Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 660
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    66

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ja eg likar dei godt, til sitt bruk. Lette og gode og gir adekvat beskyttelse i rufsete terreng. Eg ville eigentleg hatt 39. 5, men har mellom anna ein spesialsole som tek ein del plass nedi, og ei tå som må ha godt med rom. Eg trur at 40 bør høve deg, med mindre du skal bere veldig tung sekk med dei.
  2. 5 mm er litt lite til sko som skal brukast lange dagar. Med sekk så vi foten sige enno litt meir. Eg 5 mm kortare føter enn deg (på begge faktisk), og har samme sko i 40. Det er meir enn raust nok, så tenker at 40 bør vere bra til deg.
  3. Kva som er stivt nok og held er så veldig individuelt. For meg ville vanlege litt stive fjellstøvler holdt lenge til detta, og eg hadde nok brukt det eg hadde frå før. Om dei er litt mjuke, så har Kayland etter mi erfaring ofte litt meir stivheit i sine lærstøvlar, samt breiare lest. Ein modell er Kayland Globo. Eg er nøgd med den. Elles ser Aku Superalp fine ut.
  4. ...og eg kunne bruke dei over fleire dagar med sekk. Ikkje heilt enkelt dette, når folk sine føter er så ulike 😅 Eg digga raptor, og sleit ut fleire par, før eg diverre fekk problem med nokre tær, og måtte over på sko med barfotfasong. No går det mykje i Topo og Altra når eg skal ha lette sko. Kan også bruke La Sportiva Tx5 som nevnt over her, om eg kjøper dei eit nummer for store. Fleire av desse, samt raptor får du i skinn, som vil vere meir motstandsdyktig mot slitasje. 5-10 år er dog noko optimistisk for slike sko, etter mitt syn. Då trur eg du må over på stivare og meir solide anmarsjsko, ala til dømes desse eller La Sportiva boulder.
  5. Samd. Vi har etterkvart tileigna oss mykje kunnskap. Ja det er fleire folk i fjellet. Men det er også fleire folk som tileignar seg informasjon og kunnskap. Eg tenkjer at risikoaksept og forventningsavklaring er eit underkommunisert tema når ein snakkar tryggleik på tur. Tek ein kurs eller utdanning som naturveileder, guide, tindeveileder osv. så stiftar ein ofte kjennskap til begrepet ferdaråd. Å halde ferdaråd er etter mitt syn eit av dei mindre brukte, men kanskje viktigaste tiltaka ein kan gjere for tryggleik for ei gruppe på tur. Elles så er det også mitt syn at så lenge det er mennesker og vurderingar involvert, så må ein kanskje berre akseptere at det innimellom skjer ulykker. Me er ikkje maskinar,og det er heller ikkje nødvendigvis ynskjeleg med utprega regelbasert tenking, som fjernar eller svekkar evne/rom for å samanstille informasjon og gjere vurderingar ut frå heile biletet.
  6. Pluss en til dette innleget. Å skulle ha bikkja til å vere roleg når du fiskar er eigentleg ei åtferd som er samansett av fleire ferdigheiter. Å bryte det ned slik som @heriks seier er nok ein god strategi, dog arbeidskrevjande som pokker.
  7. Ikkje i dag men førre helg og i går. Hhv. rasesamling for Grønlandshund på Johnsgård, og nærtur etter jobb ein stad i Lom. Johnsgård (Engerdal) byd på fantastisk natur og skiløyper. Berre synd at eg driv og gløymer å ta bilde. Det er jo veldig flotte fjellområder der. Tur i Lom byd på utsikt same kor "nærtur" han er, då nærtur stort sett inneber høgdemeter. Perfekt for ein sunnmøring i eksil.
