-
Innlegg
3 566 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Ser faktisk intet mindre enn særs interessant ut
- 110 svar
-
- 1
-
-
Nakkepute av typen reise, i ulike variantar.
- 35 svar
-
- pute
- liggeunderlag
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Evt Møreekspressen som går direkte frå Oslo og lokal skyss frå Dønfoss til Sota
-
Eg tørka i ovnen no, til tross for at eg har dehydrator. Akkurat til dette formålet synes eg det var best. Eg tørka egga ved 60 grader, men dei skal tole så mykje som 80 dersom ein hr dårleg tid
- 41 svar
-
- 1
-
No har eg laga meg eggepulver, men etter ein litt annan modell. Eg steikte dei først til eggerøre som eg tørka og så knuste. Denne metoden gjer at det ikkje er like enkelt å få det til å henge saman som ein "omelett", då "bindinga" ved steiking er oppbrukt i første runde, men eg velde likevel å gjere det på dette viset litt med tanke på haldbarheit over tid, det er ei stund til eg dreg og det skal vare ei stund. Det er ingen tvil om at eg heller ville brukt din metode dersom eg skulle på tur med kortare lengd og kortare til avreise.....no synes eg det var ekstra "trygt" å steike først. Laga av 20 egg. Edit; korleis unngår eg så steike store bileter?
- 41 svar
-
- 3
-
Det er sjølvsagt vanskeleg å seie so mykje om marsjtempoet til folk ein ikkje kjenner, men eg forstår at de har litt begrensa erfaring, og med det kanskje ikke vane med å bære litt tyngre sekk? Med fare for at de er superspreke, så tenkjer eg at det kan hende at eit tempo på 4 km i timen med over 100 m stigning er litt vel. Alt etter kva form ein er i og kor disiplinert ein har vore i pakkinga så ville eg rekna 2 - 3 t, utan at eg kjenner råsa opp frå Haugen gård (då eg har komt andre stader frå til Røvolltjønnan). Då tenkjer eg i effektiv gangtid. Pauser på meir enn 5min kjem i tillegg.
-
Me gjekk ruta langs 63 grader nord med kids for nokre år sidan. Turen var grei, definitivt finast lengst aust. Me var 4 vaksne og 7 kids i alderen 4 - 10 år. Den yngste satt ein del på skuldrane. Ver obs på at til dømes Schultzhytta har dårlege tørkemoglegheiter om det kjem større grupper, og vernet av bygningene gjer at ein ikkje får tørka ila natta. Kidsa har fabla om å gå den igjen, på ski. Noko eg heilt ærleg tenkjer kanskje er ein variant som passar oss betre. Eg mislikar myr så til de grader når eg skal gå 🤣 myr eignar seg best til stille observasjon synes eg.
- 9 svar
-
- 3
-
- norgepåtvers
- norgepaatvers
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
SAR-forsikring til haustens skitur samt ny snøbørste, nokre kilo sjokolade og nøtter og x antal suppeposar.
-
Og vidare frå Ameralik kan ein jo gå flotte turar innover Austmannadalen. For den med litt slik interesse ligg jo Nansens gamle teltplass inne der, samt ruinane ettergamle vikingbusetnader. Og sjølvsagt moglegheiter for fiske.
-
Er de i "tjømda" med førebuingane? Ser fram til turrapport!
-
Er det eg har gjort før, men har som regel vore turar der maten har reist saman med meg og eg slik har hatt ein viss kontroll. No veit eg ikkje korleis det eg sender i Juli ser ut før eg sjølv kjem etter 19 august...
- 41 svar
-
- 1
-
Frå leverandør? Jaus, det kjem no litt an på prisen, hadde tenkt å lage sjølv, men om det er råd å få tak i i småskala kvantum er det interessant ja
-
Eg skriv under på denne! I motsetnad til Jotunheimen får ein også langt meir fred i dette fantastiske fjellområdet. Enkel logistikk til og frå anten du går inn frå nord eller sør. Både Vuludalen, Grotli og Billingen er fine innfallsportar frå sør.
- 7 svar
-
- 2
-
Nei altså, eg tenkje litt på lengre turar med reising og slikt. Eg har gjerne ikkje tid å stå og lage alt tett opp til avreise, og vert avogtil usikker på haldbarheita på det eg tørkar og lagar sjølv. Denne gongen er det 2,5 mnd til avreise og eg har alt teke til å lage maten. Så tidleg har eg aldri vore ute før, hverken med grønnsaker, kjøtt eller egg. Ideelt sett skulle eg kunne sende maten med båten som går med en palle bagasje i Juli, men då vil maten bli utsett for varierande temperaturar, så eg er innforstått med at dei måltid som skal laga sjølv må med i bagasjen når eg flyg, så får eg sende dry-tech og frukostrasjonar i forvegen.
-
@Tom42. Korleis er holdbarheita på eggepulveret?
