Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 577
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Enig med Elisabeth over her. Lurt å forsikre seg om at ein framleis har ein del å gå på med tanke på stramming, når ein har stramma det ein kan i butikk. Ikkje berre vil tyngre bør krevje strammare hoftebelte, men det er også slik at etter ein dag eller to med hardt arbeid for kjernemuskulatur i mage og rygg, så trekker musklane seg saman, og ein kan bli fleire cm smalare enn til vanleg. Eg kjøpte ein unisex storsekk før mylderet av damesekkar kom. På grunn av denne problemstillinga har eg vurdert å sende sekken min inn for å få på eit hoftebelte tilpassa dame, slik at eg kan få meir stramming.
  2. Eg var særs nøgd med Bergans kids comfort til mine den tida dei var så små (minstemann har den på siste sesongen). Mykje varmare enn mange andre jr posar, mine har brukt dei i minusgrader og hatt det topp med berre t-skjorte. Skepsisen som eg i utg pkt følte pga pris (500 kr per stk), vart gjort kraftig til skamme. Dei har lagt ute under open himmel i dei på hausten, i vind og litt regn, med fjelldukduk rundt. Tipptopp Har vore på telttur aleine med kidsa mine frå dei var 5-6 år. Eg kjøpte ein 75 + 20 sekk. Då fekk eg med meg alt for meg og to kids for 4 -5 dagar (ein heil del mat og snop). Born under 10 år skal vel ikkje bære stort meir enn 10 % av kroppsvekt. For mine den tida var det drikkeflaske, litt ekstra tøy og ei lita fiskestang kvar, og ein pose smågodt i topplokket No skal det seiast at eg langt frå er nazi når eg pakkar, syns det er ok å kunne kose seg ekstra når ein har med born. Har aldri synest det har vore problematisk å bære tungt, og har difor prioritert på den måten. Om ein ynskjer lettare og mindre sekk, er det nok ingen problem å pakke mindre enn det eg har for vane å gjere God tur
  3. Det kan være lurt å ringe Finse og forhøyre seg om forholda i området du skal gå i. Til tross for at det i år er lite snø i fjella, kan det likevel være nok til å gi trasige "mellomforhold" om ein går for tidleg. Ser at Finse 1222 spår at det er mogleg å sykle Rallarvegen om et par veker, og det kan no hende om temperaturane vert bra og delar av den vert brøytt. Eg var der forrige helg og gjekk ski/fottur frå Finse til Simadalen via Ramnabergsbreen og Demmevasshytta, og tenkte då at det skal skje ein del dei neste vekene for at det skal bli skikkelig fotføre overalt. No skal de bevege dykk vekk frå Jøkulen og ikkje rundt den slik me gjorde, så kan hende er det meir snøfritt i dykkar "lei". Ikkje kjenner eg høgdeprofilen på turen de skal gå heller, men berre tenkjer at det er greit med ein ekstra sjekk før de reiser, så de ikkje får ein trasig opplevelse første gong de skal gå litt meir enn dagstur. Området er så vakkert, at det er synd om ein skal få ei dårleg oppleving. Uansett forhold ynskjer eg dykk god tur, og minner om at det er viktig å skratte høgt og lenge når ting ikkje går som planlagt
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.