  8. Det vert meldt at vestvidda held normale snøtilhøve og austvidda har dårleg med snø.
  9. Samd. Det er ingen tvil om at kreftene som er sett i sving med bikkjer og nordisk slede eller snørekjøring på variert fjellføre er noko heilt anna enn det som vert sett i sving av ein vanleg skiløpar. Det er likevel krefter eg meinar ein kan forvente at både ski og binding skal tole. Sjølv eg som er ein del mindre enn @Sig Man ser at belastninga på skia eg brukar med robuste trekkhundar er vesentleg større enn på skia eg brukar utan. Dei vert også raskare slitt og uttråkka for spenn.
  10. Dette er så individuelt korleis ein opplever. Eg har slitt ut nokre Parisbrett, med taudrag. Eg har ferdast i alt av terreng og forhold med det. Eg har hatt moglegheit for å ha på fastdrag for dei turane det skulle vere ynskjeleg. Noko det sjeldan/aldri har vore. Eg kjøpte også etterkvart ein glasfiberpulk (Acapulka Scandic Tour 150). Kva tid eg synes det funkar med taudrag og ikkje, ser eg er veldig ulikt for desse to, noko som hovudsakleg skuldast meiane/kor retningstru dei er. Acapulkaen med taudrag har lettare for å velte under nokre tilhøve, fordi den har veldig retningsgjevande meiar. Så, mitt val av drag heng saman med ikkje berre terreng, men terreng, føre og type pulk vurdert saman. Men, i høve Parisbrett, er mi erfaring at det stort sett funkar gull med taudrag og er meir fleksibelt enn å ferdast med stive drag.
  11. Ei lita veke med nordisk slede i Rondane på meg og @Sig Man, som første litt lengre tur for to unghundar på 7mnd og vel halvanna år. Start Måndag vart forskyvd til Tysdag grunna matmors behov for litt kiropraktisk assistanse før ei veke med kjørebeltet på. Med ein hund mindre i hushaldninga enn ved inngangen til vinteren, og to skiløparar på ein slede, var målet kos og hygge, god tid til samvær og innarbeiding av langtursrutinar hjå dei unge. Planen var Høvringen - Vetåbua - Øksendalen. @Hammer hadde ein dag mindre til disp, og gjekk oss i møte frå Venabygdsfjellet Med ein binding som rett og slett losna heilt frå skia, og medførte ein kveldstur med snørekjøring til Venabu for å leige eit par ski, tapte vi endå ein halv dag. Vi enda difor opp med Høvringen - Jammerdalsbu - Øksendalen. Ein veldig flott tur med mykje god tid og godt samvær. Vi har hatt alle sortar føre, og eg har sjeldan vore så glad for xplorebinding og stive Lundhagsstøvlar som eg har vore denne veka, i skarpe unnarenn med sterke bikkjer framfor sleden. Liten stemningsrapport under. 20250327_130056.mp4
  12. Hiv meg på denne tråden, då eg er uroa over kva eg skal gjere når mitt tredje og siste par Bolé travers går tapt. Eg har desperat leita etter erstatning i fleire år, men finn ikkje noko som funkar. Oakley sine synes eg ikkje vert mørke nok for bre/vårski. Cebe høver meg dårleg, det samme med dei mest aktuelle modellane til Julbo. Bolé har nokre nye modellar som ser fine ut, men håplaust å ikkje få prøvd. Førebels er Smith Embark den heitaste kandidaten den dagen mine kjære travers ryk. (At ein i det heile teke slutta å produsere denne fantastiske klassikaren er forbi mi fatteevne). Tips til mindre kjende men gode kandidatar mottas med takk (fotokromatiske til kat. 4 eller rein kat. 4 er båe aktuelt).
  13. + 1. FP må skjerpe seg.
  14. Detta meinar eg faktisk at ikkje er godt nok. Yste laget på skroget bør definitivt tole sopass. For meg hadde detta vore ein no-go i forhold til å stole på doningen til dømes på ein langtur. Vonar du får godt svar frå FP. Må ha vore ei svakheit i skroget der.
