Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg vart ein gong fortalt (av ein soveposeprodusent trur eg), at grunnen til at ein lagar varmaare posar for kvinner er at me ofte har større overflate å miste varme frå relativt til muskelmasse. Det er no trass alt ikkje feittet som produserer varme Dette rimar med eigne opplevingar; i periodar der "livet skjer" og eg er i dårlegare form, frys eg lettare. Når eg er i god form, med meir muskelmasse og noko mindre feitt, opplever eg å fryse mindre, sjølv om eg då er "tynnare".
  2. Bergansjakka har vi også vore nøgde med. Slitesterk av typen som gjekk i arv og imponerande tett.
  3. Når er vi så OT att at vi snart får pris. Skal ila formiddagen prøve å skilje ut ein eigen tråd på varme/frysing i sovepose, det er lenge sidan vi hadde ein tråd på det trur eg (om ikkje nokon kjenner seg kalla til å starte ein).
  4. Det forstår eg, og eg er samd med deg. Det er ikkje til unnsetning eg prøvar kome Warmpeace, men på linje med andre berre seier eg noko om mi oppleving av dei. Eg var absolutt OT.
  5. Samd i at marknadsføringa er drøy. Her på forumet har dei vel stort sett vore omtala som en pose fin i høve sin pris. Eg har med åra fått brukt 600 og 1200 eindel, og opplever dei framleis som bra pose for pengane. I høve varme er mi erfaring at dei held det dei lovar og vel så det, så har det vel vore plukka litt på tekstilar frå enkelte (i høve fukt) og varmekragen, om eg ikkje hugsar feil. Eg kan ikkje seie eg hadde noko problem med dette under min bruk av 1200 over Grønland eller på andre lengre turar. Eg har brukt ymse posar men har mest erfaring med mountain equipment, og må være ærleg å seie eg ikkje synes dei ekstra kronene frå WP til ME er verdt det. Det er imidlertid med utgangspunkt i dei prisane som var den gong då, kva dei kostar no veit eg ikkje. Men så er eg av typen som det rett og slett ikkje kan falle inn å bruke ei månadslønn på sovepose (til dømes på Western mountaineering, som eg også har vore i kortvarig befatning med). Ikkje fordi eg ikkje kan men fordi eg beint fram meiner det er tullete. Difor er det ikkje utenkjeleg at reale soveposeentusiastar vil ha ei anna oppfatning enn meg om Warmpeace. Eg forheld meg (i grove trekk) til at eg søv godt i dei og held varmen som forventa eller betre. No skal eg kjøpe ny syntetpose til vinter, and i am keeping it simple; landar ein temperatur, finn den som er rimeligast og kjøper (for øyeblikket Mountain equipment Aurora IV) . Eg trur det viktigaste når ein tilrår eit produkt er at ein er ærleg på eige utgangspunkt, korleis ting har vore brukt, kva ein sjølv synes er viktig og kva "særheiter" ein har. Då er det lettare for andre å bedømme produktet ut frå sine preferansar, og ikke minst å sjå kva den som omtalar produktet ikkje har peika på/omtala. No er eg OT, men trøystar meg med at vi var langt ute frå før 🙉
  6. Eg har ikkje vore over og har ingen tips, men følgjer med spenning og vonar på ein turrapport når attende
  7. Hehe, ok. Sikkert litt ulike føresetnader hjå dei ulike, dei har vel kvar sine "ekspertfelt" vil eg tru.
  8. Kva med å spørje kvifor det meiner det er ei bra ski til deg? VPG har mykje flinke folk så dei bør greie å forklare deg og forstå kva som er dine behov.
