Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 641
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    62

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Denne haldninga har eg også vore borti og saman med folk somhar hatt, mellom anna ved lengre opphald utanlands der du skal gjere "mest mogleg" på kort tid, til dømes buldretur til Font Usikker på det er spesielt helsefre,jamde ja Også usikker på om me no er på tråd eller fullstendig OT
  2. I hovud/fotenden ja Her på vestlandet er kombinasjonen vind og nedbør eit hyppig fenomen, og det å få spent duken skikkeleg er eit must Det er også slik at det som skal til for å få meg inn i eit telt (trives best under open himmel) er mygg, eller sidelengs nedbør i høgfjell eller inn under tarp. Då er det greit å ha full myggnetting, føler meg langt vekke frå elementet når eg er pakka inn i eit telt med ein liten glugge øverst Edit; Det fordrar sjølvsagt at ikkje vekta stig så mykje at eg like godt kunne kjøpt eit vanleg reinsfjell. Men tvilar på at litt ekstra duk/netting (evt på eine døra berre) og to løkker veg 1 kilo.
  3. Ja, det vert to lag ja Jepp, to lag Eg har ikkje fått pris, ei heller veit eg kva vekta kjem på i tillegg. Det vert nokre kvadrat med tynt ty og netting, og vekta av ekstra glidelås. Eg vil ha pluggfeste på langsidene. Midt på om lag.
  4. Var avgarde og slo det opp inne på xxl i går. Eit supert telt mtp vekt ja! Dog sender eg det inn til Helsport for å få montert full nyggnetting i båe dører og markløkke på båe "langsider".
  5. Eg var ute på xxl i går og slo opp dette teltet fordi eg har vore nysgjerrig på det ei stund, men ville sjå fortelta "live". Min konklusjon var at eg i eit slikt får plass både til ein stor sekk og koking av mat, så då er det nok plass til ei bikkje vil eg tru
  6. Magnesiumtilskot er effektivt mot kramper. Berre spør dei som har gått gravide og hatt kramper i legg og fotblad kvar natt i mange månader Mine erfaringar når det gjeld væskeinntak, er at dersom eg får leggkramper, kan eg alltid nikke ja om eg spør meg sjølv om eg har slurva med drikke, og om eg har sveitta mykje og mista viktige saltar og mineralar. Dette er ikkje alternativt "hubba-bubba" men grunnleggande fysiologi.
  7. Den som berre hadde hatt eit eintydig svar Mykje kan gje ømme musklar; uvant arbeid, feil sekk, feil regulerte stropper, feilpakka sekk, simpelthen dårlig sekk osv osv....Det beste du gjer er nok å få nokon til å sjå på sekken saman med deg, når den er pakka, for å sjå korleis den sitt. Evt kan du gå inn på YouTube og finne filmar som handlar om tilpassing og pakking av sekk. Å finne gode sekkar er ein studie verdt....og etter mitt omgrep vanskelegare enn å finne ballkjole til ei tenåringsjente.
  8. Kan hjelpe deg litt med dette når eg kjem meg på ein PC som gjer at eg orkar skrive meir enn to linjer. Vil elles tilrå å starte på Danskehytta for så å avslutte i Geiranger.
  9. Ved førespurnad om målgruppe og tanke bak teltet fekk testarar dei same opplysningar somn det som ligg ute på nett tilgjengeleg for alle. Eg tenkte teltet var interessant nett med tanke på alpine turar, samt dei høgdemeterprega vårskiturane eg gjerne tek her på Vestlandet, til dømes i tilknyting til Jostedalsbreen. Det testen avslørte for meg var nett det at teltet fell ned mellom to stolar. Mtp kor "asketisk" tilværelsen i dette teltet er, veg det for mykje. Men, igjen, ein har eit trygt telt om ein kjøper dette, noko som kan være utslagsgivande for den som skal ferdast høgt i områder som er disponerte for store nedbørsmengder på kort tid, i kombinasjon med vind. Eg må presisere at den gongen det var pressa ein haug med born inni var det ikkje fordi ein tenkte at dette var eit toppers familietelt til ein viddetur. Det var enkelt og greit fordi ungane som hadde velt andre soveløysingar for ei natt kom krabbande inn i teltet til mor etterkvart. I soveareal imponerte då teltet i så måte, med seksåringen på tvers ved inngangen og mor og to barn til i lengderetning. Uttale om storleik i testen er altså ikkje gjort utfrå ein ståstad om at teltet skuffa som komfortabelt familietelt
  10. Hei Kan være smart å trene (når du til dømes trekker dekk) med sko med låg forskjell mellom hel og forfot, dvs lite drop. Det styrker akilles og nedre del av legg, noko som også kan hjelpe på trykkproblema. Elles er det som har hjelpt meg mest, og som eg brukte sist eg var på lengre tur, å lage ein helkopp av det ein kaller gnagsårplater, altså ei trykkavlastningsplate. Eg klipte den i ein noko lunde T fasong, og tapa på hælen, slik at den var trykkavlasta bak og på sidene og under. I kombinasjon med å fjerne heldelen på Bc binding og montere g3 helkloss med løfterar, funka det. Skal settast at etter at eg byrja springe med lavt dropp, og stila meg inn mot barfot, har eg hatt mindre trøbbel med heile greia.
