Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Andrew 75 mm skistøvlar på supertilbud hjå Gamletorvet sport, for dei som har opp til str 40. Både St.Moritz og Arctico. Eg reiste med siste par St.Moritz i str. 39 til ein alldeles latterleg pris.
  2. Elles ligg det no mange par meget pent brukte Crispi Stetind på finn, om du har Crispifot. Ein god støvel.
  3. Kan det vere eit alternativ med kollektiv til Dyranut og gå til Haukeli, kollektiv heim? Går buss i båe retningar frå/til båe stader. Husk berre å undersøk korleis det ligg ann med villrein og ferdsel for områda/hyttene for perioden de skal avgårde. Alternativet kan vere ein runde i Skarvheimen eller Jotunheimen, då unngår de villreinproblematikken heilt. Krossbu - Olavsbu - Gjendebu - Gjendesheim kan vere eit alternativ? Eller er Langsua veldig flott, tett mellom hyttene, både DNT-hytter og fjellstyrehytter, snøsikkert. Som ein liten forgård til Jotunheimen, med noko vennlegare terreng.
  4. Eg ville valgt Nansen alle dagar om valet stod mellom Cecilie og Nansen (difor eig eg ikkje Cecilie-ski). Om eg fekk velje blandt andre modellar ville eg vurdert ei endå rankare ski, som hjelper deg betre på isete skuterspor og i avblåste områder i snaufjellet, type Liv Arnesen eller Amundsen. Nansen og Cecilie er båe raust innsvinga. Fantastiske ski til sitt bruk, men Cecilie vert alfor daff til slikt terreng, og båe modellar vil krevje litt av skoen og deg om du skal ferdast isete/hardt og/eller på scooterspor (som slett ikkje er like godt alltid). Amundsen og Liv Arnesen er rankare med litt meir spenn, og vil gje deg betre kontroll på kant og betre "framover"- eigenskapar når det ikkje er silkeføre og preppa spor. Du får meir igjen for trykket du legg i skia rett og slett. Skal du hovedsakleg bevege deg utanfor løypenett og i skog vert det noko annaleis, men om eg skulle hatt ei ski og hovedsakleg ferdast langs skuterspor og på Rørosvidda så ville eg valgt Amundsen eller Liv, eventuelt dersom eg krydra med litt skog og laussnø innimellom, så ville eg vurdert Gamme. Til slutt ; det hjelp lite med god ski dersom skoen er som ein gymsokk. Syt for at du får kjøpt ein skistøvel som er vridningsstiv nok, slik at du faktisk får nytta skia sine eigenskapar.
  5. Cecilie er ei veldig mjuk ski. Dersom du foretrekk litt spenn men vil ha ei kortare ski så kan kanskje Nansen vere eit alternativ?
  6. Taudrag funkar utruleg bra. Har gått nokre mil og slitt ut nokre parisbrett med taudrag, i alt slags terreng. Har montert fester for fjellpulkendrag på i tillegg, og kan velje å sette på det om eg vil. Har også ein acapulka i tillegg, som eg har rigga for både taudrag og stivt. Eg føretrekk oftast parisbrett med taudrag. Nest etter dette er acapulka med taudrag foretrekt. Dei stive draga til acapulkaen har eg framleis ikkje nytta, føler stive drag som ei tvangstrøye for hoftene. Det er dog lurt med eit bremsetau å kunne slenge under om du skal gå på truger, så ikkje pulken glir fortare enn du går.
  7. Hjå needle sports får ein kjøpt deler i "lausvekt". Pick'n choose.
  8. Crispi Svalbard. Super bortoverstøvel. Eg droppa kartank, ikkje behov. Men har ein storleik større enn eg brukar til vanleg og har plass til ein litt meir moderat kartank frå Lundhags. Skal ein ha tjukk ullkartank tippar eg ein må opp to storleikar. Stormmatter er vel i grunnen eit spørsmål om smak og behag, og så innretter ein seg etter det ein har. Eg trivast best utan stormmatter og innrettar meg deretter (til dømes om det føyker så spar ein litt snø langs veggen, sjølv om det ikkje bles veldig hardt). Men, etter å ha foreint flyttelass med ein annan turboms, er det også telt i hus med stormmatter. Funkar det også, ein innrettar seg berre deretter (kan bli litt tettare til dømes).
  9. Dei har vel eit utstrekt samarbeid. I si tid var nettverket av polarfolk på kryss og tvers av "beslekta" bedrifter, og det var/er forbindelsar mellom Alfa, Hvitserk, Mørdre, sportsnett osv. Så treng ikkje bety at Alfa er best. Eg har nytta Crispi nokre år, og mellom anna var det støvelen både eg og mine to turvenniner nytta over Grønland i 2017. Eg har ikkje Alfafot, så det var heilt utelukka. Er veldig nøgd med en støvelen, og etterkvart som eg kjenner fleire og fleire som brukar den, synes eg å høyre mykje go'låt. Unntaket er kanskje @Heriks, som opplevde at ho ikkje har "Crispifot" om eg hugsar rett.
