-
Innlegg
3 566 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
60
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg har og kika på chinok ei god stund, etter tips her inne. Vonar nokon snart tek til vett og kjøper eit så me får beskue
- 121 svar
-
- 3
-
Har du kika på nokre av MSR sine modellar? Til dømes Hubba Hubba NX?
-
Eg tenkjer at du med fordel kan få i deg litt meir protein på dagtid, har ein lange dagar treng ein protein litt tidlegare enn ved middagstid. Treng ikkje ver allverda, kanskje 50 gr tørka kjøtt saman med brødet? Og spe på med selolje eller cocosa i tillegg til smøret. Det har høg energitettleik. Selolje er også betennelsesdempande, eit lite triks på langtur. Karbohydrat av type stivelse er bra for å ta opp feitt, så om du sper på middagen med ein halv pakke potetmos (veg lite) vil du få ei anna utnytting av feittet du et. Det handlar also ikkje berre om mengde men også om kombinasjonane. Eg veit også at nokre sper på frukosten med proteinpulver med ein eller anna smak dei likar. Eg har ikkje gjort det, men har hatt i ein del næringsrike frø og kjerner. Om du ikkje har i deg selolje kan du vurdere å ta trankapslar. Gode fettsyrer der også som påverkar totalbalansen i kroppen.
-
Han har innimellom for seg noke bra skriverier den karen! Verdt å lese
- 4 598 svar
-
- 1
-
Type brenner? Utskilt fra Hva har du kjøpt nå!
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Eg tenkjer at @Heriks slik det framstår, har relativt god oversikt over kva som er farleg eller ei. Eg tenkjer og at det er grenser for kor langt ein person med erfaring innanfor eit tema/ei oppgåve skal pushe det å skulle lære av andres instrukser kontra å lære sjøl. Det vesle eg har drive med naturveiledning har i alle fall lært meg litt om forskjelane på instruksjon/fasit kontra rettleiing/still ekstratryggleik. Det er ikkje noko hokuspokus å fyre opp ein bensinbrenner i det fri og opne. Så tek ein det suksessivt derfrå. For dei fleste med sunn fornuft går det veldig greit. Eg har nytta både XGK og Dragonfly, aldri med anna enn bensin. Likevel har eg ingen problem med at andre vel å nytte raudsprit. Og eg tenkjer at det er fint å få forske på ting på eigahand, og angripe "oppgåva" som ein vil.- 34 svar
-
- 8
-
Type brenner? Utskilt fra Hva har du kjøpt nå!
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Eg forvarmar med bensin og er ikkje plaga med soting, har nytta både miljøbensin og heptan. XGKen min nermar seg ti år.- 34 svar
-
- 3
-
+ 1
- 2 svar
-
- 1
-
Samd i dette. Den overmadrass-effekten gir god comfort for meg, og gjer at ein kan ha det oppblåsbare litt mjukare enn elles utan å få kuldepunkt mot bakken.
-
Samd i at Baffin er ein fin båt. Noko tregere men dog ein artig båt. Min første "plastfavoritt"
-
Bergans Trollhetta 95l vs. Bergans Alpinist 100l
Tessatroll svarte på Linn Mari sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg har brukt både Trollhetta lady og alpinist. Alpinist har høgare eigenvekt. Fordel med Alpinist er at den er enklare å pakke pga vidare i toppen og toler meir vekt. Hadde for meg for breidt hoftebelte så eg enda med å selje (klemde på setemusklane). Gode skulderstropper. Gode justeringar. Praktiske funksjonar. Gode sidelommer. Kort sagt super sekk om ein ser vekk frå eigenvekt og for breidt hoftebelte til meg. Trollhetta vart litt smal på skuldrane til meg, men dette handlar jo om passform. Elles ein ok sekk som toler meir vekt enn det ser ut til. Vart likevel ingen favoritt for meg, litt smal å pakke og inntrykk av "små liter", kanskje av samme grunn? Meir "tetris".- 3 svar
-
- 2
-
Gå Tyrifjorden rundt 12 mil - Dag for dag
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Turrapporter
Herreminhatt! Ja då er det nok vanskeleg å få til. Truleg har du funne den "mest optimale" løysinga. Kan ein få støypt noko slikt forresten?- 108 svar
-
- krokskogen
- finnemarka
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
...innspel som teke ut av tastaturet mitt @gittiamo har heilt rett i dette, sener og muskelfester gror ikkje styrke like fort som den tverrstripa muskulaturen, så det å lytte til kroppen og heller trappe ned eller halde nivået er det smartaste ein kan gjere, framfor å trappe opp eller halde på i samme dur. Siste kan fort gje eit lengre, ufrivillig avbrekk. Klatring er tungt for kroppens senar, og det skal meir enn månader til for å kunne "herje" den som ein vil (noko eigentleg ingen kan). Dei klatrarane eg veit om som held seg skadefrie og i funksjon år etter år er dei som ikkje slurvar med skadeførebyggande trening og bevegeligheitstrening utanfor veggen, samt har eit bevisst forhold til balansen mellom "trekkeøvelsar" og "skyveøvelsar". Dei har også overvekt av klatring på eit nivå som er godt innafor, og får mengdetrening og sirkulasjon på det viset. Det gir godt teknikk og avslappa musklar. I tillegg kan du kanskje tenke på å gjere nokore øvingar, som til dømes tåhev, eksentrisk. Då vil eg eigentleg kalle det "tå-dip"- Altså, ha fokus på fasen der du senkar helen, hold att så godt du kan, i staden for at fokuset ligg på skyvet opp.
