Skal kjøpe min første sekk av litt størrelse, og har undersøkt litt den siste tida. Såg først på Norrøna Svalbard 80 liter, etter det eg kan lese er dette ein bra sekk. Derimot har eg fått tips av enkelte som meiner at 80 liter fort kan bli for lite om ein skal vere på tur nokre dagar (telt, sovepose, liggeunderlag, primus, mat, klær osv). Har derfor også sett på Norrøna Recon 125 liter. Om eg skal ha ein så stor sekk, vil eg gjerne ha pakkramme fordi eg har muligheita til å ta f.eks. ein vedsekk om eg tar av sekkeposen.
Kan legge til at eg ikkje har prøvd nokon av sekkene, ser ut til at det ikkje er butikkar i mitt nærområde (Porsgrunn) som forhandlar Norrøna, men har tenkt å prøve før eg eventuelt kjøper.
Kan legge til at eg er "normalt" bygd, ca. 182 cm og 83 kg.
Om folk har synspunkt, tips og kommentarar er eg veldig interessert i dette, både om dei nevnte sekkane og eventuelle alternativ.
Takk for alle svar