Gå til innhold
  • Bli medlem

psv

Passivt medlem
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av psv

  1. "Grøt" i Grøthornet betyr visstnok "stein", så det forklarer manglande oppfinnsomme namn. For dei som har vore på Grøthornet ved Bondalseidet på sommarstid, så veit de iallefall at det berre er ei diger steinur
  2. Hei, Det var meg som var på Grøtdalstindane første januar, strålande ver, flott nysnø, kaldt og klart - og eg var utruleg nok einaste person på toppen denne dagen (kort natt sømn, men kva gjer ein vel ikkje for ein slik tur) Måtte trakke opp sporet på nytt pga nysnø, og det hadde blåst ein del i andre fjellsider, men her låg snøen fint og godt. Siste 150 metrane opp til toppen er ganske bratt, og litt meir "kupert" enn opp til Saudehornet (som eg forøvrig var på 3. juledag) - men ikkje noke særleg is eller usikre punkt, så eg gjekk opp åleine med kun skisko og stavar. Ingen isøks eller stegjarn... Dei som hadde vore før meg nokre dagar tidlegare hadde til og med bert skia heilt til topps, eg sette igjen skia ved foten av tinden. Snøen var knallfin og stabil, ingen fokksnø på heile ruta mi nedatt. Saudehornet-sida var flott, med kjempefin snø her og der, men også isete parti og nokså varierande djupne. Er tilbake i Oslo no, og veit det har vore nokre plussgrader siste par dagane, så ikkje sikker på kor fin snøen er i den sida no - men burde ligge fint enno, har vel ikkje vore noke særleg nedbør etter kva eg har fått med meg. Kjempeforhold heile romjula, Grøthornet (frå Kvanndalen) var kanskje dårlegaste snøen dessverre, er ei fin side - men vinden hadde øydelagt mykje. Verhaldet var utmerka, heilt glimrande fram til 30. desember, då det kom litt nedbør og vind som gjorde det om til litt meir "utfordrande" forhold... men gøy med litt fokksnø også. mvh Per-Stian
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.