Gå til innhold
  • Bli medlem

LeneG

Aktiv medlem
  • Innlegg

    50
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av LeneG

  1. Fantastisk ettermiddag i går med solnedgang (Storhornet, Godøya) og nordlys. I dag testa vi torskefiske med kajakk i Borgundfjorden. Bra veke. Våren er herleg, og no er padlesesongen i gang. Det beste av alt er at sekken er pakka til "før-påske-tur" som startar om nokre timar.
  2. Herleg tur etter jobb i går! Sol og vår gjer noko med humøret. Auskjeret i Sykkylven. Fin og snill topptur. Kjekt med ferge over fjorden. Rekk å ete, legge på feller og psyke seg opp! - og debriefe på veg heim att.... #Fergefylket #Fjord1 Litt meir i bloggen for spesielt interesserte.
  3. Det eg likar best med kysten og Vestlandet er dei store kontrastane og dei korte avstandane. No har vi vår og vinter om kvarandre - ski og joggesko. Søndag var det tur til naboøya Godøya, og Storhornet 497 moh. Liten innsats - stor utsikt! http://lenesintur.blogspot.no/2015/02/varleg-pa-storhornet-497-moh.html
  4. I går var vi på tur til Koppefjellet i Volda. Fin tur og flott utsikt, mot mellom anna desse fine skifjella. http://lenesintur.blogspot.no/2015/01/koppefjellet-940-moh.html
  5. Stor liten tur i helga - Telting i Grøndalen og vassing i puddersnø. Dei lette smale korte randoskia mine kom til kort i desse forholda, men det var ein utruleg fin tur. Grøndalen på fylkesgrensa og kommunegrensa mellom Volda og Eid kan anbefalast! Meir om turen og fleire bilde i bloggen: http://lenesintur.blogspot.no/2015/01/pudderhelg-i-grndalen.html (Dei andre bilda eg prøvde å legge inn her vart gigantiske. Må ein drive å formatere og lage småbilde?)
  6. Vart ei bra natt ute, så markeringa av FÅ15 er i rute. Satsar på varierte turar i lag med andre folk som likar å vere på tur, gamle og nye venner og minst ei natt i telt kvar månad gjennom året. lhttp://www.lenesintur.blogspot.no/2015/01/natt-i-naturen-og-pangstart-pa.html
  7. Fleire gode nettsider med turskildringar i hovedsak frå Møre og Romsdal - både snille og heftige, vinter og sommarturar. http://fjellinordvest.net/ http://www.westcoastpeaks.com/
  8. Hvis man ønsker en jobb med å faktisk være ute så er det også alternativ å tenke på hvem som driver vedlikehold av anlegg ute. Linjeryddere kraftlinjer (masse selskaper som jobber for nettselskapene), Kystverket har snekkerlag som er ute og reparerer på fyrstasjoner, Kraftselskapene generelt på anlegg, uteavdelingene til teknisk etat i kommunene osv osv. Det er mange andre veier til rom enn en akademisk utdannelse. Selv er jeg utdannet naturforvalter fra NLH (nå UMB) og sitter inne på jobben. Det samme gjør de fleste av mine medstudenter. Tenk ut av boksen om målet er frisk luft på jobben!
  9. Har tenkt på at året skal markerast i alle fall, utan at eg veit heilt sikkert korleis endå. Har vurdert å gjere opp att suksessen frå 2012/13 med månadleg telting gjennom eit heilt år. Fin utfordring - krev faktisk ein del å rydde tid, men er samstundes overkommeleg. Ein gong i månaden er oftare enn det høyres ut. Likar ideen til @TL om turrapportar, men kanskje minimum 3 bilde og 10 setningar er nok? Lurar for eigen del på å legge inn eit kurs av noko slag (lære noko nytt), og "samle" nokre nye fyr og fjelltoppar.
  10. Laurdag var eg på tur til Blåskjerdingen. Høgaste fjellet i Haram kommune. Har sett på den leeeeenge, så det var kjekt å komme seg avgarde. Fint og mildt, tørt og vindstille. Relativt enkel 1000-meterstopp med finfin utsikt. November har vore ein super turmånad til no.
  11. Fin tur laurdag frå Vartdal i Ørsta. Runde med Bergehornet som høgaste topp. Sært at ei kan gå i joggesko i november, men må nytte dagane slik dei er. Vindfullt - men sjølv det er heilt greit i +12 grader. Flott topp og her såg vi fleire fine turmoglegheiter til seinare bruk - så skal inn att her ved høve.
