Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Brebriller synes eg er eit must i slike forhold, altså briller med skikkeleg tetting rundt/klaffer. Tetting er faktisk så viktig, at dersom eg fekk velje kategori 3 med god tetting eller 4 med dårleg ville eg valgt det første. Det er også slik at mørke briller/kat 4 gjer at pupillen utvidar seg ein del. Når det då kjem inn lys frå sidene får du eit slags "skadepotensiale" likevel, i forhold til om pupillen var meir samantrekt pga litt lysare glas. Men du kan nok prøve å lage tetting på dei du har å sjå korleis du synes det funkar? Enkelt med litt tape. Så fekk eg eingong høyre frå ein brefører eg kjenner at polariserte brilleglas kan føre til at ein ikkje ser små nyanseendringar i snø som kan skuldast det som er under snøen. Eg har førebels ikkje opplevd det på bre (har prøvd båe) men det er no kanskje eit element å ta med dersom ein også ferdast ein del på snødekt bre.
  2. Nettopp denne eg tenkjer litt med mitt innlegg over også. Eg har til dømes dingla lenge nok nedi sprekk ved øvelse på redning av bevisstlaus kamerat, til å verkeleg ha kjent på kroppen (og ryggen) kva det krev, og kor blytungt og kanskje i enkelte tilfeller umogleg det det er, om om snøkanten i tillegg er vanskeleg. Eg kan levande sjå føre meg/kjenne korleis hengetraume skrid fram. Ein vil helst ikkje dit. Eg er kanskje litt konservativ, men meinar at ein før slike vurderingar på 2-mannstaulag og ferdsel, skal ha tileigna seg kunnskap og trent ferdigheiter på eit vis som gjer at ein eigentleg sjølv, eller innad i turlaget veit kva ein treng ta med. Gitt at ein har ok informasjon om breen og tilhøva. Det finnast sjølvsagt generelle tilrådingar for ferdsel bre i ulike variantar, men desse finn ein no enkelt på nettressursar eller i bøker. Så må ein justere dei råda og kople dei til eigne kunnskapar og vurderingar. Å tilrå ei rein "teknisk" løysing får det i alle fall til å rykke i den "konservative" nerven min 🙉
  3. Eg er ingen breførar, men har no etterkvart nokre timar på bre, hovudsakleg snødekt. Vurdering av mengde utstyr og nedkjøring i/utanfor tau er no ei vurdering for kvar tur. Men det er no vanskeleg å berge kameraten sin utan tau, så har ein vurdert å køyre utanfor tau og noko skjer, kan det no vere formålstenleg med eit kort halvtau på lur i sekken. Akkurat dette med tomanns taulag gjer no at det i utgangspunktet er duka for nokre avvegningar som er annleis enn i eit taulag på fleire. Og som alltid med spm knytt til bre er det umogleg å gje eit fast svar. Dagen, folka, kunnskapen, vêr, føre og breen er variablar som kan gi ulikt svar.
  4. Hm, interessant. Kva kjem endring i farge på såle av då eigentleg? Berre det "ytre" laget?
  5. For min del synes eg det er mange høver til å høyre desse.
  6. Synes programma er fine eg. Gode samtalar med folk som ikkje representerar eit ekkokammer, det er friskt og deilig. Det vil ikkje seie at eg forstår alt, tvert om er det mykje eg ikkje forstår. Ser ein del "kjendisar" og tek meg sjølv i å tenkje "dersom eg hadde levd slik/tenkt slik er eg usikker på korleis min trivsel og mi mentalhelse hadde sett ut". For meg blir det då desto viktigare å prøve å forstå. Det er vanskeleg å få til ei deltaking i samfunnsliv som stettar opp under ei god utvikling, dersom ingen skal forstå noko anna enn eiga verd. Korleis skal ein då finne felles grunn i dei store spørsmåla? Og då tenkjer eg både på micro- og makronivå. Detta blei litt svulstig, avsluttar no før eg tek heilt av 😂🙉
  7. Du kjem langt med blå, blå spesial og lilla. Hurtigglider på flaske. Felleglider i stykke eller flytande. Å få ein skikkeleg prepp kan vere greit, men viktigste er at du sett dei inn med opplagsglider ved endt sesong. Prøv å unngå å tørke ut sålen. Kortfellar i løyper er for meg KUN ved klisterføre. Klister har eg ikkje tålmod til. Å gå på blåswix-føre med fellar ville gitt meg vondt i magen 🙉 og forringa skigleda mi. Startar du enkelt så sankar du erfaring etterkvart og heile "smørjesirkuset" vert litt mindre overveldande og pesete enn det kan verke ved første augekast.
