Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 566
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Det tyngste eg har bert over tid var 45 kg. Det synes eg var tungt. 65? Jesus. Må no ha krympa med 5 cm på lengda, minst. Ser for meg eine ryggvirvelen etter den andre verte sammentrykt!
  2. Ørstadame dette, ikkje så rart
  3. Teltet skal stå stramt utan at ein brukar bardunane. Plugg baken på telte først, for så å strekke det ut. Plugg så framparten, med heilt slakke markløkker. Deretter strammar du desse (har ikkje dette telte men reknar med der er strammemoglegheiter på markløkkene i den enden). No skal teltet stå stramt, og ein kan bardunere for ytterlegre stabilitet. Edit; ser på bileter at det kanskje ikkje er justerbare markløkker på ende. Desto viktigare å få strekt teltet skikkeleg i lengderetning og plugge kortendane først.
  4. Dette er etter mitt syn å konkludere på andre personars motivasjon for å engasjere seg. Du om det. Eg kan berre føye til at eg er engasjert i DNT, og har mine timar med dugnad for dei. Eg er slik ikkje på leit etter skyts mot DNT, men held i hevd det eg tidlegare har sagt; eg synes dei har gode ting føre seg, og eg synes dei har underlege og mindre gode ting føre seg. Med omsyn til villreinen her, så kan det sjå ut som at det er ei god løysing å frakte desse handverkerane med buss. Det eg då reagerar på, er at denne kunnskapen har vore kjent i nokre år no, og først no vert dette eine tiltaket sett i verk (med atterhald om at eg ikkje har lest absolutt alt som finnast av informasjon om eventuelle mindre tiltak set iverk). Eit legitimt spm er jo om ikkje det ville vore ein naturleg konsekvens av denne utgreiinga med påfylgjande rapport, å prøve å ta ned trafikken i området? Slik saka framstår no har ein begrensa seg til å handle "reaktivt" ved auka trafikk.
  5. Ein slik ja. Den har ikkje komt endå, kan gi ein lyd når eg har fått prøvd
  6. Tessatroll

    Skalljakker

    Eg har supre erfaringar med både Bergans og Arcteryx. Jakkene mine får juling, og dei definitivt tettaste eg har er ei kraftig Bergansjakke og mi Arcteryx Alpha SV. Eg har hatt dei i 8 og 6 år. Norrønaen derimot.....
  7. Kjenner att det med teltet. Pakkar difor ting i sekk på same vis som gjennom små luker i kajakk: stapp nedi først, få forma det, og så lukk at rolltopp eller snor eller kva det skal vere. Kanskje kan du sy ein litt større telt pose som gjer ikkje blir så kompakt, slik at du kan forme betre? Alternativet er å legge det på toppen, så trykker det i alle ned i staden for å drage bak. Men jau: 65 l på tur med kids blir fort lite.
  8. Eg er samd i at i alle fall eg tende litt for fort og gløymde både trekke pusten og tenke meg om. At folk reagerar så momentant må dog sjåast i lyst av at ein kanskje har vorte litt matt av alt det rare som går føre seg, for det ER mykje rart som går føre seg i vår naturforvaltning per i dag. Eg står for at eg synes DNT gjer ein del bra, og ein del eg ikkje likar. Eg har skjønt at dette ikkje er DNT, men dei er jo ein aktør i dette, for det er jo ferdsel til og frå Rondvassbu det er snakk om. Eg skal likevel la være og fordømme saka noko meir utan å sette meg skikkeleg inni den. Heldigvis har me med dagens infrastruktur godt høve til å gjere nettopp det.
  9. Eg må legge til at eg synes DNT gjer mykje bra. Men dei gjer ein del eg ikkje skjønar meg på også. Likeins naturforvaltninga, same kva form dei kjem i, nasjonalparkstyre/forvalter/senter osv. Men dei har ein arbeidsgjevar dei og, og kanskje kryssande bestillingar og fleire omsyn som skal tas. Ikkje alltid dei får til beste løysing men beste moglege løysing med den tid/info/makt/ressursar ein har til rådvelde. Det må vi vite. Og passe på. Ein eg var på forelesning med i fjor, er ein veteran og ein kunnskapsbauta innafor norsk naturforvaltning. Han meinar den forvitrar frå innsida, med ei leiing som styrer skuta feil. Presset er enormt. "ikkje tru på noko de blir servert" var bodskapen. Oppløftande.