  9. Vekt, lengde og oppbygging kan gje veldig ulik kjøreoppleving av ski. Det lille eg finn av informasjon om dine ski tilseier at dei er lite samanliknbare. Så vidt eg greier sjå er K2 skia dine ei relativt mjuk og lettkaurd/svingvillig dameski, vesentleg smalare enn Fischerskia dine. Fischerskia er vesentleg breiare (sjølv om dei ikkje er breie i "pudder-samanheng"), og har nokså mykje rocker og slik eg forstår det lite spenn. I testar les eg også at dei får omtale som ustabile i fart. No veit ikkje eg om problemet ditt er at du opplever dei som ustabile i fart eller om det berre vert "mykje" ski, eg veit heller ikkje kva lengder du har, men kanskje kan du ha meir glede av ei randoski som er noko meir tradisjonelt oppbygd. Eg har registrert at både K2 og Volkl har ein del populære modellar som har meir tradisjonell oppbygging under foten men på same tid har dradd med seg nokre eigenskapar retta mot topptur og offpiste kjøring. Det blir veldig generelt og "tåkete" dette svaret mitt, fordi eg veit for lite om skia dine og korleis du køyrer (eg er heller ingen ekspert på randoski, men går generelt mykje på alle former for ski). Dog trur eg at dersom du går til ein butikk som legg si stoltheit i nøgde kundar, og fortel om opplevinga di, så vil du få hjelp til å finne ei ski som er slik som du likar den. Elles er det å håpe på at det kan komme inn nokon i tråden med erfaring med desse modellane, eller meir inngåande kunnskap. Edit; @Terka plar ha god oversikt over skimarknaden. Kanskje han har meir utfyllande innspel å kome med
  10. Mange ting som kan virke inn. Om du legg ut måla, lengde og evt oppbygging av skia er det litt lettare å prøve hjelpe
  11. Har aldri opplevd at fotenden på Nallo er eit stort problem, har mine netter både i Nallo 2 Nallo 3GT, inkl.vinterbruk når eg synes keron blir for mykje å dra på (typisk breskiturar når sekken likevel blir tung nok og mange høgdemeter skal forserast). Har det vore veldig fuktige tilhøve, har det hendt at eg har hive skalljakka over fotenden på soveposen. Men det høyrer etterkvart til sjeldanheitene og i stort sett i særdeles grisete vær.
  12. Samd med RAS over her, kat 4 kan like godt vere for mørkt store delar av ein tur over Josten, og då endar ein som regel med å ha med to par. Det er også lite vits med kategori 4 dersom dei ikkje sitt godt nok, slik at du likevel får lysinnslepp...då er det betre med ei kategori 3 med skikkeleg tetting. Og så kjem ein til mitt poeng; eg synes nesten det viktigaste er nettopp passform, og då må dei prøvast. Eg er på mitt andre par med nokre gamle Bollè Travers, som sitt veldig godt på meg, men har no fleire knekte delar og den er diverre er ute av produksjon. Av erfaring har eg vondt for å finne briller som sitt godt og tettar greit (smalt ansikt og lav naserygg). Prøvar difor briller overalt der eg er. Har difor konkludert med at så lenge eg ikkje finn ei som sitt som som eit skudd, så brukar eg heller ei vanleg brille i kat. 3 og mekkar solskydd med sportstape. Dog ramla eg over ei brille på VPG i påska som eg ikkje har prøvd før, ei SMITH briller som satt som eit skudd og kjem med fotokromatiske linser og sideskydd. Den skal eg vurdere som arvtager til mine Bollè, nett fordi den er fotokromatisk og eg kan sleppe å dra på to par briller.
  13. Mange som har gode fjellski, mellom anna Åsnes. Om du ser inne på deira heimesider har dei tilrådingar for lengde og vekt. Eit alternativ til ei god allroundski som er lettstyrt og grei er Nansen. Han vil truleg trenge både korte og lange fellar, om han skal avgårde på tur med pulk eller tung sekk.
  14. Nydelege foto! Eg vart umiddelbart Hardangerviddasjuk! Fin balanse mellom foto og tekst. Ned frå Mannevatn har eg sjølv bala nattestid ein gong, for å nå att ei dame i forvegen. Mykje mikroterreng gjer det til ei heller langtrekt tålmodsprøve ja.
  15. Hei Eg endra tittel til å bli litt meir informativ. Moderator Elles tenkjer eg at eg båe deler funkar, men at utan bikkje hadde eg gått for ski med stålkantar. At fellane klabbar kan ein alltids gjere noko med, ved hjelp av impregnering og voks. Mi erfaring er at dersom impregnering ikkje hjelp, så klabbar det meste, og eg er i tvil om smørjefrie vil klabbe noko mindre om det først er så ille.
  16. Har nytta både babyakebrett og parisbrett på dette viset, men dette syns eg såg snertnare ut!
  17. Litt fuel brukar ein sjølvsagt, men kva var det som ikkje funka når du prøvde? Eg har nytta eggepulver til å lage omelett på langtur, synes det funka veldig ok.
