Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 567
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    60

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Om det sku ligge att nokre snøflekkar hist og her er det likevel fotføre. Kle, overnattingsutstyr, førstehjelp, mat, orienteringssaker og kikkert held i masser.
  2. Ein flott tur langs "Ørstas" Besseggen, ein ryggtur over fleire slake toppar med utsikt store delar av vegen. Oda nyt varmen og dagen
  3. Etter å ha bytt ut x antal glidelås og sydd mykje i mine to turbukser som verkeleg byrjar drage på åra, innser eg at det er på tide med ei ny. Superglad for å kunne scrolle meg gjennom tråder som dette for å prøve orientere meg litt. Har dog eit pittelite hjartesukk; når ein skriv at ei bukse har god passform, skulle eg ønske meg nokre stikkord om "god passform for kven" Altså type: "super passform for meg, 180 høg og med mest lager på midten, med slanke bein" Eller som for mitt tilfelle; "god passform for 167 cm kvinne, med typisk kvinnelagring på rumpe og lår og lite på midten". For meg vil det mellom anna seie at Klattermusen og Bergans konsekvent utgår då eg opplever dei som veldig rette, også i damemodell. Har eg først fått dei over ræva vert dei konsekvent for store og for lange ellers. Var ikkje klar over at Keb kjem i ein curved modell, den skal prøves! Forrige gang eg prøvde vanleg Keb hadde eg sikkert fått plass til tre halvliterar lagra mellom liv og korsrygg, to kne per eit, samt kunne hatt 40 cm platåsko utan at dei viste...... Takk for tips på Curved
  4. To sikre teikn; 1. Haugane av kjekspapir og compeed-avfall veks på dei mest populære toppane. Berre å knytte bossposen i hoftebeltet om ein sku våge seg i nærleiken. 2. Historiene om overmodige moskusturistar aukar i omfang i media.
  5. Vil tru det er ok no, men om du ringjer Finse eller Haugastøl får du nok presist svar
  6. Flott eg veit ikkje kva type løpesokkar du gjekk med, men eg veit at eg har byrja styre unna den glatte kunstfibertypen. Kjøper bomull eller ull/bambus med god friksjon.
  7. Det finnast ulike snøreteknikkar for å få dradd helkappa betre på og få foten fast, mellom anna å lage eselører å snøre gjennom. På mine Trango EVO kan eg gjere det på to vis; mellom siste tekstilanøring og første krok, eller mellom første og andre krok, alt etter kvar du treng det. Legg ved bilete, men er mok vanskeleg å sjå då eg har mørke sko og mørke lisser.
  8. Lofoten er utan tvil fantastisk. Men å være klar til å padle rundt Lofoten krev ein del erfaring, som påpeika ovanfor kan det være krevjande både på yttersida og i Vestfjorden. Ikkje noko eg ville gjort dei første åra av ei padlekarriere, ikkje eingong i turfølge med meir erfaring dersom det hardnar til skal ein faktisk halde grei teknisk padlestandard, noko som gjerne tek litt tid å lære.
  9. Nomaden har i alle fall i nettbutikken sin. Butikken ligg bak slottet i Uranienborgveien 4.
  10. Det kan være smart å finne ut kva denne vondten skuldast før du går til innkjøp. Ulike problemstillingar i føtene krev ulike tiltak, og det er dumt å sette i gang med dyre og/eller tidkrevjande tiltak som ikkje treff. Har nett ridd av ein slik Plantar Fasciit som er omtala lenger oppe i tråden. Av mange framstilt som eit evig problem, men det syner seg at med rett tiltak til rett tid så kan ein få bukt med også dette relativt kjapt. Mitt råd er å ta med sekken, ta med støvlane, å gå på mølla hjå ein ortoped/fysio/kiro med spesialisering føter og stegavvikling, som første ledd, før evt innkjøp.
  11. Varierar med type tur. Prinsippet er enkelt; asketisk når eg må, luksus når eg kan. Det siste kan til dømes være vakuumpakka ferskmiddag som eg varmar i kjelen i posen, ala fjordland, saman med ein pakke boil-in-bag ris. Det kan også betyr pannekaker til frukost, med bacon og full pakke. Vinterstid med pulk er fjordland-varianten konge nesten uavhengig av lengd på turen. Vakummpakka og i minusgrader held han kor lenge som helst. Forrige veke var eg på kurs i Jotunheimen, og middagane bestod av Stroganoffgryte med ris, Bolognesegryte med byggrynsris, samt Finnbiff med ris og nydeleg saus og grønsaker. Alt i varianten "heimelaga fjordland". Asketisk vil eg helst ikkje snakke om. Jo hardare eg brukar kroppen jo mindre matlyst får eg, og REAL vert aldri godt, samme kor sliten eg er.
  12. I came from Jotunheimen 2 days ago, still a lot of snow on most of the glaciers, and i guess on all of them if part of a hike to some peak. But this can change rapidly if a warmer weathertype comes along, so no one knows. But as you say, if you are experienced you assess this yourself. Have a nice stay
  13. Ok, then gas will not be a problem Are you travelling alone? In case you are, it is good to know that some hikes have daily guided tours crossing glaciers. (Just so you dont rool out the peaks that require glaciertravelling.)