  10. DNT blei nyss tildelt 15 mill ekstra i gåve. Uttalen var i duren "yes, då kan vi få bygd fleire hytter......". Sukk.
  11. Ein skal faktisk ha ganske fagleg gode argument framlagt for kva som gjer at ein tenkjer denne type tiltak no på reinens vegne, for å ikkje mistenke at reinen her blir brukt som brekkstang for å slå fleire fluger i ein smekk. Når ein kanskje kunne smekka den eine problemfluga på ein annan måte. Per dato pågår det så mykje sprøtt i fjellheimen at eg har lagt til sides mine diplomatiske evner til fordel for å sjå det som det faktisk framstår: gjentakande haudelause prioriteringar. Tillita vert stadig meir skrantande.
  12. Villrein som vikarierande motiv. Forkasteleg.
  13. Båe desse er gode alternativ til eit barn i vekst. Lat fotfasongen til brukaren avgjer det?
  14. Alt eg har å lære! Kult Edit; fotosyntese kan eg altså litt om, men kopla ikkje dette opp mot teoriane mine om teltfarge Haha
  15. Mykje snø i høgareliggande strok framleis, så lågare fjellområder evt lenger aust i mindre nedbørsrike områder er kanskje smart. Med ei veke disponibelt burde området rundt Femund være eit alternativ? I ae fall no når Sognefjellet er ope.
  16. Kan det være fordi at raudt (og forsovidt blått) absorberar meir UV stråling enn andre fargar? Stråling med mykje energi? (hvilket også burde seie noko om at blå og raude telt brytst fortare ned som resultat av UV slitasje). Men beveger meg på gyngande grunn her. Eg er liksom god på flyktningar og samfunnsfag, ikkje dette. Sambo påstår at farge ikkje har noko å seie fordi dei fleste telt har så mykje plast i seg, dødt materiale som ikkje absorberar noko som helst. Så må me krige om her heime kven som har rett 🙈 Edit: konklusjon er at om ein vil ha varmar telt bør ein kjøpe svart bomullstelt. Nokon som ser seg eit marked?
  17. Ikkje heilt. Svart vil absorbere, kvitt vil reflektere. Elles avheng oppførselen til lyset også av materialet lyset treff. Og det er vel der teltduk kjem inn i biletet. Svart telt ville nok uansett vore varmast, men noko trist telt Grøne telt er ikkje nødvendigvis per def "mørke" og slik absorberar meir, men er faktisk grøne, og oppførsel til lys vil verte ut frå det. Eg ser at dette vart eit tåkete svar, det er fordi eg ikkje har det 100% under huda. Eg leitar desperat etter det stoffet eg ein gong las om akkurat dette! 🙈
  18. Berre motsatt. Finn best roa i raude telt. Opplever det også som hakket varmare, men har ikkje noko for å støtte opp under det, anna en grunnleggande lære om refleksjon av kvitt lys/fargelære.
  19. Brukar ingenting med mindre det er regn eller jævelsk med mygg. Ved regn legg eg meg under tarp. Regnar det sidelengs ala sjølvrivande leir kan eg finne på å nytte ein vindsekk eller noko over.
  20. https://www.finn.no/98331136 Ubetydelig brukt Keron 4GT til 4000 må vere eit kupp....
  21. Og enekelte Mountain Hardwearmodellar. Optiv view til dømes, er med jamne mellomrom på tilbud, og er heller ikkje så dyrt veil.
  22. Naturhike, Vaude, Wild Country, Nemo, Jack Wolfskin og Urberg er samtlege telt som ein kakn finne til ein rimeleieg penge, eller ofte på tilbud, og som held grei til god kvalitet. Døme; http://www.outnorth.no/urberg/2-person-dome-tent#Green Edit; glømte Robens. Me kjøpte eit til jentungen i 10-årsgåve, og synes me fekk mykje telt for pengane.
  23. Compack utsolgt overalt, men kjøpte trekker i staden. Er no noko meir kompakt og 120 gr lettare enn Exped i alle fall. Eg vonar inderleg eg greier trykke inni min exped på 9 cm.
  24. Guttongen her har ei exped scout som me har synes funka fint.
  25. Ikkje padle femunden med dei, men start frå nord ein stad, til dømes frå Synnervika. Leig kano i staden, så kan alle tre sitte i samme farkost?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.