Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 568
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Me har to fox 30 og ein fox 40. Supre, slitesterke og gode sekkar med flotte reguleringsmoglegheiter og høg grad av bærecomfort! Ypperleg til soveposen, vindjakka, eit liggeunderlag, hovudlykt og godtepose
  2. Overhovudet ikkje opplever dette som den tørraste og for min del mest komfortable løysinga. Eg har ein helsport Lom. Billig (trur eg gav 700 kr på kampanje/salg) og hurtigtørkande. Det finnes sikkert andre syntetalternativ som er både lettare og kanskje har varmekrage om ein gjerne vil ha det til dei gongane ein skal bruke posen åleine, men for meg har ikkje akkurat det vore so nøye. Eg snurpar godt att hetta og det greier seg i sommerhalvåret. Ein anna god ting med dette systemet synes eg er at sidan denne posen tørker kjapt og er syntet så toler den å bli brukt til altmogleg. Eg dreg an rundt i camp, sitt i an i pauser om det et grisekaldt og eg berre har ufora vindsekk med. Berre opna glidelåsen i fotenden og stikk føtene ut der og dreg ann oppover kroppen. Ein skikkeleg ruskepose
  3. Desse kuldepunkta er også ein av grunnane til at eg fortrekker ein syntetpose utanpå. Har til gode å oppleve dun som ikkje får kuldepunkt. Med ein god tresesongs som går ned til eit par-tre minus comfort, ein sommersyntetpose på 1000 gr. og Exped downmat 5 light og ein lett skumplast oppå der greier eg meg til omlag 20 minus. Føresett at eg ikkje ligg eksponert for vind. Eg er ikkje spesielt frossen, men det gir deg kanskje ein peikepinn. Eg tenkjer også at det kan være betre og langt meir fleksibelt å velge eit oppblåsbart liggeunderlag på 4-6 cm og klaske på ein thermarest i tillegg, enn å ha med eit 9 cm oppblåsbart. Varmare, meir komfortabelt, og i tillegg har du sikra deg ved nødbivuakk/skade osv, samt mot krise dersom hol på oppblåsbar som du ikkje får lappa. Lukke til med valet
  4. Du vil kunne ha vanvittig stor skiglede ved generell fjellskiløping og telemarkkøyring med eit oppsett som gir deg langt betre føresetnader enn det skisserte under racet! Kva med å sjå på Nansen med Voile 3pin (75 mm)? Sist eg var på topptur her på Sunnmøre sette eg at telisane til fordel for Nansen med BC. Det var mykje snø og lause tilhøve, likevel sette eg fine telemarksvingar, om enn det var meir Øytunstil over dei enn alpin stil telemark. Dei gir meg gang på gang skiglede, langt utover det eg hadde forventa av ei ski eg hovudsakleg kjøpte for "bortoverbruk". Kan ikkje eingong forestille meg kor artige dei kan være med ein 75 mm. Evt har Fischer komt med kortfellesystem. Betre solekvalitet og mykje gode ski.
  5. Er du på leit etter ein rein vinterpose? Eit alternativ til ein stk dyr sovepose som vert relativt useless i varmere tid, kan være å gå for kombo 3-sesongs dunpose og sommarpose i syntet, som kan brukast både saman og kvar for seg. Lag på lag prinsippet fengjer bra med varme, i tillegg er det enkelt å tørke den ytterste syntetposen om den er fuktig frå kondens og slikt, og halde dunposen tørr. Denne løysinga vil som regel vege nokre hundre gram meir å dra på enn å velge ein veldig tjukk dunpose til vinterbruk, men gir deg større fleksibilitet. Sjølv brukar eg ikkje det eg har av vinterposar, då eg som oftast endar i min favoritt 3-sesongs dunis med ein tynn hurtigtørkande sommarpose utanpå.
