-
Innlegg
50 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av LeneG
-
Fjellforums julekalender 2015 - deltagerliste
LeneG svarte på Kjell Iver sitt emne i Generelt om friluftsliv
Korleis får ein innlegg frå kladd til adventskalenderen? #teknoidiot Tips med teskei vert belønna med takksemd!- 63 svar
-
- 1
-
Adventstida er meint å vere ei ventetid. Nokre av oss har venta endå lenger på november enn desember. Eg har mi eiga pre-adventstid i Tromsø på dei tider, rett før adventslys og julestri, men akkurat etter at julemarsipanen har komme i butikkane. Den beste tida å reise opp på! Mykje klede, mykje spennande lys for ein søring, og mykje liv i havet. Det er nesten slik at det går an å vere bittelitt misunneleg på desse Tromsøværingane som har godbitane rett utanfor dørstokken. Misunning er kanskje ikkje den rette adventskjensla, og om det er noko eg lærer av å reise opp så er det faktisk rausheit. Folka er rause med kvarandre, og med ukjente folk. Alle får ein sjanse. Dei deler på utstyr, deler på erfaringar, deler på opplevinga, tek høgde for at mange på tur betyr å jenke seg. Eg veit ikkje om noko anna friluftlivsmiljø som er så raust som padlemiljøet kring Tromsø. Raust og triveleg. DET er vel noko å fylle adventa med folkens? Turgleda vert større om den vert delt, er ikkje det tanken bak forumet og? Det som hendte i jula var eit mirakel. Mirakel er eit stort ord. Det er ikkje lett å ta innover seg det. I ein kajakk, i ein dertil egna fjord i Troms i november, då kjenner ein på dei store orda. Heilskapleg økosystem, bærekraft, levande natur, mirakel og samspel. God ventetid!
-
Det vert ikkje alltid slik ein har tenkt. Vi valde utsikt framom skodde, sjølv om dei høgaste toppane kanskje stakk over. Nydelege haustfargar, i den grad ein får det på Nord-Vestlandet. Vi kom oss aldri til Åvasstind, men erobra ein namlaus knatt på 968 moh. Søndag på Sunnmøre er heilt innafor - uansett turmål. Bomullsdammen i Ørstaskaret Mot Romedalstinden frå høgde 968 moh Retur på nordre enden av Romedalstraversen http://lenesintur.blogspot.no/2015/10/forsk-nr-2-pa-avasstinden.html
- 4 598 svar
-
- 11
-
Saksa (1073 moh). Populær topp på Sunnmøre for tida. Relativt lett tur med mykje utsikt fra toppen. Urke camping kan anbefalast. Enkle hytter men veldig koselig. Hyggeleg pris og alt ein treng.
- 4 598 svar
-
- 16
-
Tur laurdag - og kanskje ikkje ein slik som ein går kva dag som helst. I godt ver og godt selskap var det ein stor dag med Tessatroll ved Brekketindane på Sunnmøre. Har funne ein knapp som heiter "drama" på kameraet, og det vert litt kult. Dei "normale bilda frå turen ligg i bloggen, men her er eit utval av "dramabilda" Idyll ved Engesetelva Søre Brekketind og breen. Slogen bak Brevandring er kjekke saker! Smørskredtindane http://lenesintur.blogspot.no/2015/09/brekketindane-brevandring-og-bading.html
- 4 598 svar
-
- 17
-
Bur og aleine og har tenkt litt på det. På lange turar (type langhelg eller lenger) seier eg frå til søstra mi og sjefen min. Beskjeden er då som regel omlag slik: Vi er i fjellområde X, planlagt retur søndag. Det går ikkje an å få tak i oss på telefon. Om vi ikkje er tilbake tirsdag kan de varsle ein eller annan. Ellers gjev eg sjeldan beskjed.Har ein generell avtale med ein kollega om at ho sjekkar opp om eg ikkje dukkar opp på jobb utan å gje beskjed. Det hender av og til (sjeldan) at eg gjev beskjed til dertil egna person, om at eg på tur om eg trur det er litt risiko og dårleg mobildekning. Eg har mykje turglade folk i vennegjengen og er sjeldan på tur aleine. Plan A er i grunn å ha med nok til at uføresette ting går greit, dvs litt ekstra klede og litt ekstra mat. Det er eg MINST interessert i er ein eller anna tullete grunlaus leiteaksjon etter meg berre fordi ting tek litt lenger tid enn planlagt.