  8. Eg har ikkje hatt denne erfaringa men det ser eg føre meg er tungt ja.
  9. Har silvretta mohairmix langfell som har både meget god glid og har tålt mange, mange km framfor pulken. Kanskje det paret med fellar eg har som har vore mest slitesterke med unnatak av gamle Montana syntetfeller. Eg og @graham er sjeldan samde om feste på tur, ei heller no 😂 (til TS må eg seie at vi er gode og venner og har vore mykje på tur saman så dette er godmodig erting). Eg tenkjer det er eit poeng med så smale fellar som ein kan tole utan å miste feste. Eg opplever at det ved lange dagar framfor pulken er mykje krutt å spare i beina ved å til ei kvar tid velje det alternativet som gir best gli utan å miste feste. Men kanskje er det viktigare for meg fordi eg er dame og og ikkje like sterk som dykk. Er viktig for meg generelt å "spare energi" der eg kan, og enno viktigare på tur der eg skal henge med menn.
  10. Eg diggar Nallo 2, og har nytta det mykje gjennom åra i alle slags tilhøve, både åleine og to. Har også eit nallo 3GT, eller for å vere korrekt, eg eig eit halvt 🤪😂Det har vorte ein favoritt hjå båe impliserte partar. Kondens har ikkje vore eit problem. Elles er eg 166 cm så dette med lengde/fotende/innertelt erkje så relevant for meg
  11. Fekk ny sole og kalosjering på mine La Sportiva Trango hjå Hillroy i Lillehammer. Vart bra, men eine solen løsna litt på første fjelltur. Det fiksa dei oppatt og sidan har den holdt. Trur maskinene og produktet var ganske nytt for dei då eg gjorde det, så det skulle vel lærast Elles alltid høg kvalitet på det dei gjer, har brukt dei til å reparere Skisko, selskapssko, seletøy, kle osv. Du finn Hillroy både på Facebook og Instagram.
  12. Veldig enig ang for høg såle. Raptor er heilt akkurat innanfor for meg. Kunne også tenkt meg ein raptor utan gtx, eller ein raptorliknande sko.
  13. 45 km på langrennski i preppa spor er i utgangspunktet heilt kurant. Det er forskjel på det og eit halvdårleg scooterspor i høgfjell og med orientering i dårleg vêr. Vert det kjørt skikkelege løyper kan ein ta utgangspunkt i at det er ok, men lurt å ha med det som trengs med tanke på ventetid til dømes ved ein skade, dvs vindsekk, ein spade og varme kle. Litt meir niste enn ein trur, og kanskje kan gruppa ha med eit stk langt liggeunderlag om noko skulle oppstå (skade). Av sekkane du nevner kan eg trekke fram Targhee som ein sekk som sitt veldig godt på. Den er smal nok til eit noko lunde stavisett på langrenn, meinar eg. Når du pakkar sekk på ski pakkar du gjerne tyngdepunktet lenger ned enn når du pakkar for fottur. Ein smal, litt høgare sekk gjer ingenting så lenge du pakkar den korrekt (og innanfor rimelegheit sjølvsagt.)
  14. Eg har nytta Bushido mykje i fjellet, men ei veke med oppakning ville vore i grenseland, og terrenget ville hatt stor betydning. Mykje stein og hardt underlag i kombinasjon med oppakning, så trur eg at eg ville hatt kraftigere sole med litt meir demping. Eg har også raptor. Tyngre og meir klumpete, mindre "løpsfølelse", klammate, men langt kraftigare sole og betre dempa.