  6. Som Borgern skriv er det mogleg å kjøpe ein storsekk og "strippe" den for å få ned eigenvekta. Til dømes Bergans Alpinist 100, 110 eller 130. Dette er ein anatomisk sekk og veg av di litt mindre enn pakkrammesekk, men toler framleis tunge bører. Eg brukte ein 110 L i sommar på ein lengre tur (med innsydd/forkorta hoftebelte). Eg bar på det meste 45 kg i den, på det minste omlag 30-32 kg. Ulempa med ei slik løysing er at du mister lommer når du strippar sekken ned i vekt, pluss at dei ikkje er spesielt komfortable på turar med mindre vekt.
  7. Hei Er i samme prosess. Etter ein del prøving og feiling for å finne mellomstor sekk som toler tunge bører har eg landa på to alternativ; Gregory Deva (prøvd, super med mykje vekt i) og Osprey Xena (ikkje prøvd, tomt overalt). Ein del mellomstore sekkar opplever eg er laga for volum framfor vekt, noko som eg har synes har vore vanskeleg. Alternativt kjem dei berre i herremodell, noko som gjer det vanskeleg då nesten samtlige har for breidt (also for "høgt") hoftebelte og klemmer på setemusklar og nerver som ligg ved bekkenkant, og eller har for langt hoftebelte slik at ein må sende dei til salmakar eller produsent for å få tatt av nokre cm. Gregoryen er så langt den einaste sekken i 80 L klassen eg har prøvd som ikkje klemmer på setemusklar osv og der eg har cm å gå på mtp å stramme hoftebeltet ved tung bør eller fleire dagar på tur og "samantrekte" magemusklar. Både Gregoryen og Osprey har spiselig eigenvekt.
  8. Statoil og Felleskjøpet, rensa på kanne.
  9. :) @finfyr Tenkjer du to posar kvar for lag-på-lag vinterpose? Då ville eg i tilfelle bitt i det sure eplet og kjøpt ein tresesongs som er høveleg no, og ein sommerpose som er større (type damepose 175-180) . Sommerposen kan du knytte av nede når han skal brukast åleine, og kjøper du ein damepose er han smalare over skuldrane enn andre voksenposar. Tresesongsposen ville eg kjølpt i 150 cm. For fireåringen vil han kanskje verte litt lang med mykje luft i fotenden. Det løyser du med å kjøpe duntøfler/tjukke syntettøfler eller voksitøfler, som tek plass og fyller ut nedi enden, og gjer lufta stilleståande. Saman med ei varmeflaske på magen (lita nalgene med varmevatn) hjelper det bornet til å få lufta inne i posen oppvarma dersom den er litt romsleg og for krevjande å få varm berre ved hjelp av kroppen. Når Borna har vokst utav tresesongsposen er nok sommarposen høveleg. Om du då kjøper ein litt større tresesongspose, kan dei ha sommarposen inni han på vinteren. Knyt av tresesongsen ved bruk åleine. Born har jo også ein tendens til å krype i posen akkurat litt for seint, og er kalde alt. Kald pølse i kald thermos osv.... Prinsippet er at du treng berre ein pose i slengen som er nokolunde passe, som ein kan bruke innerst, og så kan den andre godt være litt for "stor", dersom ein brukar han som skissert. Eg har prøvd ulike juniorposar no, og sett ymse i aksjon. Til saman har me fire born i hushaldinga, i alderen 6 - 13 år. Dei som har imponert meg mest av jr posane i forhold til pris er Bergans Kids comfort. Varm, og toler mykje juling. Håper du fekk svar på det du lurer på
  10. Det slyng mange dunparkaer på finn om dagen, pent eller ikkje brukttil ein billig penge, i små sr. Døme er Mountain Works Fat Boy og Fjellreven expedition. Går godt nedom rompa, og er vaaaaarme.
  11. Då vonar eg på ein fyldig rapport! Eg har utruleg lyst, men har per dato for mange prosjekt på G, så treng å lande nokre ballar før eg kastar fleire i lufta.
