Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 568
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Det går fint an å bruke gamleskia dine. Korleis twintipski er bygd opp varierar, men om du har brukt dei i heile skianlegget, og veit at du kan kjøre dei på det meste av underlag, er det berre å få hola plugga og montert på ny binding Eg trur tilogmed du kan få montert techsole på dine gamle alpinstøvlar, slik at dei vert dynafitkompatible
  2. Same for min del. Den støvelen kan eg hoppe inni og traske avgårde, rett på langtur
  3. Etter mi erfaring er parisbrettet nok inntil 50 kg, med best mogleg lågt tyngdepunkt sjølvsagt. Min er rigga for både taudrag og stivt drag. Det siste kan eg ikkke fordra (tvangstrøye) og blir minimalt brukt. Det eg også har lagt merke til er at den veltar fortare med stive drag enn taudrag. Dette fordi du med taudrag brukar ulike teknikkar, posisjonerar pulken etter terrenget. Det går ikkje med stive drag. Edit: las litt fort og trudde ts også etterspurte parisbrettergaring. Sorry
  4. Mammuten er god og slitesterk pose. Bra liggecomfort og anstendig volum for syntet/pris. Det som er synd er at dei i fjor endra litt på modellen. Den eine posen me har har vanleg hette og krageløysing. Den siste, kjøpt til gutongen i fjor, har ein "tynn" varmekrage. Nærast berre kanal for strammesnora. Går ut i frå at det er fordi ein også har endra hetta til skikkeleg mumiehette, smal berre med plass til hovudet, og går ut på skuldrane som ei jakke. Ville likevel foretrekt den forrige løysinga, då det verkar som det er vanskeligere å få den nye løysinga til å slutte tett inntil enn den gamle.
  5. Sjå om du kan finne deg nokre eldre modellar av Fischer e99 eller liknande på sportslageret, smell på ein binding og finn sko på bruktmarked. Då kan du sleppe unna med 2500 kr ish. Alternativt kjøpe ny pakke av typen Madshus Voss, men då får du eigentleg berre dårlegare ski for same pris som du med litt anstrengelse kan få eit greit oppsett. Dei eldre E99 er gode gåski, og har greide kjøreeigenskapar om du skulle trenge det litt likevel
  6. Når eg veit at det ikkje vert hardt (berg) eller meir enn nokre få blå, tek eg like gjerne thermarest ridgerest åleine som noko anna. Langt betre komfort enn eit "flatt" underlag. Evt thermarest sitt "eggekartong"-underlag. Ved supplering av oppblåsbart med skum pga kulde eller sikkerheit på lengre tur er den også fantastisk. Legg den då oppå den oppblåsbare, og får ein slags overmadrasseffekt. Då kan ein også greie seg med langt tynnare oppblåsbar. Båe er greie å kappe slik at du berrehar torsolengde. For min del er det optimale på kalde vinterturar ein exped downlite 5 med ein ridgerest oppå. Evt kappa i to om volum/vekt er særs viktig #prinsessapåerta
  7. Både på skitur og padletur kan det være greit med fleire av remediane for evt reparasjonar. Ken gidd vel stå og skru saman ei sund ski/binding med neglene
  8. Ein overnattingstur i skauen med minste kiden og venner. Vridd bilete igjen. Gir opp å få dei rett veg. (Fikset KIJ)
  9. Og der ligg sakens kjerne: om dekninga er like god, kan eg vurdere InReach. Dersom ikkje den er det, vil eg velje plb. Tovegs kommunikasjon er nedprioritert.
  10. Har yngst meg John Giæver, så får me sjå om eg har observant familie [emoji14] enn så lenge kosar eg meg med "Der isen aldri går" av Søvik og Hole
  11. Takk @TorMagne klar over post og teletilsynet, vurderte kjøpe sist eg leigde, men fekk for lite tid til reg osv. Så denne gongen tenkte eg ha det på plass FØR eg treng den [emoji14]
  12. Er nett den "overvakningskjensla" eg er noko skeptisk til, har ingen behov for å melde, men lurte på om InReach elles var meir påliteleg enn Fastfind. Dersom ikkje, blir det nok Fastfind på meg Påliteleg til lands og vanns takk folkens
  13. Då eg er under gjennomsnittet god p å tekniske greier, lurer eg på om nokon kan greie ut om dei vesentlegaste forskjellane her? Var bestemt på å kjøpe meg Fastfind pga VHF og fin både på sjø og land, godkjent på Svalbard osv. Så les eg om Inreach, oppfattar at denne er betrakta som betydeleg meir stabil enn til dømes spot, men ikkje heilt kvifor.....er det nokon som tek på seg og forklare ein "dummie" kva som gjer det?