  18. Kan ikkje forstå at du skal ha bruk for broddane men det kjem an på kva rute du skal gå mellom Finse og Haukeli og om du skal oppom nokre toppar eller ei. Vekta høres fornuftig ut for den turen etter mitt begrep. På Finse Haukeli har eg brukt ligge på 30-35, men då har eg delt telt og kok. I tillegg brukar min kjærast påpeike at fordi eg er lita så veg alle mine personlege greier (liggeunderlag, sovepose, kle, bedding osv) langt mindre enn ein mann med LW utstyr😅 Elles; god tur. Finse - Haukeli er ein veldig flott tur!
  19. Prøv ulike kajakkar før du handlar, det er heilt vesentleg for å finne ein du kan trivast med og sitte greit i over lenger tid. Også lurt å ha padla litt først, slik at du får litt kål på eigne preferansar.
  20. ...og så ikkje minst med omsyn til terreng...60 kg pulk er ikkje tungt på eit vindpakka vidde eller på eit scooterspor. Men det kan jammen fort verte nok å bakse med i botnlaus snø i bjørkelia eller om ein skal opp og over brattare lende. Men, alt går, om ein berre har tia og dagen
  21. Samd med Espen; prøv og sjå kva som høver deg. Kva vi ynskjer å oppnå på tur er så ulikt, og det er også kanskje ulikt frå tur til tur (i alle fall hjå meg). Ein gong veg pulken 35 kg for halvanna veke, ein annan gong 50 kg for ei veke. Nokre gonger er det eit mål med lange dagar der ein sluker kilometer, andre gongar er det andre ting som er målet. Du skal høgt i vekt før du får problem med å få det med deg. Men, eg personleg synes det er digg å halde pulken på moderat tyngde. Ikkje for at eg ikkje får dradd han med meg (eg har mellom anna i lange periodar trent med pulk på mellom 70 - 110 kg). Men, fordi eg for min del på dei type turar eg likar å gjere ikkje ser hensikta med å trekke tyngst mogleg. Så er det også diverre slik at det å trekke pulk belastar andre musklar enn vi er vane med. Dersom ein durar avgarde på lange turar med tung pulk utan å ha ein del pulk i kroppen frå før, så er det ein vesentleg større sjanse for vondtar, til dømes i akilles. (Eg seier ikkje at du ikkje har pulkmil i kroppen, men berre nemner at det er eit element å ta med når ein vurderer akseptabel vekt på pulk).
  22. Eg kjenner ikkje posen, men Thermarest sine soveposar har fått mange fleire gode skussmål som eg har høyrt i alle fall.
  23. 55 kg synes eg var mykje for 8-9 dagar men det kjem no litt an på kva du skal drive med. Trur eg har brukt å ligge omlag der for 14 dg men då har eg gjerne noko tilleggsutstyr (sikringsutstyr bre, isbjørn, våpen/jakt, fiske eller toppturutstyr i tillegg til fjellskitur...). Om det er for rein pulktur utan tilleggsaktivitet eller krav til ekstra tryggleiksutstyr ville eg slanka den litt. Kan greie seg med mindre enn det og framleis ha det meget komfortabelt. Så er det ofte slik at eg delar telt me nokon, slik at kok og telt vert fordelt på to. Har lagt på mellom 30 og 35 dei gongene eg har pakka for rein pulktur på halvanna veke. Ish' fem kilo om ein er åleine. Edit; ser du har med veldig mykje fuel. Det er no eit val ein tek. Eg har berekna alt frå 0.3 l per dag til 1 l per dag alt etter kva høgde over havet eg opererar på, og om det er langt til folk om noko uventa skulle oppstå. Reknar eg 0.5 per dag er eg riktig så komfortabel. 1 l er ein luksus som eg stort sett bedriv når eg er på tur med kjærast eller venner og det er ein del sosialt, eller på turar der det av ein eller annan årsak er ein del tid i teltet.
  24. Som ei forlenging av Kristian V sitt forslag kan eg nevne området søraust for Besso og Dimmedalen => Lakadalsberga og og Austre Lakadalen. Har gått gjennom der nokre gonger på vinter og tenkt eg må attende på sommar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.