Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ikkje mitt favorittprogram heller, men ærleg tala folkens! Den siste linken går til eit innlegg som er hinsides fylt av spekulasjonar og usaklegheiter. Folk må gjerne ta for seg det som er ulovleg, dei fleste er samde om at det ikkje var bra, men slik saka tek ei vending no i enkelte kommentarfelt og trådar heng ikkje på greip, og er ikkje vaksne folk verdig. På tide å skilje snørr frå bart.
  2. Definitivt. Gode tapemetodar har alt å seie. Skal eg tape hæl på folk som er plaga med slikt, plar eg legge anker på legg og rundt vrist for så å trekke lange tapebitar vertikalt mellom desse, nedover Akilles og fram under forfot. Dette funkar også om eg ynskjer å legge ein heimelaga helkopp for trykkavlastning som skal sitte på dei første dagane av turar til dømes med mykje stigning (pulk opp brear, tung sekk med mykje høgdemeter i starten osv). Plar som regel måtte jobbe for å få det av når det er tid for det.
  3. Etter å tilfeldig ha ramla borti denne for nokre år sidan har eg ikkje brukt anna. På meg sitt an godt, sjølv ved bruk av dampsperre og slik fuktige føter. Det er også einaste tape eg ikkje klør av. Lurer på om det har med noko sink-greier i. https://mediconline.no/trening/bsn-strappal-sportstape.html
  4. Eg har eit stort selskinn liggande frå min fars fangsttid i isen. Kan ikkje tru det kan måle seg med reinskinn, då det ikkje har samme luftlaget. Er spekket som isolerar hjå selen.
  5. Eg har ikkje vore hyttevakt men har mange venner som har vore det, tenkjer det er ypperleg ferie Eg personleg ville prøvd den vandrende hyttevakt, evt hyttene i Jotunheimen eller Breheimen. Dette basert på moglegheitene for varierte dagsturar.
  6. Åsnes sine tilrådingar stemmer stort sett i grove trekk, og tenker at 180 kan høve nokolunde, med kle, sko og en liten ryggsekk så er du der. Men sidan du ligg i grenseland kan det vere kjekt å måle nokre par og så kjøpe det mjukaste paret tippar fs gjer det, dei sel vel langrennski så vidt eg veit, då har dei nok høve til å gjere det. Skriv ein merknad i kommentarfelt på bestilling?
  7. Du kan få variasjoner innanfor samme modell og skilengde, difor eg plar be om måling, spesielt om eg ligg mellom to lengder. Men om du har landa på fornuftig lengde og vektklasse så er begge skia gode ski. Eg sjølv ville gått for Gamme om eg skulle hatt eit par fjellski til alt
  8. Både Liv og Gamme er gode ski. Gamme er nok litt meir allround. Liv truleg litt mjukare i spennet, gå i en butikk og be dei spennmåle eit par av kvar i høveleg lengde? Enkelte vil hevde at dei ikkje skal måle spenn på fjellski. Då er det berre å protestere og sei du vil ha det Dersom Gamme ikkje vert for stiv for deg så er begge supre ski, og eg ville gått for den rimeligste
  9. Aluplater og kjetting haurdest voldsomt ut, ikkje minst med tanke på å dra det med. Eg har nytta wire rundt vedkubbe, nedgravd. Ved fleire bikkjer, eit ved/planke i kvar ende av langwire/oppstallingswire med (ein slik har fleire utløperar). Huskyar og Grønlandshund.
  10. Det skal vere tilnerma samme sko iflg Crispi. Opplevde eit punkt som pressa litt første dagane så gjekk det seg til.
  11. Området kring Smuksjøseter er fint
  12. Å prøvesitte ein kajakk er nesten det viktigste, og helst prøvepadle. Dei fleste seriøse tilbyderar gir deg høve til det.
  13. Legg slakare bautar? Når det ikkje er brattare enn 30 grader, og ikkje hardt slik at du mister kantgrep, så er det jo det enklaste løysing. Elles kan det no vere greit med langfell til toppturar, spesielt om det er hardt føre.