  11. Eg har dukka opp på Finse og Voss eit par gonger utan pulkplass....også på Dovrefjell på forrige FF treff. Eg har fått den med meg kvar gong, men på Voss og Finse vert dei skikkeleg sure....sikkert pga den store pågangen
  12. Må seie eg har litt andre tankar mtp lommer. Sikkert greit med HD og lommer om du er på langtur og har to brett, evt veldig stabil pulk eller er på kortare tur med 30 kgs pulk. Men det eg har sett av HD på en pittelitt overlessa pulk, kanskje litt feil tyngdepunkt og rufsete terreng... er at fulle lommer på bedding med thermosar osv gir topptung pulk. Eg har vanleg storleik og når mine greier like Kjapt når eg pakker for lett tilgjenge i front. Men, ser heilt klart det med storleiken. Eg har berre M liggeunderlag, og har skjært til ridgeresten min, så greier meg fint med den vanlige
  13. Åsnes seier litt ulike ting kan ein få inntrykk av.....sluttspennet er jo faktisk forskjellig! Eg er dame på 167, normalvektig og har velt Nansen fordi eg synes Cecilie har for lite spenn....godt nøgd. Prøvde ei Amundsen for noko sida. Vanvittig morro å få svar på det ein legg i tråkket sitt. Cecilie vil dog være superleiken for deg, det vert nok morro!
  14. Følgjer denne. Truleg hausttur Gr.land her. Står mellom det tradisjonelle oppsettet med BC og Yeti (billig når kjøpt frå det britiske forsvarets overskotslager) og ein av desse typane med integrert gamasj. Har goe BC sko frå før, men veit faktisk ikkje om eg vil slite på dei goe støvlane mine på ein slikt type tur der stabilitet og kraftoverføring betyr mindre. I tillegg kan tampen på hausttur verte relativt kaldt, så mogleg ikkje varmt nok med det tradisjonelle oppsettet (er dog ikkje plaga med frysing). Har tidlegare brukt det nevnte gamle oppsett både her i høgfjellet og på Svalbard på skitur.
  15. Ventar på rapport etter bruk over litt tid!
  16. Haha, artig Jau kva som er nytt kan eg fortelje deg utan å ha sett jakka, den kjem i damemodell! For ei litt kortvokst dame som i mange år har måtte slitt med herre/unisexmodellar er det god knall. No slit eg framleis på mi Ouslandjakke (herremodell) men vurderar hamstre ei damejakke no, berre for tryggleiks skuld, då den, til tross for at den ikkje er optimal (finnast det?) saman med ein klattermusenmodell er det beste alternativet for korte "midtbreie" kvinner per i dag
  17. Hillebergpluggane som følgjer med Black-labeltelta deira er konge. Toler alt. Sjølv i den steinete grunnen som kan dominere i høyfjellet og på Svalbard berre "skrur" dei seg forbi hindringer og nedover i grunnen, når eg dundrar laust med ein stein. Har i nokre tilfeller tråkka på dei også. I motsetnad til Helsport som då bøyer umiddelbart, har dei tolt det godt.
  18. Me har no eit alternativ i spelsauen, som betre vil greie seg i rovdyrterreng. Men, igjen, det er kjent at slaktevekta på denne er noko lågare enn Dalasauen. At slaktevekta ikkje har betydning for hardt pressa bønder er tull. Spør du meg så skulle me subsidiert bøndene på eit vis som gjer at dei kan halde sau som har betre eigenskapar mtp terreng og rovdyr. Og sluttbrukaren må være viljug til å betale for det, både over skatteseddel og i butikk. At det kan finnast alternativ til slik løysingane i dag er, er det ingen tvil om. Kanskje ikkje perfekte løysingar, men betre. Men det er med dette som med vel med distriktspolitikken og busetnad. Alle vil ha fleire folk i utkantane, men ingen vil ha naboar. Føler denne rovdyrdebatten ofte dreg i same retninga, anten det er på for eller motsida. Dumt. Dei potesielt gode løysingane får ikkje kome fram i lyset når polariseringa er så sterk.
  19. https://www.norrona.com/nb-NO/Products/4010-16/2355/svalbard-gore-tex-jacket-m/ Endeleg ei lang jakke med skikkelege lommer, også i damemodell. No er det berre å håpe på at kvaliteten held! Dette var på høg tid.
  20. Skulle verkeleg ønske meg at Helsport kutta dei siste gramma på noko anna enn myggnetting. Desse telt, spesielt Fonnfjell og Fjellheimen tiltalar meg, men får fnatt av telt utan fulldør-myggnetting.
  21. Fulgte med på denne. Triste greier.
  22. Eller å komme til Sunnmøre så fiksar vi bretur
  23. Me har to fox 30 og ein fox 40. Supre, slitesterke og gode sekkar med flotte reguleringsmoglegheiter og høg grad av bærecomfort! Ypperleg til soveposen, vindjakka, eit liggeunderlag, hovudlykt og godtepose
  24. Overhovudet ikkje opplever dette som den tørraste og for min del mest komfortable løysinga. Eg har ein helsport Lom. Billig (trur eg gav 700 kr på kampanje/salg) og hurtigtørkande. Det finnes sikkert andre syntetalternativ som er både lettare og kanskje har varmekrage om ein gjerne vil ha det til dei gongane ein skal bruke posen åleine, men for meg har ikkje akkurat det vore so nøye. Eg snurpar godt att hetta og det greier seg i sommerhalvåret. Ein anna god ting med dette systemet synes eg er at sidan denne posen tørker kjapt og er syntet så toler den å bli brukt til altmogleg. Eg dreg an rundt i camp, sitt i an i pauser om det et grisekaldt og eg berre har ufora vindsekk med. Berre opna glidelåsen i fotenden og stikk føtene ut der og dreg ann oppover kroppen. Ein skikkeleg ruskepose
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.