-
Traurig lesnad. Eg nesten kjenner skuffelsen innvendig! God betring og betre lukke neste gong.
- 60 svar
-
- 1
-
Hvannadalshnukur - Da er alle Europas nasjonstopper i boks
Tessatroll svarte på snilen sitt emne i Turrapporter
Åh for ei forteljing og for eit målretta prosjekt! Eg vart rett blank i augo, den siste turen som det her vert rapportert om såg jo heilt super ut. Kjenner at eg fekk eit lettslør av lysegrønt over meg- 18 svar
-
- 1
-
Stekenjokkvegen i Sverige er nå brøytet - åpnet?
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Fjellvandring
Sukk hjarte..... -
Ok, så då er det mest praktisk at de går inn i fjellet frå aust eller sør. Her har eg lite kjennskap, så vidt litt på vinter, så her er det nok mange andre som sitt med langt betre informasjon ja.
-
Dei var stadvis veldig høge. Såpass at når eg skulle sjå etter spor innover snøen så stod eg i døra på pick-upen for å greie å sjå.
-
Eg skjønar Med eit telt utan asymetriske innganger vil eg i mange tilfeller sleppe greit unna og ha ein inngang le, ved å forhalde meg til dominerande vindretningar for området. Dit vinden kjem frå , og dit den truleg vil dreie ved eit skifte. Her hjå meg er det som regel vestlege retningar som dominerar, i ein eller annan variant. Om eg plasserar teltet i henhald til det, med dørene mot aust/nordaust vil det ofte vere tilstrekkeleg. Skulle han dreie på aust er han som regel så fin her på desse trakter att det ikkje gjer noko Evt kan eg dra vekslar på den største fordelen med kuppeltelt; løsne en bardun eller to og snu teltet i ei handevende. Altså, eg ser fordelen, men stiller spm ved om den for meg hadde vore avgjerdande om der var andre specs ved teltet eg synes var særs bra Om valget stod mellom to "prikklike" telt, kunne det dog bikka valget. Eg skal dog ikkje ver bombastisk på noko vis, då eg har dvelt lenge ved eit evt kjøp av kuppeltelt, til tross for kor praktiske dei er. Eg greier ikkje heilt "trivast" (?) i dei (les; får ikkje go`kjensla) og endar opp med å tenkje at eg skal kjøpe meg eit nytt Nallo2. Og slik går nu åran
- 56 svar
-
- 3
-
Eg personleg må seie at eg ikkje har det heilt store forholdet til asymetriske/ikkje asymetriske dører. No er ikkje kuppeltelt noko eg brukar mykje, men eg har no nokre netter etterkvart i dei likevel, i samband med turar med andre der me delar telt. Eg har nokre netter i mellom anna Exped Orion Extreme, som er særs populært i padlemiljøet. Er det ver, vert teltet vert sett opp med eine døra mot vinden, då er jo den andre døra i le som på eit tunneltelt. Er det mykje ver har ein då berre ein inngang, elles to. Eg ser at det er sjeldan me mekkar mat på båe sider uansett, og eg tenkjer at spørsmålet kokar ned til om ein vektlegg to inngangar heile tida uansett ver mest, eller om ein vektlegg takhøgda (som jo er detsom skil seg frå ein del adnre tetl) mest.
- 56 svar
-
- 2
-
Eg har lånt denne sekken av ein kompis for å prøve den ut litt, mtp kjøp. For meg har sekken super passform, hoftebeltet er særs bra, ber børa godt utan å bli for stort. Løysingane på lommer og reimer er bra. Eg synes personleg han er litt "Trang" i toppen, og litt smasl, noko som gjer at eg synes den er meit tungvindt å pakke enn til dømes min tidlegare Bergans Alpinist. Edit: såg at eg tenkte feil. Uttalte meg her om Pararanger.
-
Litt off topic men som ei ekstra opplysning på temaet "tindevegen": Eg veit at ein mellom anna i det området pløger ned kantane på enkelte stader, i mindre lommer. Desse er det særs viktig at ein ikkje parkerar på då, då dette er gjort for at reinsdyra skal komme seg over vegen i periodar med høg trafikk av folk, som til dømes ved highcamp. Når kantane er høge, og dei ikkje kjem seg over, vert dei "fanga" på den sida det aular av folk, og stressa. Eg trur dog dette gjeld litt tidlegare på sesongen. Når ein kjem litt lenger utpå får ein ofte naturlege overgongar nokre stader, sjølv om det enkelte stader framleis er høge brøytekantar (eg var der Torsdag), i tillegg til at reinsdyra ofte har forflytta seg for kalving osv (sjølv om dette iflg kjelder skjedde noko seint i år enkelte stader). Synes likevel at det var greit å slenge inn denne ekstraopplysninga i ein tråd som omhandla Tindevegen og ferdsel der.Det gir ein ei ekstra påminning om at ein ferdast i villreinens område.
- 24 svar
-
- 3