- 26 svar
-
- 1
-
- 22 svar
-
- 12
-
Torsdag etter jobb fekk vi oss ein knallfin tur på Masdalhornet i Ørsta (977 moh). Ikkje alltid ein treng på dei høgaste toppane for den beste utsikta! Kanonfin tur, lett å gå og maksimal utsikt. http://lenesintur.blogspot.no/2015/09/mastodonten-masdalshornet-977-moh.html
- 4 598 svar
-
- 15
-
Endeleg kom meg eg på Jønshornet (Ørsta, Sunnmøre) eg og!! "Alle" eg kjenner har vore der før, og det har berre aldri klaffa for meg. Fredag vart det ein nydeleg sommarkveld i fjellet. På veg opp i Molladalen Vatnet omkransa av ville fjell Heftige klipper Fin utsikt Meir i bloggen
- 4 598 svar
-
- 15
-
I veka var vi på leit etter Dollsteinhola på Sandøy på Sunnmøre. Ein veldig fin tur, og kombinasjon av padling/gåing. Grotter fann vi i fleng. Det er likevel ikkje alltid slik som ein trur... Nydeleg plass i havgapet. Grottekunst Meir om turen og fleire bilde på bloggen: http://lenesintur.blogspot.no/2015/07/sommar-pa-sandsya.html
- 4 598 svar
-
- 6
-
Onsdag testa vi turkonsept for Vestferd. Padling frå Sæbø - Skår (Hjørundfjorden). Fottur til Skårasætra og Skåranakken (609 moh). Flott tur på ein eigentleg grå og guffen dag. Det er betre med magisk lys under skydekket enn å gå på dei høgaste toppane i skodda! Sunnmøre leverer - alltid! http://lenesintur.blogspot.no/2015/07/hjrundfjorden-og-skaranakken-609-moh.html
- 4 598 svar
-
- 8
-
Litt på etterskot, men vil reklamere for fin topp i havet. Skorpa i Herøy. Mykje utsikt for innsatsen og rå natur på alle kantar! Vi padla ut, og det kan no vere ei utfordring å komme seg dit, nmen dei andre øyene i Herøy er det vegforbindelse til. Tippar det er brukbar utsikt frå fleire av dei. Sørover til Stadlandet, Nordover til Runde og innover på Sunnmøre. http://lenesintur.blogspot.no/2015/07/keipen-og-kongens-ring.html
- 4 598 svar
-
- 11
-
Kombinert padle og fjelltur i Ulstein i går. Flott terreng og ein nydeleg sommardag! Meir om turen i bloggen.
- 4 598 svar
-
- 11
-
Eg har lagt skia på hylla for sesongen, men det er jammen mykje godt skiføre på Sunnmøre endå. Vi hadde familieselskap på Standalhytta, og toppturane til fots vart det lita av. Full sommar, utsikt til taggefjell og godt selskap vert likevel aldri feil, så vi klarte oss fint. Bilda: Sølvkallen med Slogen bakerst Utsikt ned mot Store-Standal, Hjørundfjordne og Trandal på andre sida Toppane i Fladalen - Eg trur dette er Søre Snarhornet med tilhøyrande herlegheiter Kolåstind - Kongen av Sunnmøre
- 4 598 svar
-
- 12
-
På tur i går. Vestlandssommaren på sitt beste og verste. Haram på tvers. 4 fine kysttoppar med super utsikt over Sunnmørsfjell og øyriket langs kysten. Grautskodde på siste to toppane og behov for seriøs navigering.
- 4 598 svar
-
- 13
-
Men det er ikkje representativt for sakshandsaming i små kommunar. Korrupsjon skjer både i store og små organisasjonar/stadar.
