Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 577
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Lagrer alle fellane mine lim mot lim. Brettar dei dobbelt og stappar dei ned i jakkelomma. Fulle av lommerusk, blad, kvist og anna rusk, limar dei like godt i mange år.
  2. Hugs å kjenne etter at du kan snøre halskragen skikkeleg utan at føttene dine pressar mot fotenden når du ligg på rygg med utstrakte avslappa bein.
  3. Hei Eg er 167. Dotter mi har ein Huldreheimen. Den er fort kort til meg. Eg har sjølv soveposar på 180 og 185 cm. Det er fin lengd. Langt nok til å få halskragar skikkeleg lukka, utan at føttene pressar mot fotenden og blir kalde, kort nok til at det ikkje vert for mykje luft å varme opp.
  4. Er meg eit lite under at dette ikkje er kravd for lengje sidan. Og då nettopp med heimel i PBL. Men ok. Kvar einskild kommune forvaltar dette lovverket. Då lyt ein arbeide aktivt inn mot kvar einskild kommune sine planavdelingar, som tross alt er dei som skal forsyne dei folkevalde med grunnlaget for gode avgjerder.
  5. Følg med på webcam Finse. Var der i starten av juni i fjor. Gjekk på ski frå Finse t Demmevasshytta, via Ramnabergbreen og Luranuten. Mykje snø på Finse, typ til hofta enkelte stader. Det var Juli før det var fotføre meinar eg på.
  6. Gjekk fraa nord til syd i fjor i Februar. Vi hadde kjempemessige forhold, og greide oss med tre overnattingar. Vi hadde nok teke ei overnatting til, oppe paa Mannevatn, hadde det ikkje vore for at ei av oss var daarleg, so vi stila direkte for Haukeli. Synes IKKJE terrenget ned fra Mannevatn mot Haukeli var spesielt festleg i mørket. Gjekk store delar av turen utanfor stikkaløypene, og delvis nokså høgt. (Trur ikkje stikkinga var ferdig heller). Allereie på Finsbergvatn gjekk vi av "stikkaløypa", og bauta sida opp mot Store Kjeldenuten aust for denne. Vidare mot Dyranut men ikkje innatt på "stikkene". Frå Dyranut til Sandhaug nokolunde langs stikkaløypa trur eg (dårleg hukommelse). Vidare mot Hansbu, over Låven, og til Øvste Bjørnavatnet. Derfrå nokså rett sør, kom ned ca mellom Urevatnet og Hellevatnet, vest mot Hellevassbu og i ca.leiet til stikkaløypa ned til Haukeli.
  7. Takk for tipset, men denne heller vert som sagt ikkje større enn den eg har frå før Eg har sekkar i ulike storleikar, og kan fint pakke for telttur med ein langt mindre sekk, men på enkelte turar treng eg større sekk enn dei 95 l eg har frå før.
  8. Den er mindre enn den eg allereie har, saa det er ikkje aktuelt
  9. Lyt rett og slett berre prove meg fram. Ber rett som det skvett 20-25 kg, og innimellom 25-30. Det er som sagt ikkje vekt gamlesekken min ikkje taklar, men volum. Ynskjer meg difor ein storre sekk for aa kunne pakke volumet gunstigare
  10. Ja eg ser at eigenvekta er noko høg på desse sekkane. Som regel brukar eg pulk, eller Lowe Alpinesekken min som er nokså stor. Det eg ser er at når eg skal kombinere overnattingsturar på meir enn eit par døgn, i terreng ueigna for pulk, med til dømes breutstyr ( der eg gjerne vert pakkesel for tau osv), så kjem den litt til kort. Eg greier nok akkurat å få det til, men då er den stappa, med alskens dill på utsida. Hadde ein tanke om å finne ein der eg fekk det meste nedi sekken, men det er Ikkje sikkert det går @krokavatnet. Skal seie frå om kva det endelige resultat blir
  11. Tusen takk for tips @krokavatnet. Viste ikkje at alpinistane var aktuelle.også for mindre folk Devaen blir ikkje stort større enn den eg har, men skalkike på den andre Gregoryen der. Ja eg treng nok så stor sekk på enkelte turar Og det til tross for at eg er særs edrueleg når eg pakkar.
  12. Ja det kan være ei løysing, men var litt keen på å prøve finne stor sekk berekna på mi høgd, då eg tidlegare har erfart at store sekkar på "innerste" og "minste" stille i alle retningar, får nedsett stabilitet og krev uhyre nøysom pakking. Men Jau, det er absolutt eit alternativ dersom ein ikkje finn stor sekk for mi høgd
  13. Hey Paa leit etter sekk som er noko større enn den eg har per i dag, ein Lowe Alpine expedition 75+20. Den eg har taklar greit bører opp mot 30 kilo, men kjem diverre avogtil til kort volummessig. Tenkjer kring 100-110 liter. Er 167 cm høg, og finn det vanskeleg å finne store sekkar til meg og mi rygglengde. Anyone?
  14. Einig til ei viss grad: Med ein smal lettmanovrert kajakk treng du ikkje ror med mindre du skal fotografere. Det vil held lenge med ei.senkekjoel. Med kids i den alder skal ikkje i forhold der den kjolen vert naudsynt. Aa halde effektiv framdrift og ha kontroll paa kajakken gaar daa fint utan, og du faar langt betre laering med tanke paa padleteknikk for framtida. Det verste er uansett for breie kajakkar, foles som aa padle badekar eller slagskip. Totalt umanovrerbart, liteepadleglede, daarleg teknikk og vonde skuldre blir etterkvart resultatet.
