-
Innlegg
3 641 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
62
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg er dels samd og dels ikkje. Personleg eigde eg aldri ein slik device. No har eg ein rein nødpeil av typen fastfind. Kan ikkje sende mld med den eller legge spor. Den er til rein naud, og den er påkravd utanfor område 10 på Svalbard, difor har eg den. Eg ser også at når eg guidar grupper i enkelte områder her heime, og først har den, puttar eg den i sekken/kajakken. Det vil ikkje seie at vanleg HMS ikkje står i sentrum, det gjer den i aller høgste grad. Den utgjer berre eit suppplement. Eg vonar eg aldri får bruk for an. Litt som med skredsøkjaren. Som eg forøvrig brukte nokre år på å bestemme meg for om eg skulle ha. Nødpeilen er heller ikkje med på private turar der det ikkje er påkravd. Av ein eller annan grunn kjenner eg meg like "kontrollert" med denne som eg gjorde den gongen eg var på tur saman med ei vennine med spot. Gubben hennar satt heime og fulgte med på ruta vår. Men DERSOM eg skulle få bruk for an, er situasjonen kritisk. Då svarar eg neppe på SMS eller telefon. Hadde eg hatt dekning, hadde eg trykt fint på luftambulansen sin naud-app og prata med dei over førsthjelpa, eller fått andre til å snakka for meg. At responstida vil variere med årstid, vær og vind er eg heilt på det reine med. Det er ein del av vurderinga du gjer når du bevegar deg inn i fjella. EIn veit at risikoen for at noko skal skje også her er tilstades, men at hjelpa ikkje nødvendigvis er nær. Kan forøvrig sjå for meg andre situasjonar der eg ville sett pris på tryggleiken, og meinar det må være opp til kvar enkelt å vurdere. Helsetilstand, årstid, type tur og tilhøver heime er alle faktorar som i samspel verkar inn for dei som eg kjenner som brukar slike dippeduttar. Det må være lov. Litt som med bilbelte. Du er ikkje garantert noko som helst, men du aukar sjangsane litt. Dersom uhellet skulle være ute. Eller som eg likar seie; dersom livet skjer.
- 76 svar
-
- 2
-
-
Som eit apropos. Denne veka har det vore henta ned folk 3 gonger frå fjellet her På Sunnmøre, i mitt næraste område. Alle gongane med helikopter,alle gongane fordi dei har gått seg fast i fjellet. Alle gongane er folk uskadd og heile på alle vis når dei kjem ned. Det er bra folk ringer etter hjelp og ikkje utfordrar lukka, men eg er jammen litt betenkt. Skal det halde fram slik vil det være enorme ressursar i omløp ila eit år...
- 76 svar
-
- 8
-
-
Eg kjenner at eg har problem med å konkludere om generell Hillebergkvalitet tufta på eit tynt datagrunnlag. Om me byrjar leite trur eg me finn fleire historier om alt folk har utsett sine Hillebergtelt for, som dei har tolt godt, enn me finn slike historier som dette. Men det er berre gjetning, kanskj tek eg feil. Samd i at Hilleberg på forespørsel kunne vore litt meir serviceinnstilte, som eit minimum tilby seg å ta ein kik på det.
- 67 svar
-
- 2
-
-
Hvillket forsåvidt er fornuftig nok, dersom det av dekningskart osv går fram at det er dekning for å svare motta på SMS, og ventar på svar MEDAN ein mobiliserar til aksjon. Sjølv ferdast eg på sjø, og har hatt eit par runder på ski og til fots på Svalbard, med ein nødpeil. Eg har gått under den tru at den dagen eg trykkjer på nødpeilen så er det verkeleg naud, og at mobiliseringa skjer rimeleg kjapt. Eg synes det er skummelt å "tukle" med den greia.
- 76 svar
-
- 2
-
-
Arrow båtane som Miamaria her nevner er blandt dei eg meinar eg har nevnt til deg før. Bakdelen er som sagt at det er litt tidleg for å få tak i dei i bruktmarknaden. Om du tek kontakt med ein padleklubb, så kan du sikkert få prøve ulike kajakkar, slik at du har nokre referansar når du leitar internett/finn.
- 24 svar
-
- 1
-
-
Me har turka kyllingfiletar med suksess. Steikte dei først, for så å rive dei opp i små små målar. Supert til dømes saman med indiske gryter osv frå Toro. Treng noko lengre trekketid enn anna kjøtt, gir det gjerne eit oppkok, eller puttar det på matthermosen om morgonen om eg skal bruke det om kvelden.
- 116 svar
-
- 1
-
-
Tips til kjøp av 3-sesongs sovepose?