  10. Eg opplever naturgummi som varmare. Har eit par frå tretorn som er nokre år gamle og framleis held. Naturgummi skal visst også vere lettare. Her er elles saksa frå Viking:
  11. Om de skal fylgje stikkaløype og tilhøva elles er noko lunde vårlege med fast "vårsnø" så bør detta gå heilt fint. Eg har monge gonger ynskt meg langrennskia farnfor fjellskia på slike turar på den tida. Skal også seiast at eg monge go ger har vore sjeleglad for fjellski, grunna tilhøva. Så tenkjer at trikset her er å sjå an føret, og kanskje sende en e-post til nokre av hyttene når det nerma seg, med førespurnad om føre og forhold.
  12. Så lenge ein er habile på orientering vil eg hevde at det kjem meir an på føret enn været. Sjølv om vær kan bidra til forseinkingar, er mi oppleving at med mindre det er "full dryler" så påverkar dårleg føre marsjtempoet meir, også med bikkjer. Kanskje avogtil også på grunn av bikkjer? Enkelt typar føre er verre for dei enn andre. Elles tenkjer eg at 9 dagar er greit, føresett god form, greide skiskills og at ingenting skjær seg. De har dog ikkje mykje marginar, og får de overraskande dårleg føre eller vær så lyt de bu dykk på forseinkingar. Alt etter kor forståelsesfulle heimebana og arbeidsgivar er, ville eg kanskje lagt til litt buffertid, eller budd både jobb, matlager og heimebane på ein dag eller to ekstra. På vinteren plar eg legge til ein dag meir per 4 dagar på tur, for å ha marginar, dersom eg ikkje har høve til å verte forseinka.
  13. Eg ser elles ved googlesøk at ein finn heilt ok foto av en slik willykjel. Til vindskjerm har eg nytta ulike løysingar, mellom anna skjært botnen ut av en trangia leirkjel, snudd den oppned og sett vinklar i for å sette willyen på. Den funka godt, men meina eg kvitta meg med den etter ei grønlandskryssing, for å ha minst mogleg bagasje heim.
  14. No ligg den begravet i et stort flyttelass, med eigar av flyttelass vekependlande mellom to heimar. Så kva tid den smeltar fram igjen er uvisst.
  15. Dette hjelp ikkje på punktet om peng, men Crispi har også ein slik type modell med integrert gamasj, om Crispi høver foten betre. Den kan kjøpes romslig og så kjøper ein kartank til. Dei er innimellom å finne på finn.no. Edit: elles samd med dei over. Den ikkje-isolerte versjonen funkar fint. Elles kan overtrekksboot av typen ein brukar til langrenn vere eit alternativ. Sjekk ut Alpina og Fischer.
  16. Har kryssa Hardangervidda nokre gonger i februar. Normalt ikkje stikka då.Hvilket for meg er den beste grunnen til å gå i februar! Det er både penare og fredeligare
  17. Crispi kjem også med sko til xplore.
  18. Detta hadde eg ikkje stressa med, går fint utan tenker eg. Men dersom du skal kjøpe noko for å skåne, så treng det ikkje vere Halite nei. Eg har i mange år brukt en billig, tynn og lett syntetpose frå Helsport som del av to-pose system.
  19. Vil tru det går heilt greit? Gode telt toler jo enormt mykje sjølv med enkle stangsett. Har nytta dobbelt stangsett ein gong, det var på Grønland under i tidenes "møkkaværssesong" (iflg backoffice). Då hadde me doble stenger i den buen som stod lengst vekk frå lemur, enkle i resten. Eg opplever generelt at det er andre tiltak som er vel så viktige dersom det er veldig heftig, og det er å grave ned tomta litt før oppsett (dersom det er mogleg å få til) eller evt å surre teltet ned med noko ekstra tau. Så skal det seiast at eg har hatt nokre runder med bøygde stenger etter skiftande vindar og overraskande vêr, men nesten så eg føretrekk at teltet lever litt med vinden enn å ha veldig rigide stenger. Dette er dog berre mine erfaringar og preferansar, her er det like mange delte meiningar som det er om stormmatter på telt Tillegg: Innbiller meg at doble stenger kjem best til sin rett i middels drittver? Er det skikkeleg ille må ein til med andre tiltak. Middels ille så bidreg det til roligare telt og mindre bråk.
  20. Eg tenkjer at valet som regel står mellom bensin og parafin? Diesel gir meir vedlikehald og er igrunnen eit "krisebrennstoff" som har sin eine fordel med å gi fleire alternativ på reise der ein har vanskar med tilgang til drivstoff.
  21. Mjau, superenkel forskning viser at ein får dei på seg både i tett og glissen skog. Men ein markant auke i tett skog sjølvsagt. Ja det vet mindre fugl, og også kanskje noko tvilsame takseringsresultat om dei skal få bestemme. Så er berre å gi beng og gjere jobben. Men at ein kan lære seg å leve med, er ikkje det same som at eg på noko tidspunkt kjem til å synes dei er trivelige 😬
  22. Tett bekledning, bøttehatt og netting. Rist godt før du sett deg i bil
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.