  15. Det kjem rett og slett an på kva du er van med å gå med og kva terreng du er van med å ferdast i. Nokre vil sverge til stødige skinnstøvlar på ein slik tur, andre vil gå i joggesko. Eg ligg nok nærast det siste. Så eg personleg ville teke den lettaste.
  16. Eg synes tipset du har fått om Åsnes Gamme er bra. Dei har nok spenn til å å halde på smurning og ta kilometer greit, på same tid som dei har spesifikasjonar som gir noko meir køyre/skiglede/manøvrerbarheit enn til dømes ei veldig rank og stiv ski som Åsnes Amundsen (som elles er ei fantastisk ski om ein berre skal sluke km på vidda).
  17. Fint vêr og ingen møter på jobb = avspasere siste to timar av dagen, hive bikkjer i bil og komme seg avgarde.
  18. Det løner seg elles å fylje turisthytter og skiløypelag på facebook for å få oppdateringar på snøtilhøve. Edit: samt webkamera Leirvassbu m.m.
  19. Ein seier brøyting opp på Sognefjellet 1.mai, men siste åra har ein brøyta ein del tidlegare. Dette tilgjengeleggjer høgareliggande strøk. Normalt sett så skal det tidsrommet vere ein veldig fin periode for topptur i Jotunheimen, og i høgda skal det vere eit veldig begredeleg år for å ikkje få snø. Eg trur det skal godt gjerast det ikkje er skiføre i til dømes området Smørstabb på den tida. Det er jo også mars som er den store snømånaden, så er litt tidleg å avlyse seinvinterens topptursesong enno, basert på at det til no har vore ein dårleg vinter. Eg bur i Lom og skal inn Bøverdalen/Visdalen/Raubergstulen på ski i helga dersom eg vert frisk nok etter influense. Kan melde attende litt om forholda då (utan at det nødvendigvis seier så mykje om korleis det er om ein dryg månad).
  20. Samd i dette. Har også muskel- og skjelettplager, og hatt prolaps i nakke. Det som fekk meg ut i ein særdeles dårleg periode var exped Downmat 9 med thermarest ridgerest på toppen. 9 cm er tjukt nok til at ein ikkje MÅ pumpe fullt av luft, så kan halde den litt mjuk. På same tid gjer "rillene" på ridgeresten, som går motsatt veg av kanalane på underlaget, at eg opplever at skumplasten på toppen gir meg støtte/vektfordeling, nesten som ein overmadrass. Når eg har lite trøbbel med skroget spelar det nesten ikkje noko rolle kva eg ligg på, men i dårlege periodar er det dette oppsettet som bergar meg. Eg er mindre påverka av vekt på sekk, men meir påverka av passform, og er avhengig av å varierer kvar på kroppen eg bær tyngda. Eg løyser og strammar difor på reimene gjennom dagen.
  21. Eg er ikkje spesielt "gadgetfreak", og har med åra blitt ei gretten gammal bestemor som er skeptisk til alt som er nytt og unødvendig, og likar å gjere ting som eg alltid har gjort det. Dersom det funkar, kvifor endre osv. Men, desse packpodsa frå HMG såg faktisk litt snåpe ut. Eg kan nok ikkje tenke meg å pakke heile sekken slik, men eit par stk til utvalde delar av det eg har med hadde vore kjekt.
  22. Om du kjøper flz er dei regulerbare innanfor eit mindre spenn av lengde. Eg har flz i 125. Er 166 cm. Synes då eg får justert dei greit til variert terreng.
  23. Heilt samme faktisk, eg hadde sett inn feil lenkje 😅
  24. Dette er ein veldig fin tur. Reknar med de er obs. på at dette er eit villreinområde
  25. Eg er veldig nøgd med desse (dvs. foregående modell). Brukt ganske hardt. Små og enkle og pakke, lette. Fine til avlastning av kne og elvekryssing.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.