http://www.vraadal.com/Aktoer/Vraadal-Sportsfiskarlag
"
Vrådal Sportsfiskarlag vart stifta i 1986. Bakgrunnen var mange tidlegare gode fiskevatn som på grunn av sur nedbør nå var tome for fisk. Ein ville gjere det ein kunne for framleis å få rike fiske- og naturopplevingar, og få vakande liv i det som nå var fisketome vatn. Gjennom kalking, kultivering og fiskeutsettingar har ein nå fått attende gode fiskebestander med fin fisk.
Truleg har det aldri vore så gode forhold for fritidsfiske som det nå etter kvart er blitt. Mange vatn har god fiskebestand med fin fisk, nokre av vatna har liten men stor fisk, og nokre få er overbefolka på grunn av for gode tilhøve for gyting. I alt har vi omlag 30 små og store vatn, elvar og tjønnar som vi disponerer til fiske. I tillegg har vi samarbeid om fiskekort i Vrådal slik at medlemmer i Vrådal Sportsfiskarlag kan fiske i dei fleste vatna i Vrådal på sitt medlemskort.
Alle som bur i Kviteseid kommune kan vere medlemmer, og prisen er bare kr.150 for familie, og kr.100 for enkeltmedlem. Vi har om lag 250 medlemmer totalt.
Fiskekort kan kjøpast m.a. på Esso og hos Vrådal Sport & Fritid.
Grovt sett reknar vi med fire fiskeområde: 1. Sinnesheia (mellom Vråvatn og Bandak). 2. Nær sentrum i Vrådal. 3. Kaldvatnområdet (mot grensa til Tørdal). 4. Sør for Hægefjell (mot Fjone over grensa til Nissedal)."