  14. Kjøp ski på salg me Bc manuell eller magnum (dersom 75 mm ikkje er eit tema) og finn deg sko på finn. Gav 2000 kr for siste oppsettet mitt, Nansen med Magnum. Sko hadde eg frå før, kjøpt på finn til 1000 kr (normalt 2500-3000l, brukt to ganger, såg ut som nye. Prøv skone først. Såre akillesar er noko dritt. Elles et Fischer E99 ein klassiker, spes litt eldre, den du liker linkar til og endå eldre. Har vore gått mange Grønlandsturar og liknande på den skia. Eg hadde den før. Fekk den for 1000 kr på sportslageret for nokre år sidan. Superski.
  15. Ekstrem? Det er vel å ta hardt i det er vel siste åra at løysinga på alle problem knytt til ski er "kjøp kortare ski". Enkelt sagt: det hjelp ikkje at skia er lettare å ploge dersom ein i laussnø har dårleg flyt og fell gjennom så snart ein mistar fart (sving = mindre fart). Då er det betre at svingradien aukar litt og ein greier halde seg flytande. Når snøen ikkje er laus eliminerar vel problemet seg sjølv. Plogar forøvrig greit på min bestefars 210 lange ski. Ein brukar vel kantane når ein plogar, så slepp ein spagat? Skal seiast at 210 skia har eg ikkje god svingkontroll på. Men dei er tross alt 43 cm lenger enn meg, ikkje 15-20. Når det er sagt har eg full respekt for at folk har ulike preferansar
  16. Og med pulk trengs betre feste, og smurning som sitt og stabilitet framover endå meir. Eg hadde ikkje tvilt. 195 ++ som @josteink seier
  17. Hepp. Er 167 cm, og har Nansen i 185, also 18 cm lenget enn meg sjølv. Har nokre gonger angra på at eg ikkje tok 190. Er normalt tung for høgda, men pga det moderate spennet slits smurning kjappare av enn dei andre skina mine med meir spenn. I forhold til nedover/fiakebein og ploging trur eg ikkje du merkar forskjel anna enn heilt i starten. Og du blir jo betre etterkvart? Vil tru at val av binding har langt meir å sei for kjøringa enn dei 5 cm. For dei eg har hatt i min krets som har litt "nedovertrøbbel" har eg heller tilrådd andre bindingar enn kortare ski. Nansenskia svingar dessuten nærast av seg sjølv, med litt trykk på ytterskia. Så 5 cm ekstra bæreevne vil eg skatta høgare
  18. Har hatt nokre fine skiturar i helga og i går, på fjellski og langrenn. I dag fekk eg endeleg henta fram telemarksi og fellar og fekk årets første skikkelige laussnøkjøring ned frå fjellet. Herleg
  19. Eg har som sagt brukt dette saman med skumplast på nesten alle vinterturar siste året, det skal være ekstremt kaldt før eg gidd noko tjukkare. Sov godt og var varm og god med dette + tresesongsdunpose med sommersyntetpose utanpå, på turar kring minus tjuge, med varierande grad av luftfuktigheit. Så tek hverken tjukkare underlag eller pose før det er vesentleg kaldarr enn det. Men det er klart, me er alle ulike. Eg frys ikkje så veldig lett samanlikna med mange andre kvinner eg kjenner.
  20. Downmat 5cm enkel modell. Du finn den på exped sine sider. Noko dyre her, men eg kjlpte dei i UK og fekk dei sendt til kjenningar der, som skulle t Norge. Halv pris, also 1200 for to, inkl frakt. Såg dei også på Svalbard på butikk det, men har ikkje sett dei på fastlandet her
  21. Ej he kjøpt downlite 5 til kidsa mine. Resultat: kver gang dei ikkje er med tek eg deira, i staden for mi eiga downmat som er både tyngre og større i pakkvolum. Som deg har eg alltid skumplast i tillegg, så det meste anna vert overkill. Har brukt downlite 5 og ridgerest skumplasten i 25 minus og hatt det topp. 9aren blir altså berre med når ungane treng sine sjølv, eller på padleturar. Desse downlite skal vel tole litt mindre, men som tidlegare sagt, her i huset er det ingenting som får pen behandling. Likevel er desse like heile.
  22. Og eg som trudde det var i Syria ein per dato opplevde dei verkeleg store utfordringane! Kor feil eg tok!
  23. Impulstur på Skålatårnet i helga. Kjem vel eit blogginnlegg på sikt, enn so lenge er dette stemningsrapporten
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.