Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 566
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Skikompis! Lettfattelig og godt oppbygd bok, i motsetnad til ein del andre bøker om temaet.
  2. Super film, særs flotte bileter. Saknar også litt "uredigerte øyeblikk" og kanskje hakket lenger bileter/sekvensar før du i skiftar, slik at ein rekk ta innover seg det ein ser.
  3. Yeti får du særs billig på ebay UK. Me snakkar nokre hundrelappar. Siste eg handla enda på rett i underkant av 500 kr totalt.
  4. Ok, då skal eg slå på tråden og evt ta ein tur ut
  5. Kvar fann du den jakka til den hyggelige prisen? Link? 😁
  6. Ja dunjakke har eg vaska. Blei bra. Sovepose har eg ikkje turt, og ser at eg truleg har litt for lita maskin
  7. Har du fått til å vaske og tørke oppatt dunsovepose heime? Kor stor trommel har du evt? Eg har ikkje turt prøve, har no sett for eit mosk det er berre med ei enkel dunjakke, så leverar mine til rens, om dei absolutt treng noko rengjering. Ikkje er det spesielt dyrt heller. Men om eg kna gjere det heime er jo det supert!
  8. Med omsyn til fiske på vestvidda veit eg lite, men om eg sjølv skulle vitja den delen av vidda til fots ville eg vurdert å gå opp frå Simadal og så arbeidd meg sørover. Utsikta og naturen på vestsida av Jøkulen er fantastisk. Eg har gått ned der ein gong eg kom frå Finse på ski i juni. Fotføre frå Skåkje og ned i dalen. Dog 1000 brutale høgdemeter i starten.
  9. Vegrar meg mot å gjere vurderingar av alpine ruter på andre sine vegner, mem tenkjer det kan vere smart å få tak i eit eksemplar av breføreren.
  10. På Fischer sin skivelger kjem du ut med e99 i 205 eller 210 med 180 høgde og 85 kg. 210 vil eg tru er for dei spesielt interesserte, så eg ville gått for 205 eller 200 som du har frå før. Eg ville ikkje gått under 200 cm. Eg har forøvrig også Nansen, dei har eg i 185 altså 19 cm lenger enn meg. Dei er så lettmanøvrerte at eg ikkje ser noko poeng med å takke nei til litt ekstra bæreflate i form av lengde. Amundsen har eg i 187, altså 21 cm lenger enn meg.
  11. Kvar i denne tråden finn du den påstanden? Elles tenkjer eg som eg gjorde innleiingsvis; spennet er ikkje som på ei langrennski. Eg har ikkje teke arktesten på mine Amundsen, men butikken gjorde ei spennmåling på 4 par, i maskin og fann forskjelar. Heilt sikkert ikkje så store, men dog. For den som har behov for/interesse av å "fintune" er vel det greit vel?
  12. Eg og jamntung venninne kjøpte ski til ein tur me skulle på. Ville ha litt lengde, og ba butikken finne dei to para i den lengda som hadde minst spenn. Dei tok 4 par og målte, og me fekk dei to i nedre spennsjiktet av desse 4 para. Det var Amundsen. Trur ikkje forskjella er så stor som på langrennski, men kanskje greit å vite om ein vipper mellom to storleikar, at ein kan nytte slike målingar?
  13. Nei, oppgi kroppsvekt med kle, og så "ferdselsvanar" i kommentarfelt. Altså terreng, tung/lett sekk, pulk osv.
  14. Enkel sak. Hårføner som varmar opp eit og eit stykke (kanskje 15-20 cm i slengen) , skrap av med metallskrape. Legg på ny lim. Ikkje ver redd for varmen når du nyttar føna. Det skla vere godt og varmt så går limet av enkelt. Om du er på Instagram finn du nok bileter av prosessen på min profil, therese.moe.oye
  15. Usikker på den med slak skrittstropp, eg kunne i alle fall ikkje hatt det...guys have b...og kvinner (i alle fall nokre av oss) manglar det berømmelege "thighgap". Det sagt så har eg skrittstropp på snørekjøringsbeltet mitt, og det har til dato ikkje gitt nevneverdige problem
  16. Nokre butikkar spennmåler ikkje fjellski, berre langrennski, andre butikkar spennmåler også fjellski om ein bed om det, for å finne den "lille"variasjonen innanfor samme lengde, evt om du vippar mellom 2 lengder vekt-og lengdemessig (Difor du må oppgi desse). Om du bed om ei spennmåling og gir dine preferansar i kommentarfelt, skal det vere heilt trygt å kjøpe ski hjå dei "kjende" namna på netthandel.
  17. Elles; sorry. Skal ikkje spore av meir.
  18. Av typen overleve ferda frå bilen til inngangsdøra på Kiwi...og det er ikkje fordi at behovet ikkje er der! For det er det. Og det fins ein heil del frustrert damer der ute som kjenner på det.
  19. Sure thing! Me kjem også til å arbeide hardt for å få gjennomslag for skistøvlar med kilehæl; relativt stødig, på same tid som ein kan bevare/frå fram den optiske illusjonen om lange bein. Kven i all verda er det som har sagt at ein må være jordnær-grå i fjellet? Jatakk til store solbriller, skjørt, pinsett, pin-up pose og generell glam til fjells og til sjøs! Pels og store briller høyrer saman! Sokalla highliter rundt augene, fordi eg har skjønt at "pandalook" gir mountainscreds! Mi vennine F har skjønt trikset for å trekke merksemda vekk frå manglande dusj på nokre veker. Just in case det skulle komme nokon dei neste 450 km.
  20. Ok, eg plar berre stappe mi oppi buksa, eller mellom liner og skall. Synes eg mistar ein del trøkk om eg ikkje nyttar powerstrap.
  21. @Gittiamo eg ser eit potensielt foretningskonsept her. Funksjonelle kle og sekkar i high-end segmentet til damer, med ulike fasong. Ein pitteliten "kjellarfabrikk". Kan frette gamle Flo fjellklefabrikker etter grunnmønster vel
  22. Morroklompen! Kva med å få noko som passar, og som til alt overmål IKKJE er rosa eller lilla? #ainthappening
  23. Det er ein ting som er sikkert, at sjølv om ting er i betring, og mange ganger betre enn for nokre år sida, så er det framleis eit stykke fram til markedet er gjennomsyra av gode, gjennomtenkte, funksjonelle og damespesifikke produkt. Med helsing ei som ofte har måtta "drukna" i unisexkleder. For å få det over ræva, anten det er bukser eller jakker, må ein ha storleikar som elles vert for store. #lifestrugglesinthewesternworld
  24. Kan du ikkje berre ha den laus ved gange?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.