- 17 svar
-
- 2
-
Eg har også ein stor ein frå Piteraq, 60 eller 70 liter. Den har solid stoff utan å vere stivt, samt reimer og fester for å kunne lage ein enkel "sekk" av den.
-
Gå Tyrifjorden rundt 12 mil - Dag for dag
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Turrapporter
Skjønar at du har prøvd det meste, og du er nok ekspert på eigne bein. Difor mogleg dette er eit lite relevant innspel, men slenger det inn på ei von; For å kunne ha mindre "dill" på føtene (mogleg du ikkje synes det gjer noko berre eg som synes det ser heftig ut :P) kunne det vore ein idè med sokalla gnagsårplater eller trykkavlastningsplater som du legg dpbbelt og klipper hol for "gnagepunktet" slik at det vert liggande ei dempande pute i ein sirkel rundt? Har brukt dette med stort hell på allereie oppstått gnagsår på turkameratar (eg er av den heldige sorten som knapt får gnagsår). Har ofte tenkt at folk med beinkular (hel og ledd på stortå) kanskje kunne nytta dette med hell.- 108 svar
-
- krokskogen
- finnemarka
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Meierismør i boks med lokk med pakning. Ved til dømes padling i varmt ver er det ofte vanskelig å finne snø og kjølige stader, så smøret smeltar og stivnar om einann, då er det greit at boksen held tett.
-
Slitesterkt og funksjonelt for kajakk/kano : Sea to summit - Big river. Lett og i sekk på vandretur : noko lett i ultrasil. Gode midt i mellom allround : exped sine pakkposar. Dei siste har eg nokre av som har holdt i maaange år, lettare og mjukare enn Big river men meir slitesterk enn ultrasil.
-
Nyttar etablerte bålstader og sanking av ved avheng av kor beferda områda er. Jo større volum jo meir forsiktig er eg. Nokre gonger spar eg torva av, fyrer bål, og legg torva tilbake når ferdig.
- 12 svar
-
- sporløs ferdsel
- bålplass
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Svalbard på tvers på ski
Tessatroll svarte på Cornelius Hjort sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Sitt per dato på tur med lett dysfunksjonell mobil. Vonar du får svar. Om ikkje, kan eg svare deg når eg er heimattkoma til helga -
-
Duellen vol. 1: Kolåstind (Ørsta) vs. Ringstind (Luster)
Tessatroll svarte på Erling12 sitt emne i Turrapporter
Artig lesnad denne tråden Ikkje minst Mohns skildring av ulikskapen i det Jotunheimske og det Sunnmøreske landskap. Mene, kvar plasserar me då Romsdalen og Nord Møres indre? -
He kjøpt et litetrek pro 3. Vanvittig stort synes eg, vurderte eit bel å bytte det i toer, men greit å ha god plass til to pers på lange turar og evt ha plass til begge bikkjene ved pissregn. Pakkar veldig lite og fin vekt. Gode løysingar, sjølv om eg skal gjere to endringar på det sjølv.
-
Sol 🌞på teltet⛺️ - tips for å sove lenger
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Telt og lavvo
Geniale i midnattsol- 12 svar
-
- 2