-
Klettane på Værlandet - små fjell, veldig kule, mange moglege vinklingar Lihesten/Gygrekjeften/Risnesnipa - flott fjellmassiv i Hyllestad Hornelen i Bremanger
- 13 svar
-
- 1
-
Har ikke vært der, men her er noen bilder fra området: http://www.fjellfant.com/index.php/klatring/norge/632-kvanndalstind-om-torshammeren
-
Vi padla på Runde i november - og då var det ein haug med folk (frå aust-Europa) som fiska fra brufestet på Rundesida. (Sjå bilde). Er usikker på om det er noko særleg sjøørret her. Elles er ettermiddag/kveld beste tida for å sjå/fotografere fugl, det er då dei kjem inn frå havet. Midt på dagen er det mindre action i fuglefjellet.
-
Eg er ikkje så glad i startnummer eller konkurransar. Normalt sett. Difor var det utruleg kjekt å verte positiv overraska over "Kjeringi Open" i helga (Kjeringi Open på FB). Ja, det er konkurranse. Og startnummer. og tidtaking. Men det er også tur, oppleving, kos, prat, sosialt. Og alt det andre som eg likar best. Så om du er ute etter ei jovial utfordring, eller "vaorens vidlaste eventyr" eller berre har bittelitt 40-årskrise, så kan eg anbefale Sogn i april! Eg trur og at Noregselita i telemark som var med koste seg. Dei brukte 7-8 minutt ned frå fjellet. Eg brukte 30. Kvar sin smak med andre ord. Kjeringifjell 1340 moh ligg no der resten av året og, og er ein enkel tusenmeterstopp med flott utsikt. Heile bygda er med å arrangere - dei som ikkje deltek minglar på kaia og det er full fest på hotellet om kvelden. Slitsomt, men veldig, veldig artig. Som ein ekstra bonus kan ein øve seg på å snakke tudlasognamoal heiel helga, og det er alltid fint ver så langt inne i fjordane på denne tida. Hald av 16. april 2016! Eg hiv ut nokre bilde her, og litt meir frå helga i bloggen for dei som er interessert.
-
Se gruppa Toppturer i Nordvest på FB. Noen var på Dronningkrona i går og postet herlig bilde. https://www.facebook.com/groups/184765278217502/
- 2 svar
-
- 1
-
- 27 svar
-
- 2
-
I går nytta vi fineveret og for på ski rett etter jobb. herleg tur i Sykkylven. Sol, bra snø og meir enn superfin utsikt!! Lurer på kva toppar vi eigentleg ser? Trur jakta, Slogen, og Kvitegga var innan synsvidde, men det vart så uvant vinkel at eg er jammen ikkje sikker. Slike ettermiddagar gjev herleg påfyll! Har eg nemnt før at Sunnmøre berre er heilt fantastisk?? (Og det kjem frå ein Romsdaling. T.O.). Har verdas beste kollegaer som lett er med på turar i regionen - og då vert det fine kvardagsturar. meir i bloggen: http://www.lenesintur.blogspot.no/2015/03/langfjella-pa-fjellski-1118-moh.html
- 4 598 svar
-
- 12
-
19.-22. mars var vi på husmorferieskitur i Jotunheimen. Runda Leivassbu - Skogadalsbøen - Olavsbu - Leirvassbu. Fin runde på oval helg, og vi fekk både grått ver, solformørkelse og flott ver. Denne helga var starten på "betjent"-sesongen så vi møtte reine hytter, blide vertskap og god mat overalt vi kom. Stikkaløyper er veldig greit på heilt grå dagar, og av og til treng ein ikkje meir spenning eller navigeringsjobb enn at det er greit med etablerte ruter. Rikeleg med snø i fjellet. Eg kan verte betre til å smørje ski, det var vel lærdommen. Meir om turen på bloggen: http://www.lenesintur.blogspot.no/2015/03/skogadalsben-olavsbu-leirvassbu.html
-
- 5
-
- ski
- dnt stikkaløype
-
(og 5 andre)
Merket med:
-
Tror det er greit med snø i området nå. Se blogginnlegg fra forrige helg: http://odinsinpadleblogg.blogspot.no/2015/03/ikkje-akkurat-padling-menblegja.html Hvilke ski kommer an på hvor du går og hva du er ute etter. Om du går fra Langeland, opp skaret og runder fjellet til vestryggen opp på selve toppen bør det være helt greit på fjellski. Om du vil gå bratteste rute rett opp fra Bygstad og stå østryggen ned så er det nok kjøreski som gjelder.