Tessatroll svarte på Fjellrosa sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Kva definerar du som lett? Det mange her inne definerar som lett trur eg vert vanskeleg å foreine med varmare enn compact 3 sesongs til den prisen. Men det kjem an på kva du definerar som lett -
Har denne sommaren prøvd den nye turbrødblandinga frå Møllerens (Turistforeningen og Mølleren i lag typ). Den er fin å steike brød av på tur. Lagar berre nok deig per dag til så mange rundstykker ein vil ha, slenger dei på steikepanna som tynne runde leivar, gjennomsteikt på kort tid. Elles et eg stort sett berre knekkebrød på tur, unnateke på vinteren, då har eg med polarbrød med kvitost og dansk salami, pakka parvis to og to, for lett tining på innerlomma. Inntas til lunsj saman med rett i koppen suppe eller liknande.
- 26 svar
-
- 1
-
-
Alphaserien er spesifikt retta mot klatring/alpinisme.
-
Eg er motsett av deg (ja altså sånn reint sett vekk frå at eg er kvinne). Eg har typisk "nordisk" bygnad. Ein del merkjer kan eg berre gløyme å prøve noko som helst frå. Det er mellom anna Tierra, Mountain Equipment, North Face, Jack Wofskin. Evt kjem det vel meir og meir frå Direct Alpine (alpine direct) eller kva det no heiter. Tsjekkisk kvalitetsmerkje. Usikker på passform.
-
Brødposane kan avhjelpe på to ting: 1 Gnagsår. For dei som er plaga av det. Eg er det ikkje. 2 Varmetap. Brødposane vil i stor grad fungere som dampsperre, og for dei som kjenner prinsippet frå vinterturar, veit ein at det gir redusert varmetap. Det krev dog eit meir omhyggeleg fotstell. Eg lev godt med våte føter, men for fleire av mine turkameratar vil det nesten konsekvent innebære gnagsår, eller kalde føter, sjølv når dei er i røyrsle. Me fungerar ulikt
-
Er det vind: plukk ut solane og legg skoa på sida, med opningen mot vindretninga. Utruleg effektivt! Elles: brødposar. Om du tek på tørre sokkar, har tørre solar og går med brødposar på beina, vil du ofte gå støvlane tørre. For min del har eg funne ut at blaute bein berre er ein del av greia. Eg gidd ikkje styre så mykje med det.
-
Akkurat det eg også tenkjer.
-
Eg har ingen problem med å sjå dette noko nyansert. Eg opererar sjølv som turleiar for den lokale foreininga innimellom, utan at det betyr at eg er gift med Dnt eller ikkje kan være ueinig. Som nokre allereie har vore inn på, er det fleire instansar som skal koplast på når det gjeld forvaltning av arael, også nasjonalparkane. Nasjonalparkstyret skal nok også forhalde seg til fleire i sine prosessar, ein har reglar for høyring og medverknad osv, så det er vel ikkje heilt beinkløyvd, og ikkje berre Dnt som sviktar, når ein begår det enkelte betraktar som overtramp. Sjølv dauar eg ikkje av å gå meg frampå ein raud T, og går gjerne langs rutenettet om det er formålstenleg. Men den aukande andelen av inngrep som er vanskeleg å reversere, ser eg på med bekymring. Både i nasjonalparkane og i randsonene, som openbart i enkelte områder skal utviklast til reine tivolia (dont even get me started kva gjeld den hersens via-ferrata moten). Eg arbeidar også som guide, innanfor reiselivet, i eit lite enkeltmannsforetak. Eg har sagt nei til arbeid, som for meg har vore i strid med å tenke miljø og bærekraftig produktutvikling innanfor reiselivet. Til tross for at det kunne gitt ein pangstart og finare tal i rekneskapen min. Dette er ikkje fordi at eg må ha fjellet for meg sjølv. Det handlar om at eg unner borna mine og komande generasjonar moglegheitene til å å ferdast i og oppleve urørte områder (i den grad dei er att). Mine born kosar seg på Dnthytter, med sosialt liv, nye bekjentskap, hyggeleg stemning osv. Likevel er det ikkje til å kome frå, at veksten eg såg hjå borna mine denne sommaren, eit par veker på tur utanfor alt som heiter alfarveg og sti, var av ein heilt annan karakter. Opplevinga var enorm, og eg trur den er med dei langt inn i vaksenlivet, og dels formar kven dei vert. Eg snakkar ikkje nødvendigvis berre om naturopplevinga "utover", men også det som skjer innover. Eg såg nærast lyspæra gå opp over hovudet på dei, og mange av livets små og store spørsmål fekk nok sine svar, utan at dei nødvendigvis vart stilte. For å ta i bruk ein klisje: det var sjelsettande. Dotter mi sa, på dag to av turen: "Mamma, du likar slike stader der det er lite folk og ingen hus. Eg likar ikkje det så godt. Eg kjenner meg liksom litt liten. Eg trur eg likar betre å sjå litt av sivilisasjonen. Ikkje så mykje, men litt". Vi snakka om det, og eg anerkjente kjenslene hennar. Eg hørte ikkje meir om dei. Det skjedde noko med henne i løpet av turen. Kva gjeld folkehelse er eg usikker på om det i det heile bør være eit gyldig kort i Dnt diskusjonen. Eg arbeidar delvis med folkehelse gjennom mitt virke med frisktrening og til dels rehabilitering. At ein kan bidra i dette perspektivet, ved å senke terskelen for å komme seg avgarde er det ikkje tvil om, men i eit folkehelseperspektiv, skal ein verkeleg få sving på dei som har tungt for det, er det så mykje anna som må på plass før dette er eit tema. For dei som nyttar seg av eit utbygd alternativ.....vel, så ville dei vel kanskje nytta seg av det utan også. Eg skulle faktisk ynskje meg data på kven som er brukarane av dei ulike tilboda etterkvart, gjerne litt nøyaktige data. Eg har ein mistanke om at folkehelsekortet då hadde blitt sterkt svekka. Edit: 5 minutt etter eg posta dette inlegget for andre gong (det første forsvann, grrrrr) fekk eg denne linken tilsendt av ei vennine på Fb. Som ein link tilbake til mi dotters utsegn? http://harvest.as/artikkel/Kontroll
-
Hei folkens Dotter mi treng nye fjellstøvlar. Ho har omlag same skostørrelse som meg, og kan endeleg bruke damstøvlar/vaksenstøvlar, noko som aukar utvalget litt. Problemet er at eg har "andefot", dvs brei fot, alle tær er like lange. Kunne like godt vore føtene til Magica frå Tryll. Dotter mi har fått ein hybrid variant av min og sin fars fot, det vil seie at den har lengre storetå, typisk europeisk, utan at den er veldig smal. Mine preferansar på strøvlar kjem altså til kort når det gjeld kjøp til henne. Alfa og Crispi er berre å gløyme. La Sportiva har betre passform til ho, men har problem med å finne ein modell frå dei i heilskinn som har dei øvrige speifikasjonane eg leitar etter. Er det nokon der ute som har lang storetå og kan tipse om gode støvlar med følgjande spesifikasjonar: Skinn. Udiskutabelt. Gjerne damemodell då ho har smal hæl. Halvhøg, altså eit eller to snørehol over ankelstrammaren. Kan gjerne ha ein litt mjukare gummisort. Skiftar dei heller ut litt oftare, enn å ha glatte, slitesterke støvlar. Har kika litt på dei nye Bergansstøvlane. God gummi, skinnet verkar bra, og inntrykker er solid. Dog anar eg lite om passforma. Tek gjerne imot nokre erfaringar spesifikt kring Bergans sitt fottøy.
-
September på toppane kan være både og. Det varierar frå år til år, og er vanskeleg å fastslå før det er nokre dagar att. Slik det ser ut no, vil eg tru det er fint å gå desse toppane, sjølv med eit snødryss eller to. Er vel lite truleg at det kjem ei stor snødump. GPS brukar eg veldig lite, men kart og kompass dreg eg aldri utan, uansett kvar ferda går. Om ikkje du treng det for orientering, kan det jo være kjekt å sjå kva ein ser, spesielt i nye områder. Enig med LadMan i at Bukkelægret er fint, kanskje vel så fint som Besseggen. Sett av ei helg å ta båten inn til gjendebu Fredag, gå Bukkelægret Laurdag, overnatte på Memurubu, gå Besseggen Søndag, middag på Gjendesheim før du dreg heim? Alternativt gå Bukkelægret og Besseggen på ein dag. Då kjem du ned til Memurubu og startar turen over Besseggen litt utpå ettermiddagen, og kan unngå "hordane" av folk. Krev dog at ein har litt høgdemeter og kilometer i beina frå før. Kanskje ei haudelykt om ein er utrygg på tidsberekning. God tur
-
Imponerande, alternativt galskap satt i system jesus. Men me hadde ei kanonoppleving, alle sammen! Og turen gav opphav til nye draumar og idear.