  12. Nei i følge selgar er ikkje BC berekna på det :)
  13. Hehe, fantastisk Eg har nett fått kjeft av skiselgaren på sporten her, BC bindingen min knakk..heva augebryn og spørsmål "he du køyrt telemark på dei? Det toler dei ikkje" "Eh.......neeeeeeei?". Neste gong skal eg berre vise han denne Så framstår den forsiktige bruken min som heilt ok :)
  14. Kanskje minus klatreutstyr? Det vil ein vel gjerne, i alle fall eg, ha pinlig nøyaktig oversikt over brukstimar og bruken av,
  15. Heilt samd. Dette har eg gjort mykje, og hausta ein del rare blikk i annlegget ved kjøring på fjellski med Bc eller klassisk skia mine i dei svarte løypene. Greia er berre at eg kjem så innmari godt over skia mine ved å trene slik, og it pays of...når eg så får på plaststøvlane og telemarkskia att har eg forbetra kjøringa drastisk, anten eg kjører paralellsvingar eller tele. Sann, berre for dra an endå meir OT
  16. Ei markaski av typen fischer superlight i tilpassa lengde og spenn trur eg vil gi mykje skiglede. Kjøp den med exercisebindingen til rottefella, og syt for ein god sko som har flexen på rette staden for deg. Nokre vil kanskje tilrå ein kombisko til deg (skøyting(klassisk) for auka stabilitet ved bruk av pulk. Det ein skal være klar over då er at ein må arbeide meir med tråkket sitt når ein skal ha feste framover ved "vanleg" skigåing. Eg meinar du vil ha det like moro med ein klassisk turlangrennsko, den stettar betre opp under utviklinga av godt tråkk, sjølv om den kanskje i starten vil opplevest mindre stabil enn ein kombistøvel eller ein meir fjellskiretta støvel. Desse skia har i alle fall trekt mang ein barnepulk her i det området eg bur i, på same tid som dei er lette nok til at du kan få treningsglede av dei. Spennet er moderat og skia har litt innsving, så du må ikkje ha super klassiskteknikk for å meistre dei hverken mtp feste eller svingkontroll. Om du skal meir i laussnøen enn du skal i preppaløype ville eg kanskje gått for ei anna type turski, eller det ein kallar "lette fjellski". Fischer sine ski har tradisjonelt hatt gode solar, så om du kjøper ei ski som kostar littegranne har du gode ski som kan slipast og preppast om i i mange år med mindre vekt endrar seg drastisk. Til slutt ein liten snutt; Eg har arbeidd siste vintrane med å endre kjørestil frå Øytun (eg køyrer telemark) til torsjonssvingar på mine gode innsvinga all-mountainski. Når då sambuaren min ikkje bremsar på vegen ned til den isete parkeringsplassen, men heller stakar på og aukar farta, for så å kome susande over blankisen i ein perfekt torsjons telemarksving (alpinstil telemark) på sine racingski.......det er då eg bestemmer meg for å aldri meir skulde på dei dårlige skia Så gjenstår det å sjå når vinteren kjem. Det vil ikkje seie at ikkje ei god ski kan gi deg betre opplevingr enn ei dårleg ski, men eg tenkjer at me har lett for å gå oss på ei detaljeringgrad som tli sjuande og sist, for dei aller fleste av oss, ikkje ein gong vil merkast. Det er forbeholdt feinschmekkerane. Og eg trur ein skal ha slitt ut mange par ski før ein er der
  17. Eg har Cayenne, er den som er avbilda over....og når eg ser på fleire bileter der eg har den på er den nokså lik som det bilete eg har posta over. Diverre greier eg ikkje hjelpe meir enn det.
  18. Kva med å supplere med ein sovepose til? Om vinteren ligg mine slik; Eldste med vinterpose som er passeleg. Ho har dedikert vinter og sommerpose. Nestemann med sin tresesongspose med eldstemanns sommarpose utanpå igjen. Dette er ei stor hjelp, og når posen skal utanpå barneposen, gjer det ikkje så mykje at den er litt lang og vid. Dei to små kidsa til min sambuar er så tynne og små endå, at i tillegg til eigne barneposar i 150 cm, kan dei bruke dei første barneposane som dei to eldste har vokst ut av. Slik har me komplett oppsett for alle fire sommar og vinter, med litt ulike oppsett. Gode liggeunderlag vel så viktig, så supplerar me med varmeflasker i fotende på pose, evt legg stor fora jervenduk over alle mann etter dei har sovna, om det er skikkeleg kaldt og me ikkje fyrer bål natta gjennom. Eit tips for å få små, litt tynne born til å ha det varmt i ein litt for rom soveposeende, er å kjøpe dei billige "duntøfler" på princss eller jysk. Desse fyller ut fotenden og gjer lufta meir stilleståande, og slik varmare.
