-
Innlegg
3 578 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
I utgangspunktet ikkje noko eg vil bære med meg på fottur. På vanleg fottur går ein uansett som regel (med mindre det er skrekkelege tilhøve og/eller berre myrlendt) støvlane tørre. Men for hytteliv over lengre tid (om ein skal vere nokre veker og drive variert aktivitet der ein ikkje nødvendigvis får gått støvlane tørre) og i pulk tenker eg det ja. Med atterhald om at eg ikkje har fått testa noko særleg enno.
- 15 svar
-
- 1
-
Då får vi håpe dei funkar
-
Er Skare expedition eg har ja. Lettare å tørke skallsko og kartank kvar for seg. Har også kjøpt slike støveltørkerar for å teste i år (for å tørke toppturstøvlar når bur i telt og fjellstøvlar når bur på hytte utan straum over tid. Var nemleg våt på beina frå juni til oktober i år 🙉). Kan førebels ikkje seie så mykje om korleis dei virkar, men støveltørk utan straum/batteri var eit for fristande konsept til å la vere å prøve.
-
Har du vurdert nokre av Lundhags sine med kartankar? Eg kjøpte nokre slike i forbindelse då eg skulle gjere noko feltarbeid som innebar snøskuter og ein del roleg aktivitet. Held meg god og varm på beina. Elles kan kanskje varmesålar vere eit alternativ? Heat experience sine får vel gode skussmål. Eg har sjølv vurdert dei for dei kalde dagane i plaststøvlar i alpinanlegg.
- 15 svar
-
- 1
-
Ja du får betre feste med desse skia med kortfell (det dei kallar intelligrip transition), og ikkje minst moglegheita til å dra av kortfellen på dei dagane det er lett å smørje eller du har ei lang strekke med unnarenn (på langrennskia er det meininga dei skal sitte på heile tida). Det er vanleg å kappe kortfellar slik at ein får maks gli utan å ofre feste, men det må ein ikkje gjere om ein berre vil sikre seg spikarfeste. Om eg ville sett langrennsbinding på ei ski med 50 mm midje og grei innsving er eg usikker på. Eg ser for meg at det blir litt pinglete. Eg ville kanskje sett på eit par BC-bindingar og sett meg om etter eit par rimelege og greie BC-støvlar, evt kjøp på finn, der sleng det mykje bra som knapt er brukt.
-
Synes forslaget om ei smal fjellski er godt. Då kan du velje om du vil ha på eller av kortfell (digg å rive dei av på lengre strekk med unnabakke). Då får også ei litt anna type ski i staden for to "av samme"? På ei slik ski kan du jo velje å behalde full lengde på kortfellen (ikkje kappe den) for betre feste. https://madshus.com/en-no/p/panorama-t50-intelligrip-transition-skis-2024 På ski med integrert fell har dei jo berre ei viss lengde gitt spesifikk lengde og stivheit? Evt ring Madshus å spørje kva av dei to modellane dei tilrår?
- 10 svar
-
- 1
-
Ikkje noko problem med dampsperre i Svalbard ein solid plastpose mellom tynn innersokk og yttersokk gjer susen.
- 7 svar
-
- 1
-
Fjellski uten stålkanter til gutt på ca 145 cm
Tessatroll svarte på Mærtha sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Åsnes mountain race jr. Og ja, du finn BC-støvlar, men eit like godt alternativ i den alderen er skinnsko til vanlege nnn bindingar.- 7 svar
-
- 1
-
Fjellski uten stålkanter til gutt på ca 145 cm
Tessatroll svarte på Mærtha sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg har gode erfaringar med Silvretta. Det er ein mixfell med uforskamma høg slitestyrke og bra gli til å vere ein mix. Den kjem i 40 breidde. Det funkar fint. Kan sjølvsagt smalnast inn med tapetkniv om ein vil, men tippar på det ikkje er behov for det.- 7 svar
-
- 1
-
Fjellski uten stålkanter til gutt på ca 145 cm
Tessatroll svarte på Mærtha sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=284167221 -
Fjellski uten stålkanter til gutt på ca 145 cm
Tessatroll svarte på Mærtha sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hei Tidlegare hadde Fischer nokre gode turski til jr utan stålkant, finn dei ikkje no. Eit alternativ kan vere å kjøpe treski, til dømes frå Rønning. Evt Madshus Voss, som ikkje har stålkant framme men på 3/4 av skia. Det same har Åsnes Vikafjell vert solgt her: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=250683915 Elles sleng det mykje bra på finn, eg har handla der ein del til jr når eg hadde "sære" ønsker (les; alt var betre før, inkl skiutstyr 😂). I høve at eldre ski manglar kortfellesystem kan ein fint kjøpe ein smal langfell i mohair og kappe den ved hælen. Då får ein god gli og greit feste. Her er kanskje noko? https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=321957282 https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=326440059 Vi har hatt samme som dessa fischerskia om eg ikkje tek heilt feil. Veldig ok ski til slik bruk som du snakkar om. -
Rygglengde på 46 høres langt ut om du er 165. Sikker på du har målt rett? Få hjelp kanskje?
