gå nedpå minussida. Skulle den bli i overkant varm enkelte netter er det berre å opne fotenden eller bruke den som dyne.
  14. Nyttar 600 saman med anna syntetpose. Men den er følsom for tidens tann. Altså går heilt fint første åra, men taper seg så akkurat nok til at det blir snippent. Så dersom eg skulle hatt ein pose å nytte også vinterstid saman med ein annan pose ville eg gått for 900. Blir den for varm nyttar du den som dyne, eller nyttar Haliten åleine. Å kjøpe wide ville eg ikkje gjort. Eg er 40 år, 166 cm og gjennomsnittleg på storleik, synes sjølv regular i vanleg vidde vert litt for vidt enkelte netter.
  15. Forsvarets fotposar utanpå skiskoa? Det hjelper mykje.
  16. Det går fint å sette telesvingar med BC, i alle fall på godt føre, men dei toler det ikkje så godt i lengda. Eg har øydelagt BC bindingar på det, og sist eg bytte bindingar fekk eg beskjed frå fyren på den lokale skisjappa om å slutte å mishandle bindingane mine. Opplever at dei toler betre å sette paralellsvingar. No gjer eg ingen av delene med BC lenger, då eg har blitt ei halvgammal og redd kjerring, med dårleg kne og lang restitusjonstid 🙉😂
  17. At skia dansar litt stemmer nok for mange, og handlar ein del om spesifikasjonane på skia. Den kan også vere krevjande å få på kant til dømes i sidehellingar og krev ein vridningsstiv støvel. Finnmark gir att meir for trøkket du legg i på transportetappar og er lettare å få på kant. I tillegg er den lettstyrt. Litt av det ein mistar på bereevne i skogen utanfor løype (på breidde kontra Breidablikk) kan ein no prøve å ta att på litt lengde. Finnmark har litt rocker i framskia, så det vert ikkje skrekkeleg mykje ski å handtere om ein går opp litt i lengde. Eg er 166 cm og har Finnmark i 190. Heilt topp for meg.
  18. Ikkje så godt å sjå under snøen, men er det rottefella xplore binding? I tilfelle vert det sett stor pris på ein liten epistel om korleis dei funkar. Står i valget mellom nye 75mm støvlar eller bytte ut 75 mm med den nye rottefella-bindingen, men skeptisk til noko som helst fjørbelasta inne i ein sko i eit lukka system, spesielt over fleire dagar og eventuelt vekslande temperaturar og snøforhold. Blir superglad om du delar erfaringar!
  19. Eg må til med nye NNN sko sjølv, då mine er gåen. Eg vurderar sterkt Alfa sine klassisksko, dei verkar varmare enn mange andre klassisksko. Må berre finne ein forhandlar med litt utval så eg får prøve ulike modellar.
  20. Langsua er ofte snøsikkert tidleg, i tilleg er det mykje hundekjørerar der. Så om det er mykje snø og lite spor kan det vere greit å sjå om du finn scooterspor eller oversikt over hundeløyper.
  21. ....og eg trur eg har hatt nokre av mine kaldaste netter i høve kuldegjennomslag underfrå på nettopp barfrost eller lite snø på frossen bakke.
  22. Eg har støtt nytta skum på toppen, med unntak av dersom det er mykje skarp stein. Eg opplever at det gir større komfort og er varmare å ha skumen på toppen. Eg har ingen berekningar eller teori å legge til grunn, det er kun basert på oppleving. Eg nyttar ein eller annan variant av thermarest ridgerest eller Z-lite, bamsen ligg stort sett og støvar ned på laveste hylle i boden. Eg innbiller meg at det er noko med at riller eller struktur som går på tvers av kanalane på downmaten gir ekstra komfort (som ein overmadrass heime) og kanskje eit ekstra luftlag?
  23. Og nettopp energi brukt på å fordøye er det som gjer at protein har høgare termisk effekt. Kva som er eit for stort eller eit for lite måltid anar eg ikkje, men eg forheld meg for det meste til eigne erfaringar, som er at eg får opp tempen når eg et mat med godt proteininnhald.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.