  19. Hadde eg vore deg hadde eg gjort som tidlegare foreslått, høyrt med ein tindevegleder eller NF-godkjent brefører om dei kunne laga eit opplegg for ein dag. Alternativet er å finne eit område med nokolunde flat bre som ein kan sjå på, og kanskje ruske rundt litt i utkanten
  20. Trur moglegens det finnast ein middelveg. Det er ingen her som eg ser som meinar ein skal fyre primusen hundre gonger heime. I alle fall ikkje eg Derimot har me innanfor norsk friluftsliv ein tradisjon for noko som heiter ferdsel etter evne. Først sett moderne ord på på 60 og 70 talet. Og det er ikkje slik at ein ikkje få brynt seg og lært gjennom praksis, om ein ttilpassar ferda litt. Er det noko som er garantert, er det at ein får møte uføresette tilhøver og utfordringar ein ikkje har tenkt på, uansett.
  21. Om ting brenn seg fast har også ofte med storleik på brennarhovudet å gjere. Til dømes funkar stormkjøkken frå Trangia (eg har tre) fint til koking etc, men til steiking er det ubrukeleg (synes eg). Dette fordi brennarhovudet er så lite, at ein ofte må skru på ganske mykje effekt for å få varme på heile steikepanna. Dette gjer at det som er på midten ofte brenn seg (til dømes pannekaker). Dette gjer at eg har falt for Primus Gravity. Enkel gassbrennar med vidt brennarhovude, god effekt og relativt lite støy. Vindskjerm på laust får du kjøpt i dei fleste velassorterert butikkar, så er det jo berre å handle panne som du syneser god. Sjølv likar eg Primus Litech serien, og har steikepanne i denne. Til bruk i minusgrader er gass ubrukeleg. Raudsprit tregt. Altså sitt du att med alternativa bensin eller parafin. Og då må du til med forvarming. Dette er mindre avansert enn det høyres ut, og du tren ikkje ekstra stasj. Eg forvarmer med den bensinen eg skal bruke. Sjølv har eg ein brennar som bråkar som eit helv...., denne vert kun brukt til snøsmelting, når eg er avhengig av ein påliteleg brennar som kan ta unna og smelte 8-10 liter per dag. Eg går difor med planar om å anskaffe ein MSR Dragonfly, som er meir retta mot matlaging enn den eg har, og som er hakket stillare. Dersom du leitar litt finn du nok heilt sikker tbensin/parafinbrennerar som er mykje stillare enn den også. Personleg likar eg bensinbrennerar som lagar litt "lyd", då lyden er ein god kilde til kontroll. Bensinbrennerar er ikkje til å kimse av, spesielt i telt, og eg sett pris på å ha fleire indikatorar enn visualen, dersom noko er galt.
  22. På generel basis er nok gass kjipern på vinteren. Det er nok lurt å gå over på bensinbrenner eller parafin alt etter som kva du føretrekk. Kanskje dumt å kjøpe ein slik ein før du veot om du likar dette vinterlivet i telt, kanskje du får lånt deg ein? (sørg for å få med opplæring, og bruk den berre utanfor telt, i alle fall i starten). Dnt lokalt her har ein del uttyr til låns, kanskje dei har det i Trondheim også?
  23. Kan hende er du klar over det allereie, og då må eg beklage, men; det funkar litt annaleis mtp på kva teltet ditt må tole. Det er også slik at gassbrennera funkar dårleg til snøsmelting når det er minusgrader ute, tek ei eve og får sterkt nedsett effekt.