  14. Hi Lom is well assorted when it comes to outdoorequipment, with several outdoor/sportsshops, so gas will not be a problem unless you have a stove that uses gascanisters that you "puncture" (poorly explained but cannot find the correct word). I guess though that if you make som phonecalls you might find out about this, considering Lom is a popular destinations for tourists with different stoves, you might be able to find gascaninsters with different kinds of connections. Depending on what kind of mountaineering/peaks you are thinking of, ice axe and crampons might be a good idea, but you will also be able to find hikes which do not require this. I suggest you visit the Norwegian Trekking associations website, and use their map, theres is loads of tips for your stay in Jotunheimen. www.ut.no
  15. Altså, det meste kan vel ha skjedd her? Forklaringa kan være så enkel som at han har fått Hjartestopp. Kanskje fins det endåtil ei forklaring på kvifor han "forsvann". Og kanskje var det eit turfølge med jamnstilte. Berre spekulasjonar frå mi side sjølvsagt
  16. Mykje fine turar i området. Ta med ysklar? Skålatårnet, Ceciliekruna, kike på Bødalsbreen, KJenndalsbreen eller Briksdalsbreen, gå på Kattanakken, over Oldeskaret frå Melkevoll til Stardalern....altså, lista er uendeleg. Du befinn deg i randsona av Jostedalsbreen, og då vert terrenget spennande og fullt av moglegheiter. Det er berre å velje å vrake. Å bu ei natt på Melkevoll camping og ta nokre turar derifrå, evt over til Stardalen og buss tilbake, er eit dæme på noko eg ville prioritert å få med meg.
  17. Trur jammen me har samme helt, for den som rydda opp i mi sak der ein gong var også ein triveleg kar ved navn Kristoffer. Note to self; Always ask for Kristoffer
  18. Dersom eg ikkje brukar tida mi på forflytning eller dagstur, går det mykje i kaffi, dyretråkk og lesing. Eg er og gla i å ta med lommeutgåver flora/fauna, og bruke litt tid på å auke kunnskapsnivået om det terrenget eg er i. Men stort sett er eg gla i å være i bevegelse. "kviler best på vandring", så legg mykje opp til det.
  19. Gode innspel. Sjølv er eg 167 cm, så skal få arrangert fleire testpersonar på dette teltet. Høgfjell og tresesong vert testa. Eg padlar, går i høgfjellet, klatrar med meir, så skal prøve å få så variert bruk som mogleg, med omsyn til vær og terreng.
  20. Ja dette samsvarer med det eg betraktar som dei springande punkt for teltet i alle fall.
  21. Eg hentar dette teltet på posten i morgo, tilsendt frå Hilleberg for testing. Med tanke på interessa for dette teltet, ser eg føre meg at det kunne være konstruktivt med ei rådføring mtp innhald i den endelege artikkel som skal seie noko om dette. Testdelen av forumet her er under utvikling, og det krev øvelse å produsere testartiklar med gyldigheit og høg kvalitet. Hadde difor synes det var TIPPTOPP om de kjem med gode innspel som de synes er verdt å tenkje over og seie noko om, i forkant. Eg sjølv er svært spent på dette teltet, då eg synes det verkar tiltalande, men på same tid undrar eg meg over om det kjem til å greie seg ved "rufs".
  22. På den eine sida er eg personleg, lei av at naturen er nedgradert til menneskets personlege arena for meistring og prestasjonar. Det er flott altså, men der ligg ein eigenverdi i tillegg som eg jaggu synes kjem aldeles i bakevja i ein del debattar. På den andre sida er "rekruttering" til friluftslivet viktig for å skape kjærleik til naturen, som i sin tur vonleg bidreg til auka bevisstheit og vern. Likevel meinar eg det er forskjell på og barbere seg og skjære av seg hovudet, og er mektig lei av å debattere i ei tid der me har redusert naturen til å være nok ein arena for menneskets behov for å prestere og oppleve i hurtigtempo, med tilhøyrande tilrettlegging for det same. Dette til tross for at eg er engasjert i naturbasert reiseliv sjølv. Dagens hjartesukk kunne nok vore meir diplomatisk. Og ja, eg vil framleis meine det same uavhengig av eventuelle argument om folkehelse og Gud vete kva, som eg meinar er argument som i mange tilfeller fell på si eiga urimeligheit, dersom ein går dei i saumane.
  23. https://www.fjellsport.no/kampanjer/sommerfest/rab-xenon-x-hoodie-wmns-petal-17.html Døme på ok god mellomlagsjakke. Ei anna jakke som ofte er på salg er Arcteryc atom light. Eg foretrekk ofte den tynne isolasjonsjakka i syntet og den tjukke i dun.
  24. Følg med på outlet, salg og finn. Fantastisk mykje bra til fin pris. Janus og Devoldull frå outlet er supre greier, evt spander på deg ei ullnettingtrøye frå Aclima. Du treng ikkje svindyr Icebreaker. Mellomlag og dunis kjøper du på finn eller outlet.
  25. Har både Osprey Xena 85 og Bergans Alpinist 110. Likar båe, men dei har jo ulike bruksområder. Ospreyen er lettar men toler noko mindre belastning. Alpinisten har, til tross for at den er anatomisk, nesten ubegrensa lastekapasitet (synes eg) men har jo litt eigenvekt. Den siste har heller ikkje lommer på hoftebelte, men har ein del andre fester og D-ringar der ein kan modde seg lommer sjølv. Eg sett pris på å kunne feste speilrefleksen på skulderreimane og få bære den på brystet mellom anna.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.