  12. I går var eg på Trolltinden på Ørskogfjellet mellom Sunnmøre og Romsdal. Det er ein slik topp som ein har sett frå vegen 1000 gonger. Nydeleg novembersol og flott utsikt. Litt meir om turen i bloggen
  13. Melder meg som håndtlanger.... Enhver trenger en god assistent.
  14. Denne forvaltningsplanen er under utarbeidelse, og FM Nordland ba om innspill til planprogram og tema i vår. Regner med at planen kommer på høring om ikke lenge.
  15. Neopren er ikke tett på den måten. Det tar opp fuktighet og holder på det. Når det blåser på neoprenhanskene er det konveksjon/fordamping, bare at man har flyttet det ett lag ut. Tror ikke det blir helt riktig å si at neopren elliminerer de tre første der. Prøv med neoprenmuffer om det er padling du bedriver, det er bedre enn neoprenhansker. Og gode gamle fiskervotter - oljehyreorange (tett) utenpå og noe syntetfor inni er gullegode i sjø/vinter sammenheng (fås på fiskevegn og slike steder).
  16. Her er det vel og eit spørsmål om aktivitet? I full aktivitet har eg gode erfaringar med berre Aclima ullnetting + skalklede store delar av året. (padling/skigåing/fjelltur). Til pausar, rast om kvelden på teltturar o.l er det Lanullva rett på kroppen som gjeld. Eg opplever Lanullva-kleda som alt for varme dersom eg skal vere i høg aktivitet/fysisk arbeid. Til å berre "vere ute" og type vente/pauseaktivitetar er dei ypperlege. Lanullva innerst og skal/dun/thermojakke utanpå. Slit med å finne det perfekte mellom-laget, men har ei ullfleecejakke frå Janus som ofte hamnar som nr 2-lag på padleturar om vinteren - førebels er den favoritten til slikt.
  17. På Vestlandet er det og dei seinare åra sett opp ein del hjortegjerde. Altså for å halde dyr UTE frå eit område. http://hjortevilt.no/arealbrukskonfliktar-hjorteviltet-kontra-mennesket/#.U7qOj_l_s3k Med både fagleg og økonomisk støtte frå "storsamfunnet". At det gjev ulemper for friluftsliv kan eg sjå, men eg personleg støttar dei som bur, driv og produserar på heiltid framfor dei som skal på ein tur gjennom i ferien.
  18. Har ein Western Mountaineering Puma lengde 1,80. Er veldig nøgd med den, men vart sjokkert då eg fekk den og såg kor BREI den var. (Likar å snu meg rundt i posen og sove litt på magen, så då er det greit med litt plass, men det er faktisk plass til to av meg i breidda nedi posen.) Har brukt den på litt vinterturar og sove på snø, og teltturar ned mot -15 og kuling. Har ikkje vore på veldig lange ekspedisjonar.
  19. Har vært på "sommerferie" i Tromsøområdet i august med snø langt ned i fjella og i september med "Sydentemperatur". Om de skal være en del ute så er ull, mellomlag(fleece/dun), lue/buff/hansker, vann- og vindstett yttertøy greit. Og singlet, shorts og badetøy! Norge er uforutsigbart - prepare for it!
  20. Interessante prinsipp i linken her. Kanskje vi nordmenn ikkje er så gode på sporlaus ferdsel som vi trur? F.eks det med å bruke stien uansett ver og ikkje trakke den breiare. Dei mest brukte nærturane her har blitt til 10 meter breie gjørmegater. Det ser ikkje fint ut og legg klart ein dempar på turgleda. Likedan den med kart og kompass framfor merking. Er vi blitt for bortskjemde og vil ha turen med "teskei"? Det med å splitte større grupper til mindre grupper, nokre organisasjonar driv jo med det stikk motsette. Trur både organisasjonar og privatpersonar (inkl. meg sjølv ) her heime har godt av ein runde på eigen aktivitet og sporlaus ferdsel. Kan det vere på tide med eit nasjonalt løft på sporlaus ferdsel og søppelprosjekt?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.