  24. Lurt Har du telta på vinteren før?
  25. Hei Emilie Så flott at du har lyst ut på ein lengre tur på ski. Vinterfjellet er magisk! Men, det kan også være nådelaust. For å prøve å svare på dei spm eg kan svare på; 1: Snømengder i Rondane i Desember kan variere, men det er vel oftare at det er dårleg med snø/ujamne mengder enn at det er glitrande skiføre, i alle fall lengst nord mot Hjerkinn ( eg er ikkje lokal, så folkens, feel free to correct me). Eg har tilgode å køyre forbi eller opphalde meg i området i dei tider og sjå forhold som innbyr til skitur. Eg har faktisk snudd ein tur pga av dette, ein gong eg skulle feire jul på Reinheim. Kava oss opp frå Kongsvoll i djup laussnø med pulken stappa med pinnekjøtt. Bikka tregrensa og kom inn på kanten til Stroplsjødalen så var det "snøtomt". Berre fokkskavlar her og der. Me snudde, aka ned lia på pulken att, nikaurde til Gjevilvatnet og dura inn på Gjevilvasshytta. Pinnekjøttet kom på omtrent når det eigentleg skulle stått på bordet Det er ikkje stikka/merka løyper så tidleg. Når skisesongen tek til "for alvor" kan du elles finne gode opplysningar kring dette gjennom turistforeningen sine føremeldingar. 2: Det vil alltid være mogleg å gå ein tur, spm er kor mykje slit du er innstilt på, og om du har preferansar pulk/sekk. Med ein sekk er det enklare å plukke av seg skia å labbe på føtene ved behov. Det skal seiast at turar i mellomsesong med alt slags føre har ein tendens til å trekke ut i tidsbruk. 3: Spm kring kart/kompass gps har lite med fjellet og tilhøva å gjere, og meir med eigen kompetanse å gjere. Skal du i vinterfjellet åleine er det etter mitt begrep eit minstekrav at du er 100% trygg på bruk av kart og kompass. Bruk av GPS som supplement kan være bra, men det krev at du har din basiskunnskap, for å dra nytte av den. Spm kring GPS er også eit spm om kor vidt du er avhengig av framdrift. Dersom du har utstyr til å legge deg i vent når du finn det uforsvarleg å bevege deg pga krevjande orientering, er det heilt ok utan. Dersom du er avhengig av framdrift synes mange det er ok med ein GPS. Likevel må ein tilføye at GPS sei like lite om småskavlar og hamrar på 5-6 meter som kartet gjer. 4: Med atterhald om at eg ikkje kjenner deg, vil eg utfrå det du fortel om eigne føresetnader kanskje rå deg til å anten gå saman med andre, med minimum lik erfaring som deg sjølv, eller gjerne litt meir. Helst ville eg starta litt snillare, med kortare etappar, og betre exit moglegheiter. Om snøtilhøve tilseier det, kanskje starte frå Mysusæter i staden, og gå til Rondvassbu og Peer Gynthytta, og gjere fine turar i områda der nokre dagar? Relativt enkel exit, enkel tilkomst frå Otta, samt dersom ok tilhøve er det litt folk der, noko som kan være ok om det er første tur åleine. Her er sikkert også andre folk inne på forumet som kan tilrå glitrande turar i denne perioden som er litt "snillare". 5: Det finnast mange flott fjellområder for ski. På generelt grunnlag vil eg rå deg til å leite etter områder som har litt korte avstandar mellom hytter, uavhengig av om du skal bu i telt eller hytte (fin backup om noko skulle skje). Det kan også være fint å bevege seg i områder som går litt under tregrensa og litt over, med moglegheiter for litt skjerming om været skulle slå seg på vranga. Typisk områder med rikt stølsliv/stølstradisjonar. Om du byrjar litt snilt og aukar på etter kvart, får du gode erfaringar og opplevingar, og før du anar ordet av det har du vore så mykje på tur at du slepp å legge inn ein førespurnad på fjellforum om du er i stand til å gå turen eller ei. Du har fått kunnskap om eiga ferdselsevne! Uansett; god tur!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.