Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 565
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Spesialbagasje. Det kan også vere smart å investere i en ryggsekkbag eller bruke ein stor og solid plastpose på. Då unngår du at personell kastar rundt på ting etter reimane og at ting sett seg fast. Dei fleste store ryggsekkmerker sel slike transportbagar for sekk, eg har ein frå Bergans som er stor, god og solid. Fjellreven og Osprey har også.
  2. +1 Å snøre stramt har aldri funka for meg, eg får også meir trykksmertet i hælane av det. Eg går med ganske lause sko, både fjellstøvlar og skisko. Snørar hardt berre dersom eg absolutt må ha heilt presise sko.
  3. Eg har brei fot og trøbbel med å finne sko, keen var faktisk litt vel mykje volum i for meg. @Sig Man synes dog hans nye var digg. Elles har både Hanwag og Meindl modellar med brei lest og/eller strait fit for storetå.
  4. Eg plar tre skalljakka over fotenden om det er veldig vått/fuktig
  5. Dersom ein vil ha ein varig vektnedgang må ein syte for nok proteinar, slik at du ikkje mister muskelmasse (og kvile forbrenninggår ned). Å ligge så lågt som du har gjort no er ikkje tilrådd av nokon eg veit om som arbeider med ernæring, men om du først gjer det så syt i alle fall for nok proteinar og bra med feittsyrer, vitaminar og mineralar Nøtter er ei fin kjelde til proteinar og gode feittsyrer, likeins bønner, linser, magert kjøtt og fisk. På tur kan det vere ei fordel med nøytralt proteinpulver i maten om du mistenker at det blir for lite totalt. Proteinar har i tillegg til å mette godt høg termisk effekt, og er effektivt for å motverke frysing. God tur
  6. Kjøpte ei ny t-skjorte i vår, type Smartwool Active ultralite short sleeve. Ull og tencel. Sidan eg er i første sesong er det vanskeleg å seie noko om slitestyrke, men det er i alle fall den svalaste tskjorta i ullmix eg ha prøvd. Blir fleire på meg.
  7. Hugsakje namnet, kan evt sjekke. Skal plukke opp nokre golvtepper der i veka. Leverar til Elverum som anten rensar sjølv eller sender vidare til Løiten alt etter kva produkt det er tale om. Hadde også nett inne ei dunjakke til renseri, den leverte eg på Vinterbro på Alti, men ana ikkje kven dei brukte. Vart i alle fall greit.
  8. Veit dei har hatt eit veldig bra renseri som spesialiserte på påfyll og rens av du i Trondheim før, men usikker på korleis det er no @graham? Eg har god erfaring med det jevne "bygderenseriet" om det berre er reingjering, både på Sunnmøre og no på Hedmarken. Ganske sikker på du har eit renseri "nær deg" som fiksar detta heilt fint. Mine posar har i alle fall blitt veldig bra.
  9. Nedgradert men spådd å auke på att dei neste dagane, i sær i innlandet, og slik det ser ut også Femundsmarka. Ikkje så rart. Det er no i sin generalitet eit tørt område
  10. Gjekk Nansenruta på hausten, frå Umivik til Austmannadalen. Vi var tre damer som gjekk saman. Erfaring frå vinterfriluftsliv. Erfaring med snødekt bre og meir alpint ferdsel. VHF Sertifikat. God og variert kompetanse på førstehjelp og redning. To av tre hadde hatt SAR forsikring før (dvs vore på type tur som krev det). Gjekk greit å få løyve. Alt etter kva rute de skal gå og erfaring tilrår eg å kjøpe fornuftig koordinatsett frå ein av dei aktørane som har slikt. Om du lurer på meir så send gjerne ein PM med konkrete spørsmål.
  11. Mja, siste år og siste år. Gjekk i 2017. Trur ikkje det er mykje endringar sidan den gong. Du finn ein del informasjon på sidene til det Grønlandske hjemstyret. Start på søknadsskjema så ser du krava for løyve.
  12. Om du ynskjer å reise attende til Sunnmøre så er jo der mange fleire fjell i same “leia“ som Slogen? Eg kan ikkje ramse opp alle, men kan no gi nokre forslag til flotte turar av ulik lengde; Råna, Jakta, Lisjetinden, Kjerringa, Nøre Sætretind, Fjella kring Molladalen, Vassdalstind, Grøtdalstindane, Hellefjellet, Litledalshornet, Dalegubben, Skruven, Fjella kring Trandal, Smørskredtindane, Romedalstind, Fingeren.
  13. Oppmodar med dette på det sterkaste om at alle held ein sakleg tone og droppar å gå på person og/eller komme meg usaklege negative kommentarer om trådens tema, innhald eller bidrag. - Moderator
  14. Namn på tråd: "Ørretelver på fjellet i Vestland"
  15. Kan eit par la sportiva ultra raptor mid vere ei løysing? Dei kjem i wide modell... Og har meir volum i lesten i tillegg til breidde
  16. Eg har slitt ut nokre par med raptor (låge vel og merke), kongesko. Hovdusakleg i ur, med og uten sekk. Har også brukt dei på jakt etter fjellrype, og trassa dei endåtil med meg på reinsjakt i forfjor... Stive men godt dempa, er dei ein favoritt hjå meg. Likevel kjem dei nok til kort med stegjern, så verkar som du har landa på ein god konklusjon
  17. Veit ikkje heilt kva du meiner med villmarkskjensle, men kan Tundradalen vere eit alternativ? Flott i alle fall.
  18. Bidrag til god stemning? - Moderator
  19. Det er mange velfungerande membranar der ute, og leverandørar som leverar produkt som varer og ikkje delaminerer. Goretex, eVent, dermizax som nevnt og fleire eg ikkje kjem på. Eg har motsett erfaring av @Gabs88 med element, har berre vore borti at det ikkje held tett. Av jakker har eg mellom anna ei Arcteryx alpha som er på sitt ellevte år. Framleis i bruk og ikkje delaminert, dog degradert til dagstur då den rett og slett er så slitt at eg ikkje får den skikkelig tett lenger. Kva jakke du skal ha meiner eg avheng litt av i kva klima du nyttar den mest... Eg har brukt litt i overkant av 40 år av mitt liv på nordvestlandet, og ferdast ein del på bre. Då er ei god texmex-jakke uvurderleg om du spør meg. No er eg imidlertid situert på innlandet, med eit totalt anna klima, og ser at eg må gjere nokre tillegg i garderoben. Eg brukar goretexen veldig lite her samanlikna med i vest og når eg er på bre og i alpine områder. Likevel ville det aldri falle meg inn å reise på tur om vinteren over lengre tid, utan noko med membran. Det er rett og slett mest praktisk når ein bur i telt og ikkje har tørkemoglegheiter.
  20. Dette var lite konstruktivt. - Moderator
  21. Det er mange stader det framleis er godt skiføre. Nokre tips i midt og vest er Sognefjellet, Breheimen, Trollheimen, skiturar med utgangspunkt i Trollstigen, indre delar av Sunnfjord og Nordfjord, evt Hardangerjøkulen.
  22. Her i Østerdalen vurderer ein løpande om ein skal stenge skytebaner for aktivitet grunna skogbrannfaren. Så eg tenkjer det er fint med litt "hysteri" nett no.
  23. Brukar stort sett pakksekk med kle i, men i ein periode for nokre år sidan hadde eg med dunpute på tur grunna nakketrøbbel. Det var utvilsamt veldig behageleg Smart triks å dele tyet på midt!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.