-
Og......alt er relativt og avhengig av tur. I sommar var eg på 12 dagerstur med familien min i isbjørnland. Me er tilsaman 6 stykker, men minstetausa vart att hjå besteforeldre i Lofoten, så me reiste 5 stk. Til tross for at me la ut depot, var 5 menneskje i eit 4mannstelt, ikkje hadde med noko snacks til oss vaksne, var særs disiplinerte på klesmengder, også til borna, vart sekkane første dagane kring 45 og 55 kg. Dei hadde vore 10 kg lettare kvar, hadde ikkje værtilhøva gjort at starten vår vart lenger sør enn planlagt, og me slik bar med oss første depotet i tillegg til utreisematen. Ungane bar 6 ,7 og 9 kg kvar. Gass, kokeutstyr, overnattingsutstyr, utstyr til isbjørnsikring, kommunikasjons/nødutstyr osv for ein familie på 5 så lenge, pluss dei påkravde sikringsdagane frå sysselmannen gjer sitt til at kg aukar uansett. Det me hadde med av luksus var ketchup, syltetøy på plastflaske, svartkjel, ei flaske solbærsirup, kaffi og ein pakke grillpølser til bursdagsfeiring. Kunne kanskje knepe inn 5-6 kg på luksusmaten, men litt må ein unne seg på tur med born over så lang tid, synes eg. Kunne sikkert knepe inn nokre få kg på andre ting og. Lettare rifle, ingen speilrefleks men berre kompaktkamera osv, men eg tvilar på me kunne kutta meir enn 3-4 kg på dette, utan at det hadde gått på bekostning av trivsel og tryggleik. Klesmessig var det akkurat perfekt. Ungane med to ulltrøyer kvar, ein stillongs, tre par sokkar ei varmejakke og skallkle, skallvottar, vottar og lue, kvar si superlette vindjakke. Den siste rein luksus, men du og du, når me fekk så fantastisk vær som me fekk, var det definitivt verdt dei ekstra 600 gr tilsamman. Dersom me fekk lagt ut depot 1, og hadde redusert dei vekk dei 10 kg med "luksus" vindjakker og svartkjel m.m., hadde vel startvekta vore på kring 35 kg og 45 kg i staden, noko som slett ikkje er verst. Ein kan også velje å sjå det frå andre sia. Hadde me ikkje vore so disiplinerte med kle, sovesystem og matplan, hadde det vegd betydeleg meir. Kvar ein minste luksusartikkel var "vegd og vurdert". Med unntak av glaset med pulverkaffi som sneik seg unna i ompakkinga, og aldri kom over på plastflaske Det agregerte nivå til ein familie på lengre tur er enormt!
- 49 svar
-
- 2
-
-
Eg er ingen lettpakker, men er bevisst på kvar eg kan kutte vekt, slik at eg kan ta med meir av "dei viktige' ting uten å ha med eit halvt flyttelass. Til dømes god mat. Nokre ting er dog alltid med: Ei 0,4 l Nalgeneflaske. Kopp til varme og kalde drikker og supper, drikkeflaske, desilitermål og varmeflaske i eit. Knevarmerar heile året og varmeskjørt vinter. Dei siste to gjer at eg kan bruke lettare sovepose. Ein tyngre sovepose gir meg same nattesøvn dog uten ekstra bruksområder på dagtid. Ullnetting vinter. Den tørker så fort på kroppen. Saman med knevarmerane som backup ved streng kulde, og varmeskjørt til pause og under rompa om natta, er nettingen alt eg treng.
- 49 svar
-
- 3
-
-
Hatt nokre fine toppturar med overnatting i det siste, sist i natt med min sønn på en minitopp nokre ekm frå huset. Flotte stjernehimlar for tida! Eit lite utvalg lågkvalitetsbileter frå mobil.
- 4 598 svar
-
- 13
-
-
Bergans har nokre baggar til frakt av sekk.
-
-
Hilleberg Keron 3 GT eller Helsport Svea 3 Camp
Tessatroll svarte på Urwaldjäger sitt emne i Telt og lavvo
Skjønar. Dette med stormmatter er jo som baken Eg har hatt det fint i alt av værtilhøva utan stormmatter i mitt Keron. Ser klart den biten med vinter og lite snø, men då teltet i tillegg til langturstelt for meg/venner/sambuar vert brukt til familietelt både sommar og vinter vert det fort uaktuelt. Kan også sjå for meg at det hadde vore praktisk med stormmatter på enkelte vinterturar der me er 6 personar med to i fortelt, for å få forteltet tettare, men førebels er vinterurane me gjer med alle ungane av ein slik karakter at me fint kan ligge utan. Skulle det ruske til ei natt kan me trekke inn i innerteltet og ligg litt trangt. Fordelen med å være ein familie på 6 i eit firmansstelt er jo at der er mange kroppar til å varme opp, og innimellom er den vinden som snik seg inn alldeles velsigna