Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Grunnen til at eg e skeptisk e fordi eg av erfaring veit at eg trivast best med føttene mot vinden. Å sette den flata i haudeenden opp mot mykje vind går heilt sikkert fint, mem for MIN trivsel og mine preferanser så ser det ut som ei dårleg løysing
  2. Seier meg dog enig i at e99 uten stålkanter med fischer sitt kortfellesystem hadde vore noko!
  3. Følgjer denne. Eg synes i utgangspunktet at Pro 2 ser kjekt ut, eg lika opa langside. Men så er det den saken at eg ville hatt fotenden mot vinden, som har lågaste vindfanget. Og då står veret rett inn i forteltet.
  4. Beklager skulle vore meir spesifikk ; kva ski har du fischer sitt kortfellesystem på 😁 109?
  5. Tråd utskilt frå "Åsnes kortfell som går i stykker".
  6. Eg har ingen problem med kanting av Finnmark, tvert om. Og rockeren gjer jo at effektiv "kjøllengde" blir kortere, noko som gjer at eg synes det er endå letter å kante. Var på tur med to andre med Nansenski, på vidda i februar. Eg hadde Finnmark. Me hadde nokre halvfriske utforkjøringer med pulk og taudrag, bikkjer foran, fast til hardt føre. Då er ein heilt avhengig av at skia lystrar alt, så ein får posisjonere seg ift både bikkje og pulk. Vel i bunn av eine bakken, lang fin fjellside, var eg dødsglad over artig skikjøring, med fine svingar og mjøring på kant ned eit par bratte heng med pulken dinglende under meg. Synes skia låg på kant meir eller mindre av seg sjøl. Dei to andre var dog gåen i fotblada (Nansen er jo godt innsvinga og slik litt meir jobb å få på kant synes eg, under rette forholda). Dei to andre er ikkje noko dårligere på ski, så tenker at dei erfarer det samme som eg ift Nansen. Så eg greier ikkje heilt kjenne att den problemstillinga.
  7. Splitta ut kommentarer/spm kring fischer kortfellesystem Vs åsnes i egen tråd.
  8. Dette er eg au nysgjerrig på. Synes Fischer sitt ser bedre ut, og mindre sårbart.
  9. Eg har spara på alle av dei gamle felle festa, mellom anna for å få sett på selskinnsfell. Det er eg glad for når eg les her. Noko så irriterende som å lage så veike ting til slikt bruk. Undersia av ei ski er liksom ikkje staden for bomull og silke..
  10. Eg brukar Suunto. Ingen problem på tur, dei er jo vasstett, så dei får plass utanpå jakka.
  11. Men den har myggnett i trekantventilen i innerteltet?
  12. Eg hadde og Gravity. Ved utbytting kjøpte eg ein MSR windpro. Stor brennarhau som Gravity = bra på steiking av mat. Forvarmingsrør, så gass kan settast på hauet. Blir liten nok til å gå i kaffekjelen min med stor opning.
  13. Eg har Keron (Black kabel). Der er to lag. Stoff og netting. Nyere Nallo er eg usikker på. Meinar det er myggnett i trekantventilen i fotenden på innertelt. Toppen på døra hadde ikkje før, men usikker på dagens.
  14. Ja der er eit par varianter Kan elles gå god for Bridgedale sin thermal liner. Brukar den mykje, både som innsrste sokk av to, evt med plastpose mellom, men har også nytta den mykje åleine.
  15. Kanskje me greier finne att bileta ved gode søk? Meinar eg la ut fleire med ulike snøringer, mellom anna ved bruka av kamelører.
  16. Eg tilrår å ringe nokon av dei lokale guidane for å høyre om årets tilhøver spesifikt. Men, på generell basis kan eg seie at blåis i småttene i Mai ikkje er vanleg. Eg har opplevd ulike forhold der i Mai, frå knallhardt og med utglidning som den "største" fare til nokså rottent og med ein del gjennomslag med stav. Men ikkje opllevd og ikkje hørt om småttene som uframkommeleg pga breproblematikk i mai. Det er også meldt ein del snø der framover, og ganske kaldt.
  17. Heilt klart. Stetind sitt som eit skudd på meg, mens Alfa = trykksmerter frå ei anna verd. Lyt berre prøve, ved eit høve der eg er i byen og har noko utvalg å prøve.
