Gå til innhold
  • Bli medlem

Bjørnen87

Aktiv medlem
  • Innlegg

    129
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bjørnen87

  1. Her var det mange gode svar, tusen takk! Ser ut til at eg bør satse på ein sekk i 70-80 liters-klassen i første omgang (vurderer som sagt Norrøna Svalbard 80 liter), så får tiden vise om eg har behov for noko større seinare. Er vel vanskeleg å få ein sekk i 120 liters-klassen til å fungere godt på kortare turar, den er nok både unødvendig stor og tung. Registrerer at mange er begeistra for Arc'Teryx. Har undersøkt litt, ser ut til at Fjellsport i Sandefjord har det meste som er å oppdrive av forskjellige merker. Derfor kjem eg sikkert til å ta ein tur der og prøve forskjellige sekker. Har notert meg desse sekkene som skal prøvast: -Arc'Teryx Bora 80 og 95 liter -Arc'Teryx Altra 75 liter -Norrøna Svalbad 80 liter -Norrøna Recon 125(?) liter -Norrøna Para Ranger 120 liter Er det fleire eg bør ta med på denne lista? Heile utvalget til Fjellsport kan finnast her.
  2. Tusen takk for mange gode tilbakemeldingar, her var det mange gode argument både for og i mot. Har nok berre blitt enda meir usikker, men ser absolutt argumentet mtp. at sekken er relativt tung. Derimot har eg også inntrykk av at dei fleste som har denne sekken er meir enn gjennomsnittet fornøgde med den. Det som i alle fall er heilt sikkert er at eg skal ta ein tur på XXL og prøve før eg kjøper. Om det er fleire argument for eller mot er det berre å fyre laus
  3. Takk for bra tilbakemeldingar. Som eg kanskje forklarte veldig bra har eg lyst å kjøpe ein sekk eg kan ha i mange år, uten å risikere at den blir for liten etter kort tid. Svingen: Om eg fyller den blir den sjølsagt tung. Men er den ok å bære om den kun er halvfull, eller vil den "henge og slenge" i så tilfelle? finnjpedersen: Har du 80 liter pluss to sidelommar? Dette blir vel fort 100 liter. Norrøna Recon Pack er så vidt eg kan skjønne 125 liter inkludert sidelommar, ca. 100 liter om desse er demonterte. Er det eit poeng at liggeunderlaget bør festast utanpå sekken? I mitt hovud er det best å ha alt nedi sekken, men som sagt har eg liten erfaring
  4. Skal kjøpe min første sekk av litt størrelse, og har undersøkt litt den siste tida. Såg først på Norrøna Svalbard 80 liter, etter det eg kan lese er dette ein bra sekk. Derimot har eg fått tips av enkelte som meiner at 80 liter fort kan bli for lite om ein skal vere på tur nokre dagar (telt, sovepose, liggeunderlag, primus, mat, klær osv). Har derfor også sett på Norrøna Recon 125 liter. Om eg skal ha ein så stor sekk, vil eg gjerne ha pakkramme fordi eg har muligheita til å ta f.eks. ein vedsekk om eg tar av sekkeposen. Kan legge til at eg ikkje har prøvd nokon av sekkene, ser ut til at det ikkje er butikkar i mitt nærområde (Porsgrunn) som forhandlar Norrøna, men har tenkt å prøve før eg eventuelt kjøper. Kan legge til at eg er "normalt" bygd, ca. 182 cm og 83 kg. Om folk har synspunkt, tips og kommentarar er eg veldig interessert i dette, både om dei nevnte sekkane og eventuelle alternativ. Takk for alle svar
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.