-
Har ein PLB. Skulle eg velge berre ein device på turar der eg vil ha ekstra tryggleik hadde det blitt den. Ein enkel dings som kun skal ha batteri til å sende naudsignal er fint. Har opplevd Murphys kva gjeld kommunikasjonsdippeduttar, backoffice vêrmelding og legekontakt og seinare koordinering av uthenting sjuk person. Min konklusjon etter den opplevinga var at eg for min eigen private bruk opprettheld mitt gamle standpunkt; minst mogleg dilldall er minst mogleg som kan gå til helvette (og mindre forventningar heime om kommunikasjon). Så ser eg jo at det er kjekt å kunne få vêrmelding inn på ein inreach på enkelte turar, og kunne stille legespørsmål. Men alltid som eit supplement. Ikkje åleine. Kun telefon? Absolutt ikkje eit tema, altfor sårbart når det verkeleg blir vedvarande dårlege tilhøve. Og så likar eg å kunne slenge den nederst i pulken 😅
- 82 svar
-
- 2
-
Men det spelar ei rolle når eg opnar kjekspakken og forventar same visuelle oppleving som når eg var 7 år på hyttetur! 🤣 Dessutan trur eg bestemt det er mindre krem imellom (les: mindre krem å slikke av kjeksen).
- 27 svar
-
- 1
-
Heile atomserien har skifta benevning. Omlag like irriterande som når dei gjorde Pepita-kjeksa runde. Kvifor tukle med det som er ein suksess lurer eg på!
- 27 svar
-
- 1
-
Ein gjeng med folk som kjem glidande inn på eit bananskall, med meir eller mindre tilfeldig innhald i pulken høres ut som en kjent og perfekt sesongstart. It's a deal!
- 148 svar
-
- 2
-
Absolutt ingenting. Faren er overhengande for at du kvelden før vinterens første overnattingstur ser berre hælane og raua på meg, stikke ut frå ei av tre lett kaotiske utstyrsboder eller ei av to garasjer. Med på utsikta får du truleg ei og anna glose, og når eg ikkje finn det eg skal, meir eller mindre rasjonelle og rimelege skuldingar retta mot sambuar, born (som ikkje lenger bur heime), katten, bikkjene eller tilfeldig forbipasserande. Det er så godt å ha nokon å skulde på når vinteren, eller dei tre andre sesongane for den saks skuld, kjem som julekvelden på kjerringa. Spøk til side; i år må eg truleg ta meg saman og lappe litt utstyr. Til sommaren vart tresesongaren levert inn til Barents outdoor, og 3 kg sølvtape vart bytta ut med fint lappearbeid. Mistenker at vinteren krev fleire slike operasjonar.
- 148 svar
-
- 4
-
Alldeles samd. Vert faktisk litt grå til sinns av heile bladet, slik som eg blir av mange magasin no til dags. Noko med uttrykk og fargebruk som er gale, i tillegg til dårleg innhald. Edit; At Rigmor Solem kan vere eit interessant intervjuobjekt er eg forsovidt samd i. Har ikkje lest saka, så mogleg den er god.
- 6 svar
-
- 1
-
Samd med deg i høve barfotsko og slikt. Eg har gått over til gode sko med demping, og sko inne også. Frå tidlegare minimalistiske sko. For meg funkar dog dei formstøypte solane frå ortopeden så bra, at eg gjerne kjøper eit ekstra par utover det årlege paret eg har innvilga støtte til (til tross for den stive prisen på 5000 kr.). Desse redda både sommarens feltsesong knytt til studiar og haustens villreinjakt for meg. Så noko forskjellar er det nok på oss mennesker, til tross for like "plager".
- 18 svar
-
- 1
-
Etter mange år med ymse samansette fotplager, inkl plantar, har eg funne at ein kombinasjon av gode sålar (frå ortoped), taping i akutt fase og ved forventa stor belastning, fornuftig kvardagsfottøy og styrketrening funkar best. Styrketreninga har overraskande mykje å seie, likeins at treninga er ulik i akutt fase og når det ikkje er så akutt. Her kan du finne dømer på gode øvingar: https://framsport.no/blogs/news/du-har-fatt-plantarfascitt-hva-bor-du-gjore
-
Exped dunliggeunderlag over tid
Tessatroll svarte på JorgenKn sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Oppbevarer også mine dununderlag liggande tørt med opne ventilar. Innbiller meg at det gjer godt. -
Exped dunliggeunderlag over tid
Tessatroll svarte på JorgenKn sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Eg har ikkje opplevd det som eit problem. Eg er på mitt andre exped down pump 9. Har brukt dei mykje og i nokså streng kulde (noko og tredve minus på det kaldaste om eg ikkje hugsar feil).- 14 svar
-
- 1
-
Vil blanding av ull og syntetisk beholde lukthemmende egenskaper?
Tessatroll svarte på Annetteh sitt emne i Bekledning
Har ull-tencel. Funkar greit. -
Eg hadde også smått om plass ein periode. Eg fann ut at eg hade litt å gå på i høve å henge opp ting på vegg/i tak. Eg ragar dog 166 cm over bakken så at ting heng frå taket inntil ein vegg på ei lita bod plagar meg ikkje 😅.
-
Skalljakke over fotenden funkar fjell for meg.