  18. Det har du sjølsagt rett i, ikkje berre lesten men også solen avgjer passform. Korleis opplever du Svartisen i forhold til breidde? Eg høver fint nedi til dømes Crispi Stetind BC, La Sportiva Trango støvel, Crispi Skarven fjellstøvel osv, om du tilfeldigcis skulle ha nokre av desse.
  19. Det kjem nok an på tilhøva. Eg har venner som e knallfornøgde med brei Acapulka, og eg kjenner folk som synes dei er heilt håplause spesielt i mykje snø, fordi han legg seg veldig på sida i skispora. Den som barskekarsten syner til er dog ein mellomting på breidde, omlag 1å cm breier enn fjellpulken og omlag 10 cm smalere enn den breie acapulkaen. Hadde det ikkje vore for at eg vil ha hundeutstyr til, så hadde eg vurdert den sjøl, men eg har nok bestemt meg for ein xplorer 168. Har også fått antyda at det gledelig nok kjem nokre endringar på xplorerserien til neste år. Kunne godt vore fleire endringar, men nokre ting vert i alle fall vesentleg betre. I forhold til storleik er me så ulike. Eg greier meg med Parispulk inntil 14 dager dersom eg deler telt, inkl ymse ekstra (breutstyr, fiskeutstyr eller liknande). Men det er på hengande håret, og litt tetris i starten, før dopapir, fuel ig mat har minka
  20. Og den er ikkje så sårbar for salt, om ein skulle vere av den typen som også bruke skallklea sine ved og på havet.
  21. Takk for utfyllende svar @Omnilite. Eg hadde bindingen på hakk ein, som eg normalt tenkjer på som "gå-modus". Det var faktisk så vidt eg fekk lukka den i det stillet. Skulle eg tvinga den i hakk to trur eg at eg hadde øydelagt noko. Ein kamp og ein strid heile kombinasjonen igrunn. Har vurdert å prøve Svartisen, men veit at Crispi Sydpolen i alle fall høvde meg dårleg, og tenkjer at dei kanskje er bygde over samme lest? Alpina Alaska skal stikkes ein fot nedi, samt ved høve Andrew st.Moritz. Den siste er dog så dyr, og tung, at eg vonar greie unngå den.
  22. Kjøpte denne og satte den på mine Nansen. Bindingen i seg sjølv er jo på grensa til fjellskiporno 😁👌🏻 Dura avgårde på ein testtur som var relativt lang. Skal ha ein firedagers vårskitur no i Mai i typisk vestlandsterreng, så greit å ha testa ferdig nytt oppsett. Litt uti turen, etter omlag 1200 høgdemeter og kanskje 13 km begynte føtene å gjere vondt, og alle tæra mine var kjenslelause. I tillegg kjende eg det nappa i muskelfeste bak fotbuen, ved hæl (har tidlegare hatt plager me d plantar fascitt som eg med tid, rett trening, gode solar og rutine har fått kontroll på). Eg gjekk med eit par Varg Skavl, som i utgangspunktet hadde god passform til meg. Dei neste kanskje 13-14 km og høgdemetrane vart det vondare men framleis leveleg med. Dei siste 13-14 km, som inkluderte både ein del nedover og oppover, gjekk eg med opne sko med lissene stappa i laust, for å ha sirkulasjon. Føtene var rimeleg vonde. Ingen gnagsår, men blåkuler. Smertefrie føtter dagen etter. Eg må nok garantert ha andre støvler. Det slår meg at eg truleg er lettare enn ein del menn, og dermed må tenke over det når eg tenker stivheit. Det andre er nok at eg kanskje ikkje kan gå avstandar med vinkla tåjern, når eg har "ei svakheit" i fotbladet. Edit; ikkje vinkla tåjern, men at eg kanksje burde ha den originale helklossen, i og med at du gjorde greie for matematikken i dette i forrige post Eg tenker dog at eg må gjere ei og ei endring i slengen, så eg kjem til bunns i problemet, så eg får starte med å prøve andre sko først. Føret var også av det utfordrande slaget, som kravde ein del arbeid, men det skal ikkje ha så mykje å seie om oppsettet funkar som det skal.
  23. Eg har fått gode svar på mine spm. Misfarginga er ikkje farleg, og eg har lært at stål fordeler varme dårlegare enn alu. Takk for info folkens Ser at denne tråden kan halde fram med sitt liv, interessant for dei som likar å fordjupe seg 😁 Peace out ✌️
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.