  14. Mogleg denne uttalen kan tolkast på ulikt vis, og at du meinar at nasjonalparkgrensene som definisjon for Hardangervidda er litt snevert? Men eg ville valgt å ordlegge meg annaleis, då trangsynt normalt er eit negativt ladd ord. Mvh moderator.
  15. Spørs om det er sommar eller vinter. Og kva del av vidda du vil til.
  16. https://lenesintur.blogspot.com/2019/08/vi-fer-pa-langtur-dag-1-valderya.html Link til Lene å co sin første dag av tur. Her finn du ein del.
  17. Har ei god venninne som padla frå Ålesund til Askvoll (trur det var Askvoll) i fjor sommar. Og gode venner som har langt fleire epadledøger enn meg og som har hovudtilhald kring Stadten og i farvatna mellom Ålesund og sør om Stadt. Skal spørje dei og evt sende deg ein pm om eg får nokre gode svar. Sjølv har eg campa med telt I Hellandsvåg på Sandsøy og på Haugsholmen. Grasøyane alt etter fredningstid eller ei. Runde Fyr er DNT - disponert og verdt eit besøk. På austenden av Riste er det fint og fint å lande. Sjå også på Kråkøy fyr. Når ein kjem så langt sør som Bremangerlandet er det mykje idyll å finne.
  18. Det var definitivt go'kjensle, både framkom og bakom kamera!
  19. Brukar Goggles utanpå ja. Hvis ikkje vil ein puste doggen rett opp i ventilasjonsopningane under. Eg tenker at maske festa på sida vil vere fint til sin bruk, kanskje spesielt når det er aktuelt med solbriller eller ingen briller, og ein kan ha "litt luft". Maske som vert festa på sida har eg dog vanskeleg for å forstå at ein kan få til å sitte godt nok over nasen, og øvst på kinn, i dei tilfella der ein absolutt ikkje har råd til å ha ein cm bar hud og/eller gjerne vil ha Goggles. Dersom ein får glipe oppover, vil pusten igjen gå opp og skape dogg. Men, det vert mest synsing, sidan eg førebels ikkje har prøvd det. Eg veit at @Sig Man har leita etter den gamle Lill - sport Finse vindlua som hadde slik "maske" integrert. Og iflg den siste podcasten med Børge Ousland er det mogleg det kjem ei i marknaden frå Norrøna som har slik funksjon. Eg tippar den har sitt soleklare bruksområde. Om den kan erstatte ei meir tettsittende maske på alle turar er eg dog ikkje sikker på. Gjenstår å sjå koss dei greier utforme den
  20. Ja dei er i utgangspunktet designa for å kunne bruke doble stenger, inkludert duken. Eg vil likevel betenke meg med å nytte doble stenger i mitt etterkvart godt brukte Keron, nettopp fordi duk vert svekka av alder og slitasje. Stenger og stangledd kan du bytte ut, svekka/slitt duk er det verre med. Eg har velt ei mellomløysing nokre gonger, og nytta dobbel stang på bogen lengst vekk frå lemur (som eg bygger berre om det er orntli 'grisete), då det ofte er denne som får trøkket frå evt turbulens.
  21. Eg tenkjer at duk og stenger må stå i stil. Doble stenger gir en meir rigid konstruksjon. Ein skal vite at duken toler dette. Så, eg tenkjer at det er ein grunn for at duk og stangdimensjon i stor grad fyljer kvarandre, og at teltprodusentane seier noko om vurdering av kvalitet/alder på duk mtp bruk av doble stenger.
  22. Synes forøvrig at Balaclavaen frå Lowe også fungerar godt saman med Goggles. Eg har klipt opp materialet som er perforert framfor munnen for å få skikkeleg hol, og tilpassa passform under nasen. Veldig greit. Dog lite hjelp dersom poenget er å unngå kaldluft i lungene. Dersom det er for å beskytte huda for frostskader funkar det dog supert.
  23. Kjem vel litt an på ansiktsstorleik, fasong og Goggles, men for meg og mine turkameratar har det funka bra. Veit ikkje kva som er av bileter der ute av maska på eit faktisk menneske, så legg ved eit. Turvennine med aktuelle maske, dog har ho her pause og maska heng nok litt på snei etter eit forsøk på matinntak (å ete når alt har frose saman er ikkje beinkløyd).
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.