  15. Snur på det då, sidan du likar sol i ryggen: Tog eller bil til Voss, buss til Haukeli og tog frå Finse til Voss att, evt heilt heim om det er mogleg.
  16. Topp vart i stuss på den "gå på langs" og det er så mange trådar med folk som skal ut å gå til fots medan det ligg snø at eg måtte berre nett dobbeltsjekke 🙉 eg var inni der i saman med @Sig Man i vinterferien. Sett vekk frå nokre dagar inst i Imsdalen under studiar var det første gang. Flott område! God tur
  17. No veit eg ikkje kva kant du kjem frå, men bil til Voss, tog til Finse, gå med sola i ansiktet til Haukeliseter, ta ei overnatting der og buss attende til Voss?
  18. Ingen motsetnader for meg å tenke beredskap og fellesskap på samme tid. Tvert om.
  19. Eg skal ikkje gi meg inn på politikken, men beredskap er ikkje dumt anten det er krig i Ukraina eller ei. Eg har beredskap ihht direktoratet sine tilrådingar, med unntak av nok vatn, må ta ei tusle der. Beredskap er også ein del av det å førebu at mine unge vaksne flyttar ut og at vi skal befinne oss i ulike landsdelar. Dette tok vi til å snakke om i fjor når det vart klart at vi endar på kvar sine kantar. Å ha ein masse ekstra greier er kanskje ikkje det som blir prioritert på studentbudsjett, så det blir mors beredskapskasse på hybelen/i kollektivet. Litt turutstyr blir også med, sjølv om ein ikkje tenkjer det blir brukt til tur. Kidsa spesielt synes eg er litt noldus. Det får stå si prøve. Klimaendringar med påfølgjande naturhendingar, uro og forsyningsproblem kjem ikkje til å avta dei neste tiåra.
  20. Hei Først og fremst så må eg berre påpeike at detta området ikkje ligg i Jotunheimen det ligg ganske langt frå. Så vil eg rå til guide eller kurs. Bre er bre. Og snødekt bre er på mange vis vanskeligare enn blåis. Vurderingane er særegne for bre og nokså frikopla klatring. Elles ville eg prøvd å få tak i eit eksemplar av breføraren. Sjølv om breane endrar seg er der mykje god informasjon om anmarsjar og ruter, og en kan lære litt om dei ulike områda. Spørsmåla dine er vanskelege å svare på og kanskje ikkje ynskjeleg å svare konkret på. Det skjer ting i breane heile tida, og det er store variasjonar frå år til år. Det du spør om er igrunnen dei tinga ein løpande tek vurderingar på når ein er på tur, og som mange, inkludert meg, vegrar for å svare på. Generelt kan ein seie at å gå i to-mannstaulag er nokså sårbart, og eg tenkjer ein skal ha kål på kva ein driv med. Berre så det er klinke klart, så er sprekkene der heile vegen, også godt "oppe på bresnøen". Sesong varierar frå år til år, men eg ville kanskje satsa på august.
  21. Nyttar du oppstallingswire i staden for tau slepp du ball.
  22. Kjem an på kva område du er i, klima og terreng 🤷🏼‍♀️ og år til år. I mine trakter er like gjerne Mars den store snømånaden, og ein kan risikere ei dump på halvanna til to meter. Så kjem det elles an på grad av tele i bakken før snøfall, omkringliggande landskap (brear eller ikkje), høgd over havet osv. Veldig vanskeleg å lage nokre generelle reglar på dette. Eg har kryssa Hardangervidda i Februar og hatt flekkvis bart og klinkis, eg har kryssa på 4 cm styresnø og blåswix heile vegen og eg har kryssa og stampa til midt på leggen på flatmark med tidvis snø midt på lår og opp til navlen for å komme gjennom vinddeponerte snøfonner som ein ikkje fekk fått rundt 🤷🏼‍♀️
  23. Smaken er som baken Eg opplevde Cecilie som ei altfor mjuk ski, og gjekk difor heller for Nansen. To av mine venninner enda med å bytte ut sine Cecilie av samme grunn.
  24. Eg har også fått målt spenn, og opplevd at det varierar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.