Gå til innhold
  • Bli medlem

Bjørnen87

Aktiv medlem
  • Innlegg

    129
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bjørnen87

  1. "Gammaldags" regnbukse er uaktuelt, det har eg også frå før. Fjällräven-buksa kan du i grunn regulere litt sjøl, alt etter kor mykje du impregnerer. Uimpregnert tåler den lite, men er også ganske luftig. Om du impregnerer mykje tåler den meir, men pustar dårlegare. Knallbra bukse, veldig behageleg, god lufting. Lommene er ikkje egna til store ting, men mobil, nøklar o.l. går heilt fint.
  2. Har tenkt å skaffe meg ei bukse til å trekke på i tilfelle regn. Brukar vanlegvis ei Fjällräven Keb. Den tåler ein liten skur, så ei ny bukse må tåle ein god del meir regn. Som sagt vil eg ha ei lett bukse, gjerne med kompresjonspose, slik at den er enkel å putte i sekken utan å ta mykje plass. Vil gjerne også ha glidelås heile vegen på utsida av låret/leggen, slik at dei er lette å ta av og på utan å ta av fjellstøvlane. Har sett litt på bukser i Gore-Tex Paclite, dette er vel dei lettaste? Andre materiale er også greie, så lenge dei er lette. Var innom den lokale Intersport-butikken, dei hadde Berhaus Velum. Den virka veldig bra, men kunne kanskje vore enda litt lettare, samt at den kanskje hadde litt stiv pris (ca. 2500 kr). Om folk har gode forslag som kan oppfylle mine ynskjer, blir eg veldig glad Takk for alle gode svar.
  3. Takk for det Har forøvrig hatt teltet på vekta no, det tikka inn på ca. 3,7 kg inkl. litt ekstra pluggar.
  4. Teltet er nok av ein relativt tidleg utgave (ca. 30 år gammalt), men stoffet skal vere i orden sjøl om det er gammalt Teltet har stort sett vore lagra mørkt og kjølig, forholdsvis tørt. I første omgang kjem nok teltet til å bli brukt på relativt korte og enkle turar, vinter er i alle fall ikkje aktuelt med det første.
  5. Dessverre ikkje, er på påskeferie no, så har ikkje jakken her. Men vil anslå ca. 20x15x15 cm, ganske rund i kantane. Du skal stappe ganske hardt og bra for å få den skikkeleg saman, er ikkje noko å anbefale med stivfrosne fingrar i liten kuling...
  6. Skal prøve å vege deg, men noko mindre enn 4 kg kan eg i alle fall ikkje tru det er. Godt å høyre du har gode erfaringar, då kjem eg nok til å prøve dette før eg investerer i noko nytt.
  7. Vurderer å kjøpe meg telt for tida. Derimot har me liggande eit gammalt (ca. 30 år) Helsport Rundhø 2. Ser ut til at det er i bra stand, største ulempa eg kan sjå er at det er tungt. Har ikkje sjekka vekta, men vil anslå ca. 5 kg. Er det nokon her inne som har erfaringar med dette teltet, er det noko å "samle på" i 2012, eller bør eg investere i noko nyare og lettare? Takk for alle svar
  8. Funderer på å kjøpe telt, og Helsport Fjellheimen 3 Camp ser ut til å passe bra. XXL ( http://www.xxl.no/villmarksliv/telt/telt/telt-fjellheimen-3-camp-1031598 ) har dette på tilbud til 3499 kr, det må vel vere eit brukbart kjøp? Løp og kjøp?
  9. Eg har Bergans Sauda, og er godt fornøgd med den. Den har også kompresjonspose i innerlommen, så du slepp å ha ein laus pose. Einaste minuset til ditt bruk er kanskje at den ikkje er så lang i livet.
  10. Det vart nok ein litt mindre og lettare sekk denne gangen (Arcteryx Bora 80 liter). Om eg derimot får behov for ein solid storsekk ein gang i framtida, er det nok meget stor sannsynlegheit for at det blir nettop Recon Pack.
  11. Som allerede nevnt var eg på utkikk etter ein litt større sekk, men takk for tipset uansett.
  12. Eg har brukt minkolje i fleire år, den fungerer bra. Er å få kjøpt i dei fleste sportsforretningar.
  13. Vil anta du helst vil bruke sekken du allerede har? Om du tenker på å kjøpe ny, og skal ha stor sekk, har Norrøna Para Ranger og Recon Pack pulkfeste i hoftebeltet.
  14. Kan informere om at det vart Arc'Teryx Bora 80 liter. Gledar meg til å få prøvd den skikkeleg ut
  15. Kan informere om at det vart Arc'Teryx Bora 80 liter. Gledar meg til å få prøvd den skikkeleg ut
  16. Har ikkje så mykje å samanlikne med, men har sjøl kjøpt Fjällräven Keb, og er strålande fornøgd med den. Slitesterk, god stretch, god passform og ikkje minst svært gode luftemoglegheiter. Ikkje vanntett, men tåler ein god skur så lenge den er impregnert. Var så heldig å finne den til halv pris (ca. 900 kr) på G-Max, men kan gjerne anbefale den også til normal pris
  17. Du kan sjå på denne... http://www.klikk.no/helse/dinkropp/friluft/article629823.ece
  18. Primus Omnifuel, foreløig kun brukt på bensin, men skal snart prøve med gass. Veldig fornøgd så langt
  19. Gjenopplivar denne tråden... Ser at Biltema har billigare gass enn f.eks. Primus-gass hos G-Max. Er det noko forskjell på gass og beholdar (f.eks. dårligare gjenger) på Biltema, eller er det like greit å kjøpe det billigaste?
  20. Takk for meget bra og utfyllande svar! Ser ut som du tross alt er fornøgd med sekken, men at den nok er i største laget til mitt bruk. Derimot er den absolutt på prøve-lista, både med halvt og fullt lass, med og uten sidelommar.
  21. Takk for bra svar. Skal ta meg ein tur til Oslo til helga og prøve forskjellige, så får det vise seg kven av dei som passar best. Stort sett vil nok sekken bli brukt til 2-3 dagars turar med relativt enkel oppakning, så eg ser for meg at ei største og kraftigaste sekkane nok blir litt "overkill".
  22. Skal ha meg ny sekk, har diskutert ein del i denne tråden. Etter mange gode forslag og undersøkelsar har eg komme fram til ein del alternativ, men skal uansett prøve før eg kjøper. Så stem i veg, og kom gjerne med kommentarar. På forhånd takk
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.