  15. Til eit saa lite barn ville eg kjopt Piccoloen, med ei go Groenlandsaare for barn til. Eg har den til min gut. Dekksrigg lagar du greit sjoelv, dekksluker slepp du greit unna med ei. Cluet med Piccoloen er at den er smal nok til aa faa eit skikkeleg isett med aara. Den Tsunamien en er 53 cm breidt, noko som er einsbetydande med daarleg isett av aare og daarleg teknikk. Picciloen er lettmanovrert, smal nok til god teknikk og lett aa ta over for den kiden som kjem etter, naar den eldste er stor nok og klar for til domes ein Tahe Marine Greenland.
  16. Mykje bra paa YouTube, eg fann link der som hjalp meg
  17. Gammal traad men....kjenner du nokon som skal ut paa reise til Spania,Frankrike eller Italia, sel dei rimelige bittemsaa klatresko til kids der. Trur dei gaar heilt ned i 20. Meinar vi kjopte str 22 eller noko slikt til ein liten kid vi hadde med til Frankrike i fjor. Snakk om 150 kr.
  18. Naar ein delvis eller heilt deregulerar noko som har vore strengt regulert, vil ein ofte kalle det frislepp. Det gjeld ikkje berre scooterar. Det gjeld skular, telefon, straum osv. No er ikkje dette eit totalt frislepp. Planen er at det skal ligge at mynde hjaa kommunane. Dette myndet er eg stygt redd (her kjem oppgulpet) kommunane ikkje er i stand til aa forvalte. Dette er enkel teori tufta paa korleis forvaltninga i dette landet fungerar, og under kva foresetnader. Dette veit dei sentrale styresmakter. For meg vert daa denne lokale reguleringa ei symbolsk greie, og ja, daa vil eg kalle det eit frislepp. Om ikkje eit direkte med brask og bram, saa eit indirekte smugfrislepp. Omtrent som aa prove aa sleppe ein fis i det stille og haape ingen kjenner den rotne lukta
  19. Er nok lurt ja. Den gongen me vart oppetne (einaste gongen faktisk) hadde me noksaa tjukke bukser, ulltroyer og mictolightjakker. Caps og myggbeting. Myggen saug rett gjennom klea. Ogsaa der kleda ikkje var heilt tilsittande (snabelkrefter??)
  20. Har samme drakta, og er godt noegd. Hoyrer ogsaa at mange er nogde med Nemodraktene. Prisvennlege og med god passform er gjennomgangstonen, utan at eg kam staa for det.
  21. Etter at Fischer droppa si "skikkelige" ski som gjekk opp til 160 og gjekk over til ski med "racinglook" slik som dei andre, og Aasnes slutta med Veslenuten, er det vel berre snomannskia fraa Aasnes som er noko vettugt opp til 140. Fraa 160 (trur eg) er Madshus Voss sine som nevnt over greie ski. Jentene her i hus (11 og 12) har dei. Veslekompis paa 9 har dei gode gamle fischerskia.
  22. Ein flott traad og naturleg aa diskutere i eit slikt forum
  23. Nesten verre....lyden har enorm rekkevidde. Har meir enn ein gong faatt odelagt turoppleving av eit eller anna helv.... helikopter som kjem durande mellom og over Sunnmoerstindane. Tilknytt kommers aktivitet. Det er saa oydeleggande at eg har vanskar med aa finne ord for det.
  24. Overhovudet ikkje. Kan underbygge mitt bombastiske svar med bileter av tur i myggterreng i microlight, skallbekledning ikkje prioritert. Skal seiast at dei lokale sa det var noko med myggen det aaret, ny sort for omraadet eller noko slikt. 148 Myggstikk paa meg. 79 paa jentungen, 48 paa gutongen. Feber og utilpass. Ned fraa fjellet. Prednisolontablettar, truse og aloe vera i 2 dagar hjaa venn paa Otta
  25. Mitt Keron har rom for doble stenger hvertfall. Naar det gjeld tema for traaden er eg sikker paa at baade redningsmannskap og kvinna har laert noko av denne hendinga. Redningsmannskapet seier ho sa ho ville ta seg ned paa eiga hand. Kan ho ha vore i ein lett sjokktilstand som gjer at ho ikkje hugsar heilt? Kan det tenkjast at redningsmaanskapet burde sett det med sine faglege briller paa og teke ei "sjefsavgjerd" ? Kan det tenkjast at dei vegrar seg, naar nokon som er profilert som "eventyrar" seier at ho vil ta seg ned sjoelv? Spm er mange, som regel greier folk aa laere utan at skyldfordeling er naudsynt. Eg har ei vennine som var utsett for ei ulykke tidlegare i vinter. Ho laag kinkig til i ei hole, og naar redningsmannskapet kom, vart det avgjort at ho skulle assisterast i aa gaa ut sjoelv. I ettertid har ein sett skadeomfanget, og ein kan sporje seg om det var heldig at ho gjorde det. Men ho var i foelge seg sjoelv og redningsmannskapet heilt roleg og klar naar ho snakka til dei. Enkelt? Nei. Takk for godt redningsmannskap som vert sett i vanskelege situasjonar og skal takle dei paa strak arm under vanskelege tilhove, og takk for folk som torer trykke paa knappen naar det verkeleg dreg seg til. Baae deler er viktig, og Eg tenkjer at det er viktig at alle diskusjonar i etterkant gaar fore seg med formaal om laering framfor skuldfordeling
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.